BNR. 3 PR-HAUGEN
Magerholmvika vart også kalla Aksel-Haugen og Nygjerdet
Knut Martinus Knutson Magerholm(II) (dp.1807-1884) var bror til Ole Martinus Knutson Magerholm(II), som eigde Magerholm-vika, og var brukar på Ytrebøen/ Paraten, Magerholm(6). Den samme Ole delte også frå plassane Krissenplassen og Pe-haugen, som Knut fekk husmannskontrakt på. Ved giftermålet i 1848 vart Knut nemnd som enkemann. Han gifta seg om att med kårenka Anne Martha Larsdotter Akslen(1) (1802-1868) frå Øvste Aksla. Ho vart opphaveleg døypt Gjørva(3) i Geiranger. Dei fekk festebrev med Ole i kring 1850, mot ei årsavgift på 2 speciedaler og 2 arbeidsdagar. Pe-Haugen var dels gamal innmark frå Magerholmvika, som gjekk frå sjøen og heilt opp under hamrane i fjellsida mot nakkane. Anne døydde som fattiglem og Knut kan ha fått lov til å bu på plassen så lenge han levde.
Anders Axelsen Brandal (1818-1899) kom frå Ålesund, og først til Krissenplassen like ved i 1846. Han gjerda inn plassen mot vest og sette opp ei stove, som han truleg flytta med seg vidare hit til Pe-haugen. Han busette seg og dreiv eigen overnattingstad, med to etasjar på sjølve Magerholmen frå 1855. Magerholm har vore skysstasjon i lang tid. Stein frå grunnmuren til det to etasjers gjestgjeveriet vart seinare nytta til grunnmur på kaféen, som framleis står på same stad ute på holmen. Anders hadde berre eit auge. Han kunne sitte oppe om nettene for å fortelle skrøner til dei losjerande. I kring 1860 fekk han husmanns-kontrakt på Pe-Haugen, og i 1867 starta han kalkbrenneri saman med Kristen Olson Magerholm og Claus Magerholm(1) på hovudbruket. Sakførar Ludvig Daae på Solnør gard skaut inn kapitalen til to kalkomnar lager, kai og båt. Dette leigde han så ut til dei tre drivarane. Det heile tok slutt etter ein orkan, før 1900, som raserte anlegget. Då flytte Anders til Blindheimsnes, og starta nytt kalkverk, der like før han døydde. Han vart gift med Oline Thorsdotter Frøysa(6) (dp.1811-1884). Det var etter han att plassen skifte namn til «Aksel-Haugen» på folkemunne. Han vart nemleg kalla «Aksel-Anders».
a) Anna Birgitte (1843-1923) tok over bruket.
b) Anne Sofie (f.1846) gifta seg i 1875 med Johan Laurits Ananiasson Vågnes(16). Dei busette seg på Buholmstranda i 1875. Ho er nemnd som fadder i Ålesund 1885.
c) Ole Andreas (f.1848) gifta seg i 1876 med Ane Randine Karlsdotter Sandvik(2) frå Sula. Ole kalla seg " Akslen" i 1875, og flytte til Ålesund i 1876. Han arbeidde som sjømann.
d) Thore Britanus Johannes 1(853-1873) var ugift tenestedreng.
Svigersonen Peder Steffenson Mo(3) (1835-1906), frå Hjørund-fjorden, gifta seg i 1865 med Anna Birgitte Andersdotter Magerholm(3) (1843-1923). Han bygsla Krissenplassen i 1865, og dreiv den til 1900. Peder gav kår til brukaren før han, Anders Axelsen Brandal, og sette opp fjøs nord for bygdevegen slik at krøtera ikkje skulle trakke utover når marka var freda. Han fekk rett til å sette opp setergjerde der Magerholm og Magerholmvika hadde setrane sine. Plassen vart skyldsett i 1867 til 6 skilling, og deretter til 14 øre i 1890. Plassen vart kjøpt av Peder (1/6-del), den forrige brukaren Anders Axelsen Brandal (2/6-del) og sakførar Ludvig Daae (3/6-del). Dae betalte for alle mot at dei pantsette sine delar. Dette var ved oppstarten av kalkverket på bruket, der Daae i tillegg betalte for bygging av to kalkomnar, utskipingskai, båt og lager. Kalkverksdrifta tok slutt då ein orkan raserte omnane og senka fraktebåten. Årstalet er enno usikkert, men det er nemnd at verket var i drift i om lag 20 år, så det kan ha vore orkanen i 1885. I 1874 overtok Peder eigedomsretten til heile plassen.
