Litt om «Bygda vår
prosjektet»
Mykje
av materialet som du no finn her på denne web-sida hadde nok gått i
gløymeboka om ikkje Rektor Sigurd Langleite og lærarane ved Emblem
skule hadde sett verdien i bygdehistoria vår. Hausten 1987 tok
skulen på seg eit stort historieprosjekt som skulle inkludere
bygdefolket og alle klassane på skulen. Målet var «å bli kjend i
Emblemsbygda. Få betre kontakt mellom skulen og bygda og å få til
eit samarbeid mellom lærarane.» 20 timar vart avsett for kvar
klasse i perioden 20. oktober til 2. november 1987 fordelt på kring
2-3 timar per dag. Til saman vart omlag 120 undervisningstimar nytta
og då er det forbereiande arbeidet til lærarane og Rektor ikkje
nemd. Sluttrekneskapen syner at lærarane nytta 189 timar til
forbereiing og etterarbeid , inkludert møter og totalkostnaden på
prosjektet endte på 18.809 kr.
Emna
som vart plukka ut var: post, telefon, butikk, båt, kaiene, bil /
Emblemsbygda Billag, vegane gjennom bygda og smed. To og to
klasstrinn vart organiserte i storgrupper med 3 lærarar. Lærarane
bestemte innhald og arbeid som alle gruppene skulle gjere uavhengig
av kva tema dei fekk ansvar for. I eit forbereiingsmøte datert
14.9.1987 vart ein enige om å nytte ei blanding av teikning og
fotografering i tillegg til dei bileta som Sigurd Langleite hadde
tatt. Resultata skulle framførast for medelevar og foreldre, Det kom
forslag om at dei kunne kle seg ut og foreksempel lage ein butikk og
stille ut ting som er utlånt frå heimane, eller vise teikningar.
Elevane skulle lage intervju, illustrere, skrive stilar om det dei
hadde lært og samanfatte dette i mellom anna veggaviser og hefter.
Etterkvart vart det bestemt at ein skulle nytte gymsalen og samle
heile bygda. Slik vart det også.
Første
og andre klasse vart sett saman i ei storgruppe, 3. og 4. vart til ei
gruppe og 5. og 6. likeeins.
Elevane
vart delt inn i mindre grupper, på tvers av klassetrinn i
storgruppa. 5. og 6. klasse vart delt inn i gruppe 1, 2 og 3. Eg har
desverre ikkje noko nedskrivne opplysningar om kven som gjorde kva i
1.-4. klasse eller inndelinga i smågrupper utanom Sigurd si gruppe.
Bileta på denne sida gjev deg likevel ein god peikepinn om du
ynskjer å få vite meir om dette. Resten av teksten handlar om 5. og
6. klassingane sine ansvarsområder.
Gruppe
1 hadde Kolbjørn Kildehaug som hovudansvarleg lærar. Storgruppa
bestod av følgande elevar: Bjørn Harald Reiten, Patricia Stafseth,
Steinar Øye, Ole Kristian Østrem, Gerd Lise Wiig, Lena Bjørdal,
Libeth Brevik, Kjell-Petter Dalen, Wenche Emblem, Svein Erik Haugmo,
Vegard Helgheim, Odd Stian Jacobsen og Harald André Langedal. Dei
arbeidde med kaiene i bygda.
Gruppe
1a skulle ta for seg «Mattisbua og vegen dit». Reidun Garshol og
Jonna på Skaret var sett opp som intervjuobjekt og ressurspersonar.
Gruppe 1b intervjua Knut Nedregotten og fekk lære meir om
Nedregottvika (Hammarsvika) og vegen dit. 1c fekk temaet Emblemskaia
og god hjelp av Eli og Harald Reiten medan gruppe 1d intervjua
Mauritz Akslen og Peder Magerholm om Magerholmkaia. Her hadde Sigurd
samla inn bilete og gjordt lydbandopptak på førehand. Trygve Østrem
fortalte óg om båtliv på fjorden i 1987 sidan han arbeidde som
statslos.
Sigurd
Langleite var hovudansvarleg for storgruppe 2. Øyvind Akslen vart
leiar for gruppe 2a, Leif-Sindre Emblem fekk ansvar for gruppe 2b,
Jo.Einar Emblemsvåg for 2c og Birgitt Skarpås Haagensen vart leiar
for gruppe 2d.
