Teksten om heimgarden er skreve av Maurits Akslen.
Han vart fødd 24/8-1911
Når eg tenker på den store utvikling som har skjedd i mi levetid,
både med levemåte, økonomi og teknisk utvikling, fekk eg den idé at eg
skulle skrive noko om den, så den oppveksande generasjon kunne få
inntrykk av fedrenes slit og kav:
Garden
Garden
Akslen, gnr 2 br. nr 4 i Borgund har vore i vårt eige i 4 generasjonar.
Oldefar Lars kom frå Norfjord og oldemor Henrikke kom frå Godøy. Dei
kjøpte halve garden. Dei hadde to døtre, Johanne og Kristofa. Johanne
vart gift med Johan som kom frå Hesseberg. Dei overtok garden og kjøpte
den andre halva. Garden har soleis vore i slekta si eige i forholdsvis
kort tid.I gamle tider stod alle husa på Akslahaugen for begge tun.
Seinare var husa til denne garden flytt ned for bakken, altså frå Haugen
og nedfor bakken, og fekk soleis namnet "Høla". Garden var fram til
1890-åra lagt ut i mange små teiger, etter den tida har garden vore i to
teiger: Heimemarka og Innlegsmarka (Brennhaug-Kvalen)
Garden
hadde i gamal tid desse hus: Stove, løe, stabbur, sel, sommarfjøs,
høyløe og naust. Då detta huset vart bygt kring 1875 vart gamlehuset som
stod oppunder bakken (sydaust for Hustad) selt til Spjelkavik.
Stabburet var fjerna, berre ein del av trappa er synleg i dag. Då beita
framom garden vart dårlege vart også somarfjøset rive. Murane er synlege
ennå. Då sjøvegen vart opparbeidd, vart også lilleløa fjerna.
Slekta
Som
nemnt var mine oldeforeldre frå Norfjord og Godøy, noko meir har eg
ikkje granska på dei. Bestemor Johanne var gardjente og vart gift med
Johan Nilsen Hesseberg. Mine besteforeldre fekk 11 barn, 2 døde unge og 9
vaks opp til høg alder. Far var nesteldst og overtok garden. Han gifta
seg med dotter til Maurits Ulvestad og kona Lisa, død Kvalstein.
Bestefar Ulvestad var lærar på Ellingsøya, bosatt i Slottsvik. Mor vart
morlaus 16 år gamal, då var yngste søstra 2 år. Dei var 8 sysken. Sjølv
er eg andre sonen til Lars og Laura. Det vart fortalt at eg var fæl til å
skrike som baby og tante Bia la meg på tvers over vogga for å få meg
til å tegja. Vogga var ei lite terkt tømra seng med megar under, slik at
ho kunne bikkast opp og ned. Mitt lengste minne er frå eg var 3 år. Eg
hugsar tante Henrikke sitt brudlaup i 1914.
Barndomstida var ei
trygg og god tid. me var ein liten gjeng her som heldt godt saman. Bror
Jon, Aksla-Tomas, Kristofferen, Reite-Tomas, Vedhaug-Karl og eg. Me
streifa rundt i skog og mark, gjette krøter saman og leika saman. Det
var helst lyreslåing, fotball og bading. Min første skuledag
var i
kjellaren på den gamle skulen. Det var eit dårleg rom med grove umåla
vegger, halvrote golv og to musehol der utøyet ofte kom inn i timane.
Kleda vore var for det meste av heimespunne og strikka greier. Skorne
var av feittlær med solesparere under. Eg hugsar godt dei høgtidsstunder
då far tok meg med til Rese-Karl for å ta mål av meg for nye skor. då
var det alt kome mange grimer
(bøter) på gamleskorne. Noko slikt som støvlar og vassklæde fanns ikkje.
Hausten
1926 vart eg konfirmert i Borgund Kyrkje ved prost Eikrem. Det var ein
stor dag, nye fine kjøpeklær sydd av tante Henrikke. Sko frå Rese-Karl,
ny salmebok og meire til. Det hadde lenge vore ruskever og kornet som
sto i hes tok til å ta skade. Det var fint ver konfirmasjonsdagen og
hesjene var turre, men fram mot kvelden truga det med regn, og skulle me
då få brukbart korn, måtte me berga det. Eg måtte då få av meg stasen
og gå i kornstålet. Det var mitt fyrste arbeid som vaksen.