a) Andreas Olaus Johannes ( 1866-1866) døydde 3 månad gamal i Magerholmvika.
b) Anne Pernille Regine ( f.1867) gifta seg i 1901 med murarbeider Ole Johnsen Berg frå Hevne i Trondheim. Familien budde i Øwregata i Kristiansund 1910.
c) Steffen Andreas Martinus ( 1869-1948) tok over bruket.
d) Olivie Henrikke Johanne ( f.1871) gifta seg i 1905 med sjømann Hagbart Halfred Jakobsen (Gangsås?) frå Harstad. Dei busette seg i Stavanger 1910. Ho fekk i 1894 dottera Anna Synnøve Oline med Erik Nils. Kalvand(S,6).
e) Tore Peder Gustav (1874-1949) gifta seg i 1908 med Karen Oline Christophersrd. Eikenosvåg(1). Han var fiskar, busett i Fjellgata. 7 i Ålesund 1910.
f) Nikoline Marta Karoline ( 1876-1949) gifta seg i1916 med Fritz Daniel Johnson, Sverige. Dei emigrerte til Seattle i 1910. Fritz flytte som enkemann attende til Norge og Kviltorp i Molde.
g) Martinus (1879-1879) døydde samme dag som han vart fødd.
h) Oline (Lina) Severine ( 1880-1948) gifta seg i 1908 med Ole Herlof Bernardsen Eidsøren (f.1878) frå Kristiansund. Ho f ekk sonen, Peder, med Ole Olsen Glindset, Strinden.
i) Karoline Petrine (1883-1965) gifta seg i 1910 med Johan Haram. Dei busette seg i Ålesund. Ho har også vore budeie i Steffågaren, Emblem(6) i ung alder.
Sonen Steffen Andreas Martinus Pederson Magerholm (1869 1948) gifta seg i 1901 med Laura Marie Knutsdotter Ytterberg Flåte (1879-1958) frå Skodje, og dreiv bruket frå 1900 til 1933. Han dreiv en del med fiske, og reiste ikring som livs-forsikringsagent, men var også aktiv i politikken, som medlem av herredstyret i Borgund Kommune. Dei fekk ingen born, men tok til seg nevøen Peder og hadde også fleire tenestejenter til å hjelpe seg sjølve og mor til Steffen, etter at ho vart kårenke. Nabojenta, Ragna Hansdotter Akslen, frå Akslagjerdet var ein av desse, og i teneste fleire år før ho vart konfirmert.
a) Peder Andreas Marius f. Glindset ( 1903-1988) tok over bruket.
Peder Andreas Marius Glindset Magerholm(3) (1903-1988) er son til Oline (Lina) Severine Magerholm(3), og Ole Olsen Glindset frå «Strinden». Han vart fødd i Kristiansund. Mora, Oline, gifta seg i 1908 med Ole Herlof Bernardsen Eidsøren (f.1878) i Kristiansund. Peder kom til Magerholm som pleieson hos onkelen og tanta, som var bornlause. Peder tok også over bruket etter dei, og gifta seg med Borghild Slagnes (1914-2009), frå Vanylven. Peder kjøpte Krissenplassen attåt bruket i 1935. Han dreiv gartneri, og var mangeårig kasserar i Emblemsbygda Billag, ofte kalla «Emblemsruta». I tillegg var han ein av dei høgast dekorerte i avhaldslosjen på Emblem, før den andre verdskrigen, saman med lærar Lars Flydal og Steffen Nedregotten.
a) Solveig Johanne (f.1952) gifta seg i 1969 med Bjørn Harald Edvinsen Hjelme frå Flisnes. Dei er busett like ved tunet på den tidlegare Krissenplassen. Sjå meir i albumen til Krissenplassen. på denne nettstaden.
b) Per Borge (f.1955) tok over bruket.
Per Borge Magerholm(3) (f.1955) er dagens grunneigar. Han tok bruket i 1975.
Emblemsbygda.com er eit idealistisk prosjekt skapt på dugnad. Tid avsett til
å oppdatere tekstar vil derfor variere ein del. Førebels har bokprosjekta våre
fått høgare prioritet på grunn av tidsnaud når det gjeld innsamlingsarbeid av
viktig kjeldemateriale. Har du tilbakemeldingar, tips, korrigeringar eller lyst til
å delta med eigne historiske tekstar?
Ta gjerne kontakt med oss på følgande måte:
E-post sendast til: sveostrem@hotmail.com