 |
 |
|
 |
 |
Elvarum, frå den tida det var landhandel i kjellaren i huset framme til venstre. Det var Lars O. Emblem som dreiv handel og var poståpnar attåt gardsdrift og meieristyrar (meieriet vart nedlagd då Mork åpna meieri i Ålesund 1906)
Postkort til Hr. Ole Knutsen i USA, frå kona Marie i 1913. Han dreiv Steffågarden på Emblem, men reiste fleire gongar til Amerika. Eg har óg eit kort frå 1910 med tydeleg EMLEIM stempel
Posttempel frå Emblemsbygda
Garsendhaugen slik den såg ut før den vart riven for å gje plass til eldreboligane på Emblem. I kjellaren var det i si tid postkontor. foto: sigurd langleite ca 1984
Gamleposten på Magnusbakken. Bildet er tatt den gongen Videoposten heldt til her.
foto: sigurd Langleite ca 1984
"Gamleposten" var Samvirkelag frå 1946-1959, postkontor frå ca 1969-1985 og "Videoposten" med Videoutleige i andre halvdel av 1980-talet. Alle verksemdene heldt til i kjellaren med eigen inngang som du framleis kan sjå på biletet.
Det siste postkontoret i Emblemsbygda som hadde sitt eget bygg. "Nyeposten" låg rett ved sida av S-Laget mot øst. foto: sigurd langleite 1984
Leitar ein i offentlege register, vil ein finne at Emlem Poståpneri vart fyrste gong registrert i Sirkulær 39, datert
23.12.1895. Ifølge registeret frå Postmuseet på Maihaugen var
poståpneriet underlagt Ålesund postkontor og registrert "på
dampskipsanløpstedet, i Borgund herred, Søndmør Fogderi". Det stod
videre at poståpneriet "ble intil videre underholdt frå 1.1.1896.
Poståpnaren var Lars Manussen Emleim, frå den no nedlagde
Magnusplassen. Eg veit enno ikkje om posten vart delt ut på sjølve kaia,
eller om den vart fordelt på andre måtar. Men var dette verkeleg det
fyrste postkontoret i bygda? Ny informasjon kan gje oss svaret på det.
Poståpneria og postvegen
Eit
poståpneri er eit eldre namn på eit lite postkontor på landsbygda i
Norge, under leiing av ein poståpnar. Som namnet fortel, så var
poståpnaren ansvarleg for å åpne postveska og ta ut det som skulle
leverast ut, før posten som skulle sendast vart lagt ned i veska.
Einkvar embedsmann, tjenestemann eller gjestgivar kunne verta pålagd å
vera poståpner frå 1647, då postvesenet vart etablert i Norge. Løna den
gong kunne vera fri porto for eigne brev, men det vart etter kvart
innført betaling for poståpnarar. Frå 1842 vart mange landhandlarar
utnemd som poståpnarar og i 1871 fell plikta for embetsmenn,
tjenestemenn og gjestivarar heilt bort.
Eg har ikkje funne nokon
informasjon om korleis posten vart fordelt i bygda før 1896, men det
går ein gamal veg med namnet "postvegen" gjennom tunet på Aksla, Reiten,
Østrem, staden der det gamle klengetunet med Emblemsgardane låg
(Steffågarden i dag) og vidare til Ystebøen, via Hegrevegane til
Eikenosa. Vegen gikk heilt til Magerholmen i aust, men eg er ikkje
sikker på om den gjekk heilt til spjelkavika. Ein kan enno finna ein
rodestein på Aksla der namnet "Axla" er meisla inn. Diverre er det ikkje
noko årstal på steinen.