Jon
reiste til Amerika og det såg ut som eg vart den som skulle overta
heime. Vinteren 1927/28 gjekk eg vinterkurs på Eidså Jordbrukskule. Det
var ein lærerik og morsom vinter, var berre so alt for ung, nytta ikkje
læretilboda som eg skulle, men vart likevel beste elev med hovudkarakter
1.46.
Vinteren 1929 var eg med ein båt frå Fiskarstrand som
2-garnsmann. Det var slik eg ikkje fekk lott, men hadde 2 eigne garn i
kvar setting og pengene for den fisk som om i dei garna fekk eg. Det
kunne vere spanande å sjå om eg traff og få fisk eller ikkje. Det var
ikkje mange kroner den vinteren, men eg heldt meg med mat.
Sommarane var eg heime, men om vinteren kunne eg vere borte nokre viker. I 1930 var eg på fiske i
Borgundfjorden.
Det var so far og onkel Nils hadde ein liten motorbåt saman. Den fekk
me låne. Den var åpen uten lugar, så me leigde hus på Kavelen. Det var
eg og onkel Edvard som var saman. I Borgundfjorden var eg og i
1931/32/33/34. I 1935 fekk eg plass på ein Koparvikbåt (Jackhav) til
Torskefisket ved Island. Det vart ein hard tur for ein nybegynner.
Sjøverk på overseilinga og med 3 til 6 timar søvn for døgnet i drifta.
Det vart bra tur, kr. 450 frå mars/april til mai. 1936 og 37 var eg med
same båt både på silde- og torskefiske. Der var eg og i 1939 og -40. Eg
hadde då vore forlova i to år og var tenkt å gifte oss. Det var ikkje så
greitt å setja bu i dei harde 30-åra, men då eg hadde greidd å samle
saman nokre kroner på desse turane, skulle me gå saman.
Så kom
den tunge dagen 9. april 1940. Eg sat ved kjøkenbordet for å ete då
radioen melde at storbyane i landet var hersett av tyskarane og det som
me heldt for utenkjelegt hadde hendt. Eg kjende korleis maten vaks i
munnen, og det vart ein alvorsfyllt dag. Det svirra alle slags rykter.
Ålesund
og Åndalsnesområdet var ikkje teke og det vart mobilisering. Bror Lars
og svograne Hans Austrem og Petter Kaldhusseter reiste i krig for å
stoppe tyskeren i Gudbrandsdalen. Dei hadde ingen ting å stå imot den
store overmakta med, så om kort tid var dei heime att. Kanskje var det
best at det gjekk som det gjekk.
Ålesund vart evakuert og vi fekk
fullt hus. Her i huset var 5 familier: Liseth, Stokke Olsen, Hovden og
Fossdal utanom våre folk. Alle sengar, benkar og golv var opptekne. Det
var ikkje lenge før Ålesund var hersett og livet roa seg litt. Så folket
fekk flytte attende til sine heimar. På tross av krig og rasjonering
fekk me saman til bryllup og 2. november 1940 gifta me oss. Me hadde
fått fiksa litt på husa, det gjekk bra. Skulle ta over garden i 1940,
men for skuld dei vanskelege tilhøva brukte me garden saman fram til
1947. - Resten er nyere tid.
Gardsarbeidet
Eg
ska forsøke å ta for meg gangen i gardsarbeidet ca året 1923/24. Når
snøen gjekk vekk om våren var det fyrst å få ut markatadet
(naturgjødsel) Då køyrde med med to vogner. Den eine vart lesst på då
den andre var for hesten på marka. Me hadde 3 gjødselplasser: Kugjødsel -
grisgjødsel og saudegjødsel. Når tadet var ute, var det å pløye åkrane
for å få sådd kornet. Det var to sorter, bygg og havre. Når kornet var
sådd, var det potetene sin tur. Oftast hadde me då eit nybrot å rydda o
så grønfor (Havre slega grøn) Innimellom gjekk anna arbeid som rydding,
pålag heile garden vart raka frå fjell til fjøre, for me slo over alt
mellom runner og steinar, (gåslått). I april skulle sauene vårklippast
og merkast. Me hadde 5-6 lammesauer, 8-10 lamb som skulle merkast.
merkinga gjekk soleis: øyremerket for garden her var av høgre og klipp
ned i venstre øyra. Me tok då saudesaksa og klyppte og til
blodstillande middel brukte me oske. så var det å få klaver med namn i
på dei vaksne dyra.
