På hovedbruket. (Magerholm)
Der budde han Lars (f. 1856, d.1929) og kona Jansina (f. 1851, d. 1935) og sonen Karl (f.1884, d. 1956). Karl var sjeldan heime. Då eg var i dalen kan eg so vidt huske han. Karl var mest på sjøen. Han hadde lita interesse for gardsbruk. Det var sjøen som stod han nærast. Karl var ein lun og koseleg kar, han var godt likt av sine arbeidskameratar på sjøen. Han var rasande på Sunmørsposten. Det går mange historier etter han. Mellom anna ei historie om at han fekk servert torskehaud på ein kafé i Ålesund. Då sette Karl opp ei alvorleg mine og spurde serveringdama: "Tror di jei er en guanomølle!?"
Lars på hovedbruket hadde fleire tjenestejenter. Det var ho Bia, Lina og Emma. Kan kome i hug når desse gjekk på sætra. Før eg kom tll dalen vart det meg fortalt at syster til Jensina, Anna og broren Halvard budde der også. Halvard var vist litt av ein skrue. Han var også diktar. Han dikta mellom anna om "Oppsitterne på Magerholm". Det var slik:
Knut knutsen
Lars Danielsen
Krissen Kølbrennar
og Petter i Vig
I Vika
I Vika budde han Petter og Kona Torstina. Sonen Tore var skomakar. Han hadde også motorbåt, og for ofte over Storfjorden til Sykkylven med færdafolk. Seinare kom han saman med doktor Aurdal om starting av ferga Magerholm-Sykkylven. Tore vart skipper på den fyrste ferga "RÅNA". Ho Kalla, syster til Tore, gjekk på sætra i dalen då eg var der. Den andre systera, Lovise var gift med Rasmus Hesseberg. Mor til Torstina, ho vika-Lovise - budde ogso i Vika då. Ho brukte ofte på skøy å seie når månen steig over dalenakkane: "Å nei, å nei, kor fint dei har pussa månen oppe i Dala i dag". Tore hadde også ein bror, det var han Petter. Han var sjømann, fyrst stuert, sidan skipper. Han var gift med Klara Emlem (Ystebø Klara), tanta mi. Dei flytte til Spjelkavik og budde der til dei døydde. Han Petter-onkel omkom med "Torulf" ved Nordkapp.
På Pe-Haugane
Der budde han Steffå og kona Laura, og sonen Peder. Han vart seinare gift med Borghild Slagnes. Peder gjekk på sætra då eg var i Dalen. Bestemor mi held mykje av Peder. Peder var gromguten hennar.
På Krissenplassen
Der budde han Krissen og kona Marte. Kristen sat mykje i skylet innunder huset sitt og gjorde ljåsorv og river. Han hadde ein fin patent når han måla skafta. Han brukte eit rør med botn i. Røret var fyllt med maling, og der stakk han skafta nedi, og drog so skaftet sakte oppatt. Og blå vart dei - Kristenblå. Ho Marte, kona hans, var snild. Mange eple fekk eg, og i posen hadde ho vafler og lefser som eg skulde ha på heimvegen.
Ovanfor Gasse-neset
Der budde han Ludvik Bærnsen i eige hus. Kona hans var syster til Rasmus Hesseberg, men ho var død. Ludvik dreiv med diskfabrikk i kjellaren sin. Han hadde vore i Amerika og lært å lime glas. Ludvik var ein snild mann. Eg syntest det var svært å få trø på dreiebenken hans og det store hjulet gjekk rundt.
Brendhaugen
Sidan eg har skrive om Krissenplassen, kan eg like godt ta ein runde ut på Brendhaugen som ligg like utanfor. Det var han Johan og kona Else (og ein Tafjord) som budde der. Der har eg eit minne ifrå som gjorde eit sterkt inntrykk på ein liten gutonge som eg då var:
Ovanfor bygdevegen hadde Brendhaugfolket ein stor jordbæråker, og i den stod eit stort fugleskræmsel. det var ei stor trollkjærring i full mundering, og den klæsdrakta ho hadde på kan ikkje beskrivast, den måtte opplevast. ja, sjølve kråka måtte ha respekt for henne. Om ein målar hadde prøvd å måle henne hadde ha gått Picasso i næringa. Frå trollkjærringa gjekk det ei snor over bygdevegen og opp til husa. Når folket på Brendhaugen drog i snora vart det eit syndens lurveleven på kjærringa! Det var nesten like fælt som mykje av den moderne musikken av i dag!
På Jakjamneset
Dette neset ligg like innanfor den noverande fergekaia (dvs. ikkje den som står der i dag red. anm.) Der hadde Dalefolket tørkeberg for fisk. Når vi var i Dalen og såg skoddedottar i Ramotindane, var veret utrygt. Då måtte vi skunde på og kome oss nedover bakkane og få ihop fisken og dekke den. so var det full fart for å kome opp att i Dalen for å berge tørrhøyet. So Dalefolket fekk rikeleg med mosjon.
Nyeste kommentarer
09.11 | 16:49
Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, ut...
24.10 | 16:33
Hei alle sammen! Dette var en svært interresant oppdagelse all den...
13.08 | 10:14
Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr...
23.04 | 08:09
Emblemsbygda.com er eit idealistisk prosjekt skapt på dugnad. Tid avsett til
å oppdatere tekstar vil derfor variere ein del. Førebels har bokprosjekta våre
fått høgare prioritet på grunn av tidsnaud når det gjeld innsamlingsarbeid av
viktig kjeldemateriale. Har du tilbakemeldingar, tips, korrigeringar eller lyst til
å delta med eigne historiske tekstar?
Ta gjerne kontakt med oss på følgande måte:
E-post sendast til: sveostrem@hotmail.com