Husmannshistoria
i Emblemsbygda kring 1800
Historia
om husmenn og husmannsplassane har vore eit forsømt kapittel i
bygdehistoria vår. Eit eksempel på dette er folketellinga frå 1801
der ein har registrert heile 3 husmenn uten jord, medan bygdeboka
ikkje nemner dei med eit ord. Det er på den andre sida skrive om
Plassevågen at det er nemnd fleire husmenn under Emblemsvågen kring
1600, men at ein ikkje veit kvar dei budde eller om dei hadde jord.
Eg ynskjer å sjå litt nærare på det som er å finne om husmenn
kring 1800 og sjå nærare på nokre hovudtendensar. Det er ikkje så
mykje å finna, men det finst ei folketeljing som kan bidra eit
stykke på vegen.
I 1801 kom den første folketeljinga der ein valde
å registrera alle i landet systematisk etter gard. Tidlegare hadde
slike teljingar som formål å gi oversikt over soldatar eller kva
jordegods som fantest, og kva som kunne skattleggast av mellom anna
kongen. Dei som åtte fleire gardar eller skulle krevja inn skatt
hadde nok brukbar oversikt over sine eigne, men med denne
folketeljinga kan ein også i ettertid få ei meir nøyaktig oversikt
over dei fleste innbyggjarane i landet.
Historikaren
Tore Pryser peikar likevel på det faktum at ikkje alle teljarande
var like nøyaktige, og at det er mange feil i materialet. Det er
mellom anna ikkje alle som har ført opp meir enn hovudyrke, og for
husmannen vart kanskje ikkje eingong dette registrert utanom kva
stand han var frå. Ein veit då ikkje om foreksempel husmannsplassen
var hovudinntektskjelda, eller om det kanskje var fleire andre
innektskjelder ved sidan av. Det er difor stor skilnad på om ein er
husmann utan jord med anna inntekt enn litt fiske, eller om dette er
snakk om ein sjømann eller kanskje skipper som hadde fått sett seg
opp ei lita stove på heimplassen. Slike skipperstover har funnest
langs heile kysten og der har det ikkje nødvendigvis vore noko armod
å spore.
I
1801 er det få husmenn i Emblemsbygda. Reknar ein med Hatlehol og
Flisnes, så finn ein kun 10 plassemen og husmenn. Dei fleste finn vi
på Hatleholen, Fureholmen og i Eikenosvågen, der det er kun 6 brukarar
i alt og alle er husmenn eller plassemenn. Lenger inne finn vi 3
husmenn utan jord på Nedregotten, medan den siste finst i
Emblemsvågen. Eg finn ikkje nokon opplysningar om dei jordlause
husmennene i Gardsoga for Borgund, og det er heller ikkje opplyst om
kva som er hovudintektskjelda til desse. Det eg derimot veit, er at
Nedregotten vart skild frå garden Østrem og kan ha vore gammalt
utmarksbeite mot sjøen i eldre tider. Nedregotten har alltid hatt
utmarksbeite på Emblemsfjellet, men teigane har vore så små at det
neppe har vore grunnlag for å spe på inntekta med mellom anna
kolmilebrenning slik dei seinare plassemenn på Magerholm fekk lov
til. Utan jord, har dei nok heller ikkje hatt nokon tørkeplass for
fisk, slik som var vanleg måte å behandle fisken på, så at han skulle
halde seg som mat for huslyden utover året.
Ein sit dermed att med
nokre mogligheiter. Det kan ha vore ein husmanssavtale som gav rett
til tørkeplass for fisk, og endå til andre rettar, som skulle sørge
for livberging for husmanssfolket, for det er ikkje noko som tydar på
at det er snakk om slekt, om ein samenliknar etternamna. Det kan og ha
vore snakk om husmenn i namnet, men at dei hadde andre inntekter og
kunne leva et godt liv. Ein skal likevel hugsa på at byrjinga av
1800-talet ikkje var nokon god periode for den som dreiv gardsbruk.
Dette var ei tid før poteta kom for alvor og fleire kornhaustar slo
feil. Etter kvart vart også Danmark/Norge boikotta og
handelsforbindingane mellom dei to landa fysisk stengde av, då vi stod
på feil side under Napoleonskrigane. Resultatet vart hungersnød og
barkebrødtid for mange i landet vårt. Emblemsbygdarane var likevel
litt bedre stilde enn dei i innlandet, sidan det var god tilgong på fisk rett
utanfor stovedøra.
