I 1603
finn me ein Peder Hesseberg som eigar av heile Hesseberg. Allereie i
1607 vart garden delt i to gardsbruk. Det eine var Nerigard,
bruksnummer 1 og det andre var Oppigard med bruksnummer 2. Begge
bruka fekk då nye bygselmenn, og medan Nerigard fekk Størker
Justsen, så skal me derimot følge brukarrekkefølga på Oppgigard,
som byrja med Peder Eriksen. Då Peder døydde i 1630-åra, vart dei
to hessebergbruka slegne saman att ei kort stund. I 165o vert det
oppgjeve i dei skriftlege kjeldene at enka sat med bruket. Det er
sjølvsagt vanskeleg å fastslå med sikkerheit kven dette var, men
det kan vere ei viss moglegheit for at dette kan ha vore enka etter
Peder Eriksen. Samstundes er det då uklart kvifor garden då vart
sammanslegen med Nerigard i 1630. Det kan ha samanheng med at Peder døydde på det tidspunktet.
Ein
Erik Bodvarson (ca.1632-1713) overtok bruket kring 1660. Kanskje vart han gift med enka etter Peder før han. Erik fekk 5 born. Synneve (ca.1664-1751) var eldst. Ho gifte seg i 1705 med enkemannen Joen Joenson Røssevoll(3) i Tykjegarden og vart gardkjerring der. Anne den eldre (ca.1679-1729) gifte seg på nabobruket Pegarden på Røssevollen med Aslach Aslachsen Røssevoll(5) i 1711. Kanskje møttest dei då ho var på besøk eller arbeidde for søstera si? Den tredje i borneflokken var Ole (ca.1684) som vart utkommandert som soldat. Ein finn han i millitærrullane i 1713, men så stoggar spora etter han. Anne den yngre (ca.1686) er lettare å finne att. Ho gifte seg med Ingebrigt Olsen Emblem(9) i Auregarden i 1710. og vart brukar der. Det er interessant å merke seg at dette tunet ligg i bakkehellinga like nedanfor innmarka til bruka der søstrene busette seg. Dei må difor ha hatt nær kontakt med kvarandre. No byrjar
me også å finna litt fleire samanhengar mellom brukarane. Den tredje
oppsittaren på garden vart yngsteguten Erik Eriksen (ca.1697-1737), var nemleg sonen til denne
første Erik. Erik var brukar frå 23 års
alderen i 1720, til han vart 53 i 1750. Han vart i 1716 gift med Margrethe Pedersdotter Glomset(Ø,2) (ca.1692-1742) frå Nilsgarden. Dette var forøvrig søstera til Ingeborg som gifte seg til Negarden på Emblem. Ingen av borna tok over bruket. Det er funne 6 born etter dei. Maria (1720-1742) var eldst og vart ikkje gift. Ho døydde berre 22 år gamal. Karen (1726-1806) gifte seg i Steinsgarden, bruk 4 på Østrem i 1759 med Ole steensen Østrem(4). Oluf (dp.1724) er nestemann i flokken, men han veit me ikkje meir om. Kanskje han døde tidleg? Peder (1728-1742) rakk knapt å feire 13 år. Han døydde berre 8 veker etterpå. Med Ingeborg (dp.1732-1804) gjekk det betre. Ho gifte seg i 1758 med Nils Nilsen Neberg frå Bergen og dei busette seg i Ingebrigtsgarden på bruk 1 på Fiskerstranda lenger ute i fjorden. Knud (ca.1737-1809) var den yngste. Han flytte til Ytresæter(1) i Stordalen og endra etternamnet til Sæter i 1809. Han vart gift tre gonger. Første gongen var med jordajenta Marte Olsdotter Ytresæter(1) i 1758. I 1785 gifte han seg med Guri Rasmusdotter Hjelde frå Voll i Rauma, før han året etter gifte seg den siste gongen med Berthe Jetmundsdotter Holt(1) frå Stordalen. Margrethe tok kår då ektemannen døde i 1734. Ho gifte seg opp att i 1738 med ungkaren Jens Knudsen (1712-1775). Han var fødd på Gangstad(1) og seinare nemnd som formyndar på Gudmundset i 1758. Me veit ikkje kor lenge Margrethe levde, men ho var truleg død før 1743.
