I ein
slik liten tekst om speiderane på Emblem bør vel også opphavet
takast med. Eg tenkjer då på Robert Baden-Powel, den seinare lorden
av Gilwell ved adling allereie i 1929. Han var ein engelsk general
som stifta speiderbevegelsen i 1907. Tanken med foreininga var å
heve seg over rase, tru og politikk. Meininga var vidare å «fange
gutten og skape mannen» ved å forme «en sund sjel i ein sund
kropp». Idéen vann tidleg fram og bevegelsen spreidde seg vidare ut
over heile verda. Det at Robert vart adla for arbeidet sitt etter
berre 20 år seier sitt og suksessen.
I Norge
var det Christian Dons og H. Møller Gasman som vart pionérane.
Christian fekk innsikt i Baden-Powel sine speidar-idé allereie i
1908. Trua hadde då også fått plass i det første punktet i
speiderløftet som plikta mot Gud og fedreland. Allereie på dette
tidspunktet var det snakk om oppdeling i lag, eller patruljar, som
eigentleg er av militært opphav. Ein skal no ikkje gløyme at
opphavsmannen var general. På sett og vis hadde han nok tatt med det
som han syntes var av verdi frå sine militære erfaringar. Det var
også dette som Dons fremhevar i ettertid. Turar i naturen var viktig
trening for å verte sjølvhjelpte og få øve på praktisk
erfaringar i overlevelsesstrategiar. «Målet var å skape
karakterfaste, rakryggede menn som når kampropet lød - «Vær
beredt» - kunde svare «Alltid beredt». Dei første speidergruppene
vart oppretta i Norge så tidleg som i 1909.
Det
militære opphavet var ikkje noko nytt og eineståande for
speiderbevegelsen. Fleire lag har liknande bakgrunn.
Idrettsbevegelsen og skyttarlaga kan også knyttast til ein slik
oppstart der det gjerne var offiserar som såg behovet for meir
fysisk forstring hjå ungdommane eller folk flest. Dei første
skiløpa inkluderte også militæreksersis og kan knytast til
politikk og behov ein såg i samtida. Dei første skiøvelsane
inkluderte foreksempel ei lang og ei kort ski. Slik kunne ein vende
om på millitært vis. Norge vart eit sjølvstendig land i 1905, men
det var ikkje sjølvsagt at det skulle verte slik. Fleire lag hadde
dermed eit underliggande mål i starten der ein såg behovet for å
få sunne framtidige soldatar når fedrelandet hadde behov for det. I
det engelske speiderløftet finn ein også følgande: «I promise: To
honour God and the King». Så særleg upolitisk var speideren heller
ikkje, sjølv om det på norsk vart omskreve til «Jeg lover å gjøre
mitt beste for at Norge aldri skal få skam av mig». (Norske Gutters
Speiderkorps) og «Jeg lover efter evne å søke å gjøre min plikt
mot Gud og fedrelandet» (Norsk speidergutt-Forbund). Når det er
sagt, så fremheva Baden-Povel at speiderbevegelsen ikkje hadde noko
med militarisme å gjere. Det trur eg så gjerne, sjølv om sunne
unge menn med gode overlevelseskunnskapar neppe var noko ulempe ein
gong i framtida. Av dei bilete og teikningar frå dei første åra
kan ein også sjå speidarar marsjere med ein stokk omlag som eit
gevær. I 1914 marsjerte dei slik opp Carl Johansgate på 17. mai
også. På sett og vis kunne dei minne litt om buekorpsa i Bergen.
Der fanst også ein variant i fleire andrebyar inkludert Ålesund
nokre år. No var det rett nok eit flagg montert øverst på stokken.
Det mangla ikkje på kritikk i oslo-avisene, men med åra vart delar
av det som kunne oppfattast som militært tona kraftig ned.