Eg veit likevel at det i 1810 vert sett
igong vegbygging frå Sjøholt til Tøsse og då var ein allereie i gong
med vegbygginga til Emblem men eg er ikkje sikker på om den allereie var
ferdig. I eit "patent" datert den 4. februar 1822 vert det bekrefta
sjøtr.ansport av post frå "Abelseth i Ørschoug" til ein stasjon på
Emblem. Avstanden vart sett til to mil og befordringstida vart sett til 3
timar i godt vér og ein time ekstra i dårleg vér. I eit tilsvarande
patent frå Aalesunds postcontoir 9. juni 1832 kan ein lesa at den
nyansatte "postkarl" ved Tøsse poststasjon skal befordre posten så raskt
den passerer til de nærmeste poststasjon som er Ørskoug postaapneri og
poststasjonen på Emblem. Kvar låg så denne poststasjonen på Emblem.
Kanskje gjev
dei andre poststasjonane oss ein peikepinn. Abelset og
Tøsse var ikkje nokre tilfeldig valde gardar og det var gjerne
embedmenn, overnattingstadar eller handelsmenn som fekk tildelt slike
verv. Så vidt eg veit så var det ikkje nokon handelsmenn i Emblemsbygda
på denne tida, men ein og annan storgard kunne ein finne. På Magerholmen
vart det seinare overnattingstad og det har og vore skyssmoglegheiter
der. Det er nærliggande å tru at poststasjonen låg der postbåten la til
og hesteskyss tok over på landevegen mot Borgensund. Men det kan og ha
vore
ein annan stad så lenge det ikkje finst skriven dokumentasjon. I
1838 vert truleg Emblem Poststasjon nedlagd når Nørvasundbrua er ferdig
og Brusdalsvegen tek over som postveg. I 1868 vert postfrakt på land
erstatta av dampskip med eigne postkontor ombord. Men dampskipsfart til
tross, det vert igjen behov for poståpneri i Emblemsbygda idet
1800-talet er på hell.
Magnusplassen
Lars
Magnussen Emleim var såvisst ingen storkar i bygda, og heller ingen
landhandlar. Magnusplassen vart rydda frå ca 1850 av faren Magnus Larsen
Skjortenes (ca 1820-1893) Plassen vart festa for 30 spd. og årsavgift
på 1 spd. og 6 arbeidsdagar til eigarane i Ebbegarden. Sonen Lars tok
over i 1879 og var skomakar. Bydeboka fortel at han var poståpnar dei
siste åra han levde og at han døydde i 1900. Ei tid etter at han døydde
vart plassen indregen under hovudbruket igjen. Kona hans, Petrine
Knutsdotter Jarnes frå Sykkylven levde heilt til 1945. Det kan tyda på
at dei var driftige folk på Magnusplassen, og det behøvde dei nok i ei
tid utan pensjonsordningar. Lars hadde og ansvar for foreldra sine og
mor hans, Berte Pedersdatter Skarbø, frå Ørskog, levde heilt til 1903. I
eit intervju Sigurd Langleite gjorde med Karl O. Emblem i 1984,vert det
fortalt at det óg var skule på Magnusplassen, fordi dei hadde to gode
stover, med gang imellom som høvde til formålet. Kor lenge dette varte,
veit eg ikkje, men ei eiga skulestove vart ikkje opna før hausten 1903.
Pengane kom nok godt med for dei to enkene på Magnusplassen etterat Lars
døydde. Poståpnarstillinga kan tyde på at Lars var ein akta mann hjå
sambygdingane.
Lars Olsen Emblem på Elvarum
Den
neste poståpnaren på Emblem passar betre inn, reint historisk, då han
var den fyrste landhandlaren i bygda. Lars tok over stillinga 21. mai
1900, og er nemd som ein føregangsmann
i bygda. Han fortalde sjølv at
han overtok farsgarden, Negarden, før han vart 18 år, og dreiv den til
1889, då han reiste i utenriksfart i 12 år. fekk utskilt Elvarum br. nr
15 frå Nergarden som han kom frå. Garden vart rydda heilt frå grunnen av
på udyrka mark frå 1890-åra. Han fekk både Premielån og dyrkingslån til
å hjelpe seg. Han hadde både hest, 3 kyr og sauer ved sidan av butikken
og poståpneriet. I 1910-tellinga er 18 år gamle Josefine J. Furholm
registret som "tjenestepike i huset og paa butikken". Butikken starta
han i 1900 som ein fileal for B. Berli i Ålesund, men overtok sjølv
etterkvart. Lars var ivrig i politikken og innvald i Borgund Herredstyre
alt i 1877 og sat uavbrutt i heile 12 år (3 periodar) Lars var óg
pådrivaren for å bygge dampskipskaia i Emblemsvågen. Lars fortel
journalist P. Stensager at posten komm to gongar i veka med dampskipet
"Søndmørske". Godtgjerdsla for poståpnaren var då 60 kroner per år. Han
ga seg som poståpnar og handelsmann i 1921.
