I
BESTEFARS RIKE
(Skrive av
Kåre Magerholm i 1986)
Lytt
til ein ljom i dal og fjell,
av
tralling og bjølleklong,
av
lokk og lur og bekkespel,
ein
gjenljod av huldresong.
Ja! Dette er
fra Magerholmdalen, som har vore Magerholm-gardens, og alle
bygselplassane som låg under hovedbruket, sin havne og sætersdal i
mange år. Ja, heilt ifra bjørnen og ulvens tid. Ellers har det vore
tømmerdrift i dalen fra langt bak i tida!
Mi meining
med å skrive dette, er å bevare minnet om folket som busette seg i
dalen for 150 år siden, og budde der i 100 år. grunnen til at eg
kom til mine besteforeldre i Dalen, var at eg var eldste sonesonen,
og heitte opp att etter dei. Bortsett fra at ho Anna og ho Petra,
søskenborna mine i Puskhola, var der i to korte periodar vart eg
verande åleine i Dalen som barn. Derfor vart konsentrasjonen om det
eg opplevde sterk. So minnene derifrå har sete klistra fast i meg
gjennom heile livet.
Eg kom til
dalen då eg var tre år, og for derifrå då eg var sju for å byrje
i skulen i Spjelkavik. Seinare etter at besteforeldra mine flytte frå
Dalen til Puskhola i 1927 var eg med bestefar fleire gongar inn att i
Dalen, der han slo "Nybrøtet", eit stykke han hadde brøte
opp sjølv.
Etter kvart
som åra gjekk fortalde dei mykje om slekta og om sine forfedre.
Etter fjøstellet om kveldane sat vi i ljoset av parafinlampen og
fortalde og song.
Vi hadde kyr,
det var ho Grådue, Blomsterei, Litago. og to kviger og gris og ti
sauer. Og so var det hunden, han Karo. Ofte var eg med bestefar rundt
om i dalen, han såg då oftast etter sauene. Han fortalde då om
nakkane, som heile dalen er omkrinsa av. Om namna på desse, og
kvifor dei har desse havna. Om myrar og elvar og bekkar og skar, om
tjørehjellen der det vart brent tjøre. Om kolmiler som var ei
attåtnæring. Og ellers fortalde han om mange navn på heimbøen.
Vest på bøen heiter «Rognestølen», der hadde den gamlaste
Magerholmsetra lege. Nakken utanfor heiter Gamlesetranakken, kalt
«Gamstenakken». Der var frå gamalt av tre små sel, to av desse
vart flytta lenger fram i dalen der den noverande sætra er. Truleg
er det murane etter disse to sela som viser enno, like nedanfor dei
noverande sela. Det tredje vart ståande att på Daleplassen heilt
fram til bestefars tid. Dette vart flytt til Skaret på Emlem, og
stod nord for bygdevegen på Reset og vart brukt av «Myre-Karl» til
hønsehus. Sonen til Karl, Konrad, har no flytt det lenger nord der
det står no.
Om
Dalefolket
Bestefar sa:
"Det er ingen som har lidt nokon naud i Dalen". Dei hadde
nesten alt dei trongde. Dei dyrka korn, dei avla både bygg og havre.
Dei hadde også prøvd med kveite, men det var vanskeleg å få mod.
Dei hadde kvern i elva, som mol grovt. Dei hadde truskemaskiner. Dei
vart drevne av ein kall som stod lenger framme i elva. Der var
dugnadsfolk frå Magerholm til trusking, kornskjering og til
flatbrødbaksten. Dei leigde i den siste tida, mann og hest til
pløging av åkrane. I den tida eg var der var det han Jakob-Knut fra
Emlem som pløgde. Folket på Magerholm hjelpte kvarandre i onnene og
ellers om det kneip om. bestefar hadde seks dagar pliktarbeid på
hovedbruket. Eg hadde inntrykk av at Lars Magerholm og bestefar gjekk
godt saman, dei var saman både i fjell og på sjø. Det hende ofte
at dei for over Storfjorden saman til kyrkja i Sykkylven. Konene var
sjølvsagt med. Ein gong dei skulde tilbake fra kyrkja i Sykkylven
over fjorden, bles det opp med sterk vestavind. då var det ho
bestemor som tok roret. Ho Jensina, kona til Lars, var redd og sat i
framskuten og gret. Då ropte han Lars: "Kva du sit og ryler
etter kjerring, sjå på ho Petrina (bestemor) du!". Ja, sigle
det kunne ho bestemor, for det hadde ho lært av han «Hoseth-Bendik»
på Vatne. Ho hadde tent han i tre år. Ho måtte vere med han på
utror på havet. Ein gong det vart stygt vér måtte dei søke havn
inn til Alnes. Der kom det ein gubbe ned på brygga og sa: "Hø?
