Delt frå bnr. 3, Abrahamsgarden. Også kalla «Flydalsgarden»
Garden er opphaveleg ein del av Abrahamssgarden på Østrem som igjen har vore ein samla gard med Steinsgarden. Dei to brørne Peder og Ragnvald Rasmussen frå Abrahamsgarden kjøpte attende Steinsgarden i 1882. I 1892 vart den vestlege heimeutmarka til Abrahamsgarden nede i bygda seld til Iver "Kjøt-Iver" Karlson Furset, bror åt lærar Knut Furset på husmannsplassen Skorene. Han var ein dyktig kjøpmann og slaktar. Iver kjøpte garden Eikenosa nokre få år seinare, og åtte ei tid både Steinsgarden på Østrem og Torevågen i Eikenosvågen attåt. Iver skylddelte heimeutmarka til den nye garden "Ytrebø".
Namnet kan tyde på at abrahamsfolket kan ha hatt slåttemark på delar av dette stykket. Frå utskiftingskartet over østrem innmark i 1904 kan ein sjå at der berre stod ei løe på Ytrebø i Iver si tid som drivar. Det var nok helst ei ekstra løe slåttemark og beite han hadde mest behov for. Iver dreiv nemleg med kjøp og sal av livdyr ein periode.
Svigersonen Lars Petterson Flydal(1) (1883-1938) vart fødd på Merok i Geiranger, men vaks opp på Skjerva, Aure(2) i Sykkylven. Han kom til bygda i 1904 som nyutdanna lærar, og busette seg på kammerset til den nybygde skulen ved Skaret, Nedregotten(1). Han gifta seg 1908 med Gurine Karoline Iversdotter Furseth (1882-1944). Ho kalla seg ei tid Eikenos til etternamn i kjeldene. Furseth-namnet kom frå Stranda med faren Iver «Kjøt-Iver» Karlson Furseth. Han bygsla Skorene, Emblem(13), og budde der også etter at han selde Eikenosa til lundanesætta på sine eldre dagar. Til slutt budde han hjå dotter og svigersonen på Røssevollen. Lars, og Gurine fekk skøyte på Ytrebø i 1909. Dei bygde seg hus og vart buande på bruket alle sine levedagar. Ho tok over som amme for nevøen,Karl Iver Bjørkavoll(4), når søstra, Karen Iverdotter Eikenos, døydde tre veker etter fødselen på Eikenosa i 1912. Gurine sat i uskifta bu fram til ho døydde i 1944.
Born:
a) Ivar Martin (1909-1998) 1) 1935 g.m. 757a Signe Olga Jørgensd. Emblemsvåg(6), brukar Sandane, Emblemsvåg(6). 2) 1982 g.m. med Emilie Hauge. Sjå meir om dei som brukara på Sandane i Emblemsvågen.
b) Peter Marius (1911-1973) 1956 g.m. Helga Norlaug Olsd. Skimmeli, Nordfjord. Han tok over Skjerva, Aure(2) i Sykkylven, etter besteforeldra.
c) Karl Emil (1914-2001) tok over bruket.
d) Gudrun Laurentze (1919-2013) 1949 g.m. Aage Andersen, Vest-Jylland, busett i Danmark.
e) Inga Lovise (1923-2012) Ugift.
f) Margit Ingebjørg (1925-2017) 1949 g.m. Jakob Laurits. Hanken(6), busett på Blindheim.
Sonen Karl Emil Flydal (1914-2001) fekk skøyte i 1944. Han livnærte seg som smed attåt garden. Dei fleste nabobruka har verkty eller anna gardsreiskap som Karl har laga heilt eller delvis. Mellom anna var understell til traktorvogn populært på 1950- og 1960-talet. Rekkverka på Emblem bedehus er også Karl sitt verk. Han budde også ei tid på Stranda og leverte rekkverk til sjukestova der. Frå 1970-talet satsa han meir på å produsere klepp og ljåblad. Han leverte produkt heilt til Finnmark. Karl gifta seg 1948 med Magnhild Johanne Rusten (1915-2001), frå Framhus på Stranda. Dei møtte kvarandre når han gjekk i smedlære hjå faren, Sivert Rusten, på Stranda. Ho utdanna seg til agronom på Støp landbrukskule i Trøndelag og arbeidde ved Nørve Gartneri, før ho flytte til Oslo for å arbeide på Vettakollen Hotell. I den perioden tok ho også førarkort for bil. Det var uvanleg for ei jente den gongen. Magnhild var viden kjend for bunadane ho sydde. I fleire år underviste ho i handarbeid på Borgund Folkehøgskule attåt gardsdrifta. Begge to var særs aktive i lag og foreiningsliv i bygda. Magnhild var med i kvinneforeiningane på bedehuset, og tok gjerne kjøkkentenesta på festar der. Karl, eller «Kalle», som han ofte vart kalla, leia søndagskulen i heile 55 år. Han fekk kongens fortenestemedalje for dette arbeidet. Både Karl og Magnhild var berande støtter på bedehuset. Inventaret i smia til Kalle står i dag på Sunnmøremuseum, i eit nybygg som skal etterlikne utsjånaden på den aller første smia hans frå 1930-talet. Den rette smia står framleis på sin opphavelege stad, i Flydalsgarden.
Born:
a) Lidvar Svein (f.1950) 1975 g.m. Marita Kirsti Emblem(1). Bygde hus i byggefeltetved Løvika. Han har hjelpt til med mykje viktig kunnskap tilhistoriearbeidet i bygda.
b) Sigurd Olav (f.1954) 1978 g.m. Bjørg Lillian (f. 1954), busett Tonstad, Sirdal.
c) Asgeir Flydal (f.1957) tok over bruket.
Sonen Asgeir Flydal (f.1957) tok over bruket i 1982. Han gifta seg 1985 med Bjørg Clausen (f.1956), og er grunneigar på bruket i dag. Han bygde nytt hus og ny driftsbygning. I tillegg har han leigd jord attåt frå Larsgarden og dyrka opp dei gamle torvmyrane nedanfor tunet mot Storelva. Han har vore aktiv i beitelaget, som har dyrka opp og bygd fellesfjøs på Emblemsfjellet. Han har også bygd nytt hytte på Østremsetra.
Born:
a) Ellinor (f.1983) sambuar med Olav Havnegjerde, busett Langevåg.
b) Åsmund Hyun (f.1991) busett i Trondheim.
c) Eskild (f.1994) saman med Kristin Mongstad. Fotograf i Sunnmørposten, busett i Ålesund.
Emblemsbygda.com er eit idealistisk prosjekt skapt på dugnad. Tid avsett til
å oppdatere tekstar vil derfor variere ein del. Førebels har bokprosjekta våre
fått høgare prioritet på grunn av tidsnaud når det gjeld innsamlingsarbeid av
viktig kjeldemateriale. Har du tilbakemeldingar, tips, korrigeringar eller lyst til
å delta med eigne historiske tekstar?
Ta gjerne kontakt med oss på følgande måte:
E-post sendast til: sveostrem@hotmail.com