Bnr.5 Ytrebø

Delt frå bnr. 3, Abrahamsgarden. Også kalla «Flydalsgarden»

Garden er opphaveleg ein del av Abrahamssgarden på Østrem som igjen har vore ein samla gard med Steinsgarden. Dei to brørne Peder og Ragnvald Rasmussen frå Abrahamsgarden kjøpte attende Steinsgarden i 1882. I 1892 vart den vestlege heimeutmarka til Abrahamsgarden nede i bygda seld til Iver "Kjøt-Iver" Karlson Furset, bror åt lærar Knut Furset på husmannsplassen Skorene. Han var ein dyktig kjøpmann og slaktar. Iver kjøpte garden Eikenosa nokre få år seinare, og åtte ei tid både Steinsgarden på Østrem og Torevågen i Eikenosvågen attåt. Iver skylddelte heimeutmarka til den nye garden "Ytrebø".

Namnet kan tyde på at abrahamsfolket kan ha hatt slåttemark på delar av dette stykket. Frå utskiftingskartet over østrem innmark i 1904 kan ein sjå at der berre stod ei løe på Ytrebø i Iver si tid som drivar. Det var nok helst ei ekstra løe slåttemark og beite han hadde mest behov for. Iver dreiv nemleg med kjøp og sal av livdyr ein periode.

Svigersonen Lars Petterson Flydal(1) (1883-1938) vart fødd på Merok i Geiranger, men vaks opp på Skjerva, Aure(2) i Sykkylven. Han kom til bygda i 1904 som nyutdanna lærar, og busette seg på kammerset til den nybygde skulen ved Skaret, Nedregotten(1). Han gifta seg 1908 med Gurine Karoline Iversdotter Furseth (1882-1944). Ho kalla seg ei tid Eikenos til etternamn i kjeldene. Furseth-namnet kom frå Stranda med faren Iver «Kjøt-Iver» Karlson Furseth. Han bygsla Skorene, Emblem(13), og budde der også etter at han selde Eikenosa til lundanesætta på sine eldre dagar. Til slutt budde han hjå dotter og svigersonen på Røssevollen. Lars, og Gurine fekk skøyte på Ytrebø i 1909. Dei bygde seg hus og vart buande på bruket alle sine levedagar. Ho tok over som amme for nevøen,Karl Iver Bjørkavoll(4), når søstra, Karen Iverdotter Eikenos, døydde tre veker etter fødselen på Eikenosa i 1912. Gurine sat i uskifta bu fram til ho døydde i 1944.

Born:

a) Ivar Martin (1909-1998)  1) 1935 g.m. 757a Signe Olga Jørgensd. Emblemsvåg(6), brukar Sandane, Emblemsvåg(6). 2) 1982 g.m. med Emilie Hauge. Sjå meir om dei som brukara på Sandane i Emblemsvågen.

b) Peter Marius (1911-1973) 1956 g.m. Helga Norlaug Olsd. Skimmeli, Nordfjord. Han tok over Skjerva, Aure(2) i Sykkylven, etter besteforeldra.

c) Karl Emil (1914-2001) tok over bruket.

d) Gudrun Laurentze (1919-2013) 1949 g.m. Aage Andersen, Vest-Jylland, busett i Danmark.

e) Inga Lovise (1923-2012) Ugift.

f) Margit Ingebjørg (1925-2017) 1949 g.m. Jakob Laurits. Hanken(6), busett på Blindheim.

