Kring
det høgaste punktet på den gamles setreråsa frå emblemsgardane
til den nedlagde Emblemsetra finn du henne, Ølkona. Tett intil ein
bergknaus ligg ho, nærast i skjul for den som legg søndagsturen frå
Røssevolldemninga mot kubbane. Skal ein finna fram, må ein vite
litt om kvar råsene gjekk for ei tid tilbake. Råsa mot Breiskaret
har vorte endra og den gamle er delvis skjult under einekratt.
Kaldt og godt
Ølkona
er ei lita oppkome med reint, godt og kaldt vatn sjølv på den
varmaste sommardag. Leon Emblem fortalde meg at han ein gong hadde
eit veddemål med far sin om kor lenge han makta å halde handa nedi
denne kjelda. Det varte ikkje lenge før han måtte gje seg sjølv om
det var ein varm sommardag. Det er forresten litt underleg at denne
kjelda ligg nettopp her so høgt oppe. Det er truleg slik at vatnet
vert pressa opp ei fjellsprekke og den låge, men stabile tempraturen
kan tyde på at det er snakk om grunnvatn som ligg djupt nede i
fjellet.
At ein
finn vasskjelder langs ei gamal seterrås er kanskje ikkje så
underleg. Der har truleg vore fleire kvilestader for trøytte budeier
som bar dei tunge spanna med mjølk heilt ned til bygda. I Breiskaret
på den høgaste staden er det dessutan mura opp ein kvilestad med
godt ryggstø og utsikt for farande folk. Kring Ølkona er det og
mura opp ein kant så det var nok ingen tilfeldig vasskjelde dette.
Eg har undra meg over val av namn og så langt er det ingen av dei
som eg har snakka med som har høyrt noko om kvifor denne kjelda
heiter nettopp «Ølkona».
Kor gamal er råsa?
Seterråsa
frå gardane på Emblem er truleg svært gamal. Den startar nær
staden der det gamle klengetunet låg. Namnet Emblem kan truleg
stamma frå den gamlanorske forma "Imileimar"som
tyder «våre heimar». Slike heim namn er av dei eldste gardsnamna i
Norge og stammar truleg frå før vikingtida, sjølv om den fyrste
gardbrukaren i skrivne kjelder er Bård på Emblem på 1200-talet.
Frå kring 1520 finn ein to gardpartar og mot slutten at 1500 var det
heile seks gardar på Emblem. Med lite slåttemark på heimbøane var
utmarka og fjellet ei særs viktig matkjelde med både setrar og
utmarkslått. Her kunne ein og finna bær og andre nyttevekstar som
kunne kome godt med.
Egil
Bakka har påpeika ein samanheng mellom slike kjelder og
helleristningar enkelte stadar i landet. Nokon slike undersøkingar
har det ikkje vore gjennomført på Emblem og det er vel heller lite
truleg at ein finn nettopp det på denne staden. På den andre sida
så seier dette noko om ei urgamal interesse for slike gode
drikkevasskjelder og kanskje kan denne kjelda ha vore kjend i svært
lang tid. I Dalsbygda i Norddal kommune veit eg at slike kjelder vart
nytta til helsebot og når nokon låg for døden. Olavskjelda på
Veibust på Sula har og hatt ry på seg for å ha helbredande effekt.
Skal ein «hella litt kaldt vatn» på slike tradisjonar så veit ein
at mykje av drikkevasskjeldene i bygda har vore dels myrhaldige og
til dels av dårleg kvalitet. Forståinga for hygiene har heller
ikkje vore like stor til alle tider og dårleg drikkevatn har ført
til mange sjukdommar. Reint vatn som ein fann i kjelder har i alle
fall ikkje tilført fleire bakteriar til den som var sjuk og soleis
ikkje forverra situasjonen.
Den gamle Haugastølen
Kor
lenge Emblemsetra har vore der og råsa har vorte nytta til fjellveg
har eg ikkje noko svar på. Karl O. Emblem skriv i «Geografiske
tilhøve i Emblemsbygda» at det vatnet som i dag er feilskrive og
endra til Austrevatnet på kartet, heitte opphaveleg Haugstølvatnet
eller Haustølvatnet. Namnet fortel at det ein gong låg ei seter
nettopp her. Dette vatnet ligg litt høgare enn den gamle
Emblem-setra og Karl skriv også at det var ei urgamal seter som låg
der. Han hadde høyrd at denne setra vart fråflytta fordi huldra var
så plagsam og sela vart difor flytt nærare Langevatnet. Tuftene av
Emblemsetra syner den dag i dag, men det er lite truleg at ein finn
liknande spor av Haugstølen. Når Haugstølsetra vart flytt lågare
kan eg ikkje seie for sikkert men det er ikkje heilt usansynleg at
det eigentleg var klimatiske forhold som kan ha spela inn. Det er
fleire eksempel på setrar som opphaveleg har vore gardar heile 500
meter over havet og desse hadde sine setrar enno høgare til fjells.