Hev døkke med døkke kvinnfolk i slikt ver. Det må då vere måte
på! "
Dalefolket
hadde heilt sidan dei kom, i slutten av 1820-åra, dreve mykje sjøen.
Dei var til stadig ute med garn, liner og kastenot, og på linefiske
etter kveite. Bestefar var godt kjend på botnen i Storfjorden. Han
viste om med og merker. Kveiteliner var botnaliner. Dei kunne ikkje
setjast på sjeten botn, for der vart agnet oppete av åtet.
Dalefolket hadde også dreve linefiske ved Furstranda. og i årerekker
var dei på torskefiske på Lestadbukta i åpen båt, og losjerte på
Alnes. Bestemor fortalde at det var ofte hardt å sita åleine att i
Dalen når mannen hennar var vekk på fiske, og borna var små. Ho
måtte ofte fylgje dei til skulen, og når snøen var djup måtte ho
gå i forvegen og trakke rås.
Barneminner
fra Magerholmdalen og Magerholm
Eit vakkert
minne frå Dalen! Dette var i grunn ein tradisjon for dalefolket å
stå ute på trappa Nyttårskvelden når veret var fint for å høyre
Kyrkjeklokka i Sykkylven. Dette kan eg koma i hug særskilt ein gong
det var fint måneskin. Det glitra i snøen. Vi hadde føling av å
stå oppe i eit sølvparadis, med all sin glitter og prakt. Bestefar
fortalde om stjernehimmelen, og sang eit salmevers- Det var: «Drag
Jesu mei opp efter dei, så følger jeg med lengsel». Da
kyrkjeklokka i Sykkylven ringde Nyttåret inn, og hadde slege eit
slag for kl. 24.00, tok me tre einsame mennesker som stod på trappa
i Magerholmdalen kvarandre i hendene og ønskte Godt Nyttår. Eg fekk
eit glas saft, det var stor stas den gongen!
Den
store Heggen
Utanfor huset
i Dalen var hagen med solbær, rips og stikkelsbær, også ei apal.
kirsebær var der på eit tre ut på ei av dei gamle seltuftene
lenger ut på bøen. Like nedanfor hagen stod ein kjempestor hegg, i
den var sjorareir kalt «Grisen». Kan kome i hug den heggen om
våren. Då var han dekt av kvite blomar. Ja, då kalte vi han
"vårbruda vår"! , og om hausten med all sin veldige
fargeprakt, i gul, raudt, brunt, grønt, ja i alle nyansar. Men ei
stormnatt bles heggen ned. Den vart liggande langs innsida av løa.
Den var so stor at den rakk femten meter ovanfor løa. Den stengde
inngangen til fjøsen, så ho bestemor måtte i vedhuset etter sag og
øks for å sage tunnel inn til fjøsdøra.
Den
grove grauten
Om vinteren
hadde vi alltid noko å henge fingrane i. Bestefar var mykje i
vedhuset, og saga og hogg ved. Om kveldane batt han kaser, noko på
bestilling, og noko til forretninger i byen. Bestemor spann, strikka
og vov. Dei var sjølvhjelpte mest over alt. Når dei for til
handelsmannen, var det mest for å kjøpe parafin, salt, sukker, gjær
og noko siktamjøl, som bestemor blanda i heimemjølet til
brødbaksten. Til kveldsmat kokte bestemor alltid graut. Den var eg
ikkje særleg begeistra for. Den var so grov at eg kjende agna for
ned gjennom halsen. Bestefar skulda på kverna i elva som hadde for
elt overstein. "Ingen tok skade av grauten!".
Eit
uver i Grøndalen
Eg fylgde
bestefar nesten over alt, også var eg med han på sjøen, mest når
han skulle sete ut garn.
Ein tur eg
aldri gløymer! Det var ein tur til Svartevasslia, der hadde
dalefolket rett til å take never og bark. Nevra vart brukt til å
reparere hustaka med, for der var torvtak på alle husa i Dalen, og
bjørkabarken brukte han til barking av vegna (garn). Vi la tidleg i
veg om morgonen og veret var fint då me starta. Råsa går fyrst
over Stormyra langs elva (Eiteråna). So kjem vi fram i Grøndalen.