Postkontoret på Garsendhaugen
Den
1.10. 1921 vart Joakim J Emleim (1870-1955) ny poståpnar i bygda. og
Namnet vart endra frå Emlem til Emleim (Sirk. 53, 23.9.1921)
postkontoret vart flytta frå Elvarum til kjellaren på garden
Garsendhaugen, som Joakim dreiv. Joakim var skomaker ved sida av
gardsdrifta og poståpnar-stillinga. Den eine sonen, Sevrin J. Emblem
starta eit av dei største landhandleria i distriktet på farsgarden, nede
ved den gamle vegen gjennom Emblemsbygda, og dreiv heilt fram til han
brått døydde. i 1960. Poståpneriet vart aldri plassert saman med
butikken slik som Lars Olsen Emblem
gjorde tidlegare, men held seg i
kjellaren på Gardsenhaugen i mange år. Svigerdotter til Joakim, Eddy
Ovidie emblem, frå Vigra, tok over som poståpnar 1. april 1940. Ho var
gift med broren til Sevrin, Johan J. Emblem. Dei overtok Gardsenhaugen
etter Joakim. So vidt ,som eg kjenner, til så
var poståpneriet på
Garsendhaugen så lenge som Eddy var poståpnar. I 1968 vart postnummeret
6023 lagt til Emleim-namnet. Husa på Gardsenhaugen vart riven på
1980-talet for å gje plass til eldreboligane i bygda. Dei ligg no der
tunet ein gong var.
Eg trur at det var først då Evelyn Aurdal Kristoffersen (Nedregotten) vart konstituert, 1. juni 1969
at
postkontoret vart flytt ned til den gamle bygdevegen på haugen midt
mellom Sevrinbuda og Magnusplassen. Kjellaren hadde vore nytta som
samvirkelag frå 1946-1959, før eit eige forretningsbygg stod klart
innanfor elva ved Elvarum. Det er mogeleg at postkontoret flytta
tidlegare, for eg har kun muntlege kjelder som nemner flytting kring
1970. Ein kan likevel sjå ein
tendens frå tidlegare at eigerbyte også kan bety endring av stad. Poståpneri namnet vart endra til
Postkontor,
eller rettare sagt "underpostkontor" den 1.11.1973 (Sirk. 41,
31.10.1973). Det betyr at kontoret vart leia av ein "Poststyrar", Det
kom ei ny statusendring 1.1.1977, då benemninga vart endra til
"Postkontor C". Postkontor av type B og C, vart underlagt eit Postkontor
A, med ein eigen postsjef og i dette tilfelle sat han i Ålesund.
Leiaren av eit postkontor B fekk behalde "postmeistertittelen" og meir
sjølvstende, medan dei gamle poståpneria, kalla underpostkontor, vart
underlagd postkontor A fullt og heilt. Slik eg hugsar Gamleposten, så
var det ein kjellarinngang midt på huset, med eit lite betongoverbygg.