Rundt 1. mai vart sauene slept framom garden
og då var det ofte lange dagar for borna å gjete dei so dei ikkje kom
heimatt dei fyrste 14 dagane, før det vart så mykje mat på fjellet at
dei for dit. Når me var fri sauene, så var det kyrne sin tur. Fyrst
hadde me dei opp Akslabrauta og inn om garden. Der var då eit
sammanhengande område frå Storledet til Brendhaug-ledet, øvste Brendhaug
og ned til Kvalen, der var ikkje verken hytte eller hus. Seinare vart
dei jaga langs garden innom Aksla husa, gjennom Tversledet og framom
garden. Det vart dei innsett i sommarfjøsen nokre netter, til dei for på
setra i jonsok tider.
Når me hadde fått våronna unda vart det
kanskje ein lettare tid. Ugrasreinsking, moldkøyring, reprasjon av hus
og reidskap og meir slikt. I begynnelsen av juli tok så slåtten til og
den sto på
i ca 7 veker den tid. Det var ikkje så mykje maskinslåing
den tid, det var sjeldan hesjing, alt vart turka på marka og då kunne
det ofte vere lenge mellom terredagane. Det vart lettare då hesjing kom i
bruk. Det var så mykje ljåslått og der det no er maskinmark for me
mellom runner, stein og tuer med ljåen. Når karane hadde slege, kom
kvinnfolka og raka og bar det framt il turkeplass. Det var ofte
vanskeleg å få høyet turt i våte somrar. Det kunne vere sol om morgonen
når me kasta høyet utover. Plutseleg kune det kome regn og så vart det
til å sete. Kanskje skein det av igjen og det vart kasting på nytt. Men
oftast kom då høyet inn på ein eller annan måte rundt 24. august, då var
slåtten ferdig. Var det gode veksevilkår eit år kunne me slutte av
slåtten nokre dagar for å skjera byggen som var mogen. Månadskiftet
august/september kom som regel buskapen frå setra og vart sett i band på
hoa. Så var det lauing. Me kunne ta inn ca. 700 laukjerv (bunter). Det
var å hogge ned bjørka, kviste av tynnkvisten til laukjerv. Lauveden
gjekk til heimebruk og stamma vart kutta til salgsved. Hausten var ei
travel tid, med kornskjering, potetopptaking, hoslått og meir slikt. Når
kornet var turt, vart det lagra i vestre ende av løa. Det kunne vere
harde jobbar å få det inn når det truga med regn og haustbløyte. Lauvet
vart stua aust på høystålet.
20. september var det saueskiljedag,
då skulle sauene heim. Det var spanande å sjå om alt kom heim. Sume år
kunne alt kome, men oftast var noko borte. Det var ein av dei store
dagane i året då sauene kom, mykje større og feitare enn då dei for. -
Storsauen - Lillesauen- Flekken - Rompeløysa-
Når alt var i hus,
var det å tenke på truskinga. Truskardagen var også ein av dei store
dagane for borna. Då skjedde det så myke, det hende me fekk vere heime
frå skolen den dagen for å hjelpe til med halmen, som det heitte. Me var
tre gardar som gjekk saman om bytearbeid. Skaret - Gutomgarden og oss.
Fyrst var det å få truskegreierne på plass. Truskemaskina og ristaren på
låven og motoren på trappa. Når alt var klart var det å samle folket.
Då var det spanande å sjå om alt gjekk som det skulle. Arbeidet var delt
slik: Ein gav maskina - 2 løyste opp banda, ein la fram - ein raka
drøsen under ristaren og lempa i halmstrået, der ein drøss av ungar tok
undan. Ein passa motoren ute - med olje og vatn. Dette kunne ta ein dag
den fyrste tid eg hugsar. Seinare vart det mindre korn og mindre tid.
når ein var ferdig på ein plass, var det å rigge opp på ny. Når
truskinga var over, var det å dryfte kornet. Det vil seia å skilje
kornet frå agnene. Då brukte me dryftemaskina som står på låven idag. Ho
bles agnene bort, men der vil kome nokre halmstubbar i kornet og det
måtte me borna ligge på kne og ta bort. Kornet vart fyllt i sekker og
det skulle så seinare turkast og malast. Turkinga gjekk for seg i ei
stor gryte i kjellaren der far kunne sitja i dagesvis og turka korn. Der
måtte jamn fyring og ustanseleg skuffing i kornet.
