Inge Martinussen Emblem,
fødd i 1919, vokste opp i Negarden, rett ova i haugen frå der han
bur no, i ei leiligheit som tilhøyrer eldreboligane. Desse boligane
vart bygd der garden Garsendhaugen, eller Tørkevollen låg fram til
1980-talet. Inge var 9 år då han kom til Negarden. Han vart fødd
oppe i Auregarden og bodde der før foreldra kjøpte Negarden.
Borna
måtte tidleg vere med å bidra i den daglege gardsdrifta, alt etter
kva dei greidde å gjere. Bjørkaris var ein del ta saudematen og
bløytt halm var også vanleg. Silo kom seinare, men kraftfor brukte
dei litt av. Ein var ganske stadbunden som følge av gardsdrifta. Dei
dagane ein gjekk på skulen og hadde friminuttn var det stort sett å
slå lyre. Det var om å gjere å klare å slå over stor-ospa som
stod utai skulen. Noken var flinkare enn andre, men kven som var
best, det var nok litt om kvarandre. Dei kunne óg nytte bilvegen som
gjekk rett forbi, for det var ikkje så mykje bilar på den tida.
Friminutta vinters dag vart stort sett nytta på kjelke ned
Hjellhaugreset, Dei rakk to turar kvart friminutt og måtte følge
tida sjølv. Det va no kjekt å ta seg en ekstra tur til, så det var
no ikkje alle som kom seg inn at i rett tid.
Den første læraren Inge
hadde på Emblem skule var ei gammal enslig dame som heitte Laura
Humlen frå Humla. Lars Flydal var hovedlæreren, men det var også
ei som heitte Ella Emblem som var søskenbarnet til Inge og systra
til Karl O. Emblem. Bernhard Olsen kom mykje seinare og då var Inge
ferdig på skulen. Ungane på emblemsgardane var ikkje så mykje inna
om elva. Det var ei slags grense som skillde bygda i to. Dei utai
elva var for seg og dei innai elva var for seg. Bygdeboka nevne denne
gamle grensa som vart brukt til både grannehjelp og ved julelag på
gardane. Det var ikkje noko uklarheit mellom dei to grupperingane som
Inge veit om, men først og framst ei praktisk ordning. Ved større
dugnadar og større hendingar som bedehusbasaren var heile bygda
samla, men det kunne no vere litt oppdeling og konkurranse i for
eksempel fotball den første tida. Inge fortel at han ikkje var noke
særleg interessert i fotball. Han vart seinare busssjåfør i
Emblemsruta men vil ikkje sei at det var på grunn av ei interesse
for bil og motor. Den tida han vaks opp var det ikkje snakk om kva
ein ville, men kva ein måtte gjere. Når ein var ferdig med
folkeskulen så var det realskule som var eit sommarhalvår på Vigra
og der gjekk han. Det var nokså vanleg på hans tid at ungdomane
gjekk realskule.
Han deltok også på
torskefiske ein sessong i en liten 28 fots motorbåt og der var dei 4
mann i ein liten lugar. Den eine var Ebbe-Elias som var nabo til
Negarden, på Skillingen. Inge hadde også ein onkel som heitte Lars
Olsen Emblem (f. 1897). Han sykla seg i koll på glattisen og miste
livet då han var 52 år. Han var på den tida brukar i Auregarden.
Lars kom frå Fiskerstranda for Leon heldt på å bygge seg ein
motorbåt der ute og «Lars-onkel» hadde vore der ute for å hjelpe
han. På vegen heim til bygda glei han med sykkelen på glattisen
utai Puskhola. Lars hadde hatt ein liten båt sjølv tidlegare og det
var på den båten Inge hadde vore på fiske utanfor Godøya saman
med Lars, faren sin og Ebbe-Elias, når det var vér til det. Dei
hadde ein liten lugar i båten der dei kunne sitte ein 3-4 mann
samtidig, så det var trangt å sove ombord. Den eine køya måtte
gjerast om til sitteplass om dagane. Kvar enkelt hadde med eigne
fiskevegn og knytte dei saman til eit større garn. Inge var 16 år
den gongen og fisken vart delt etterpå. Dei hadde omtrent 2
settingar på ein 30 garn og den fisken som ein fekk i garna sine
fekk ein behalde sjølv. Det var ikkje så stort fiskeri det året
men så fekk Inge ein stor rugg i sitt garn så det var han som hadde
fiskelykka ombord. Dei sette garna i fire-tida på ettermiddagen og
så var det å ligge å vente. Somme gongar låg dei då kring Alnes
og andre gonger på Vigra. Når garna skulle dragast så var det å
stå opp tidleg om morgonen. Tidlegare hadde ein hatt med seg
ungjenter til å koke og å gjere opp fisken slik som dei gjorde på
Reitebåten, men det var ikkje vanleg då Inge dreiv fiske nokre år
seinare. (sjå Karl O Emblem sine forteljingar om fiske.)
Dei han hugsar som hadde
motorbåt, som var bygd som små fiskebåtar, var Ystebøen,
Auregarden og Reiten (Reite-Ivar) og dei som eigde båten var stort
sett skipper ombord. Mattis Østrem hadde ei eiga sjøbu som stod
rett aust for Nausta til Østrem på en oppbygd platting i
naturstein, men han hugsar ikkje heilt utforminga. Han selde visst
tørrfisk heilt til Spania i følge andre kilder og det var vanleg å
tørke fisk på nær sagt kvar eit berg den tida.
Inge møtte Johanne
Nilsdatter Akslen (f. 1923) frå Skaret på Ungsomshuset og på dans.
Det var også dans ute på skuleplassen på laurdagar i sommertida.
