Osehaugen,
bruksnummer 3 og 4 er ikkje av dei eldste gardane i bygda vår.
Garden ligg på neset i sørvestre del av innmarka til Emblemsvågen,
med grense mot garden Sandvik i aust. Garden er utskild frå
Knutgarden.
Opphaveleg
var heile Emblemsvågen kun eit gardsbruk, og før det så var dette
truleg del av innmarka til garden Emblem. Ein finn spor av
menneske heilt attende til folkevandringstida. Det låg fleire små
gravhaugar her,
så folk har visst å utnytte området i lang tid.
Gravhaugane kan setjast i samanheng med gravene på Ystebøen og
vitnar om eit godt matgrunnlag i farne tider.
Emblemsvågen vart skild frå hovudbruket, Emblem, på slutten
av 1500-talet. Deretter vart det to hovudbruk frå 1712, og slik har
det vore sidan. I 1836 vart plassebruket Vågen rydda og seinare kom
det til fleire plassar utover 1800-talet. Med plass og
plassebruk meiner eg husmannsplassar, og dei var det ein god del av i
Emblemsbygda. Husmannsplassane låg hovudsakleg nede ved fjorden og
gav rom for livberging gjennom fiske. Andre attåtnæringar kunne
vere brenning av kolmiler, om ein var så heldig å få rett til
dette.
Dei
to hovudbruka hadde teigblanding fram til utskiftinga i 1907, som bestod av 10-15 teigar. Gardshusa var opphaveleg samla
i eit klyngetun oppunder hamrane mot grensa til Emblem. Eg er ikkje
sikker på om dei nye bruka fekk sette opp husa sine i dette klyngetunet, men dei vart neppe sett opp der. Andre har
beskreve plassane meir som «små hus nede mot berga» og «innover
langs fjorden» så det var truleg slik plassehusa i Emblemsvågen
stod før 1907 óg.
Utmarksbeitet
i fjellet har Emblemsvågen alltid delt med emblemsgardane og
Røssevollen. Dei hadde opprinneleg eit beitegjerde vestanfor Vågeplassen, nær Emblemskaia. Emblem og Røssevollen har
fortsatt sjøveg, naustplassar og opplagstomter i Emblemsvågen,
medan Østrem har hatt ei gammal «tømmerløype» som endte i
Kriken, lengst søraust. Her var det tørt ved fjøre sjø, men ein kunne kome seg inn
med ein lasta trerøring når det var flo. Merka etter tømmerkjøringa
var fortsatt synleg kring 1920. Kriken er elvesletta nær volleyballbana og bålplassen på Emblemsanden, der Storelva renn ut i fjorden.
Emblemsbygda
og Emblemsvågen har i tidlegare tider hatt mektige eigarar
langvegsfrå. I 1624 var det Jakob Rosenkrantz som eigde begge
gardane. Andre eigarar har vore borgarmeisteren i Bergen,
Astrup-slekta og ein rekke prestar og prostar. Brukarane har så
leigd gardane eller plassane. Først på slutten av 1800-talet
byrja sjølveigarane å dukke opp. Osehaugen har aldri vore ein
husmannsplass, og brukarane var aldri leiglendingar, men det er ikkje
noko stort bruk og heller ikkje det beste utgangspunktet for å fø
ein storfamilie med kårfolk attpå.
I
1868 kom voldingen Nils Rasmussen Løset (1840-1910) til bygda, saman
med kona Nikoline Simonsdotter Kaldvatn (1842-1929) som óg var frå
Volda. Han kjøpte seg eit stykke av Knutgarden for 250 speciedalar
og rydda seg ein gard. Selgaren var Knut Ingebriktsen Emblemsvåg
(1839-1917) og Oline Nilsdotter Blindheim, opphaveleg frå Vigra. Då knut selde til Nils, heldt han att
retten til åttringnaustet, som han hadde sett opp der, og han ville
framleis ha retten til å jage kyrne sine langs elvakanten på
Osehaugen, vår og haust. Stykket vart skyldsett til 18 skilling med bruksnummer 3. Seinare kjøpte han attåt eit stykke til som vart
skyldsett til 10 skilling. No var skylda på bruket 28 skilling, og
garden fekk bruksnummer 4. I 1890 vart skylda revidert til 40 øre og
det var med andre ord ingen storgard akkurat.