Når kornet var turka, sto malinga for tur. Det var då å fylle kornet i sekkar att og bera det på kverna
Far
leigde kvern av Reiten. Det var eit lite hus som sto i elva opp om
"Skjerva". Kverna var driven av ein kall som gjekk opp til ein stein som
gjekk rundt og "nika" - skrapa mot ein fast understein. Det var fælt
til bråk i kvernhuset, der far dreiv med maling natt og dag. nå er
kvernane i elva borte. I den seinare tid mol me kornet på mylner i
Sykkelven eller Mauseidvåg. Bygmjølet vart som regel brukt til graut,
havremjølet gjekk til supper og flatbrød.
Når mjølet var ferdig,
sto bakinga fyre. Då var det å rigga opp bakstebordet i kjellaren. Me
leigde då oftast to bakarar (Myre-Gurine og Stige-Oline) Far elta deigen
i ei stor gryte og la ho på bordenden. Der vart ho delt opp i emner og
utbaka til leivar. Baksthella var nå komen på plass i grua og det var
sikkert ein av fars beste dagar, når han sat ved grua og steikte
flatbrød. Det kunne bli baka 7-800 leivar som vart stabla på loftet.
Flatbrød som far skulle ha med i fiska vart samanlagt etter eit eige
system. FLatbrødet vart brukt utover heile året, helst til betar ved
middagen, men også til Sôpe, det var flatbrød bløytt i surmjølk mest som
ein graut. Det var ofte brukt til formiddagsmat på utearbeid, bringa på
slåtteteigen i spann og det kunne smaka godt.
Ein annan ting om
hausten var slakting. Sauene vart fyrst klippte. Slakting vart gjordt
heime, det var far og bestefar som sto for det, men me var ikkje store
før me laut vere med og halde. Det kunne vere 7-8 skrottar hengande i
kjellaren. Kjøtet vart for det meste til spekekjøt. Til jol hadde me
jolegrisen å slakte og då måtte me få hjelp av Reite-Ivar for å stikka
den. Det å nytte ut slaktet var ein stor kunst, det gjaldt å få mest
mogleg mat av det, det var ikkje så lett å gå på buda og få tak i pølser
og kjøtdeig den tida. - Blodet vart teke vel vare på til blodpølsen, og
ein stor del av innmaten vart dels kokt og ukokt male til môr. Skinna
vart selde til skomakaren, som og var skinnhandlar.
Når no alt var kome i hus, trur eg dei gamle var på ein måte trygge. dei hadde mat i hus, og etter ein strevsam haust, kom jola.
Etter
jol reiste far i fiska. Han var med ein 50-fots motorbåt frå Valderøy,
det eg minnast. Fyrst var det storsilda med drivgarn og sidan
torskefiska med line. Nå var det mor og ungane som laut styre heime.
Bestefar var i den siste tid han levde berre som ein oppsynsmann. Me
gjekk på skule annankvar da, så me fekk høve til å delta på arbeidet. Me
borna laut môke snø, bera ved og når bekken var tom, laut me bera vatn
frå Sirielva til både hus og fjøs. Det kunne ta på i snø og kulde.
I
fjøsen måtte me gjere reint, plukke ut "lauvris" og ha inn nytt, lempa
ned halm og høy, agner og lauv. Mor "viska"= lagde høydottar til dei
einskilde dyra. Ho viska til ein heil dag i slengen. Morgon - non og
kveld. Og så var det for oss å kaste i dyra vandlane som låg oppstabla
på kvar sin plass for kvart dyr. Det var ikkje drikkekar - så me laut
"brynne" = gi dyra vatn i bytter to gongar om dagen. Til hesten laut me
laga surpe, bløyta halm med noke mjøl på.
Det gjekk nokolunde.
Verst var det når dyra skulle kalve. Far kom heim kvar helg - som oftast
nådde han båten VON som kom inn i Ekornåsvagen, men det hende han ikkje
kom før langt på natta. Når far kom med fisk eller sild, laut me møta
på kaia med hesten. det hende far sende heim ein stamp sild i vika og då
måtte mor sprette ca 200 sildar til flaktsild. Noko vart salta, men det
meste gjekk til opphhenging (boknasild) Me var ikkje store før me laut
hjelpa til med både flekking og opphenging. Det kunne vere ein fælt kald
jobb!
