Du har
kanskje ikkje høyrd om meieriet i Emblemsbygda tidlegare, og det er
heller ikkje så rart for det er over 100 år sidan det vart lagt
ned. På slutten av 1800-talet fekk me ei stor endring i mellom anna
jordbruk og industri, som ein i ettertid har kalla «hamskiftet».
Kort fortalt handlar dette om industrialisering og store endringar i
korleis gardsbruka vart drevne. Ein gjekk vekk frå dei gamle tankane
om sjølvbergingsjordbruk der kvar gard skulle vera så sjølvforsynte
som mogeleg og mot ei pengehushaldning der ein kunne dyrke eller ale
opp meir dyr enn ein trongde sjølve, for å selge kjøtet og mjølka
og kjøpe det ein elles hadde behov for. Dei gardane som låg nærast
byane spesialiserte seg truleg mest på fersk mjølk og kjøt, medan
gardane som låg lenger unna kunne bearbeide mjølka til meir
haldbare produkt som smør og ost. Slik vart det til at ein i
Dalsbygda i Norddal kunne eksportere smør jamvel heilt til England,
og norddalingane var langt frå dei einaste
Føregangsmennene
Slike
hamskifteprosessar krev også foregangsmenn til å starte det heile
og i vår eiga bygd bør to nemnast særkilt. Den eine er (Nils)
Matias Halvorsen i Mattisgarden på Østrem og Lars Olsen Emlem frå
Negarden. Matias var tidleg ute med det meste. Han var av dei første
som dyrka opp og planerte innmarka soleis at den var mogeleg å slå
med hesteslåmaskin. Tidlegare nytta ein langhorv og småljå og då
var det lettare å slå grastustane mellom steinane, men det var både
tidkrevande og ressurskrevande og passa best i dei dagar då ein
dreiv teigblandingsjordbruk der jordlappane var så små og
sammanvevde at alle brukarane i klengetunet måtte drive slåtten i
lag. Med flate steinfrie marker kunne ein slå graset raskt med
hesten spent føre slåmaskina og var det fin tørk så kunne ein
dessutan tørke høyet på markane i staden for å hesje. I tidlegare
tider krevdest det og mykje folk til å gå og vende graset på marka
slik at det vart heilt turt, men Matias hadde høyvendar og hesterive
også og han var først ute med alle desse hestereiskapane. Matias
var i det heile ein nytenkjande mann som fekk bygd trerenne frå
Storelva og vassdrive elektrisitetsverk på garden sin. Dette var det
første kraftverket i Borgund Herred. Han bygde seg sjøbod i Urda
rett aust for nausta til østremsgardane og kjøpte opp fisk som han
deretter salta og selde til Spania.
Medan
Matias var nytenkjande og viste dei andre at alt dette nye kunne vera
besparande og lønsamt på sikt, så tenkte handelsmannen Lars Olsen
Emlem kanskje litt meir på framtidig inntekt for heile bygda i kring
seg. Han både premielån og dyrkingslån på det velse
utmarksstykket sitt som fekk namnet Elvarum. Han hadde sine tankar om
korleis Trollfossen kunne nyttast til elektrisk kraft, men det var
nok som handelsmann og postopnar han er mest kjend. Han var ein
føregangsmann når det gjaldt å få bygd dampskipskai i Jektevika i
Emblemsvågen slik at ein slapp den fårefulle bordinga og lossinga
ute på fjorden i all slags vér. Han tenkte nok også litt på si
eiga nytte som handelsmann og postopnar, men eg trur at han tenkte på
bygdas beste i bunn og grunn. Lars var opphaveleg frå Negarden og ei
tid var han gardbrukar der, før han overlet garden til sonen og
reiste i utanriksfart i 12 år. Han engasjerte seg i politikken i
Borgund Herradstyre og han var pådrivar for å få til eit
bygdemeieri kring 1890. Kvifor han engasjerte seg i nettopp meieri,
veit eg ikkje, men kring 1880 veit ein i alle fall at ein
meieribestyrar med namnet Bruseth var på Sunnmøre for å halde
foredrag om dyre- og mjølkestell. Han fokuserte også på renslighet
og var naturlig nok ein aktiv forkjempar for bygdemeieri.