Det finst fleire historier om Nils og Nicoline. Nokre av dei kan du også lesa
om under plassen Løvika, Nedregotten(7). Dei flytte nemleg dit, og rydda
seg ny plass i 1891. Når det gjeld tida på Oshaugen, så vert det fortalt at Nicoline var svært nysgjerrig, og til dels sjalu. Ho fekk Nils til
å snu heile naustet, slik at ho kunne sjå kven som kom og gjekk, når han arbeidde der. Gamlehuset
låg nemleg nærare naustet, ved småelva som renn ut der. Dørene vart flytt vekk frå sjøen, slik at
Niccoline kunne sjå kven som vitja mannen. Han vart helst kalla «Båt-Nils». Færingane fekk god
omsetning i distriktet, og kanskje finst nokre av dei på Emblem også.
Osehaugen overlet Nils til
Nikolay Halvorsen.
I den gamle bygdeboka frå 1961 vert Nikolay Halvorson (1858-1926) omtala med etternamnet
Blakstad, og opplysningar om at han var frå Sykkylven. Dette er ikkje
heilt korrekt. Han kom rett nok frå Sykkylven då han kjøpte
Osehaugen i 1888, og kona, Hansine Hansdotter Davenes (1864-1934), var
frå Sykkylven men Nikolai Halvorsen vart fødd i Mattisgarden på
Østrem. Garden vart
heitande «Mattisgarden»
etter broren hans
. Mattis Halvorson Østrem var den første i bygda som dyrka
opp markane for hestereidskap, og han bygde dessutan det første
kraftverket i Borgund Kommune ved hjelp av svogeren til Nikolai.
Nikolay hadde ingen gard å overta, men han fann seg ei jordajente på
Blakstad i Sykkylven og gifta seg der. Seinare gifta han seg opp att
med Hansine, og flytta attende til Emblem. Med seg på lasset hadde
dei med seg sonen Knud på 7 år. Etter kvart fekk dei enno fleire born.
a) Knut Lauritz (1881-1902) som vart fødd på Blakstad.
b) Lovise Ingeborg
Hansine (
f.1884) gifta seg i 1906 med vognmann Leonard Ols. Gåseidnes, busett Ålesund.
Han var
bror til Lars, og begge byrja å kalle seg Wennersberg.
Lars gifte
seg med
Inga Østrem(1), frå Mattisgarden. Det
var søskenbornet
til Lovise. Dottera Maria
«Maja» Wennersberg gifta seg med Christian Midthus, busett
ett aust for tunet til Ytrebøen,
inne på Magerholm.
c) Jensine Karoline
Birgitte (
1889-1891) var tvilling.
d) Inga Nikoline (1889-1891) var tvilling.
e) Johan Ingvald (1892-1946) gifta seg i 1922 med Louise
Snefrid Ask, busett i Ålesund. Han arbeidde
ei tid i California
frå 1910, saman med broren Hans og
søskenbornet
Fredrik Østrem(1). Familien leigde seg inn
i Knutgarden, hos
Karen Emblemsvåg om sommaren på
1930-talet. Du finn ein eigen
tekst i venstremenyen av dottera Harrieth, gift Leite, om dette.
f) Hilmar Jørgen (1894-1895) døydde av kikhoste.
g) Nikoline Hansine
Petrine
(1896-1985)
gifta seg Larsen,
og tente på
Blindheimsnes(1) i
1910. Er
gravlagd i samme
grav som foreldra sine.
h) Hans Bernhard (f.1898) tok over bruket.
i) Laura (1901-1902) døydde av strupehoste.
j) Knud Lauritz (1904-1986) gifta seg i 1947 med Svanhild
Nilsen, King County Seattle. Han drog til
USA i 1923,
og har etterslekt der.
k) Hilmar Karl (1906-1983) tok over bruket seinare.