Gradvis
strekte speidersaka seg utover det ganske land i Norge med. Ein fekk
fleire organisasjonar. «Norske Gutters Speiderkorps» var av dei
første. I 1911 kom «Norsk Speidergutt-Forbund», der sistnemnde
hadde klarare kristen profil. Gradvis kom der fleire lag og
foreiningar som også skapte sin variant av speideren. Det kunne vere
avholdslosjar og kristne trusamfunn som heiv seg på den populære
bølga – særleg i mellomkrigsåra. Ikkje alle som starta opp varte
like lenge. Fleire troppar vart lagd ned på grunn av mangel på
vaksne leiarar.
I dag
tenkjer nok mange på forkortelsane K.F.U.M. og K.F.U.K. I samanheng
med ordet speider. Bevegelsen
er eldre enn speiderbevegelsen. Allereie i 1823 vart lokale
misjonsynglingeforeiningar starta av reisande handtverkarar i
Tyskland. I 1843 vart Ynglingeforeininga starta i samme land og i
1844 vart YMCA, eller Young Men´s Christian Association starta av
George Williams og 11 andre handelsbetjentar i London. Målet var å
bedre «åndelige tilstander blant unge menn i manufakturbransjen og
andre bransjer». I 1867 stifta presten Peter Hærem (1840-1878)
Kristiania Ynglingeforening. K.F.U.K. I 1855 starta Emma Roberts
bønnegruppe i byen Barnet i England der målet var unge kvinner. Med
industrialiseringa var det mange som flytte frå familie og vener til
byane. Roberts var lærar på ein jenteskule og ønska å følge opp
ungjentene etter at dei var ferdige på skulen. Omlag samstundes
oppretta Mary Ann Kinnard ein heim for sjukepleiar-elavar med vekt på
åndeleg oppbygging. I Norge var det Sophie Pharo som stifta ei grein
av K.F.U.K. I 1886 etter at ho hadde vore invitert som tilskodar på
eit av ynglingeforeiningas møter året i forvegen. Etter kvart vart
det også stifta idrettslag og Norges KFUK-KFUM har i dag vokse til
ein av landets største kristne barne- og ungdomsorganisasjonar med
500 grupper og 17000 medlemmar. Speiderggruppene
er det mange av. KFUK starta opp eigen speider-organisasjon i 1920
medan KFUM-speidarane først kom til som eigen organisasjon i 1945.
Det betyr ikkje at dei ikkje dreiv speiderarbeid tidlegare.
Den eldste
speidarforeininga finst i Ålesund
K.F.U.M
i Ålesund kan knytte sitt opphav direkte til presten og
ungdomsarbeidaren Peter Hærem sitt besøk i byen mot slutten av året
i 1869. Han var komen for å snakke om organisasjonen i Ålesund
Kirke. Allereie den samme dagen vart saka diskutert i atlieret hos
fotograf Andreas Øvre og 6. januar 1870 vart Ålesund
Ynglingeforening ein realitet. Mellom stiftarane kan ein finne
fotografen saman med stortingsmannen Johs. Aarflot og lærerane
Eriksen, Hovland og Frøland. Organisasjonen dreiv først med kor og
idrett, før dei allereie i 1911 starta opp med dei første
speidergruppene. Dette tilbodet vart svært populært i byen.
Speiderleir var ein viktig del av aktivitetane til speiderane.
Utfordringa var derimot at ein dei første åra nytta lokale skular
til å overnatte på. Men det var utfordrande å flytte på alt
utstyret i ei tid der få hadde bil og samferdselstilbodet var
skralt.
I mai
1939
hadde garden Løvika vorte seld på tvangsauksjon for kreditoren "Den
Norske Stats Småbruk og Boligbank". Mellomkrigstida var hard
for mange. Gardeigaren-Elias Nedregotten skulda ikkje eit like stort
beløp som garden var verd. Dermed var det slik at Banken fekk
tilslaget for 6200 kroner og overtok bruket. Den 16. oktober samme
året vart eigedommen seld vidare til organisasjonen K.F.U.M. i
Ålesund for 7000 kroner og ein anmoda om at auskjonskøytet vart
utskrive direkte dit. I jubileumsheftet til Ålesund K.F.U.M. frå
1940 kan ein lesa at dei hadde behov for ein fast plass å vere.
salgsutlysninga på småbruket på Emblem kom soleis på rett tid og
laget greidde å skaffe beløpet som vart krevd. Dei var ikkje den
einaste organisasjonen som kjøpte seg gardsbruk til fritidseigedom
på Emblem før krigen. Like ved låg Fossestova ved Trollfossen som
først Ålesund Jern- & Metall foreininga åtte, før plassen
vart seld til Ålesunds Barnehjem som feriebustad. Akslagjerdet hadde
funksjonærforeininga i Ålesund kjøpt til same formål.