Når ein kom inn i kjellaren, så var det døra til venstre
som leia inn i den austre halvdelen av kjellaren. Her var det eit vindauge ut mot vegen og ei skranke
omlag
2 meter inn i rommet i heile rommet si breidderetning Aust-vest.
skranka var kring 1,2 meter høg og bygd i tre. Oppå trekonstruksjonen
var det glasvegg som ikkje gjekk so veldig høgt opp. Det var ei opning
midt på med eit metallgitter som kunne åpnast frå innsida som ei lita
dør. Den var god å ha om det var større pakkar som skulle hentast eller
levarast. Var pakkane for tunge eller store til å løftast, så kunne ein
opne ei dør i skranka nærmare mot vestre berevegg. eg hugsar lite frå
kontoret bak skranka for eg var ikkje høg nok til å sjå så mykje før
Videoposten tok over på 1980-talet. Eg meiner å hugse at det var eit
lite bord og to stolar, eller kanskje fleire framom vindauget, der ein
kunne sitte medan ein ventar på tur.
S-laget bygger postkontor
I 1985 vart det bygd eit kvitt posthus i tre på austre delen av parkeringsplassen til Samvirkelaget.Så
vidt eg kjenner til så var det Samvirkelaget som påkosta bygget og
leigde ut til Posten Postekspeditør D, Marie Tone Follum, hadde vore
vikar frå 1.3.1984, og vart no fast ansett frå 1. juni 1985. 1. april
1987 vart addressa endra til Emleim, 6022 Ålesund, ei endring som ikkje
gjekk heilt upåakta hen. Postekspeditør. Lillian Fjørtoft vart ansett som vikar 1.januar 1988 og etterkvart
så
nerma det seg slutten for eit eige postkontor i bygda. Eh hugsar at det
vart endringar av åpningstidene, og ei rekkje brev vart sende ut til
emblemsbygdarane frå postkontoret i Ålesund.
Eit av dei tok for seg
spørsmål om åpningstidene. Den siste tida vart tidene sett slik at
kontoret stengde omlag same tida som folk slutta på arbeid, og rakk
ikkje fram. Til slutt vart ein informert i brevs form at det var for
dårleg besøk til at ein kunne oppretthalde eige postkontor i den
noverande forma.
Post i butikk
Postkontoret
vart endra til Post i butikk og var i byrjinga nærast som "post i ei
skuff". Nokre av tjenestane fall bort, men åpningstida var lenger, då
den vart jamnstilt med Samvirkelaget si
opningstid. Nokre av dei
ansatte vart opplært i drifta. Slik som tilbodet var i byrjinga, kan
ikkje samanliknast med dagens tilbod i butikkane. Det medførte at fleire
av posttjenestane måtte utførast utanfor bygda på Moa eller Blindheim.
Dette påverka sjølvsagt bruken av posttjenestane på Emblem Samvirkelag.
Den 1.april 1997 vart postkontoret nedlagd. Adressa Emleim, 6022 Åleund
vart behalde enno ei tid, men så vart den endra til dagens addresse som
er 6013 Ålesund. Den næraste tjenesta er no post i butikk på Kiwi på
Flisnes.
Kjelder:
Jubileumsheftet:
"Samykjelaget Spjelkavik, Emblem Samvirkelag 50 år 1946-1996" som
truleg vart utgjeve i 1996 av Sunnmøre Samvirkelag. historia om Emblem
Samvirkelag vart skrevet av Sigurd Langleite.
Gardsoge Borgund og Giske, band II, Ragnar Øverlid, boktrykk L.L., Bergen 1961
Nettbasert Oversikt over historikk for postnummeret Emlem 6023, frå Poststedsdatabasen til Postmuseet på Maihaugen.
P. Stensagers intervju med Lars Olsen Emblem ein gong kring 1922.
Muntlig informasjon frå Olav Østrem 21.4.2011 om Garsendhaugen.
Eigne minner frå "gamleposten".