Sonen Karl Emil Flydal (1914-2001) fekk skøyte i 1944. Han livnærte seg som smed attåt garden. Dei fleste nabobruka har verkty eller anna gardsreiskap som Karl har laga heilt eller delvis. Mellom anna var understell til traktorvogn populært på 1950- og 1960-talet. Rekkverka på Emblem bedehus er også Karl sitt verk. Han budde også ei tid på Stranda og leverte rekkverk til sjukestova der. Frå 1970-talet satsa han meir på å produsere klepp og ljåblad. Han leverte produkt heilt til Finnmark. Karl gifta seg 1948 med Magnhild Johanne Rusten (1915-2001), frå Framhus på Stranda. Dei møtte kvarandre når han gjekk i smedlære hjå faren, Sivert Rusten, på Stranda. Ho utdanna seg til agronom på Støp landbrukskule i Trøndelag og arbeidde ved Nørve Gartneri, før ho flytte til Oslo for å arbeide på Vettakollen Hotell. I den perioden tok ho også førarkort for bil. Det var uvanleg for ei jente den gongen. Magnhild var viden kjend for bunadane ho sydde. I fleire år underviste ho i handarbeid på Borgund Folkehøgskule attåt gardsdrifta. Begge to var særs aktive i lag og foreiningsliv i bygda. Magnhild var med i kvinneforeiningane på bedehuset, og tok gjerne kjøkkentenesta på festar der. Karl, eller «Kalle», som han ofte vart kalla, leia søndagskulen i heile 55 år. Han fekk kongens fortenestemedalje for dette arbeidet. Både Karl og Magnhild var berande støtter på bedehuset. Inventaret i smia til Kalle står i dag på Sunnmøremuseum, i eit nybygg som skal etterlikne utsjånaden på den aller første smia hans frå 1930-talet. Den rette smia står framleis på sin opphavelege stad, i Flydalsgarden.

Born:

a) Lidvar Svein (f.1950) 1975 g.m. Marita Kirsti Emblem(1). Bygde hus i byggefeltetved Løvika. Han har hjelpt til med mykje viktig kunnskap tilhistoriearbeidet i bygda.

b) Sigurd Olav (f.1954) 1978 g.m. Bjørg Lillian (f. 1954), busett Tonstad, Sirdal.

c) Asgeir Flydal (f.1957) tok over bruket.

Sonen Asgeir Flydal (f.1957) tok over bruket i 1982. Han gifta seg 1985 med Bjørg Clausen (f.1956), og er grunneigar på bruket i dag. Han bygde nytt hus og ny driftsbygning. I tillegg har han leigd jord attåt frå Larsgarden og dyrka opp dei gamle torvmyrane nedanfor tunet mot Storelva. Han har vore aktiv i beitelaget, som har dyrka opp og bygd fellesfjøs på Emblemsfjellet. Han har også bygd nytt hytte på Østremsetra. 

Born:

a) Ellinor  (f.1983) sambuar med Olav Havnegjerde, busett Langevåg.

b) Åsmund Hyun (f.1991) busett i Trondheim.

c) Eskild (f.1994) saman med Kristin Mongstad. Fotograf i Sunnmørposten, busett i Ålesund.

Bryllaupsbilete av lærar Lars Pettersen Flydal (1883-1938) og Gurine Iverdotter Furset (1882-1944) som var dotter av Iver Karlson Furset, ofte kalla Kjøt-Iver.
Bryllaupsbilete av lærar Lars Pettersen Flydal (1883-1938) og Gurine Iverdotter Furset (1882-1944) som var dotter av Iver Karlson Furset, ofte kalla Kjøt-Iver.

Lærar Lars Pettersen Flydal (1883-1938), og kona Gurine, f. Furset (1882-1944) Han kjøpte
Bruket Yterbø bruksnr. 5 under Østrem frå svigerfaren Iver Karlsen Furset i 1909. 
Borna på biletet er: Ivar Martin Flydal til høgre (16.6.1909- 13.12.1998)
og Peter Flydal (f.1911)
Ivar vart småbrukar og båtbyggjar nede på "Sandane" i Emblemsvågen, mens Peter overtok "Skjerva" i Sykkylven, der faren kom frå. Informasjonen kjem frå Per Almar og Gunvor Steinnes.
Lærar Lars Pettersen Flydal (1883-1938), og kona Gurine, f. Furset (1882-1944) Han kjøpte Bruket Yterbø bruksnr. 5 under Østrem frå svigerfaren Iver Karlsen Furset i 1909. Borna på biletet er: Ivar Martin Flydal til høgre (16.6.1909- 13.12.1998) og Peter Flydal (f.1911) Ivar vart småbrukar og båtbyggjar nede på "Sandane" i Emblemsvågen, mens Peter overtok "Skjerva" i Sykkylven, der faren kom frå. Informasjonen kjem frå Per Almar og Gunvor Steinnes.
Borna til lærar Lars E. P. Flydal og Gurine Iversdotter Flydal (f. Furset). Frame frå venstre: Marit (g. Hanken), Inga (ugift), Gudrun (g. Andersen i Danmark). Bak frå venstre: Karl (Kalle) som tok over farsgarden på Østrem og Peter som tok over på "Skjerva i Sykkylven, der Lars kom ifrå. Eldstesonen Ivar Flydal er ikkje tilstades.