Folketalsauke og auka etterspørnad
Med
auka folketal frå 1870-åra i Ålesund så vart det behov for enda
meir meieriprodukt og særleg fersk mjølk. I tidlegare tider var det
vanleg at bøndene tok med seg litt mjølk, smør og rjome når dei
rodde til byen. Dei var med andre ord interesserte i å tena litt
ekstra. Etter 1880 vart det fokusert meir på kvaliteten på mjølka
enn før. Ein byrja for alvor å sjå samenhengen mellom kvaliteten
på graset, gjødslinga og auka antal liter mjølk. Med betre stell
kunne ein få betre inntekt også. Gardane i Emblemsbygda hadde
starta omlegginga til auka produksjon av kjøt og mjølk, sidan byen
låg så nær og dagsferske varer var det byfruene ønska seg. Iver
Karlson Furset frå Stranda hadde óg merka seg den nye tida. Han
hadde flytt hit til bygda og dreiv mellom anna med kjøp og sal av
livdyr. Han slakta sjølv og skal ha vore av dei fyste som løyste
torgrett i Ålesund. Det vert fortalt om han at ein gong han stod å
såg vågabåten leggje til med ei kvige som han hadde kjøpt. Han
treiv tak i ein kvass stein i steingarden, stutte henne i det ho kom
på land, lot båten vente medan han parterte ho, lasta båten med
skrotten og for så til byen for å selge slaktet med det same.
«Kjøt- Iver» kjøpte etterkvart fleire gardar i bygda og busette
seg ei tid på Eikenosa, så handelen gjekk nok temmeleg godt.
Meieriet ser dagens lys
Lars
Olsen Emblem hadde enno ikkje starta som handelsmann då han fekk
bygdefolket med seg og bygde meieri ved elva på farsgarden,
Negarden. Dei valde plassen for å utnytta vasskrafta og oppå dei
fuga steinmurane vart det bygd ei 1-etasjes stove i tre eller tømmer
på omlag 50 kvadratmeter.
Lars
fekk ansvaret for drifta av meieriet, men sjølve arbeidet gjekk
truleg på omgang som pliktarbeid. Eigarane kom frå både Blindheim,
Hatlehol og Emblem, men det var ikkje så mange gardar i bygda den
gongen. Gardbrukarar med over fem kyr hadde som regel hest og gjekk
samman om køyrelag for å få mjølka til meieriet. Plassebrukarane
måtte som regel drage fram mjølka si sjølve med handvogn eller
slede. Om sommaren var det budeiene som bar mjølka frå setrane i
kring. Det er truleg at Blindheim, Hatlehol, Østrem, Akslen, Reiten
og Magerholm hadde køyrelag til meieriet frå sine eigne gardar,
medan Emblem hadde setrevegen sin like ved.
Meieriet
hadde ei sjefsbudeie som fekk løn for arbeidet. I 1900-tellinga finn
ein den 26 år gamle Eline Johandotter Emblem på Garsendhaugen som
har tittelen meierske. Ho er ugift, født og oppvaksen på garden som
låg like ved meieriet. Det er mogeleg at ho hadde gått på
meieriskulen til R.P. Mork i Ørsta, før ho fekk jobben, men det var
truleg heller ei intern opplæring på Emblem Meieri. Det var ikkje
alle budeiene som var oppvaksne i Emblemsbygda. Martin Emblem frå
Negarden fortel at onkelen, Elias Knutsen Emblem (1869-1949), opphaveleg frå
Steffågarden, gifte seg med Johanne (1871-1957)som opphaveleg kom
til bygda som meierske frå Ørskog. Elias fekk frådelt Storhugen bruksnr. 16 frå farsgarden i 1903 og dyrka opp heile stykket. Seinare flytte dei til Røssevollen i 1931 då sønene fekk seg gard der. Etter kvart har "Emblems Meieri" også vorte tigjengeleg som eigen tellingstad på Emblem i 1900. Det er litt rart, fordi det er oppgjeve i den same tellinga at huset ikkje vart nytta til overnatting. I alle fall finn eg att tanta til Martin. Ho står oppført som meierske under namnet Johanne Larsdotter Svinset frå "Ørskoug". Saman med den tidlegare nemnde meierska Eline, hadde dei ansvar for Berthe Ananiasdotter Fauske frå Sykkylven. Ifølge tellinga skal ho ha vore 24 år gamal. Berthe var berre "Midlertidig Logerende" og "Læremeierske". Berthe kom frå bruket "Hagen", Gardsnummer 3 og bruksnummer 6. i Sykkylven herred. I tellinga vart ho omskriven som "Meieriskoleelev".