Mjølka vart levert ombord i båten på Emblemskaia. Me hadde
køyrelag som bringa mjølka på kaia og ein dag for vika var det vår tur.
Var det mykje snø, var det ein hard jobb å få fram sleden, sele på
hesten og få han i drettet. Hesten var vill av di han var roleg på
stallen, så det var ikkje godt å få det til for ein 11-12-åring. Men som
oftast gjekk det bra. Ei og anna spann ramla vel og miste ein skvett. I
mars/april kom far heim og så var det å ta til på nytt arbeidsår.
Samferdsle
Når
folk så seint som i århundreskiftet skulle til byen eller andre stader,
så var det å gå, ta hesten eller med båt, segling og roing. Det kunne
vere så ymse med vinden, så det vart helst roing. Når folk skulle til
byen, var det å kome seg opp tidleg, kome seg til sjøss og setja seg ved
årene. Turen til byen var lagt opp i fire skift, til Borgund Kyrkje 3
skift. Dei skifta i roinga ved Flisneset, Raudeberget på Tørla og ved
Vågnesholmane. Det hende at folk var tidleg oppe og plukka hagebær,
rodde så til byen og selde ho og rodde heimatt. Det var ikkje store
fraktutgifter. Sjølv har eg vore med å laste tre-røringen med ved i
støa. Far rodde då med eit par årar, Jon og eg med kvar si, til
vedtorget inst i Buholmsundet, selde veden og rodde heimatt. Ein gong då
løa skulle reparerast, tok me ombord 10 tønner sement, men då var det
nære på at me skulle søkke ned. Me laut ta nødhamn i Vågane og gå heim.
Neste dag var det stillare og me gjekk og henta lasten. Seinare fekk me
ein liten 3-hesters motor i tre-røringen og då vart det lettare.
Frå
gamalt var her eit meieri i bygda, det sto mellom Ebbeløa og
Nergardsløa i elva der. Når det vart nedlagt tok mjølkebåten til å gå
frå Emblemskaia. Det var same båten som gjekk på Sykkelven som gjekk
oppunder kaia. Det var fylkesbåtane som gjekk der. Frå Vågane gjekk VON
som eit privat A/S eigde. Dei var nokre øre billigare på frakta, så folk
gjekk ofte dit for å spare 50 øre tur/retur. Von var for oss ein veldig
stor båt, han var vel 40-45 fot. Idag kune dei kanskje få plass til 4
slike båtar på dekket på Magerholmferga.
då det vart teke til med
å reise på torget med poteter, grønsaker og bær, var det nokre
privatbåtar som gjekk onsdag og laurdag. Frå Magerholm gjekk ein liten
båt, han gjekk oppunder Nedregotsvika (Urda) og tok ombord folk og varer
frå gardane her. Ystebøbåten gjekk frå Emblemskaia. Det var mang ein
spanande og kald tur rundt Flisneset, ofte i kuling og regn.
så
kom det store gjennombrotet i samferdsla: Den første buss kom til bygda
og tok til med rutekøyring. Det var ein stor dag då den bussen kom.
Vegen gjekk då pålag der huset til Lars er nå og opp "Akslabrauta". Den
Brauta var så vanskeleg å køyre at det var vanskeleg å kome opp for
bilane slik dei var den gong. Nybussen kom då og skulle prøve bakken,
han greide det fint. Det var ein Chevrolet med plass til 12 passasjerar
og eit rom for mjølka og andre varer. Bak var ikkje dør, berre ein
presenning. Vegane var ikkje rare den gongen, bake opp og bakke ned og
frå Magerholm til Spjelkavik var der 14 grinder, så det var gode greier å
få vera med som grindagut, det vil seia å hoppe av og opne grinda og ha
ho igjen, og så hoppe på igjen og fortsette slik 28 gongar på ein
bytur. Dette var i 1929. Bilen vart snart for liten og fleire kom til
etter kvart. Garasja for bilane sto under Akslabrauta, litt sør for
huset til Lars. Vegen har vore omlagt 2 ganger seinare.