Den neste brukaren var Niels Larsen (ca.1688-1742)Han kom kanskje frå Lied lenger inne i fjorden og var gift med Gyri Olsdotter Stavseng(120f) (f.1700). Dei fekk to born. Det var Giertru (dp.1734) som vart fødd på Hesseberg og tok over garden seinare. Birthe (dp.1738) var eldst og eg veit ikkje om ho levde opp. Dei fekk kort tid som brukarar på Oppigar. Niels døydde i 1742 og Gyri gifte seg opp att med enkemannen til kårkona Margrethe (sjå over), Jens Knudsen (1712-1775). Han vart også gift ein tredje gong med enka på Håhjem(3), Anne Paulsdotter, og vart far til Marte Håhjem (dp.1769). Ho vart jordajenta på plassebruket på Håhjem.
Gjertrud Nilsdotter Heseberg(2) Lars
Larsen Gudmunset dreiv garden i berre 10 år. Kva
som var årsaka til at dei ikkje dreiv lenger, veit eg ikkje, men eit
nytt ektepar tok i alle fall over i 1760. Elias Matiassen (d. 1785)
dreiv garden i heile resten av si levetid, på 25 år. Han var gift
med Marta Størksdotter som er av ukjent opphav. Sonen deira, Matias
Eliassen (f. ca 1760) overtok då faren døydde og gifte seg
moglegeins det same året med Anne Olsdotter.
Om
sonen Peter Olaus Matissen (1792-1874) er det litt meir å fortelle.
Han overtok bruket i ei vanskeleg tid i 1815, og det endte ikkje der.
Den første kona, Marie, døde i barselseng, noko som i seg sjølv
ikkje var så reint uvanleg den gongen. Peter vart deretter trulova
med Anne Marte Pedersdotter (1792-1869) frå nabogarden Heggebakk. Paret
fekk også dottera Marie (1818-1907) saman, men ekteskapet vart det ikkje noko av. Peter
gifte seg i staden med Ågot Olsdotter Blindheim frå Sykkylven
(1794-1856) og dei tok til seg fosterdottera Anne Gurine
Ludviksdotter frå Ørskog. Anne vart fødd i 1825 og vart jordajente
i Oppgigard. Eg veit ikkje kvifor, men det er mogeleg at Peter ikkje
fekk andre born som levde opp utanom med Anne Marte frå Heggebakk.
Samtundes har arverekkene på gardane på Emblem ikkje alltid vore
like logiske og odelsbaserte, så det er vanskeleg å fastslå ein
slik påstand med sikkerheit. Anne Marte vart gift inne på gardsnummer 9 ,Øvre-Glomset, med Iver Zakariasen Halvardsæter, det same året som dottera vart fødd i 1818. Då Anne Marte flytte inn til Glomset bar ho dottera si i vogga frå sjøen og opp til garden (Bygdebok for Skodje bind 1 s.125). Marie,dottera til Peter og Anne Marie gifte seg på på gard nummer 13 inne på Valle, med Lars Petter Valde, medan halvsystera vart verande og gifte seg som jordajente på Øvre Glomset. For moro skuld kan eg nemne at Marie også vart mormor til Inger Sofie Jørgensdotter Valde (1883-1954) som gifte seg med Ole Elias Johansen i Ebbegarden. (Du kan lese meir om borna til Inger Sofie i teksten om Ebbegarden). Marie var også mormor til Ane Oluffa Jørgensdotter Valde (f.1888). ane Oluffa gifte seg med Johan Andreas Johansen Akslen (1882-1964) som var onkel til Mauritz Akslen og fødd i garden Hølå på Emblem. De bosatte seg i Spjelkavika og fikk 6 barn. Du finner litt mer om onkelen i teksten om garden Hølå.