Meieriet var eit smørmeieri, men veska som vart til overs vart truleg også nytta. Den vart kalla staup og var ein særs populær tørstedrikk under slåttonna. Når ein skulle slå med langorv eller hesteslåmaskin heile dagane så behøvde ein å vera klar i hovudet. Vinterstida kunne staupen også nyttast med fordel for den som var i skogen eller kløyvde ved på heimtunet. Produkta
vart som regel frakta til byen og seld der. Ein veit ikkje med sikkerheit når
meieriet vart starta, men det første meieriet i fylket vart i alle
fall sett i drift i Surnadalen i 1886. Volda og Ørsta kom etter i
1886 og 1889. Meieriet i vår bygd er neppe eldre enn frå 1890. Dei
fleste bygdemeieriea som starta i 1890-åra var smørmeieri og då
det var knappheit på pengar desse åra, måtte meieria drivast med
ytterst sparsemd. Det var svært sjelden at nokon starta i eit nytt
bygg, så det er dermed sannsynleg at meieriet på Emblem også var
ei gamel stove som vart flytt ned til elva for å utnytte vasskrafta
til å drive smørkinna. Elles var det ikkje så mykje inventar. Ein
trong berre ein separator, fløytetynne, ei panne til å varme vatn i
og eit eltebord i tillegg til smørkinna. Mjølka kunne kjølast i
elva og det var først når ein tok til å yste at ein trong
skikkeleg gryte, trau, hyller og osteformar.
Meieridrifta i bygda
Korleis
drifta og kvardagen var på meieriet kan eg ikkje seie noko sikkert
om, for det finst ikkje nokon dokumentasjon på dette som eg har
klart å finne. Eg vel derfor å ta med litt informasjon om Ørskog
Meieri, for dei var omlag like store og mykje av rutinene var nok
felles. Meieriet på Ørskog var tufta på 229 selde aksjar á 10
kroner kvar. Vårt meieri hadde neppe like mange aksjonærar, men
prisen per aksje kan ha vore temmeleg lik. Mjølka skulle leverast
før 8 på kvardagar og etter halv tre på søndag. Frå 1900 sette
derimot presten i Ørskog ned forbud mot kinning på søndagar.
Meierskene skifte ofte og det var vanleg med ein eller to elevar, så
det er truleg at det var slik meierske Eline frå Garsendhaugen fekk
utdanninga si. I 1916 fekk meierska i Ørskog heva løna si til 30,-
etter søknad mot å kjøpe smør til eige bruk. I Emblemsbygda var
det færre eigarar og mindre inntekter, så det er lite truleg at
løna var høgare enn dette og i alle fall ikkje kring 1900.
Vasking
av meieriet gjekk på omgang og slik var det også på Emblem Skule
som vart oppsett i 1903. Brensel til ysting vart truleg fordelt per
gard og ein kan sjå frå Ørskog Meieri at ein delte utgifter og
ansvar etter dyretal. Bønder med meir enn 5 kyr måtte levere to
kasser brenntorv, medan dei som hadde færre kyr kunne levere berre
ei. Leverandørane måtte følge mjølka til byen og truleg ta seg av
lossing og frakt i byen også. Den som følgde med båten fekk 1,5
krone for dette arbeidet og 50 øre ekstra om det vart behov for
overnatting. Mjølkekvaliteten var eit problem i Ørskog og truleg
like eins på Emblem. På Ørskog vedtok ein einstemmig at ingen
kunne levere mjølk «frå fjøs, hvor bork, beit og fiskeaffald,
samt rådden sild benyttes til fodring». Meieriet på Ørskog
slutta seg etter kvart til Sunnmøre Meieri og la ned drifta så
seint som i 1918. Meieriet vart seld på auksjon og inntekta vart
fordelt på auksjonærane. Emblemarane fulgte nok samme vei også
her, men gav seg altså nesten ti år tidlegare.