Wikipedia-informasjon: "Poståpneri"
Bilete av rodesteinen på Aksla: Foto: Bjørn Vidar Sæter
"Oppretting av en fast bipostrute mellom Borgensund og Ørskoug i 1785, og dens utvikling" av Øyvind Midtlid, publisert i heftet: "Ålesund-98: Nasjonal frimerkeutstilling: 2. til 4. oktober 1998"
Registret informasjon om postkontora på postmuseet på Maihaugen:
Fylgjande opplysningar er å finna om bygdas eige og diverre nedlagde postkontor:
EMLEM
poståpneri, på dampskipsanløpstedet, i Borgund herred, Søndmør fogderi,
under Aalesund postkontor, ble intil videre underholdt fra 1.1.1896.
Sirk. 39, 23.12.1895
Navnet ble fra 1.10.1921 endret til EMLEIM. Sirk. 53, 23.9.1921
Ved
etablering av nye poststedsgrupper ble poståpneriet fra 1.11.1973
benevnt underpostkontor, sirk. 41, 31.10.1973, og fikk fra 1.1.1977
status av postkontor C. sirk. 35, 10.12.1976
Postnr. 6023 ble
tatt i bruk i 1968, men postaddressen ble fra 1.4.1987 endret til
Emleim, 6022 ÅLESUND (4. trafikktr. 26.11.1986)
Postkontoret
Emleim, 6022 ÅLESUND ble nedlagt fra 1.4.1997. Ingen endring i
postaddressen etter nedleggelsen. Sirk. 8, 20.3.1997 (men det ble
etterhvert endret til 6013 ÅLESUND og brukes per dags dato.)
Datostempel av sveitsertypen med åpen stjerne nederst ble antakelig tilsendt ved oprettelsen.
Poståpnere/styrere: Lars Magnussen Emleim 1.1.1896 Landhandler Lars Olsen Emleim 21.5.1900 (f. 1844) Joakim J. Emleim 1.10.1921 Eddy Ovidie Emblem 1.4.1940 (f. 1903) Evelyn Aurdal kristoffersen (Nedregotten) Kst. 1.6.1969 (f. 1917) Postekspeditør D. Marie Tone Follum vikar 1.3.1984, fast 1.6.1985 Postekspeditør Lillian fjørtoft vikar 1.1.1988
De første kjente poståpnerlønninger
1899: Kr 60,- 1906: Kr 150,- 1912: Kr 200,- 1917: Kr 300,-
fra 1.7. 1917 ble det gitt et midlertidig dyrtidstillegg med 50% av lønnen
(Kilde: Postdatabasen, postmuseet på Maihaugen)
Det siste postkontoret blei bygd ved sida av S-laget og du kan sjå murane fortsatt Veggar og tak blei kjøpt av Liv og Arvid Brevik og er no ein del av hytta deira.
Elvarum, frå den tida det var landhandel i kjellaren i huset framme til venstre. Det var Lars O. Emblem som dreiv handel og var poståpnar attåt gardsdrift og meieristyrar (meieriet vart nedlagd då Mork åpna meieri i Ålesund 1906)
Postkort til Hr. Ole Knutsen i USA, frå kona Marie i 1913. Han dreiv Steffågarden på Emblem, men reiste fleire gongar til Amerika. Eg har óg eit kort frå 1910 med tydeleg EMLEIM stempel
Posttempel frå Emblemsbygda
Garsendhaugen slik den såg ut før den vart riven for å gje plass til eldreboligane på Emblem. I kjellaren var det i si tid postkontor. foto: sigurd langleite ca 1984
Gamleposten på Magnusbakken. Bildet er tatt den gongen Videoposten heldt til her.
foto: sigurd Langleite ca 1984
"Gamleposten" var Samvirkelag frå 1946-1959, postkontor frå ca 1969-1985 og "Videoposten" med Videoutleige i andre halvdel av 1980-talet. Alle verksemdene heldt til i kjellaren med eigen inngang som du framleis kan sjå på biletet.
Det siste postkontoret i Emblemsbygda som hadde sitt eget bygg. "Nyeposten" låg rett ved sida av S-Laget mot øst. foto: sigurd langleite 1984
Mer infoLiker
| |
 |
|
|
|