Årsaka
til at det var såpass mange husmenn og plassemenn lenger vest i
bygda, var at dette var temmeleg nye bruk, som nett var rydda og
fleire av dei var berre nokre tiår gamle. Fleire av desse plassane
vart frådelt garden Eikenos som eigne bruk kring 1818. sidan
desse bruka vart frådelte, og seinare sjølvstendige så har vi litt
meir opplysningar om dei i gardsoga. Eg vil nytte høvet til å sjå
litt nærare på plassane på Hatlehol, Fureholmen og Eikenosvågen.
(Fureholmen er markert som eigen stad i 1801-tellinga men ifølge
Borgundboka var plassen ein del av Eikenosvågen).
Hatlehol bestod kun av to husmannsplassar,
men med to svært forskjellige plassemenn. Dei vart rydda mellom
1750 og 1770, og var for nye bruk å rekne. Det eldste av dei to var
Hatlehol Indre, bruksnr. 1, der Didrik Einarsen (1720-1771) frå
Store-Kalvøy heldt til. Han hadde tidlegare hatt eit bruk på
Eikenos, og flytte ned og rydda seg ein ny plass under Eikenosa. I
1769 skriv presten i Borgund at han kan lese, men at kona, Inger
Larsdotter (d. 1788) er betre opplyst. Då han døydde var buet
fallit, men kona dreiv plassen vidare nokre år.
På Hatlehol Ytre
bruksnr. 2, fann ein Lars Pedersen Fureholm (1710-1779). Av presten
vart han omtala som vankunnig, har få bøker og «øver liten
gudsfrygt, forsømmelig med deres børn at holde dem til skolen».
Borna som då var 12 og 14 kunne ikkje lese. I 1771 var Lars dømd
for tjuveri av 5 klippfiskar hos Mons Doran i Grimmergarden. Lars
vart dømd til 21 slag, skulle betale gjeld og tvigjeld, og «have sit
hovedlod forbrudt til Kongen». Lars måtte gå frå plassen og buet
viste 34 riksdaler i underskot. Han vart buande på plassen, men
døydde i stor armod. Den neste brukaren som let han få bu vidare var og
fattig. I 1775 var han så forarma at han måtte «betle sitt brød
paa bygden». Den neste brukaren, Lars Pedersen Store-Urke, er nemnd i
1801, døde som fallit i 1813, eit av dei store kriseåra i landet.
Det stod ikkje særleg betre til
på Fureholmen. Her vart plassen rydda i 1739, og den andre brukaren,
Lars Pedersen (ca. 1705-76) som overtok berre eit par år seinare,
måtte pantsette heile garden, som ikkje hadde dyr. Han flytte like
etterpå, og rydda plassen Hatlehol Ytre. I 1798 måtte
Rasmus Rasmusen låne 77 riksdalar med pant i garden. Dokumentet
syner vidare at det kan hende var fiske dei livberga seg av. Det var
med andre ord ikkje særleg stridt på dei nye plassane under
Eikenosa, og tida kring 1800 var kanskje av dei skrinnaste tidene for
den som var avhengig av godt sommarvér for å overleve.
I Eikenosvågen låg plassane
Torevågen og Olevågen. Ole Pedersen (ca1705-77) var første
plassemann i Torevågen og dreiv tydlegvis plassen sin temmeleg godt.
I 1761 bytte han bruk med med Lars Larsen oppe på Eikenosa. Byttet
vart omgjort 5 år seinare og Ole flytte nedatt, der sonen hadde teke
over plassen. Presten skriv i 1769 at Ole «lever uforligelig med sin
søn, og bør straffes for sit ufredelige levned.» I følge
Borgundboka livnærte Ole seg som fiskar og smed. Han hadde og ein
annan son som heitte Knut Olsen. I justisprotokollen i 1771 står det
at han hadde blitt arrestert to gonger for tjuveri. Han hadde rømt
frå fengselet og stole på nytt. Han skulle ha lagt seg på skogen
med hest, og hadde holer i utmarka der han gøymde tjuvgodset sitt.