Første rekke frå venstre: Peter L. Flydal, Margit L. Flydal, Inga L. Flydal, Karl (Kalle) L. Flydal. Faren, Lærar Lars E. P. Flydal sit med jentene på fanget. Bak frå venstre: Signe Olga Flydal (g.m. Ivar Flydal), Gurine Iversdatter Flydal (f. Furset), udrun L. Flydal Andersen som seinare flytta til Danmark, Laura Petersdatter Flydal, som var syster til Lars. Dei voks opp på "Skjerva i Sykkylven). Informasjonen kjem frå Per Almar og Gunvor Steinnes.

Familiesamling i Flydalsgarden ca. 1939. Sjå neste bilete med namn på kvar enkelt. Orginalbiletet tilhøyrer Gunvor og Per Almar Steinnnes
Familiesamling i Flydalsgarden ca. 1939. Sjå neste bilete med namn på kvar enkelt. Orginalbiletet tilhøyrer Gunvor og Per Almar Steinnnes
Det ser ut som om det er snakk om potetopptaking i Flydalsgarden (Ytrebø) Frå venstre: Gurine Iverdatter Flydal,
Anna Iverdsdatter Røssevoll (f Furset 1891-1968), Karl (Kalle) Emil Larsson Flydal (1914-2001) som overtok farsgarden etter Gurine og Lars E.P. Flydal. Kvinna lengst til høgre er Inga Hjellen frå Sula som gifte seg med handelsmann Hans Karls. Furseth Dei busette seg i Spjelkavika. Takk til Gudrun L. Flydal (g. Andersen) Per Almar og Gunvor Flydal Steinnes.
Det ser ut som om det er snakk om potetopptaking i Flydalsgarden (Ytrebø) Frå venstre: Gurine Iverdatter Flydal, Anna Iverdsdatter Røssevoll (f Furset 1891-1968), Karl (Kalle) Emil Larsson Flydal (1914-2001) som overtok farsgarden etter Gurine og Lars E.P. Flydal. Kvinna lengst til høgre er Inga Hjellen frå Sula som gifte seg med handelsmann Hans Karls. Furseth Dei busette seg i Spjelkavika. Takk til Gudrun L. Flydal (g. Andersen) Per Almar og Gunvor Flydal Steinnes.
Familebilete signert Sponland. Her sit lærar Lars Flydal og Gurine (f. Furset) omgjeve av alle borna sine. Kan det vere Gudrun sin konfirmasjon?  Framme f.v.: Gurine, Margit, Gudrun, Inga og Lars. Bak f.v.: Peter, Karl og Ivar. Er det konfirmasjon så var den 10. sept. 1933. Biletet tilhøyrer Per Almar og Gunvor Steinnes

Biletet tilhøyrer Per Almar og Gunvor (f. Flydal) Steinnes
Biletet tilhøyrer Per Almar og Gunvor (f. Flydal) Steinnes
Biletet er truleg frå Emblem og tilhøyrer biletalbumet til Gunvor "Tulla" Nedregotten. Ho vaks opp i Ålesund og familien var fleire gonger landliggarar på Emblem. ho gifte seg med Olav Nedregotten og bygde hus ved Løvika  Dei leigde seg inn i både Negarden og Flydalsgarden minst ein gong. Her sit truleg Gunnvor Emblem framme mot venstre. Men staden er enno ukjend. Biletet tilhøyrer Arne Nedregotten

Nok eit bilete av byfolk som feira sommaren på garden. Biletet tilhøyrde Gunnvor som gifta seg med Olav Nedregotten. det er mogeleg at det er familie. Biletet tilhøyrer i dag Arne Nedregotten.
Nok eit bilete av byfolk som feira sommaren på garden. Biletet tilhøyrde Gunnvor som gifta seg med Olav Nedregotten. det er mogeleg at det er familie. Biletet tilhøyrer i dag Arne Nedregotten.
Truleg er dette byjenter som kosar seg ein sommarferie på Emblem. Staden er eg ikkje heilt sikker på enno, men biletet tilhøyrde Gunvor "Tulla" Nedregotten og låg aman med bilete frå Flydalsgarden. Biletet er utlånt av Arne Nedregotten