Øyvind
André Akslen, Marthe Indrestrand, Frode Akslen og Trine Valaker
arbeidde med vegane gjennom bygda. Dei fekk besøk av Bjarne
Nedregotten som teikna vegane på kart og påviste restane. Han vart
intervjua av elevane som ville vite meir om dei første råsane,
korleis den første vegen vart til, korleis folk tok seg fram etter
den eldste vegen og kva slags varer dei førte fram. Stiloppgåva
vart: «Då Ola datt ned frå låvebrua og måtte til doktor?».
Elevane skulle også teikna
ferdafolk
på den første «vegen», teikna moderne ferdsel langs riksvegen,
peika på farene med dagens bilveg og ei rekke andre spørsmål.
Leif-Sindre
Emblemsvåg, Elisabeth Nedregotten og Jon Inge Engesmo skulle arbeide
med Emblemsbygda Billag frå starten og til krigen. Dei fekk besøk
av Osker Emblem, intervju med han og ei rekke billettar og kort frå
billaget som enno var i drift. Sigurd hadde intervjua Peder
Magerholm, Oskar Emblem og Nils Akslen på lydband og avskriftene
fekk elevane utdelt. Dei fekk óg eit skriv om Emblemsbygda som Karl
O. Emblem hadde skrive.
Jo-Einar
Emblemsvåg og Frode Ulveraker såg nærare på Emblemsbygda Billag
under krigen. Dei intervjua Ole Larsen, fekk kopi av ei reportasje om
feriefolket som kjem til bygda. Sigurd hadde tatt opp
lydbandintervju med Jofrid Emblem og samla ein rekke bilete på
førehand.
Birgitt
Skarpås Haagensen, Pål André Slettedal og André Larsen. Intervjua
Trygve Emblem, samla informasjon om Billaget i etterkrigstida fram
til nedlegginga av billaget og sammenslåinga med Ålesund Bilruter.
Sigurd hadde tatt lysbilete og samla avisutklipp åt dei medan dei
sjølve skulle teikna moderne bussar, godsbil og passasjerar, skrive
stil, reportasjar og fortellingar som skulle utstillast i gymsalen.
Asbjørg
Gjertsen hadde ansvar for storgruppe 3 som var følgande elevar:
Sylvia Åland, Anne-Marthe Havikbotn, Anette Storeide, Oddbjørn
Lystad, Espen Fredriksen, Kjetil Berdal, Torbjørn Akslen, Bjørn
Sindre Blindheim, Anette Florvaag, Gro Janne Henningsen, Pål Harald
Søvik og Svein Ove Østrem. Asbjørg delte elevgruppa vidare inn i
følgande undergrupper:
3a
hadde ansvar for «Telefon på Reset» og skulle mellom anna
intervjue Olga Nedregotten og Myre-Lisa heime hos Olga. Ho hadde
allereie fått tak på intervju med bestyrar Karl Nedregotten frå
avisa og ein liten manuell telefonsentral som skulle nyttast i
gymsalen.
Gruppe
3b arbeidde med den nye telefonsentralen og televerket. Posthistoria
frå byrjinga til posten flytte inn på Magnusbakken var det gruppe
3c som fekk ansvar for. Den siste gruppa fekk hjelp av Per Engesmo
til å lære meir om den gong postkontoret var på Magnusbakken.
Uttillinga
vart ein suksess og gymsalen var full av foreldre, søsken,
besteforeldre og det verkar som om dei fleste av sambygdingane var på
plass i løpet av dagen og ettermiddagen når utstillinga stod frame.
Bileta syner nokre av dei som deltok og opplevinga skapte minne som i
allefall eg hugsar timeleg godt den dag i dag. Du fekk kanskje ikkje
oppleva denne utstillinga, men kunnskapen vil eg forsøke å ivareta
her på www.emblemsbygda.com.
Samstundes vert arbeidet utvida og vidareført med nye tekstar og ny
lærdom etter kvart.
-Svein Ove Østrem-
Kjelder:
Handskrivne
møtenotat, bilete, negativ og utkast til undervisningsopplegg som
framleis er å finne i hyllene på Emblem skule.