Knut vart dømd til å brennmerkast i panna, «kagestryges», og
settjast i jern på næraste festning på livstid. Faren hadde truleg
hjelpt sonen sin og vart også dømd. Han «skal miste sin hud i
fengselet, og have sit hovedlod forbrudt». Ole vart dermed fallit i
1771. Sonen Peder Olsen (1733-1802) vart karakterisert som ein som
«øver liden gudsfrygt» og har få bøker, men klarte seg etter
forholda temmeleg bra som plassemann.
Jakob Knutsen Emlemsvåg (1727-72)
rydda plassen Olevågen kring 1755. I likheit med dei andre
plassemennene ikring seg så var det nok både nødvendigheit og
kanskje litt eventyrlyst som lokka.Han hadde ingen gard å ta over på
odel, og vart heller ikkje gift til nokon gard, så då måtte han
prøva seg som husmann i staden. Presten skreiv i 1769 at han og kona
Mein Hansdatter Valderhaug ( f. 1736) hadde liten kunnskap, men heldt
borna til bra opplysning. Dei var fattige, men strevsame, og fekk
stadig hjelp av fattigkassa. Då dødsbuet skulle gjerast opp, var
gjelda til handelsmann Høeg i Vegsundet på heile 115 riksdalar.
Etter Jakob kom det hyppige skifte av brukarar og fram mot 1850 stod
mest alle i gjeld når dei døde. Skiftet etter dei synte enten
underskot eller så vidt i balanse. Dei dreiv mest fiske, og hadde få
eller ingen dyr. Det var handelsmannen som berga dei, og heldt den
verste svolten frå døra.
Ser me lenger innover, så
stod det nok betre til i Emblemsbygda. Her var det eigentleg berre
ein husmannsplass med jord, og på Østrem var det endå til tenarar
på dei fleste gardane i 1801. Fleire hadde ansvar for
kårfolk som i mange tilfeller var eigne foreldre. Dei er omtala som
vilkårsfolk og hadde med andre ord stilt krav før dei gav frå seg
garden til den neste generasjonen. Det fantest inga pensjonsordning så det
var nødvendig å dokumentere at ein hadde rett på tak over hovudet,
mat og kanskje hjelp, eller endå til tjenarar på dei mest velhaldne
gardane. Kårkona i Steinsgarden var foreksempel blind og trengte nok
ekstra hjelp då ho vart enke.
Andre gardar er og registrert med
«legdslemmar». Gardane hadde nemlig ansvar for å bidra med livsopphold åt dei fattigste på denne tida. Ansvaret vart oftast delt inn etter
størrelse og inntjening på gardsbruket. Det var helst dei med eigen
gard eller bygsla bruk som skulle stå for husrom medan dei andre
betalte ein særkilld skatt, som var personleg. Det var husmenn,
kårfolk og tjenarar som skulle betale dette. For den som trong slik
fattighjelp, var det ofte å verte flytta frå gard til gard, noko
som ikkje kunne ha vore noko lett liv. Jon Tvinnereim fortel i
Fylkeshistoria for Møre og Romsdal om at fattigfolk som ikkje var
heimehøyrande i bygda, kunne sjå etter ein spesiell utskora fjøl
som vart flytt frå gard til gard. Såg dei ein slik stav inni ei
stove, så visste dei at dei kunne få husrom der. I Sunndalen fekk
denne fjøla namnet «fattigstaven».
I all hovudsak var det slekta
som tok seg av born eller eldre i slike høve, men det kunne
hende at dei ikkje makta dette økonomisk, at det var nokon som
til dømes var bornlaus, eller av andre grunnar ikkje kunne livberge
seg. Husmannsplassane hadde mindre hushald enn gardane, og mindre
moglegheit til å hjelpe slektningar utover sine aller næraste. Det
var med andre ord flest menneske frå dei lavare sosiale lag som
opplevde å verte legdslem. I 1801 finn vi tre. Det er Marte
Olesdotter, på 46, som var ugift inderste og «Hiisløs». Dette var
ei tid der ei kvinne ikkje kunne ha eiga inntekt og vart meir for
husbondens eigedom å rekne. På Østrem finn ein Synnøve
Knudsdotter som er 50 år, ugift og vanfør legdslem. Det er mogeleg
at ho har vore ufør i lang tid, og enda til heile livet. Gunnhild
Arnesdotter på 64 er registrert i Emblemsvågen, som enke og
inderste. Ho «nyder almisse af sognekassen». I tillegg Finn ein
Synnøve Olesdotter på 31, som er ugift og «Krøbling». Så langt
har foreldra klart å ta seg av henne sjølv, men som husmannsfolk på
Fureholmen og med ein far på 79, så er det nok ikkje sikkert at dei
makta det særleg mykje lenger.
