Garden som Reiten er utskild
frå, Aksla er gammal. Ein veit ikkje kor gamal for her er ikkje noko
kjente fornfunn. Det er mogleg at Aksla er mest like gamal som
nabogardane og kanskje frå vikingtida. Historisk sett høyrer garden
saman med Aksla og heitte i si tid Austreimsreit i dokument frå
fyrste halvdelen av 1700-talet, men garden har aldri hatt noko med
Østrem å gjere. Reiten vart øydegard etter Svartedauden i likheit
med dei aller fleste gardane i bygda. Truleg var det kun
samanhengande drift på Østrem og Emblem. Nokre av gardane i Borgund
ber framleis merke etter dette med namn som Øydegard.
Kring 1623-24 vart garden
rydda på nytt av Jon Endresen som vart omtala som «øydegardsmann».
Det er mogleg at han er son av Endre på Aksla. Jon tok seinare over
Aksla etter faren og overlet Reiten til broren Lars Endresen i 1630.
Lars var brukar heilt til 1650 og i 1640 vart garden skylddelt som
ein eigen gard og fortsette med det sidan også. Skylda på 1 våg
vart teken frå Aksla. På denne tida hadde begge gardane same eigar
og var «prestbolgods» i likheit med dei fleste andre gardane i
bygda. Garden hadde kvennhus saman med Aksla i Storelva ved Østrem.
Kvenna var i bruk til 1920. Seter hadde dei óg saman med Aksla på
Reitesetra, eller Akslasetra som det vart heitande etter at Aksla
flytte sela sine frå austenden av setrevatnet. Selet er no borte.
Naustrett har garden i Stampevika og vestanfor. Aksla var frå gamalt
av teigbytt, medan Reiten stort sett fekk sine teigstykker samla frå
utskillinga. Aksla hadde lenge stykker inne på Reiten sine teigar,
men etter utskiftinga 1894 fekk også Aksla sine stykke samla, medan
Reiten hadde to stykker som før. Eit ved tuna og eit nedanfor
bygdevegen.
Fram til 1890 var utmarka
felles men no vart marka mellom Aksla og Magerholm si innmark delt
inn i utmarksteigar., men opplagsplassar for tømmer og beiteplassane
fortsette å vere felles også etter 1890. Det var stort sett
registrert kun vedaskog på Akslen og Reiten før 1900, men du finn
framleis røter på fjellet som vitnar om store skogar i tidlegare
tider og først no har skogen for alvor byrja å komme oppatt. Hans
Strøm fortel at det ikkje så lenge før hans tid stod veldige
skogar på Sunnmøre og Emblemsbygda var ikkje noko unntak.
Den fyrste saga som ein veit
om er flaumsaga som Borgundpresten sette opp opp fyrst på
1600-talet. Saga vart lagd ned alt på 1630-talet og kan bere bud om
at skogen vart hoggen ut temmeleg raskt. Det er kanskje ikkje så
rart for i denne tida var det fullt med oppkjøparar som kom jamvel
frå både Holland og Skottland med skip for å kjøpe alt det dei
kunne få og dei kom att fleire gongar for året med kvart skip. Ola
Tandstad fortel at det så seint som 1640 tok 300 skip turen til
Sunnmøre 2-3 gongar kvar. På denne tida spratt det opp ei rekke
sager som så forsvann kort tid etterpå. Oppgangsaga kom til
Sunnmøre først i 1603 og allereie i 1609 vart det bygd 38 sager på
Sunnmøre. I åra 1612-14 vart det sett opp 70 flaumsager og det
syner at det var på denne tida den livlegaste handelen foregjekk, og
Reite-saga var ei av desse nye sagene. Hollendarane hadde mykje å
bygge opp at etter Den nederlandske fridomskrigen, men det var og
nokre skotske skip her i 1613 og fleire skulle det bli.
Resultatet av denne handelen
vart ei skogsøyding utan like. Feil hogstmetodar og ønske om
kortsiktig gevinst medførte truleg at skogen måtte vike for gras og
beitedyra fortsette å halde skogen vekke. Tidlegare hadde kvar ei øy
langs sunnmørskysten vore skogdekt og det vert fortalt at skogen ein
gong stod så høgt at ein ikkje kunne sjå Eikenosa frå Østrem.