Han var med i ungdomslaget. Det var litt av kvart av aktivitetar der,
blant anna folkeviseleikar og Inaumnesingen i handskrivne bøker.
Inge var ikkje med på bygginga av ungdomshuset for det var det året
han vart konfirmert, altså før hans tid. Inge gifte seg, flytte inn
på Skaret og tok over garden der. Det merkast no at Ungdomshuset låg
like ved og det var no en del sjau derifrå men det gjekk ikkje ut
over nattesøvnen.
Inge kan ikkje hugse å ha
høyrd kvifor oppkoma like ved Breiskaret heitte «Ølkona». Han kan
derimot bekrefte at det vart feira Sankthans på «Øvste Legane» og
der var det sommerfjøsa. Ebbegarden og Garsendhaugen hadde sel. Far
til Olaf Hesseberg hadde en fjøs og Fursetgarden like så.
Hatlebakken hadde ingen fjøs, kun selet på Skillingsetra, som står
den dag i dag. Inge var med på feiringa oppå Legane og minnest
ikkje nok anna feiring på Emblemsanden før speiderane byrja kring
1960-talet. Han kjenner ikkje til noke eige bilete av av Legane eller
Nedregodten-fjøsane. Han veit ikkje så mykje om nedregotten sine
fjøsa men meiner at dei var skikkeleg oppmura
Skaret hadde sel og
frittståande fjøs på Østremsetra. Fjøsen for av garde under
orkanen i 1992. Inni fjøsen lå det karosseriplater frå ei gamal
Emblemsrute. Dei vart ikkje brukt til anna enn reperasjon og stort
sett ikkje brukt. I tillegg hadde han ein gammal godsbil frå
Emblemsruta til å ha ved i under trea like bak bussgarasjene på
andre sida av vegen som kom tidleg på 1980-talet. «Vedskuret» vart
ikkje benytta som buss, kun som påbygd lastebil.
Oskar Emblem var onkelen til
Inge og var lenge sjef for Emblemsbygda Billag. Den gongen var det
ikkje snakk om anna enn at ein måtte skaffe seg ein jobb om en likte
den eller ei. Når Inge var ferdig med skulen på Vigra så var det
ikkje så godt å vite ka en skulle gjere. Han begynte først på
Blindheim Møbelfabrikk i 1937. Då var det ikkje bussruter så
tidleg om morgonen så då måtte dei sykle utover for å vere på
plass på Blindheim klokka 7. Ein måtte med andre ord tidleg opp men
han slapp heldigvis å gå i fjøsen først slik som mange andre frå
bygda måtte gjere før dei for på arbeid.
Inge viser fram møblane som
er identiske med skjenken og spisebordet som Aslaug og Hans Austrem
kjøpte seg og mange med dei. Han var med med å bygge den typen
møblar. Rolf Ekornåsvåg stod for treutskjeringane. Inge vart 29 år
før han fekk sertifikatet. Det gjekk då ei eiga «Arbeidsrute» frå
Emblemsbygda Billag til byen. (denne fortel også Karl O. Emblem litt
om i forbindelse med 1940). Så begynte ein del frå Emblem å jobbe
ute i Spjelkavika, og Inge hadde på den tida slutta på Blindheim og
fått seg jobb på Ekornes Møbelfabrikk i Ekornesvågen og han var
ikkje den einaste frå bygda som jobba der då. Det vart rett og
slett for lite med berre ein buss som gjekk kring kl. 7-7:30 utover.
I Spjelkavika var det somme som arbeidde på skofabrikken og andre på
møbelfabrikkar og liknande verksemder.
Emblemsbygda Billag hadde då
ikkje råd til å ansette ein mann for å få kjøre to bussar
utover. Det heile vart løyst på den måten at Inge snakka med Rolf
Ekornåsvåg om han gjekk med på at Inge køyrde ei arbeidsrute til
Spjelkavika først før han returnerte innover att for å arbeide på
fabrikken og det gjekk Rolf med på. Inge starta så å køyre
arbeidsruta til Spjelkavika, før han parkerte bussen i Ekornåsvågen
og jobba der til klokka 16:00. Deretter tok han turen ut til
Spjelkavika igjen og henta arbeidsfolket heim att. Inge hadde
eigentleg starta karriera som grindagut som gutonge. Det var ein
12-13 grinder på strekninga Magerholm – Spjelkavika som skulle
åpnast og lukkast sommarstida, men han var ikkje med på måkinga
som Mauritz skriv om. Etterkvart vaks behovet for bussavgangar og
særleg om somrane. Før privatbilen vart allemannseige så var det
mange som hadde hytte på Emblem og Emblemsfjellet vart ein ynda
utfardsstad for byfolket. Om vinteren var det skiturar som lokka og
haust og vår var det fotturar. Bygda hadde óg ei fin strand som
lokka og ved den første fotballbana til Emblemsbygda Sportsklubb sto
det også ein litan kafe som Georg Embelmsvåg dreiv. Ein kunne kjøpe
seg is mellom anna, men det var ikkje innlagd strøm. Isen vart laga
på staden med eigen sveivereiskap og det var Inge også med på å
lage i si tid. Ellers var det nok kaffi, småkake, vaflar, løfse og
den slags. Det var ekstra inntjening når det var kamp eller utleige
av bana til andre fotballag.
Han merka ikkje så mykje
til dårlege veia i si tid som bussjåfør for det hadde begynt å
bli veivedlikehald i litt andre formar enn tidlegare då det var
dugnad og rodeansvaret som gjaldt. Med bussane måtte Billaget sjølv
vedlikehalde og pløge den første tida før kommuna tok over
ansvaret.