Emblemsanden var ein populær stad for både bading, idrett. Det
hadde tidlegare vore speiderleir der også. Emblemsfjellet var minst
like populær sommar som vinter og der gjekk no rutetrafikk heilt til
byen. Målet var med andre ord ein leirstad. Dei hadde då nytta
Emblemsanden til leir allereie. Ein kunne i mange år etterpå sjå
att spor etter speidarane i hovudhuset i Løvika. Eit av desse var ei
serveringsluke.
På
denne tida før krigen har eg ikkje funne spor etter nokon
speiderforeining på Emblem. Eg skal ikkje sjå heilt vekk frå at
avhaldslaga hadde eit slikt tilbod, men der manglar dokumentasjon på
at noko slikt har funne stad. For Ynglingeforeininga skulle det verte
eit kort opphald på Emblem. Allereie Hausten 1941 vart
speiderorganisasjonane lokalt og nasjonalt tvangsoppløyst i Norge av
NS-myndigheitene. Eigendelane vart konfiskerte og medlemmane vart
pålagde å lever inn uniformer og distinksjonane sine. Det verkar
ikkje som om Løvika vart inndrege, men utan medlemmar og inntekter
vart det nok for dyrt å halde på Løvika. Dei venta rett nok til
1943, men framleis var der ikkje spor av fred og oppstart igjen. Dei
valde dermed å selge bruket attende til Elias Nedregotten. Eg vil
tru at det korte opphaldet på Emblem kan ha sett sine spor i positv
lei. Den 18. april 1945 kan ein nemleg på side 4 i Sunnmørsposten
finne ein takk til KFUK og KFUM Emleim. Dette er den første og
foreløpig einaste staden ein kan finne speiderar frå Emblem nemnd i
avisene. No er det nok slik at ikkje alle er tilgjengelege i digital
form enno. Store delar av 1950-talet og fleire av avisene manglar
enno. Eg er rimeleg sikker på at der ikkje var jentespeiderar på
Emblem i 1939. I eit avisuklipp frå 3. juli det året var nemleg
blåspeidarane frå Ålesund samla på Emblemsanden til leir saman
med speiderar frå Sjøholt, Langevåg og ei frå Hareid. Omlag 20
telt fylde badeplassen. Dei kosa seg der i fleire dagar med utflukter
underholdning og «forskjellig annet». Det regna om natta medan sola
skein på dagtid, så dei var likevel fornøgde.
Det gryr på Emblem
Det er
i det heile tatt lite me veit om speidergruppene på Emblem. Sjølv
dei historiske sidene til det digitale speiderleksikonet på nett er
tomme. Det einaste eg ber dags dato veit er at Einar Nedregotten frå
Steffagaren var med på 1950-talet. Gunvor «Tulla» Nedregotten har
foreviga han i speiderklede saman med ein annan gut medan dei heiser
flagget i den nykjøpte flaggstonga utanfor huset som Tulla og Olav
akkurat hadde bygd. Årstalet kan soleis ha vore 1956. Me veit også
at Trygve Emblem frå Negarden var speiderleiar ei tid.
I fotoalbumet til Anne Betzy Vennersberg kan ein finne bilde av niesa Marit Emblem Birkelund i speideruniform i 1955, så der var truleg minst ein KFUM-tropp med jentespeidarar også. Speidergruppa
var visst tidleg ute med å arrangere Sankthanskveld på Emblemsanden
også, men kor lenge det varte er eg usikker på. I Emblemsbygda var
det tidlegare mest vanleg at lag og foreiningar tok på seg å
arrangere mellom anna 17. mai. Det var ei kjærkomen inntekt, men det
kunne verte hektisk for den som hadde fleire ungar i ulike lag og
kanskje var medlem ei eit eller to lag sjølve. I dag er det foreldre
ved Emblem skule og faste skuleklassar som har ansvaret. Då vert
også arbeidet betre fordelt. Det var nok ikkje samanhengande
speiding på Emblem frå krigen til 1980-talet. Slikt trong leiarar
og dei var ikkje alltid like enkelt å få tak på i ei lita bygd.
