Ja, Emblemsbygda du fager er, du ligg her lunt
mellom fjord og fjell, med grøne skogar og lune krokar, vi elskar deg.
Her står den vakre Akslanut, han kneiser flott mot
himlens sky, med graner ranke og berg så blanke, vi stolte er av deg.
Med hus og hytte i vid omkrets, for her er staden
vi likar best, her inn seg flytte og bygde hytte i kvar ei krå.
Frå Magerholm og til Ålesund by, har vi våre bussar
som herleg flyr. Det er modeller ja av dei beste, det kan du tru.
Om vinterstida i snø og slaps, ein ynskjer seg
gjerne ein annan plass. Men i vårens dagar, då er her fagert det må vi sjå.
Ja, er du elskar av Guds natur, så kan du på fjellet
ta deg ein tur, for aldri ser du i vide kretser, ein stad som der.
For der er sletter og vatn og fjell, og grøne
skogar og elvar som renn. Du høyrer susen frå Vassnakknuten ein stille kveld.
Og fuglen syng i kvart tre og runn, og gauken galer
i bjørkelund. Då må du kveda og høgt deg gleda ei sumarsstund .
Ja, lat oss syngja høgt i kor, at her på Emblem er
den beste plass på jord. Så la oss takke for Gud oss skapte så fager stad.
Teksten er skriven av Elisabeth Olsdotter Løvik (1901-1980). ho gifte seg med enkemann og skipper Johan Jakobson Torvik (1884-1969). Dei flytta etterkvart frå Kolvikbakken og busette seg på småbuket Elvemyr 4. under Nedregotten kring 1940
. Ein kan tydeleg lese at ho vart glad i bygda si. Blant fleire i bygda vart ho ofte kalla "Fru Torvik" også.