Dei andre brukarane i Emblemsbygda
vert i 1801-tellinga omtala som «Bonde og gaardbruger», men var det
eigentleg så stor forskjell på gaardbrugeren og husmannen med jord?
Magerholm var den største garden og opprinneleg Prestegods. Garden hadde
óg vore i blant anna Rosenkranz-godset sitt eige, og fekk ikkje
nokon sjølveigar før 1814, med Jens Jensen Heltne. I 1801 var det
Johan Heide som leigde ut garden på bygsel. Magerholmvika er i
bygdeboka omtala som plassebruk til etter 1800, og med arbeidsplikt
heilt til 1840, men dette finn vi ikkje spor av i 1801-teljinga. Dei
to gardane på Aksla og garden Reiten var prestegods fram til dei
vart kjøpt ut av eigarane i 1832, 1846 og 1833. Gardane på Østrem
tilhøyrde i 1800 kjøpmannen Nils wind og vart leigd, eller bygsla
av brukarane, med unntak av Mattisgarden som vart kjøpt av brukaren
Ole Larsen allereie i 1789.
På Nedregotten stod det bedre
til. Der kjøpte tre av brukarane ut gardsbruka sine i 1772. Unntaket
var Sirigarden som futane Norløv og Landmark åtte til 1808. Dette
er kanskje grunnen til at der finst tre husmannsplassar i 1801.
Brukarane har kanskje leigd ut hustomter for å spe på inntekta si.
Gardane var heller ikkje så store, så det var kanskje lettare å få
lånt pengar til gardskjøpet. Handelsmann J. A. Helde åtte alle
bruka på garden Emblem i 1800 og dei vart først seld på auksjon i
1809, då han døde. Handelsmannen åtte også
Emblemsvågen, medan presten i Borgund åtte Røssevollen fram til
1840.
Eikenosa var eigd av Handelsmann
Mecklenburg i Vegsundet, og det var med andre ord ingen sjølveigande
bønder på Emblem, med unntak av Ole Larsen Emblem (f. 1756) i
Mattisgarden, Johannes Pedersen på Skaret, Guttorm Paulsen Søvik
(ca. 1745-1815) i Guttormgarden og Lars Pedersen (ca. 1745-1806) i
Steffågarden. Dei andre brukarane hadde bygsla, men måtte betale
leige til eigarane, og kunne dermed reknast som leigetakarar og ikkje
som sjølveigande bønder.
Det kunne likevel vera ein viss
forskjell på brukarane på bygsla bruk i motsetting til
husmannsfolk. Den største skillnaden var nok
mellom husmenn og brukarar på større gardar slik som Magerholmen,
som var ein rimeleg stor gard i Sunnmørs-målestokk. På den andre
sida så trong ikkje brukarane i Mattisgarden, og dei tre
sjølveigande Nedregotten-bruka å betale leige. Dei hadde nok truleg
behov for å låne pengar og å betala ned gjeld dei óg, men dersom dei åtte garden sjølve, så gjekk mesteparten av overskuddet attende i eiga lommebok.
Arne Ellingsen Åkernes, som var brukar på Skaret i fem år til han
døydde i 1798, var ein slik mann. Han var godt oppe i åra då han
kjøpte garden, og klarte likevel å få sett opp ny kvern, sengjabu,
sel og naust. Han åtte 4 kyr, 3 kviger, 5 sauer og 4 geiter, så det
var neppe dette som gav overskuddet, men han hadde i tillegg ei mengd
fiskevegn og det kan bidra til å forklara litt av overskuddet. Peder
Knutsen (1739-1794), som hadde vore første sjølveigaren på garden,
hadde ikkje klart seg like godt og måtte skøyte frå seg bruket att
etter kun 5 år.Det er mogeleg at han var for optimistisk, eller
at han hadde eit dårlegare økonomisk utgangspunkt enn Arne.