Ofte var det slik at der var nokre få som tok på seg ansvaret på
fleire frontar i styre og stell.
Gullalderen
På
1970-talet fekk speiderbevegelsen i bygda eit kraftig løft. Då
hadde nok tilbodet lagt brakk ei tid. Trond Emblem minnest at Lars Akslen frå Høla var ein av leiarane. Trygve
Emblem var også framleis med. Møtestaden var kjellaren på
gamleskulen. Sidan 1955 hadde skulen hatt namnet «Husmortun» fordi
husmorlaget hadde kjøpt skulen etter at Blåskulen lenger vest stod
klar. Dei leigde ut kjellaren til speiderane slik at dei fekk seg ein
permanent stad å halde til . På omlag samme tid vart dette lokalet
pussa opp og sett i stand med eit lite kjøkken, stor åpen peis og
ei open løysing med furupanel, nye mindre vindauge og stolar med
hamptau som var så populære den gongen. I tillegg vart golvet tetta
og isolert. Her skulle dei ha fast lager og møtestad i alle dei åra
speidergruppene var aktive. I periodar var det fleire grupper
samstundes med både jentespeidarar og gutespeiderar. Landsleirane
var ei stor oppleving. I 1978 var 1. Emblem KFUM registrert i
Verdalen. Det samme året var også fleire av jentespeidarane samla
på Øysand. Leirsangen dei øvde på hadde melodi frå Pål sine
høner og gjekk mellom anna slik: «Heisann og hoppsann til Øysand
til Øysan, drar vi på landsleir patrulje og tropp..» Når leiren
vart halde på Gjermundnes i 1980 så var vel alle gruppene untatt
dei aller yngste med. Kretsleirar var der også. Eit år var den
halden i Fausadalen. Som lillebror til to eldre søsken og speidarar
minnes eg at der var arrangement på både Kjellsund, Rjåneset og
Holesanden. Ikkje alle gongane var det like lett å få med nok folk Helge Slettedal var ein av dei som hadde flytta til
nyfeltet på Flisnes og bygd seg hus der. At han var næraste nabo
til ein av speiderleiarane, Liva Dyb, kan kanskje ha vore ei medverkande årsak til at han vart
med før eigne born vart gamle nok. Jenny Ann Flø minnes landsleir
på Lillehammer, eller Hamar tidleg på 1980-talet. Då var der kun
ein handfull som meldte seg på. Turen vart dermed avlyst. Ein skal
samstundes ikkje gløyme at det var langt å sende born frå omlag 3.
klasse og oppover den gongen. Det verka nok mykje lenger då enn no.
Hilde
Lillevold Håberg minnes at ho byrja på speideren i 1. klasse. Det
var i 1974. Sigrun Smogeli Ødegård som var leiar og dei var så
mange at dei hadde då 4 meisegrupper i KFUK. Det var Kjøttmeis,
Blåmeis, Stjertmeis og Toppmeis. Sjølv var ho stolt Toppmeis. Ho
fortsette fram til ho var ferdig med 5. klasse. Meisene var
startgrupper for jentene, medan gutane var «ulvungar». Tone Anita
Hoel Andreassen minnes at dei byrja med møta oppe i hovudetasja på
gamleskulen. Det var vel omtrent på den tida at kjellaren vart pussa
opp. I tilegg var Turid Langleite med i mange år. Ektemannen Sigurd
Langleite var ein av dei ivrige sambygdingane som var med å pussa
opp speidarlokala. Dugnad var ein vanleg arbeidsform i bygda den
gongen, sjølv når sementgolv i bussgarasjene til bedrifta
Emblemsbygda Billag A/S skulle støypast. Lillian Nederlid minnes at ho hadde småspeiderane, også
kalla meisene, i omlag 10 år saman med Turid og Sigun Helset. I
tillegg kjem patruljeførarane og gruppeleiarar som var yngre.