Stort sett byfolk? Biletet tilhøyrde Gunvor "Tulla" Nedregotten og nokon er kanskje i familie med henne. Jenta framme f.v. er  truleg  Gunnvor Emblem. Biletet er utlånt av Arne Nedregotten
Stort sett byfolk? Biletet tilhøyrde Gunvor "Tulla" Nedregotten og nokon er kanskje i familie med henne. Jenta framme f.v. er truleg Gunnvor Emblem. Biletet er utlånt av Arne Nedregotten
Det siste biletet av bygjesta frå Gunnvor "Tulla" Nedregotten sitt album. Biletet er utlånt av Arne Nedregotten
Det siste biletet av bygjesta frå Gunnvor "Tulla" Nedregotten sitt album. Biletet er utlånt av Arne Nedregotten
Eit flott bilete frå 1953 av Gunvor Flydal (g. Steinnes) saman med søsken og søskenborna sine. Det er f.v.: Arve Hanken, eldstesonen til Margit Flydal og Jakob Hanken. Dei to neste er Lennart og Else Andersen som er borna til Gudrun Flydal Andersen og Åge Andersen, busett i Danmark. (Else sit på fanget til Gunvor). Dei to siste er Lars Ivar Flydal  som er bror til Gunvor og son til Ivar og Signe Flydal i Emblemsvågen. Lengst til høgre sit Lidvard Flydal, sonen til 
Karl Flydal og Magnhild Rusten Flydal.
Eit flott bilete frå 1953 av Gunvor Flydal (g. Steinnes) saman med søsken og søskenborna sine. Det er f.v.: Arve Hanken, eldstesonen til Margit Flydal og Jakob Hanken. Dei to neste er Lennart og Else Andersen som er borna til Gudrun Flydal Andersen og Åge Andersen, busett i Danmark. (Else sit på fanget til Gunvor). Dei to siste er Lars Ivar Flydal som er bror til Gunvor og son til Ivar og Signe Flydal i Emblemsvågen. Lengst til høgre sit Lidvard Flydal, sonen til Karl Flydal og Magnhild Rusten Flydal.
På dei to bakerste rekkene f.v.: Inga, Ivar, Petter, Signe Jørgensdotter frå garden Sandvik i Emblemsvågen (gifta seg med Ivar) Karl, Margit og Gudrun. Fremst står borna til Ivar: Gunvor og Jostein. Alle hadde på dette tidspunktet etternamnet Flydal. Far til Signe heitte Jørgen Gjevenes. Biletet kan vere frå garden Ytrebø og i nærleiken av blodbøka som stod i tunet.

Frame frå venstre: Guten?, Gunvor Lovise Steinnes (f. Flydal), Kari Holmgren, Gudrun Flydal Andersen. 2. rad: Inga Larsdatter Flydal, tredje rekke frå venstre: Signe Olga Flydal (g.m. Ivar) Berte Petersdatter Flydal ("Skjerva"), (Lars) Ingvald P Flydal, Inga Pettersdtr. (g. Holmgren), Margit Flydal (g. Hanken). Bak f.v. Ivar M Flydal, Karl (Kalle) Flydal, Peter L. Flydal og Einar Holmgren. Informasjonen kjem frå Per Almar og Gunvor Steinnes.

Bygdesmed Karl Emil Flydal fotografert like nedanfor tunet, med nabogarden Solvang i bakgrunnen. Det kan sjå ut som ein steinslede eller kanskje reiskap til å køyre vedstrongane heim att til gards? Det var i alle fall snø i "hine hårde dage", sjølv om mengda ikkje alltid var så mykje å skryte av den gongen heller. Legg forresten merke til dei åpne fjellsidene i bakgrunnen. Ei stor takk til Per Almar og Gunvor Flydal Steinnes som har delt biletet med oss.

Bilete frå slåtteteigen "Grønevollen" like ved "Kvilesteinen" øvst i dagens rest av gamlevegen til fjells frå Østrem og Reiten. vollen er i våre dagar attgrodd, men her kan ein sjå koreis det ein gong var. Ungjentene er f.v.: Karen Stige frå Engesetdalen. Ho tente hjå Karl og Magnhild Flydal då borna deira var små. Ho lengst til høgre er niesa deira, Gunvor Flydal Steinnes, dottera til Ivar Flydal i Emblemsvågen. Det er ho som har delt bilete og opplysningar med oss via ektemannen Per Almar Steinnes