Markeringa på kartet til Kåre Magerholm syner kor gamlesetra, eller "Rognestølen" låg før Daleplassen vart oppretta. Her stod det eine selet att. husmannsfamilien budde her då dei braut jorda og bygde husa på Daleplassen. Eg er usikker på kven sitt sel det var. Pe-haugen, Magerholm og Magerholmvika flytte nemleg sine til den nye Magerholmsetra lenger fram i dalen. Eg undrar meg derfor på om det kanskje var ein fjøs. Den vart seinare seld til Rese-Karl på Hjellhaugreset midt i bygda. Han nytta den til hønsehus. Med ombygginga av vegen vart bygget flytta eit lite stykke mot staden der Konrad og Olga Nedregotten bygde huset sitt. Der står bygget framleis. Foto: Google Street View