Anne
Gurine gifte seg med Ole Johan Andreas Andreasen (1827-1906) frå Emblemsvågen, og frå dette ekteparet har garden Oppigard vore i den same
slekta heilt fram til i dag. Vi finn dei i 1865-tellinga, og då
hadde dei fem born. Lovise er yngst på to år. Deretter følger
Agnette på 5, Rasmus på 7, Hans på 10 og til slutt eldstemann,
Peter M. Olsson på 13 år. Kårkallen Peter Matiasson på omlag 75
år bur fortsatt på garden. I tillegg finn vi ein ugift legdslem, på
47 år, som heitte Berte M. Petersdotter.
Eldstesonen
Petter Olsen Hesseberg (1854-1917) tok over etter foreldra sine. Han
gifta seg med Tomassine Grebstad (1860-1946) frå Sykkylven. I
1900-tellinga står dei oppført med 11 heimehøyrande personar på
garden. Berte er der ikkje lenger, men kårfolket, Ole og Anne levde
framleis. Dei tre døtre og 6 søner. Anna Gurine var eldst
og fødd i 1884. Albert vart fødd året etter, og som 15-åring var han allereie ute på fiske.
Gurine (Gina) (1887-1988) var nest eldst og berre eit år yngre enn Albert. Etter
Gurine kom borna på rekke og rad. Ole (f.1889), Ludvig (f. 1891) , Nikkoline (f. 1893). Som ein kan sjå, så kom borna med 2
års mellomrom, men deretter tok det fire år før Rasmus vart fødd i 1897. Årsaka til dette var at dei fekk sonen Peter i 1895, men han døydde det same året. Attpåklatten, Gustav, vart fødd 3. september 1900. Han var påført
med blyant i tellinga og det kan tyde på at han vart lagd til like etter
sjølve tellinga var over. Det er oppført både eit hovudhus og eit
føderådshus på garden. Kårfolket budde i det siste. Truleg er
hovudhuset som står den dag i dag, identisk med hovudhuset i denne
tellinga. Du kan sjå ungdomsbilete av fleire a desse borna i
biletalbumet.
Rasmus
var med andre ord den nest yngste sonen i familien og han tok over garden etter
foreldra sine. Grunnen til dette er at Albert, Gina, Ole, Ludvig og Gustav reiste til Amerika. Rasmus fekk dermed garden fordi alle brørne hadde reist. Det var berre Ole som kom attende i 1932
I
1910-tellinga budde berre Nikoline, Rasmus og Gustav heime, og det
var først i 1927 at Rasmus gifta seg med Lovise Magerholm (1902-68),
frå Magerholmvika.
Sonen
Peter (Peto) Hesseberg (f. 1930) tok over etter faren Rasmus, men
fortsette ikkje sjølve gardsdrifta. . Peter er busatt i Ålesund og
gift med Liv (f. Sollid i 1928). Peter er pensjonert journalist i
sunnmørsposten og var mellom anna ein ivrig arrangør av fjellturane
«Til topps med Sunnmørsposten» i si tid. Søstera, Annie Hesseberg
(f. 1928) bygde seg hus og busette seg litt lenger nede i bakken,
vestanfor Oppigard.
I dag
er løa og kårstova borte. Stabburet vart flytta over vegen til den same sida som hovudhuset i 2012 og ny tilkomstveg er bygd over den staden der løa ein gong låg. Den fortsette ned heimebøen mot Nedigar der det i 2013 er husbygging på gong like utanfor dette tunet. Dagens eigar er Torstein Hesseberg (f. 1962), som er sonen til Peter og Liv. Han er gift med Carmen Alvarez (f. 1975) Saman har dei pussa opp hovudhuset, bygd ny trapp og parkeringsplass.