Ragnhild Akslen fekk tidleg ansvar for Uglepatrulja. Søstera mi, Ann
Kristin var med der og var ikkje så mange år yngre enn Ragnhild.
Gruppa kan framleis hugsast på grunn av teikning i hytteboka til
Larsgarden på Østremsetra som Berit Helen Brevik Bjørnhaug teikna
då dei overnatta der på 1980-talet. Speidarar heilt ned i 5. klasse
kunne ta patruljeførarkurs om dei ville.
I ei
handskriven årsmelding for KFUK-speidarane 1978 kan ein lesa at der
var 66 jenter det året fordelt på meiser, sifinnerar og vandrarar.
Hausten hadde dei 8 vaksne leiarar og på vårparten 6. Turid
Langleite var gruppeleiar fram til årskiftet før Liva Dyb tok over.
Om organiseringa kan ein lesa følgande: «Alle innan same eining er
samla samtidig. Kvar av årsklassane innan same eining har kvar sin
vaksne leiar, som står for instruksjonane og legg til rette
arbeidet. Andakt, underhaldning, konkurransar o.l. er felles. Denne
arbeidsforma synest å fungera godt.» I tillegg var dei med å
arrangere Tenkedaggudsteneste saman med speidarar i Spjelkavika og på
Blindheim og «Meisenes dag» på Holesanden 28 mai det året.
1980-talet frå medgang
til motgang
Frå
årsmeldinga i 1980 kan ein få eit godt inntrykk av stoda i
speiderarbeidet i bygda. EMBLEM I K.F.U.K. kunne då melde om heile
95 speiderjenter. Dei dreiv også speiderarbeid på Hatleholen. Der
var Torunn Bildøy leiar for meiseringen, assistert av Kari
Bjørkavoll og Leikny Flisnes. Inne på Emblem var Anne Marie Hustad
med som assistent. Ho leia stifinnerane saman med Sigrun Smogeli
Ødegård. Dei var då heile 4 patruljar med vandrerane som
patruljeførerar. Rangerane hadde ikkje fast møte det året, men
hjalp til der det var behov for dei.
I ein
rapport frå K.F.U.K. datert 9. mai 1982, skrive av Liva Dyb, kan ein
lesa at talet på medlemmar var betydelig redusert to år etterpå
til omlag halvparten. 47 speiderjenter var no fordelt på 17 meiser,
20 stifinnarar, 7 vandrera og 3 rangerar. Samstundes får ein fortalt
at likevel er 99% av alle jentene i bygda var med. Turid, Sigrun og
Lillian var leiarar for meisene medan Sigrun leia stifinnerane og
Liva var hjelpar for roverane. Den våren laga dei i stand eit
«Miniarknad» til inntekt gruppa. Prisane på varer, aktivitetar,
mat og drikke vart visst sett litt for lågt då fleire kunne gå
heim att utan å ha brukt opp alle pengane dei hadde tatt med seg.
Likevel vart det heile 1600 kroner i kassa og et var ikkje så verst
inntekt den gongen. Nysteikte vafflar og safta var temmeleg populært
og det samme var spåkone og smågodt på glas med fint dandert stoff
på lokket. Sistnemnde var til salg for den «som hadde behov for
litt glød og fornyelse» i forbindelse med kjærlighetsorg og mykje
anna. Sal av påskeliljer til nedsett pris var også populært. Her
var det vel kanskje Fru Eriksen og «Eriksen Gartneri» i
Mattisgarden som var sponsoren. Dei samla også inn 1590 kroner ved
julebukkaksjonen 13. januar det påfølgande året.
