Her kan du finne ut litt meir om skulehistoria i Emblemsbygda. På dei ulike undersidene kan du lese om både den eldste skulehistoria, den første skulestova på Skaret frå 1903 og dei kommande skulane med tilnamna "Blåskulen" frå 1950-talet og "Nyskulen" som stadig er i bruk i ombygd utgåve.
Det er også eit mål å samle flest mogelege skulebilete med namngjevne elevar og tilsette. Der er me godt i gong allereie. Me set stor pris på tips, opplysningar og tilbakemeldingar. Bruk gjerne følgande e-post: sveostrem@hotmail.com
Emblemsbygda.com er eit idealistisk prosjekt skapt på dugnad. Tid avsett til
å oppdatere tekstar vil derfor variere ein del. Førebels har bokprosjekta våre
fått høgare prioritet på grunn av tidsnaud når det gjeld innsamlingsarbeid av
viktig kjeldemateriale. Har du tilbakemeldingar, tips, korrigeringar eller lyst til
å delta med eigne historiske tekstar?
Ta gjerne kontakt med oss på følgande måte:
E-post sendast til: sveostrem@hotmail.com