Den dalen er liksom ei stor gryte for seg sjølv fremst i dalen. I
botnen ligg ei stor myr (Grøndalsmyra). ho ligg der om hausten gul
og raud, ho minner om eit kjempestort teppe på eit stovegolv. I syd
er ein fjelltopp som heiter "Blånobba". råsa går vidare
over Svartevassremen og ned til Svartevatnet. Der går bytet mellom
Borgund og Skodje. På nordsida av Svartevassfjellet ligg
Svartevass-lia, der dalefolket hadde neverrett. Dette fjellet har
også andre navn. «Blåfjellet» og «Merafta».
Vi arbeidde i
lia utover dagen med nedfelling av bjørk, avflekking av never og
bark. Nevermeisa fekk bestefar på ryggen og vi la på heimveg. Eg
syntest at han nevnte noko om uver, han var liksom so lav i målet.
Men då vi kom i Grøndalen vart det so underleg stilt, mørkt og
rart. Eg syntes eg såg huldra i alle skuggar, og dei store gamle
trollfurene som veks der hadde virkelig blitt om til troll, som
strekte sine svære sidearmar til alle kantar. Plutseleg vart det eit
voldsomt smell, og eit ljos som eg aldri hadde sett før. Og so
braket som kom etterpå. Eg hylte og skreik, og kneip tak i den brune
vadmeltrøya til bestefar min.: "Er det dommedag som ho bestemor
har fortalt om!!?" "Så, så", trøsta bestefar "det
er nok berre ei sterk torebyge". Då vi kom heim fanst det ikkje
ein turr tråd på oss. Eg gjekk rett i senga den dagen. Ja, det kan
eg vere glad for, for dei svære trollfurene i Grøndalen hadde byrja
å svinge med sidearmene etter meg den dagen!
Eiteråna
Eiteråna er
navnet på elva som kjem frå Grøndalen og renn ned gjennom dalen,
Å-bakkane, og går i sjøen like utanfor Eiteråneset, omtrent
midtvegs mellom Magerholm og Hesseberg. Navnet skriv seg frå at når
ho har stor vassføring freser ho. Ja, då er ho eitrande sint!
Harde
slag for Dalefolket
Det var nok
ikkje alltid greitt for dalefolket heller. Dei var nøktern og
sparsame folk. Dei kunne spare seg opp penger som dei sette i banken.
Ho Inga, pleiedotter til bestefar, hadde vore på Austlandet og
tjent. Ho hadde spart seg opp 8000,-. Desse pengane må du sete i
banken, sa pleiefaren. Ho so gjorde, og der rauk banken - den gjekk
konkurs. Bestefar mista 14000,- og Inga kr. 8000,-. Dette var harde
bud for ørespararane den gongen. Besteforeldra mine hadde ein litan
gut som døydde. Han heitte Rangvald. Då vart det sorg i Dalen.
Fleire år etter døydde sonen Andreas. Han hadde vore i Amerika og
tjent penger, då han kom heim kjøpte han Hansgarden på Flisneset.
Det var i 1918. Same året døydde han i Spanskesykja. Bestemor
fortalde at der var nedsett femten kister i same grava. Dette var i
indste og nøraste kråa på Borgund kyrkjegard. Andreas var gift med
Maria Rot frå Vartdal. då mannen døydde selde enkja garden og
flytte til Barstadvik, der etterkomerane bur endå.
Bestefar
sukke tungt og sa: " Det har vore mangt", men det hardaste
slaget for han var at han måtte flytte frå Dalen. For Dalen var
hans rike, der treivst han, der song han, der hadde han sin motgang
og medgang, der levde han! Eg veit at det gjekk hardt inn på han at
han måtte flytte frå Dalen!
Folk
som vitja Magerholmdalen i mi tid
Ein tur opp i
Dalen var ein fin tur for dei fleste folka på Magerholm og omegn.
Det vart då mest søndagstur. Dei eg kan kome i hug var han
Vika-Tore og ho Kalla, syster hans, og han Steffå og sonen Peder frå
Pe-Haugane. Og so må eg for all del ikkje gløyme ho
Hesseberg-Tomasine. Ho skratta og log støtt, og hvis nokon fortalde
ei skrøne vart det ikkje stopp i skrattinga. Borgund-prestefrua,
Eikrem, var kvar sumar gjest i Dalen. Ho hadde med speidarar, og dei
rasta fram på Lynghaugen. Elles var det slekta vår som kom. Kan
ikkje kome i hug Puskefolket, når dei kom. Det var han Onkel Ole og
ho tante Kalla og borna, Johan, Anna, Petra, og Knut og Helga sat på
hesteryggen. Hesten heitte "Tryggen", ja , då vart det
stor stas! Om vinteren var der sjeldan besøk. Det var mest han Lars
på hovedbruket. Han starta med tømmerkøyring strakst snøen kom,
og held på med dette heile vinteren. Lars var ein lun og koseleg
kar, og ein jamn slitar.