Ein finn trerøter som vitnar om ei langt varmare tidsepoke og namnet
«Eikenos» er eit vitne om slike varmare tider med eikeskogar på
Emblem. Frå Bård på Emblem si tid på 1400-talet og fram mot
midten av 1800-talet fekk me ein kaldare periode som har fått namnet
«Den Vesle Istid».
Kornet fekk etterkvart
avløsysing av potetdyrking på 1800-talet takka vera «potetprestane»
for dette var ei langt sikrare matkjelde etter ei rekke periodar med
uår og hungersnød i landet vårt med feilslåtte kornavlingar. Ei
omstilling var truleg tvingande nødvendig på fleire gardsbruk og
sæterdrifta kan og ha vorte påverka av dette sjølv om det ikkje er
så veldig stor høgdeforskjell på dei to setrane. Andre setrar har
vorte nedlagde som ei følge av Svartedauden ved at fleire gardar
vart lagd aude, folketalet minka og ein kunne velja seg dei beste
gardane og leggja ned dei som ikkje gav like stor avling. Det var
fleire slike Audegardar på Emblem.
Om Haugstølen hadde same
veg til fjells som den gamle Emblemsetra kan eg ikkje seie for
sikkert, men namnet «Ølkona» kan kanskje hjelpa oss fram til ei
litt meir kalkulert gjetting. Eit lite søk på internett syner at
Ølkona ikkje er eit ekslusivt namn som kun er å finne på
Emblemsfjellet. Eit vidare søk på kartet til www.finn.no gjev ei
rekke resultat frå Nord-Norge og heilt til Haugesund. Det er
interessant å merke seg at namna ligg stort sett langs norskekysten
frå Vestlandet. Det er godt mogleg at det finnst fleire andre stadar
og som ikke er å finna på kart eller i nedskrivne publiseringar på
nettet. Namnet «Ølkona» er mest populær, mens «Ølkonå» fyljer
tett etter, før ein finn namn som «Ølkonheia» i Balsfjord og
«Ølkonna» på Vestvågøy som nokre eksempel på namn med liknande
stavemåte. Det er interessant å finne at dei fleste namna er gjeve
til små vasskjelder nær ei seterrås. Tre av ølkonene er å finna
på Sula, Hareid og i Haram kommune, der to av dei er tilknytt ei
seterrås.
Kva tyder namnet
Det finst fleire forsøk på
ei namneforklaring. Ei av desse nemner Bylova til Magnus Lagabøte
frå 1276. Her vert «Olkona» nemd som ei kvinne som selde øl i
Bergen. Med denne forklaringa kan ein hevde at kanskje namnet var
litt humoristisk, eller ein hedersbetegnelse for ei god kjelde som
smakte mest like godt som øl for ein tørst ferdamann eller budeie.
Andre har forsøkt å finne samanheng med Heilage Olav som fekk kalla
opp ei rekke kjelder etter seg. Utfordringa med denne forklaringa er
at det allereie finnes ei slik olavskjelde i nærleiken på Veibust
og dei fleste stadane som har vorte tilknytta olavsegnene har ikkje
endra namn so radikalt som i dette tilfellet. Dei fleste stadane er
knytt til historiar som er mest like levande den dag i dag og så
vidt som eg kjenner til, så fortel segna at han nytta tida når
skipa segla forbi Emblem til å fiske i staden for å gå i land. (Du
finn denne segna allereie i tekstsamlinga på www.emblemsbygda.com)
Eg set meir lit til den
tredje forklaringa som eg har funne per dags dato. Namnet «Olle» er
eit gamalt namn som tyder vasskjelde. Kjelde eller bokmålsordet
«Kilde» er ein stad der grunnvatnet kjem opp frå jorda og fram i
dagen. Slike kjelder finst gjerne i skrånande terreng der
jordgrunnen er samansatt med eit lag sand over eit vanntett leirlag
eller fast grunnfjell. Dette vatnet er godt rensa og dermed ei bedre
drikkevasskjelde enn elvar og vatn. Eit anna ord med omlag same
tyding er «oppkome» som i indre fjordstrok på Sunnmøre har vore
omtala som «Åkome» på folkemunne i mellom anna Dalsbygda i
Norddal. Andre stadar lenger sør-aust som i Hemsedal har Olle med o
vore meir nytta like fram til i dag. Kanskje er det nettopp slik at
Ølkona kjem av ei samansett betydning med «olle» og «kone» i
betydninga å gi eller kanskje servere?