Ein ting i
reiselivet må takast med, det var vitjeturane til Ellingsøya. Som nemnt
var mor derifrå og me var ein tur til bestefar kvart år. me for då
anten med båt eller landevegen. Reiste me med båt, hadde me som regel
med ein vedalast, for dei hadde ikkje så mykje ved på øya. Det var då å
få ved i tre-røringen, ungar og bagasje oppå. Me rodde så forbi
Flisneset ut Vegsundet, inn Nørvasundet under Brua og over
Ellingsøyfjorden til Slottsvika. Bestefar sto då som oftast og tok imot,
for han såg fantefyljet kome på lang avstand. Nå var det å få veden på
land, vera der helga over og så reise heim mandag. Ein annan veg me for
var med hest og vogn til Breivika, Der sette far bølet av, køyrde så
hesten tilbake til Spjelkavik og sette han inn i løa til onkel Johan. Då
han kom attende var det å få flokken i båt og ro over fjorden. Båt fekk
me låne av ein i Breivika.
Foreningsliv
Frå
gamalt av var det berre kyrkja og presten som sto for den kristne
aktivitet. Men frå rundt hundreårskiftet vart dei første frie
misjonsorganisasjonar skipa i bygda. Det var då ikkje bedehus, så møta
vart haldne i heimane eller kanskje i ei løe. Ei av misjonsforeiningane
var soleis skipa i Mattisløa på Austrem. Den første ute var Det norske
Misjonsselskap som seinare vart kalla gamlemisjonen då Kinamisjonen og
Indremisjonen og Santalmisjonen vart skipa. Det var pålag same tid det
vart bygd bedehus og mitt minne gjeng ikkje lenger attende enn til
bedehuset.
Tida før det blei høve til fri nattverd var det vanleg
at presten kom inn 2 ganger om året og heldt gudstjeneste med altergang
for dei gamle og sjuke som ikkje kunne kome seg til kyrkje, då det var
ei tung reise dit den tida. Desse samlingane var på ein kvardag klokka
11 og då var det vanleg at heile grenda tok fri. Der var ikkje orgel på
huset den gongen, men eg hugsar godt den kraftige allsongen frå den tid.
Basarane
som dei ymse foreningane skipa årleg var også i den første tid eg
hugsar haldne kl. 11 på kvardag. Det var mest som ein festdag. Folk
møtte jamt opp. Utanom det vanlege møtet var der då auksjon over
innleverte varer. Eg hugsar godt den haugen som låg rundt på plattforma.
Det var for det meste gardsprodukt og heimelaga ting: Mange posar med
ull - 1 mark eller 2 mark- ( 1/4 kilo eller 1/2 kilo) trådhesper,
vottar, strømper, ullbuler, grevskaft, river, balletrau, kaser og meir
slikt.
Det var då vanleg at ein fekk den mest humoristiske til
auksjons-mann og forsamlnga ga bud. To anstendige menn skreiv ned kjøpar
og sum, det vart seinare samla inn ved eit bud som gjekk rundt på
bygda. Seinare kom bruken av utloddning til og det første som vart lodda
ut var eit vaskevannstell med mugge, fat og såpefat!
Utanom
misjonen og deira foreningar vart det skipa eit frilynt ungdomslag som
hadde motto og arbeidsoppgåve: "Målsak - skogsak - norskdom - fridom og
kristendom". Dei hadde til vanleg møte 14. kvar dag. Dei hadde då det
handskrive bladet "Innaomnesingen", små foredrag diskusjonar og
folkeviseleik. Den første tid var møta heldne i skulekjellaren, før
ungdomshuset vart bygt i 30-åra.
Helselaget og Idrettslaget vart skipa i nyare tid.
Sjukdom
Når
nokon vart sjukk i åra rundt 1920 var det ikkje så greitt. Det var
ikkje berre å ta telefon og ringe etter lege eller ambulanse. Men når
nokon var svært sjuk, vart ein nok nøyd til å få tak i lege. Då var det å
gå til telefon på Reset og be legen kome og så var det å vente. Det var
då berre legeskyss som hadde løyve til bil, å det var eit særsyn og
folk skjøna det var noko galt fatt ein stad. Når så bilen stansa kom
mest alle gutongane i bygda for å sjå på bilen. Skulle legen då kanskje
heilt til Hesseberg, var det endå verre. Klarte bilen Akslabrauta, var
det å gå i båt på Magerholm og ro til Hesseberg, opp bakkane der og så
same veg attende.