Slutten for meieriet
Eg veit
ikkje nøyaktig når meieriet på Emblem vart lagd ned, men eg er
temmeleg sikker på at dette skjedde omlag når voldingen R.P. Mork
starta meieri i Ålesund i 1909. Lars Olsen Emlem fortel i alle fall
i eit intervju med P. Stensager kring 1920 at meieriet vart nedlagd
då Mork starta sitt meieri i byen. I jubileumsboka for Sunnmøre
meieri står det skrive at meieriet på Emblem var i drift frå
1895-1905, men eg kjenner til at mellom anna årstala frå Ørskog er
heilt riv ruskande gale, så eg kan ikkje feste like mykje lit til
dette. Årstala er «arva» frå ei rekke små hefter frå bl.a. Mork
og dei er ikkje kvalitesikra godt nok. Tendensen syner likevel at
meieria nærast byen la ned først og så kom dei andre etter
framover mot 1920. Mork måtte sikra seg leveringsavtaler før han
kunne ta til og for bygdefolket så var det kanskje fristande å
sleppe pliktarbeidet samstundes som dei fekk brukbart betalt for
mjølka. Det hadde ikkje vore like god økonomi i dei gamle
mjølkeutsala i byen mot slutten. Mjølkeprisen var lav til tross for
etterspurnaden og byfolket var lei av å springja frå utsal til
utsal i forsøket på å skaffa seg mjølk, smør og fløyte.
Emblemsbygderane visste truleg at når det vart motorbåtdrift mellom
Emblem og Ålesund så var det i alle fall ikkje bruk for
bygdemeieria, for då kunne mjølka fraktast fram raskare uten å
verte for varm eller sur. Det gjaldt nok å få forhandla fram ein
god leveringsavtale før den tid og fleire gardane var no medeigarar
i dampskipskaia, så då fekk dei litt i kaileige attpå. Mork starta
i 1906 den første motorbåtruta som skulle bringe mjølk til
meieriet i byen og etter kort tid hadde han eit heilt nettverk av
båtar. Mjølkebøndene fortsette å levere mjølka si til Mork og
vart med på å starte andelslaget som seinare skulle få namnet
Sunnmøre Meieri etter 1918. Kring 1930 tok Emblemsbygda Billag over
mjølketransporten og kunne snart levere stabilt i alt slags vér,
sjølv om teleløysinga kunne vera eit hinder dei første åra. Med
dette vart også dampskipskaia avleggs og ei ny tid med biltrafikk
var i emning.
I dag
er det få spor att etter meieriet. Etter det eg har hørt, så vart
delar av murane brukt oppatt til bru-kar på brua innanfor løa i
Negarden. Treverket vart kjøpt av Kjøt-Iver og frakta ut til garden
Bjørkavollen bruksnr. 4 under Øygarden i Puskhola der det vart
nytta ved bygginga av løa til Iver Andreassen (f. 1881). Iver var
gift med Karen Iversdotter Furset (1878-1912) og var dermed
svigersonen til Iver. Desverre så er løa riven no, så det er ikkje
mogeleg å ta mål av stokkane for såleis å få eit klarare bilete
av korleis meieriet ein gong såg ut. Eg har heller ikkje funne noko
bilete av huset. Det er mogeleg at det hadde eksistert bilete om
drifta hadde vore i gong kring 1910 då fotograf-brørne
Steinkopf-Wold vitja bygda. Dei tok også eit ekstriørbilete av
Berg-huset der Lars Olsen Emlem dreiv landhandelen sin, men eg kan
ikkje sjå spor av meieriet på biletet, sjølv om Ebbegarden like
ved synest særs godt. Dømet med slaktinga syner at Kjøt-Iver var
temmeleg kjapp i vendinga og det er derfor mogeleg at meieriet var
demontert allereie. Meieridrifta vart temmeleg kort i Emblemsbygda,
men arvtakaren, Sunnmøre Meieri heldt stand mykje lenger. I dag er
det for det meste snakk om rasjonalisering og nedlegging av både
gardsbruk og videreforedlande industri, men minna består i alle fall
i korte trekk her på denne nettstaden.