Garden
gav på ingen måte mat nok til å brødfø familien. I 1900-tellinga er det registrert
dyrking av korn og potet, og han hadde dessutan litt fjørkre og
krøter. For å få endane til å møtest måtte han, som så mange
andre i bygda, livberge seg på fiske og tørking av fisk på berga. Tørrfisken gav pengar i lommeboka for
den som klarte å få til god kvalitet. Nikolay selde truleg fisken
til broren Mathias, som hadde bygd seg ei sjøbu på eit berg
rett ved Østrems- og Nedregotnausta. Det seiest at han dreiv
eksport heilt til Spania. Han hadde også eigen frakteskute, og det var på veg heim frå ein slik tur at han stoppa i England, for å kjøpe med minikraftverket til garden sin.
Eldstesonen
Knud tok ikkje over farsggarden, og det gjorde heller ikkje den nest
eldste sonen Johan heller. Det kan bety at garden ikkje var særleg
attraktiv eller lønsam. I 1900 er Knud registrert som fiskar i
staden, med mellombels bustad i Ålesund, og ved teljinga i 1910 er han
ikkje registrert i Borgund kommune lenger. Både Knud Hans og Johan reiste på godt betalte arbeidsturar til Amerika.
Det
var mange sambygdingar som begav seg over Atlanterhavet for å finna
seg ekstra arbeid. Nokre var sjømenn som gjekk i land, medan andre
for over eine og åleine for å arbeide i trelastnæringa i kortare
periodar. Emblemsbygdarane hjalp kvarandre med å
få arbeid der borte. I Steffågarden på Emblem var faren og fleire
av søskena til Karl O. Emblem, samt fleire av slekta deira i Negarden
og Auregarden på arbeidsturar til California. I heimbygda var det
lite å ta seg til og det var ikkje mykje å velje i. Når
alternativet var arbeidsløyse så vart behovet for å reise frå
heimlandet også større. Men det forunderlege var at såpass mange
kom attende. Frå bilde i slike "Lumber Camps" på vestkysten finn ein gjerne fleire slektningar på samme staden. Hans, Johan og søskenbornet Fredrik Østrem var i alle fall på samme bilda, før Fredrik tok til å satse på fiske og fiskebåtar i staden.
Hans
Nikolaisen var ein av gutane som kom heim og han hadde funne seg ei
jente på Ystebøen óg. Det er ikkje utenkjeleg at han vart saman
med Anna Petersdotter Emblem (1902-1929) før han drog. Kanskje var
det behovet for å skaffe pengar, slik at dei kunne gifte seg og kjøpe
Oshaugen frå faren Nikolai, som var årsaka til heile amerikareisa? På denne tida fantest ingen folketrygd og pensjonsordning, slik
som i dag. Nikolai trong derfor pengar til å klare å forsørge seg
og kona si resten av livet. På større gardar kunne ein ta kår hos
den nye brukaren, og dette var ein del av betalinga.
Hans og Anna
gifte seg i 1929. Dei overtok bruket, men lykka vart ikkje varig, for Anna døydde i barselseng alt det same året som dei vart gift.
Bornet overlevde fødselen, og fekk namnet Anna "Lill-Anna" Harriet Emblemsvåg (1929-1998).
Faren, Hans, drog rett attende til Amerika medan Anna vaks opp hos besteforeldra på Ystebøen. Så vidt som eg veit så returnerte han
omsider til gamlelandet igjen like før andre verdenskrig. Hans kjøpte formelt garden i 1930, og skøytte ikkje frå seg bruket før i 1947.
Broren Hilmar Karl Emblemsvåg(3+4) (1906-1983) fekk skøyte frå bror sin i 1947, men hadde dreve
garden heilt sidan faren døydde i 1926. Hans tok nok omsyn til dette, når han selde seg ut. Hilmar
gifta seg med Anne Kristine Edø (1913-1989).
a) Nils Jan (1938-2011) tok over bruket.
b) Herdis Annie (1953-2012) gifta seg i 1972 med Jostein
Ole Overå, busett i Oslo.