Lungebetendelse var det ikkje råd å snu, det
gjekk sin gang. Klarte pasienten 9. døgnet "Krisedøgnet" vart han frisk
att. Det kunne bli mange strie døgn og då måtte naboane skifte på med
nattevakt. Det var folk som låg til sengs heime i årevis og vart stelt
av sine eigne. Ein sjuketransport eg hugsar var omlag såleis: Ein fekk
tak i lege som gav ordre om innlegging på sjukehus på grunn av akutt
blindtarmbetennelse. Det var då samla folk, laga ei slags båre og så var
det å bere mannen til Hamarsvika og få han ombord i ein motorbåt. Det
var ein gamal båt som rista over alt på grunn av ein gamal 2-takts Alfa.
Farta var ikkje stor, men på 1.1/2 time var dei kome fram til
buholmskaia og derifrå til sjukehuset. Mannen vart operert, situasjonen
var kritisk, men han klarte det.
Ei anna hending: Ei kvinne
skulle føde, stillinga var vanskeleg. Jordmora sto rådvill og det måtte
lege til. Ute var det nærmast snøstorm, mannen og karane elles var i
fiska. Då tok nabokona og drog fram sleden, sela på hesten, køyrde til
byen og fekk tak i lege, og alt gikk vel.
spanskesjuka var ei
hard tid. I mange heimar låg heile familiar til sengs og då måtte
naboane hjelpe kvarandre med dyr og matstell. Det var mange som døydde
rundt omkring, og ein del av Borgund Kyrkjegard har fått namnet
"Spanskesjukekolonien". så vidt eg hugsar var det berre ein som døydde
av den sjuka her i bygda.
Tuberkolosen var ein hard sjukdom i 20-åra. så vidt eg hugsar døydde her da ca 20 personar, mest unge mellom 20 og 30 år.
Belysning
då
eg vaks opp var belysninga parafinlampen. Eg hugsar godt når eg gjekk
på buda med parafinspanna i ei hand og siropspanna i andre. så kom då
det storhende, me fekk elektrisitet i 1923. Det gjekk mange skumle
meiningar fram før det hende. Somme klaga på galne menneske som for
heilt inn i Tafjorden etter ljos. Mange ville ikkje ha "styggheita" i
hus, andre våga på at dei skulle sitja på ei 1.000 watts kokeplate aldri
så lenge! Dei fleste hadde berre til ljos, men enkelte kunne ha ei
plate på 1.000 watt. Då verket kom i drift var det vanskeleg å verte av
med straumen, så Verket ga tilskot til kjøp av slike elektriske
komfyrar. det vart sagt at her var hus i bygda som ikkje hadde innlagt
elektrisitet før etter siste verdskrig. Det store gjennomslag for
elektrisk komfyr kom like før, under og etter siste krig. -
Vaskemaskinar og frysere og slikt er av nyare dato.
Kyrkjereis
Frå
gamalt av var det robåten og hesten som var brukte til kyrkjetur, og
dei som ikkje hadde noko slikt, gjekk. Det var ikkje berre for
gudstenesta folk tok ut den tida. det var for å få vite nytt og. Eg
hugsar godt lensmannen sto og las kunngjeringar av ymse slag under ein
stor paraply i hjørnet der støtta av Hans Strøm står i dag. Når folket
kom heim frå kyrka kom naboar gjerne saman for å frette nytt. Det var
lite med aviser og slett ikkje radio den tida. Sjølv har eg ikkje vore
med robåt, men eg har reist i åpen motorfæring. Det var helst frå
Nergotsjøen og Emblemsvågen, ofte fleire båtlag tok ut og det vart ofte
kapproing. Det var den tids idrett. Det er fortalt at unggutar kvelvde
om kyrkjebåten julaftan, pussa vekk alle flisar og smurde han med tran,
så han skulle gli lett. så det var den tids skismurning!
Den
store styrkeprøven var når eit hundretals robåtar tok laust frå
Kyrkjeberget, og dei mest spreke tok til med kappror. "Innomnesingane"
som Emblemsbygdarane vart kalla av di dei budde innom Flisneset, var
gode roarar. Eidsnesingane hadde ein spesialbygd båt med utplukka
mannskap, så dei var det vanskeleg å overvinne. Det er fortalt om
Magerholm-Lars - ein staut haugianer og båteigar at han var så ivrig i
denne idretten, såg han at det bar mot tap, kviskra han berre: Knekk ei
år! Ei år vart knekkt, og når stubbane for langs båtsida, hadde dei den å
skulde for tapet.