Ein gard eller husmannsplass var
på denne tida sjølve grunnlaget for å stifte familie med born. Det
beste var sjølvagt å gifte seg til ein gard, om ein ikkje var
odelsson eller hadde gard som medgift. Sjølve kvardagen var likevel
temmeleg lik. Det var skarpt skillje mellom kva som var mannsarbeid
og kva som var kvinnene sitt ansvar. Gardsdrifta var heilt avhengig av begge, og
det var sjeldan at ein fann ugifte brukarar. Kvinnene tok seg av
matlaging, vassbering, reinhald, klede, barn og dyr utanom hesten som
var sjeldan på ein husmannsplass. Hesten gav prestisje omlag som
dagens bilar kan gje, og difor eit ansvar som mennene tok seg av.
Kvinnene hadde óg ansvar for seterdrifta.
Mannfolka tok seg av reidskap,
åkrane, skogbruket og vedlikehald av garden. Dei var og pålagd
millitærplikt, vegarbeidsplikt, og skyssplikt, men her var det ein
viss forskjell. Bønder eller bygselsbønder frå gode kår kunne
gjerne ta seg råd til å leige ein husmannson til å utføre
militærtjenesta for seg, og skyssplikta like så. I 1801 finn ein
husmannsonen Arne Olesen på 34 som var ugift og omtala som
«afskediget soldat». Når mannfolka var borte i militærtjeneste,
utførte skyssplikt, vegarbeidsplikt, eller var vekke på
vinterfiske, så måtte kvinnene ta over mannfolka sitt arbeid i
tillegg. På den andre sida var det utenkjeleg at mannfolka skulle
gjera likeeins. Dei hadde riktig nok ansvar for jakt, fiske og sjølve
slaktinga, kvenna eller brygginga, men det tidkrevande arbeidet med
slaktet eller fisken var kvinnfolkarbeid. Langs kysten, og truleg
også på Emblem, var mennene mykje vekk på fiske, eller hadde hyre
på båtar. Det meste av året var det dermed husmannskona som var
den eigentlege brukaren. Kanskje var berre mannen heime i onnene, og
her var det nok neppe særleg stor forskjell på husmenn og
småbrukarar, som det var flest av i Emblemsbygda.
Borna måtte tidleg
i arbeid på bruket, og var dei for små til å gå sjølve så var
dei likevel med, festa i eit fatle. Det var lite leik i moderne
forstand. Dei måtte arbeide etter evne og hjalp tidleg til med
småarbeid, gjeting og pass av mindre syskjen. Dette var også ei
nødvendeg opplæring i det ein trong å kunne på tidleg 1800-tal.
Dei fleste i bygda livnærte seg på praktisk gardsarbeid i ein eller
anna form.
I tida fram mot den neste store
folketelljinga skulle mykje endra seg. Frå 1769-1801 steig
folketalet med gjennomsnittleg 0.7% per år, men dei neste 15 åra
var det lav auke, og det var uår i jordbruket. Blokaden under
Napoleonskrigane hindra frakt av matkorn frå Danmark til Norge.
I 1809 og 1813 var det så gale at folketalet gjekk tilbake. I åra
mellom 1815 og fram til utvandringa for alvor tok til i 1865 fekk vi
ei stor folketalsauke og mange av husmannsplassane og leigebruka vart
småbruk med sjølveigande bønder . Dette påverka også
situasjonen for bøndene i Emblemsbygda. Folketallsauke førte til at
fleire eldgamle plassebruk, og endå fleire nye vart rydda utover på
1800-talet. Dette skal eg sjå litt nærare på i ein annan tekst som
tek for seg åra frå kring 1865 til 1910.
Kjelder:
Pryser, Tore; «Norsk historie
1800-1870, Det Norske Samlaget, Oslo 1996
Tvinnereim, Jon: Grotid i
Grenseland, Fylkeshistorie for Møre og Romsdal bind II 1835-1920,
Det Norske Samlaget 1992
Øverlid, Ragnar: Borgund og Giske
Band II Gardsoge Gardsnr. 1-51, Borgund og Giske Bygdeboknemnd 1961,
Boktrykk L. L., Bergen.
Digitale kjelder:
1801-teljinga frå digitalarkivet,
www.digitalarkivet.no
Av
Ragnhild Hutchison, Vit. Ass. Norsk Lokalhistorisk Institutt:
«Husmannens siste Svanesang», publisert i Aftenposten 14. oktober
2005,
http://www.aftenposten.no/meninger/debatt/article1134535.ece
http://www.strindahistorielag.no/wiki/index.php?title=Husmannsplass