Sonen Nils Jan Emblemsvåg (3+4) (1938-2011) gifta seg i 1961, med Anne Johanne Ingebrigtsen
(1939-2017) frå Haramsøya. Nils Jan var aktivt med i revy og teater. 10 år gamal las han dikt på
NRK, saman med programleiar Rolf Kirkevaag. Nils Jan vart også russepresident i Ålesund. Dei
fleste kjenner han nok best frå sine mange år som realfagslærer ved Blindheim Ungdomskule, men
han har også budd utanfor bygda, i forbindelse med si lærergjerning. 1964 kom sonen, Halvor, til
verda på Rena. Anne arbeidde som syerske når dei gifta seg. Nils Jan var då framleis student i
Trondheim. Det vert fortalt at han var den yngste som hadde stått på talarstolen, for å halde 17.
maitale, på Emblem. Den gongen var det ikkje vanleg at skuleborna fekk slikt oppdrag. Han nådde
ikkje over kanten på talarstolen, utan noko å stå på.
a) Nils Arne (f.1961) gifta seg først i 1996 med Nina Løberg,
Asker. Så gifta han seg på ny i 2007 med Ane Helene
Stang,
busett i Vollen ved Asker.
b) Olga Anna (f.1963) gifta seg i 1987 med Ole Roger
Frøland, busett på Hankane.
c) Halvor (f.1964) tok over bruket.
d) Jan (f.1971) gifta seg først i 1997 med Navita
Oberoy, Mumbay. Han gifta seg opp att i 2006 med
Tone-
Ellen Thune frå Vågstranda, og i 2019 med Marianne
Synnes, frå
Ålesund. Ho er stortingsrepresentant for Høgre
i Møre og
Romsdal. Han er busett i barndomsheimen på
Oshaugen.
Sonen Halvor Emblemsvåg(3+4) (f.1964) tok over bruket, og fekk skøyte frå faren i 1997. Han arva
mykje av den same gleda for realfag, og utdanna seg til sivilingeniør i teknisk fysikk. Han var heller
ikkje den einaste i søskenflokken som valde seg realfag som utdanning. Halvor gifta seg 1990 med
Cathrine Jystad frå Trondheim. Dei budde ei tid i både Vesterås og på Sunndalsøra. Halvor gifta seg
på nytt i 1996, med Marita Liss Giske (f.1966). 2016 selde dei garden, og er i dag busette på
Blindheim.
a) Cecilie (f.1990) er saman med Johnny L. Dahle,
busett i Trondheim.
b) Marte (f.1992) er student, busett i Trondheim.
c) Matias Leander (f.1997) er busett i Ålesund.
d) Isak (f.2002) er busett i Ålesund
Geir Bertil Aspehaug (f.1979), frå Hesseberg, kjøpte Oshaugen hausten 2016. Han er sonen til
Anne-Lise Blindheim, frå Bryggå, Hesseberg(3), og Gunnar Aspehaug frå Spjelkavika. Dei bygde
seg hus på tomt frå Bryggå, der Geir vaks opp. Han er banksjef i Sparebanken Møre i Spjelkavik, og
sambuar med Tina Corneliusen Skorpen (f.1981). Ho er oppvaksen på Brendhaugen, på Flisnes, og
utdanna jurist. Ho jobbar no hos NAV Pensjon avd. Ålesund. Dei har tatt opp att gardsdrifta, og dreiv nyleg
litt med sauar.
a) Fredrik (f.2009) er busett på Oshaugen, Emblemsvåg.
b) Emil (f.2013) er busett på Oshaugen, Emblemsvåg.
c) Thea (f.2014) er tvilling,
busett på Oshaugen, Emblemsvåg.
d) Sofie (f.2014) er tvilling,
busett på Oshaugen, Emblemsvåg.
-->