Eg
trur at eg byrja seint i speidaren. Det er også mogeleg at
aldersgrensa var litt høgare for gutar på 1980-talet enn i
1970-åra, men eg veit i alle fall at eg var ulvunge i 1986 ved
tusenårsmarkeringa for Slaget ved Hjørungavåg, for det har eg
framleis bilete av. Eg vil tru at markeringa var på vårparten, så
då var det vel hausten 1985 at eg byrja å speide. Det betyr at eg
gjekk i 3. klasse og talet på speidarar hadde byrja å avta. Dei to
eldre søskena mine hadde då vore med i mange år sidan dei var 5 og
8 år eldre enn meg. Eg huskar at eg gjekk saman med Torbjørn Akslen
og Øivind Eide som er av 1976-årgangen, så det var nok mogeleg å
byrje tidlegare også. Leiarane våre det året var Sigrun Smogeli
Ødegård og Rigmor Eide, så det er mogeleg at det var litt
utfordrande å finne nok mannlege leiarar på den tida. Sigrun hadde
i alle år vore leiar frå jentespeidarane, og det ville nok ha vore
vanskeleg å starte opp den hausten uten henne. Rigmor var vel
kanskje ny speidarleiar det året som mor til Øyvind. Vi hadde ei
flott tid med mange spanande møte i den gamle skulekjellaren. Noko
av det eg hugsar aller best var då vi samla oss i jui 1986 i Løvika
for å lære å lage bord og benkar av tau og treverk. Det var del av
forbereiinga til å kunne dra på speiderleir seinare. I tillegg var
opptakinga frå ulvunge til storspeidar spesielt spanande. Kjellaren
var kun opplyst av levande kjerteljos og eg meina at vi skulle krype
gjennom ein slags tunell mellom nokre stolar for å kome ut av
«ulvehiet» avgi speidarløftet og bli ekte storspeidar. Dette var
vel kanskje like før sommarferien ein gong. Sansen for knutar og
speiding hadde eg hatt lenge. Storesøstera mi var speidar før meg
og so pass mykje eldre at eg fekk hjelp til å læe meg knutar når
me skulle bygge indianarleir oppe på Østrem. Tipiar i fleng vart
bygde av hesjastaur og nylontauet som elles skulle nyttast til å
stramme kantane på høyvogna. Det gjorde vi berre in gong for året
uansett, så det var liten konkurranse om det. Etter kvart var der så
mange «indianarar» på Østrem og teltstengene måtte settast so
breitt att teltveggane nesten låg vannrette til slutt. Vi fekk ein
heller brå overgong til storspeidarane hausten 1986. Frå ei roleg
og skjerma grunnopplæring var ikkje alt like roleg i storspeideren.
Helge Fugelset hadde då leia gutespeidarane så og seie heilt åleine
ei tid. Flokken var stor og mange var av gutane var nok heller av det
mest rastlause slaget. Eg meinar at han fekk hjelp av Kjetil Flisnes,
men det var dessverre ikkje alle som kom for å lære seg knutar og
anna viktig kunnskap. Det kan vere årsaka til at der ikkje var så
mange leiarar attende, men det er ikkje noko eg kan seie for sikkert.
Vi
fekk ei fin oppleving på «haustmanøver» med oppstart ute på
Flisneset og avslutning nede på Emblemsanden der me mellom anna
skulle klare å koke eit egg utan medbrakt kokekar og fyrstikkeske.
Vi hadde berre ei fyrstikk og måtte finne fram til løysing på
problemet sjølve. Å orientere seg ute i dels regn og mørke med
lommelykt var ei artig oppleving. St. Georgsløpet i Ålesund våren
1987 er ei anna oppleving som er vert å nemne. Mi patrulje inneheldt
mange av dei tidlegare ulvungane frå 1985/86 og vi var som
emblemsgutar flest på den tida gode til å springe. Vi hadde vel
stort sett alle erfaring frå både fotball og ski, for å nemne
noko, men vi var kanskje ikkje like dyktige på å knyte knutar.