Oppe
i Nybrøtet
Etter at
bestefar hadde flytt frå Dalen var han kvar sumar innatt. Han hadde
haldt att der eit stykke som han hadde brote opp sjølv. Dette
stykket kalla han «Nybrøtet». Dette stykket ligg i utmarka ovanfor
løa. Eg var fleire gonger med han og slo der. vi overnatta i huset.
ein dag vi to sat i Nybrøtet og hadde kaffipause begynte eg å
spyrje han ut om Bjønnanakken. Den nakken ligg rett i syd for
Dalehusa. Kvifor hadde nakken dette navnet? kvifor hadde slåttemarka
på nordsida av nakken navnet Bjønnahåla? og kvifor heitte den
vesle myra på sydsida Bjønnamyra?
No fekk eg
for fyrste gong høyre han fortalde om bjørn: I 1830-åra vart det
gått bjønnamanngard over heile Uksnøya. På sydsida av nakken er
der nokre stupbratte hammrar der ein bjørn heldt til i ei flå, der
hadde han også hi. Dit opp hadde ikkje jegrane kome seg, so bjørnen
lurte dei.
Dette var ein
stor gamal hannbjørn som var grasbjørn, so han gjorde ikkje krøtera
noko. Knut Tjugen var bestefar til bestefar min, og han budde då på
Daleplassen. Den nye forpaktaren på Aksla - som forpakta Aksla etter
Knut Tjugen - var Lars Akslen. Knut og Lars vart då samde om å
skyte bjørnen. Bjørnen kom or hiet på ein viss dato om våren. Han
gjekk over Løypemyra og fylgde nakkane fram til Grøndalen der han
grov opp nokre røter som han åt. Knut og Lars la seg då oppe i ei
flå i Sjylsternakken og venta. Og rett nok, der kom bjørnen! Dei
skaut han. Han røyste seg då opp på bakføtene og datt på ryggen,
daud. Knut Tjugen for heim etter hest og slede for å køyre til
gards den skotne bjørnen, men hesten nekta å gå inn til bjørnen.
Han bles i nasen og reiste seg opp, så dei måtte sprette han ifrå
sleden og binde han i eit tre. Knut og Lars måtte drage bjørnen til
gards med handemakt. denne historia har gått i arv. "Dette
hende før mi tid", sa bestefar. Bestemor hadde ogso tidlegare
fortalt meg om ei jente som heitte Kanutte som møtte ein bjørn
utanfor Sjøalet ned for Daleplassen. Kven denne Kanutte var, har eg
enno ikkje greidd å spore opp. Det er mest truleg at ho var frå
enno eldre tid! Det er nokso truleg at bjørnen likte seg i
Magerholmdalen i den tette skogen. Det er eit dyr som likar å rusle
einsam omkring. Derimot går ulven mest i flokkar og likar seg best
på snaufjellet.
Historia
om Dalefolket
- kvar dei kom frå og kvar dei for
Til dette har
eg hatt stor hjelp av bror min, Petrus, som driv med slektsgransking!
(Red.anm. Årstal og namn i raudt er justert
2019, slik at dei vert heilt rett.)
Den fyrste
som busette seg i Dalen var Knut Salvesen Tjugen frå Loen i Norfjord
(1777-1862) og kona Barbro Olsdatter, også frå Loen (1777-1862) fra
bnr. 16 gnr. 70. Far til Knut Salvesen var Salve Knutsen Tjugen
(1751-1832). Kona til Salve var Sigrid Jakopsdatter Sæten
(1758-1791). Knut Tjugen var brukar på bnr. 1 gnr. 70 i Loen. Knut
og familien reiste so frå Loen til Eidsnes på Sula, der dei
forpakta ein plass. So flytte dei der ifrå til Aksla bnr. 2,
innanfor Emblem. Det var Borgund-presten som då eigde Aksla, som
ordna dette. Som attåtnæring tok Knut seg jobb som tømmerkøyrar.
Han hadde hest sjølv. Han arbeidde hjå Halvard Morken frå Sogn.