Den tid var det så at Borgund Kyrkje hadde
høgmesse 1ste høgtidsdag og Sykkelven 2nendag. Det var då ofte fleire
båtar som tok ut frå Magerholm med folk til Sykkelvskyrkja.
Husmora
Ei
god gardkone i dei dage måtte kunne mykje. Det viktigaste var å "akte"
som det vart kalla. Ho hadde ansvaret for at foret skulle rekke over
vinteren. Ein måte å gjere det på var å merke fjølene i løegolvet: Til
den fjøla til jul, til den fjøla til Kyndelsmess (2. februar) til den
fjøla til Marimess (25. mars) o.s.b. Dette var rettleiingar frå år til
år.
Vidare måtte dyra haldast friske og det var mange gode
"kjerringråder" den tid. Så måtte ho passe på når dyra - både sauer og
kyr - hadde brunst. Eg kan hugse at eg var med mor heilt på Eikenosa som
siste utveg heldt okse, men oftast var det då nærmare. Vidare laut dei
passe på ved kalving og lamming som ofte kunne vera kritisk når karane
var i fiske. Om hausten og om våren var det saueklipping. Og klippe 20
sauer kunne ta på, sjølv om det var mannfolka som bringa ut og inn på
klippestaden. Mykje av ulla vart brukt heime, men ein del vart levert
til Tollås eller andre mot varebyte. Eg kan endå sjå for meg desse
kvinnene når dei bar på ullsekk frå Buholmskaia til nord i Skansen, tenk
om det var idag!
Når ulla var komen i hus og kveldane vart
lange, tok innearbeidet til. Først vart ulla riven opp av storkammen.
Skulle det verta grå ull, blanda ein inn ein del svart prosentvis etter
så mykje som ein ville ha det farga. Når ulla var kjemma i store flak,
vart det småkammen sin tur. Då vart det fine "kaurar" eller "tuldar" som
somme kalla dei. Så kom rokken fram og spinninga tok til. Det var først
å spinne ein enkel tråd, som seinare vart spunne saman to og to til det
ferdige garn. Eg hugser mang ei skumringsstund når mor sat og tvinna
garn. Garnet var nå ferdig og skulle til strikking. Deg vart laga
votter, strømper, gensarar og ullundertøy. Den tid eg hugsar var der to
som tok mot garn til strikking med maskine. Det var ungane sin jobb å gå
med garn til dei. Kan hugse dei var sure når tråden var tjukk eller
full av "kalvehaud" - det var dårleg spunne garn.
Enkelte år vart
det satt opp vev. Då måtte rennebommen fram og seinare vevstolen.
Tidlegare var det vove vadmelsty, men eg hugser berre veving av
ulltepper. Då var det ungane som måtte spole - lage spole til skyttelen.
Det var ofte som eit fangenskap når det var fint skiføre og eg måtte
sitte i kjellaren og spole. Når veven var ferdig, vart han innlevert til
stamping. Det var ein Volle i Grimmergata som tok imot for fabrikken i
Mauseidvåg. Det var ein prosess der veven vart gjordt jamnare og
tettare. Votter og strømper tøva me heime. Det var å bløyte votten i
heitt vatn, nika han på vaskebrettet gang etter gang.
Alt dette
sto husmora for i tilegg til alt anna. For eksempel måtte ho ta seg av
stellet av môr og pølsematen av sauer, storfe og grisen. Ho laut skolde
tarmar til môren. Magen, vinstra og netthua og noke av tjukkaste tarmen
til blodpølse. Ho laut passe blodet so det ikkje surnar, finne ut kva
som skulle kokast eller ikkje av innmaten. Ho laut laga môr, rullepølse,
syltaflesk og blodpølse. Alt måtte passast nøye, saltast og kryddrast
etter alle kunstens reglar. Då det oftast var store barneflokkar var det
mykje bløting og stopping. Når karane var i fiske, laut ho få mjølka
fram til vegen kvar dag, måke litt snø og kanskje bere vatn. Sommaren
laut ho ut og rake og våren var lauvrydding. Det var mykje kav, men når
golvet var vaske og koparkjelen sto blankpussa på den store komfyren,
finduken var komen på bordet, og far var ventandes heim, då var det
helg.