Sjølv skulle eg som lavast og den lettaste i flokken mellom anna
firast eit par etasjar frå taket av Stallane og ned på fortauet ved
utstillingsplassen. Eg må innrømme at eg var temmeleg redd då eg
visste litt for godt kor skralt dei ulike knutane sat på møtet veka
i forvegen. Eg må innrømme at eg såg for meg eit heller brutalt
møte med asfalten. Til alt hell vart ingen sendt utfor kanten før
knutane var skikkeleg kontrollert og retta opp. Det gjekk bra med
firinga, men nokon god plassering vart det neppe. Vi sprang meste av
Ålesund sentrum på langs og tvers med oppgåve-stopp både ved det
gamle fergeleiet ved Buholmen og på Kremmergården. Eg kan ikkje
hugse namnet på patruljen min, men veit om ei som kalla seg for
«Beverparuljen». Dei hadde eigen song basert på melodien om Daniel
Duppsko som var ein barne-TV-helt i samtida. Teksten var slik:
«Beeeeever, liker å plaske med halen i vann, en hytte i en dam –
og så en liten dram så er hele beverpatruljen i land. Beeeever.»
Siste delen var kanskje ikkje heilt i tråd med KFUM-speidarane sine
formålsparagrafar, men kreativiteten var stor.
KFUM-gruppa på Emblem
leggast ned
Hausten
1987 kom brevet om att K.F.U.M.-gruppa med storspeidarar på Emblem
skulle leggast ned. Etter fleire år som einsleg leiar hadde Helge no
nok å henge fingrane i på heimebane med små born og der var ingen
som ynskte å ta over eine-ansvaret. Det vart ein trist dag, men
ikkje særleg overraskande for vi visste så inderleg vel at eit
slikt viktig arbeid ikkje var noko for kun ein leiar åleine. Vi
hadde sjølvsagt håpa at der kom fleire med på ansvarsida, men no
var det uansett berre jentene att. Der gjekk det derimot strålande.
Jentene var no kanskje litt meir vaksne i oppførselen enn gutane og
meir sjølvstendige. Fleire vart gruppeleiarar i ung alder.
K.F.U.K. det siste
halmstrået
Av dei
siste gruppene som eg har funne spor etter er «Svane» og «The
Knøts» sine møtebøker frå 1983. skriftleg materiale etter
gutespeidarane manglar totalt. Dette var jentegrupper. Liv Solveig
Gjørtz tok over som meisemor etter Sigrun Helset, Liva Dyb og Sigrun
Smogeli Ødegård på slutten av 1980-talet. Tone Habostad var med og
hjalp til. Etter nokon år var det ingen som ville ta over som
leiarar for jentene heller, og med det vart også K.F.U.K.-speidarane
på Emblem historie. Kjellaren fekk nye leigetakarar og der vart også
drive barnehage i fleire år. Dei heldt vel hovudsakleg til i
hovudetasjen, for eg minnes at der var drift då naboen vår Øystein
Eriksen i Mattisgarden døydde i 1980. Då var eg der nokre timar
medan begravelsen vart halden, for heile bygda skulle dit og då var
der ingen andre att til å passe borna. Om dei også nytta kjellaren
frå 1990-talet veit eg ikkje sikkert. Allereie i årsrapporten for
1984 kan me ane at noko var i ferd med å skje. Liva Dyb skreiv då
at medlemstalet var synkande dei siste åra. K.F.U.K. hadde hatt ein
topp på 101 medlemmar i 1980, medan dei i 1984 hadde omlag det samme
antallet som når jentespeidarane starta opp i 1970 med 21 meiser og
21 stifinnarar. Det var meir enn ei halvering på fire år. Ho skriv
vidare:
«Jentene
har mange gode tilbud her på Emblem og speideren har ikkje nyhetens
interesse lenger. Tema for forbundsveka var HÅP. Uten håp døyr
speiderarbeidet vårt. K.F.U.K. speidernes mål og vårt ønske og
håp er at vi ved Guds hjelp kan få vere med på å oppdra jentene
til kristne kvinner som kan gjere sin innsats for heim og samfunn.»
Det var
ikkje noko å seie på akivitetstilbodet som speidarane på Emblem
hadde det året. Der var også felles krinsleir for gutar og jenter
på Raudøya frå 3. til 9. august det året. Emblem sin haustmanøver
vart arrangert av gutespeidarane for heile speidargruppa 10. oktober.