Kva som er opphavet til
namnet «Ølkona» vert som du ser kun ei gjetning, men det er
likevel interessant at det er såpass mange stader med like namn på
nettopp ei kjelde langs setreråsa. Det som eg og finn spanande er at
dersom namnet har eit såpass gamalt opphav med gradvise omskrivingar
så kvifor har då ikkje namnet endra seg meir enn dette på stadar
som har lagt så langt frå kvarandre som Haugesund og Bodø? Kanskje
er det nettopp vår eldste frakteveg, norskekysten som er
forklaringa. Det siste er i så fall ei rein gjetting frå mi side og
eit utgangspunkt til nye tankar om namnet til denne vesle kjelda som
ligg der still og utan moglegheit til enten å bekrefte eller
avkrefte det eg har skrive.
Kjelder:
Bakka,Egil:
«Bronealderristningane på Bogge i Romsdal», Masteroppgave
Universiteter i Trondheim, Vitenskapsmuseet 1987
Befaring på staden kring
Ølkona på Emblemsfjellet saman med informant Olav Østrem
Emblem, Karl O.:
«Geografiske tilhøve i Emblemsbygda» kopi av hefte funne på
skulebiblioteket på Emblem skule.
Holstad, Norleif: «Ord og
uttrykk frå Hareid»; Hareid Mållag 2.og utvida utgave 2009
Kartsøk:
www.finn.no
www.unimus.no/arkeologi
Krohn, Michael: Foredrag for
Sunnhedskommisjonen i Manger «Om vandet» 25.6.1858; publisert i
digital utgave på følgende nettside:
http://www.uib.no/isf/om-instituttet/historie/distriktslege-michael-krohn-og-sunnhetskommisjonen-i-manger/om-reenligheden-25.juni-1857
Krohn, Michael: Foredrag for
Sunnhedskommisjonen i Manger «Om reenligheden» 12.7.1857; publisert
i digital utgave på følgende nettside:
http://www.uib.no/isf/om-instituttet/historie/distriktslege-michael-krohn-og-sunnhetskommisjonen-i-manger/om-vandet-12.juli-1858
Olavskjelda:
http://mr.kulturnett.no/kulturnett/layout/set/mag/magasinet/magasinet_3_2006/sula_kommune
Om Ølkånå ved Haugesund:
http://ut.no/tur/byheiene-tjelltjønn-rundt
http://loype.kulturminneaaret2009.no/kulturminneloyper/olkana
http://hilorientering.no/Side.aspx?Id=130
Store Norske Leksikon på
nett: http://snl.no/
Søk på «ølkona» i
Nasjonalbibliotekets database:
http://www.nb.no/sok/search.jsf?query=ølkona
Telefonsamtale med Leon
Emblem september 2011
Thomassen, Ole C. H.
«Kildevann til begjær» Publisert i www.Dagbladet.no
21.2.2009
(http://www.dagbladet.no/2009/02/21/reise/vann/fjell/4931216/
)
Utrdag
fra Schmidt-Nielsen, S. «Hvorledes skaffe et
godt drikevand?» En artikkelserie fra Tidskrift for den Norske
Lægeforening (1912-1913) i elektronisk utgave med tillegg publisert
på nett:
http://www.fhi.no/eway/default.aspx?pid=233&trg=MainLeft_5583&MainArea_5661=5583:0:15,1362:1:0:0:::0:0&MainLeft_5583=5603:41478::1:5699:20:::0:0
Wikipedia:
http://no.wikipedia.org/wiki/Kilde
Øverlid, Ragnar: Borgund og
Giske band 2 Gardsoge gardsnr. 1-51, Boktrykk L. L. Bergen Borgund
og giske Bygdeboknemd, 1960