Etterverknaden av denne skogøydinga var at ein fortsatt brukte torv
til brennsel på 1940-talet på Østrem. På den tida skogøydinga
foregjekk eigde Borgundpresten både Aksla og Reiten. Det er kanskje
slik at presten hadde mindre interesse av ei langsiktig og levedyktig
skogsdrift enn det ein sjølveigande gardbrukar ville ha og kven
skulle vel tru at konsekvensane vart så langvarige. I 1723 er det
notert om Reiten at garden er «meget tungvunden og tarvelig til
korn». Brennved og litt annan småskog til gardens bruk. I 1868
byrja det å rette seg for då er det registrert at garden er
Tungbrukt. Noko brennved og litt skog til sal. På omtrent same tid
vart det skogbrann i bygda. Kristen Olsen Magerholm fortel at det var
far hans, Jon Jonsen Brekke frå Stryn som var uheldig då han som
plassemann på Joplassen på Magerholm hadde brent kolmile. 8 dager
etter at han sløkte kolmila og drog heim att tok det til å brenne.
Det skal ha brent i 3 dager og til tross for at alle bøndene på
Uksenøya vart utkomandert til slokkearbeid så fekk dei ikkje has på
flammane før det kom ei flodbyge med regn.
I 1920 vart det på nytt
sett opp ei sag på Reiten av Iver Johannesen Solevågseide (
1853-1943) som då var eigar av garden. Han kom frå Sula og gifte
seg med gardajenta Kristofa Rasmusdotter (f. 1869). Material fann han
i eigen skog og det meste av saga vart laga på garden. Taket vart
dekt med never og seinare vart dette skifta ut med støypte heller
som óg vart produsert på garden kring 1940. Det var sonen Ingvald
Iversen Reiten (f.1902) som dreiv med helleproduksjonen ved hjelp av
eigne former som han støypte dei i. Desse hellene ligg framleis på
taket.
Saga vert i byrjinga driven
med vasskraft frå Sirielva som renn like ved. Eit vasshjul på
kring 2 meter i diameter dreiv sagbladet og det vart laga demning
ovanfor garden. Var det lite vassføring i elva, så åpna dei
demninga for å få nok vatn til få fart på sagbladet. Tidvis var
det såpass lite vatn i elva at saga ikkje kunne brukast, så det var
oftast under haustflaumen dei brukte saga. Frå omlag 1935 vart det
elektrisk drift av saga ved hjelp av motorkraft. Vasshjulet vart då
sendt til garden Gåsø på Sekken og fekk nytt liv på gardsaga der.
Saga på Reiten var nytta av
andre enn dei som høyrde garden til. Om vinteren og hausten kom
naboar med hest og slede eller kjerre for å få sage tømmeret sitt.
Reitebonden fekk betaling per time, men det vart likevel mykje
gratisarbeid. Det var alltid bonden på Reiten som sjølv saga
tømmeret. Ein del av tømmeret vart henta på fjellet rundt
Melsvatnet der gardane hadde tømmerteigane sine. Skogen oppe i
Akslanakken vart hovudsaklig nytta til ved. Det meste av tømmeret
som ein saga var til eige bruk, men ein selde også litt.
Dei som brukte saga var
veldig forsiktige så det var sjelden at det var noko uhell, men ein
gong saga Iver seg stygt i handa og ein annan gong spratt ein kjepp
opp i gebisset til Ingvald så han måtte på sjukehuset.
Kring 1980 vart det slutt på
sagdrifta på Reiten. Ho er brukbar enno, men straumen er kobla frå.
Likvel er saga verdt eit besøk. Forma og utstyret til
taksteinstøyping finst fortsatt på Reiten og namn som «Reiteløypa»
ber bod om ei tid då ein behøvde plass for å føre trestokkane og
vedemna til gards frå nakkane ovanfor garden.
Kjelde:
Tandstad, Ola; Sykkylven i
eldre tid. Første bandet av bygdebok for Sykkylven.
Turid Langleite sitt notat
etter samtale med Gurine Reiten f. 1909
Øverlid, Ragnar: Borgund og
Giske, Band II Gardsoge, Borgund og Giske Bygdeboknemd 1960
Stensager, P: Intervju med
Nils Akslen på Skaret kring 1920.
Stensager, P: Intervju med
Kristen Magerholm kring 1922.