Aktivitetslista ellers er for lang til å nemne alt her. I tillegg
til dei tidlegare nemnde leiarane Turid, Sigrun, Lillian og Liva var
også Kristine Bildøy stifinnar-assistent. Den rolla hadde ho hatt
tidlegare også. No er ikkje fallet i medlemstal like dramatisk som
det kan framstå i først omgong. Ein skal ikkje gøyme nedgongen frå
95 til 47 medlemmar frå 1980 til 1982. Likevel var 99 prosent av
alle jentene i aktuell alder med i speideren.
På den
andre sida så er der ein forskjell likevel. No hadde nemleg
innbyggartalet byrja å gå opp på Emblem, Nye byggefelt var lagt ut
og utbygd fleire stadar, men der var sjølvsagt ikkje alle som var i
rett alder enno. Dei såg tendensen når dei samanlikna størrelsen
på årskulla opp mot kor mange som melde seg inn i speidaren og der
var noko i ferd med å skje. Resultatet kjenner vi dessverre litt for
godt. Frå tidleg 1990-tal var speiderbevegelsen på Emblem lagt ned
og ingen har sidan teke opp att dette arbeidet. Effektane vart ei tid
lagra på loftet på Blåskulen før det meste vart seld til
speidergruppa på Blindheim. Berre nokre handskrivne kopiar av
årsmeldingar låg igjen då skulen vart brend ned av Ålesund
Brannvesen som brannøving. Nedgongstida for speidargruppene kring
slutten av 1980-talet var ikkje noko eineståande for Emblemsbygda.
Sjølv speiderane i Ålesund, som no er landets eldste speidergruppe
med sine 107 år i 2017, sleit mot slutten av 1980-talet. På det
meste var det 13 grupper og mange hundre speidarar innom Speidernes
hus i Kipervika 25. Ved byrjinga på 1990-talet var dei berre tjue
medlemmar att og det var store utfordringar med å skaffe leiarar. I
Ålesund klarte dei seg over kneika medan speidergruppene på Emblem
vart lagt ned. På den positive sida kan det nemnast at ein i våre
dagar kan sjå ei auka interesse for speider og friluftsliv. Me har
fått stor tilvekst med nye byggefelt i bygda, så kanskje det er
nokon som får lyst til å starte opp att?
Heilt til slutt
Eg
skulle gjerne hatt tilgong på møteprotokolar og anna skriftleg
materiale frå den tida for å kunne skrive ei litt meir fullstendig
fortelling. Eg vonar derfor at den som måtte ha noko slikt, eller
ytterlegare opplysningar tek kontakt med meg på føgande e-post:
sveostrem@hotmail.com
Skriftlege kjelder:
Hauger.
Erling: «Norske Speidere, Norsk speidergutt-forbund gjennem 25 år
1911-1936» Utgitt av Norsk Speidergutt-Forbund 1936.
Livsminne
delt via Facebook-gruppa «Gamle bilder fra Emblem» av: Trond
Emblem, Berit Hustad Birkeland, Hilde Lillevold Håberg, Tone Anita
Hoel Andreassen, Jenny Anne Flø, Lena L. Bjørdal Kjerstad, Lisbeth
Brevik Blengsli, Trine Valaker, Lillian Nederlid, Liv solveig Gjørtz,
Gerd karin Langleite og Janita Rye og Sveinung Nedregotten.
Ålesund
Ynglingeforening: «Ålesund Ynglingeforening 1870-1940 K.F.U.M 70
år». Jubileumshefte frå 1940
Vartdal,
Solfrid/ Sunnmørsposten: «Speiderliv bak nymalt fasade» reportasje
om oppussing av Speidernes hus og litt om speidergruppa som er
landets eldste. Sunnmørsposten 3.november 2017
Digitale kjelder:
http://leksikon.speidermuseet.no/wiki/%C3%85lesund_KFUK-KFUM-speidere
http://leksikon.speidermuseet.no/wiki/1._Emblem
https://snl.no/speiderbevegelsen
https://kfuk-kfum.no/om-oss/organisasjon/kfuk-kfum-bevegelsen