Han eigde då Magerholmgarden. Halvard Morken var ein velhalden mann
som eigde fleire gardar på Sunnmøre. Bestefar fortalde at Halvard
hadde ein son som heitte Torkjeld. Knut Tjugen og Torkjeld arbeidde
godt saman både høgt og lågt, på sjø og land.
Av
forpaktinga på Aksla vart det inga fortjeneste, då der var to
kårfamiliar å halde. Knut og familien flytte so frå Aksla til
Magerholmdalen. Dei budde førebels i eit sel som stod att på den
eldste sætra som Knut med familie slo seg ned på. Den heitte
«Rognestølen». Knut fekk i år 1830 bygselfeste på Daleplassen,
med alle rettar og årsavg. 2 1/2 spd. og 6 dagars pliktarbeid på
hovedbruket. Knut sette so i gang med bygging av hus på
«Ramsdalsgjerdet» som ligg like inn, og ovanfor Rognestølen. Han
bygde røykstove, stabbur, løe med fjøs, kvennhus, hønsehus, og
naust ved sjøen like innanfor «Gasseneset», der Per Nedregotten no
har trelastlager. Dette vitnar om ei sterk og målbevisst
arbeidsfamilie som det lyser respekt av. Då timberet vart teken på
skogen og alt vart saga med handsag. Ja, eit hurra for dei! Knut og
Barbro hadde fem døtre. Anne, Sigrid, Randi, Jannika og Ane. Jannika
og Randi var tvillingsøstre. Desse flytta frå Dalen straks dei vart
vaksne. Ho Randi vart att, og det er mor til min bestefar.
Anne
(1810-1851)
Anne var den
eldste dottera til knut og Barbro. Ho for til Spjelkavik og vart gift
med Nikolai Nikolaisen Spjelkaviknes. Nikolai var frå ein plass som
heitte Synnaforplassen på Leitevågen. Ein kan sjå murane etter
husa der enno. Faren var smed. Nikolai var ein dugande mekaniker. Han
fekk so feste på ein plass ved Lillevatnet. Det var eit utmarkstykke
under hovedbruket Spjelkavik, som han bygsla frå 1846, og kalla
dette «Bigton», brn. 8. Sonen til Anne og Nikolai var Hans Bigton
(1851-1929). Han var gift med Karen Amundsdatter Melseth (1855-1919)
frå Ørskog. Sonen deira var Andreas Spjelkavik (Bigton) (f.1889)
som var gift med Else Indreberg (f.1897). Andreas starta
rutebilselskapet Spjelkavikruta, og vart sidan disponent der.
Syskjena til Andreas var Nikoline Garseth, Ragna Bigton og Ellen
Nedregård.
Siri
(1812-1895)
Den andre
dottera til Knut og Barbro var Siri. Ho reiste til Vanylven frå
Dalen som ung jente, og tok tjeneste hjå eit gamalt ektepar som
ikkje hadde born. Ho arva 400 daler etter dei. So reiste ho til
Sykkylven og tok teneste der. ho vart trulova med ein kar på Vik.
Dei bygde seg nytt hus. Siri hadde sett pengane sine inn i det nye
huset. Men då dei skulle gifte seg fann karen seg ei anna. Han
overtok då både huset og alt. Dette gikk so hardt inn på Siri at
ho miste forstanden, og ho sa stadig: "Fanten som tok pengane
mine, han tok pengane mine, han tok pengane mine!!" Fanten som
tok pengane hennar, og ho han vart gift med, var foreldra til Marte
som vart gift med Kristen på Krissenplassen på Magerholm.
Jannika
(1819-1903)
Den tredje
dottera til Knut og Barbro var Jannika. Ho var tvillingsyster til
Randi. Ho reiste til Ekornes i tjeneste. Der fekk ho seg ein kjærest
med navn Hans Ekornnes. dei skulde ha barn, men vart ikkje gift. Hans
hadde ei anna som han skulde ha barn med også, og gifta seg med
henne. Jannika fekk ein gut som ho fekk døypt Sevrin. Då Jannika
ikkje var gift måtte ho fortsette å ta tenester. Foreldra til
Sevrins far tok seg av guten, og han voks opp hjå dei. Då han vart
vaksen reiste han til Vegsund og tok jobb som dreng hjå Hatlemark.
Sidan kjøpte han eit stykke som han dyrka opp, bnr. 5 Gamle
Vegsundet. Same året gifta han seg med Berte Magerholmdal. Berte og
Sevrin var syskenborn.
Randi
(1819-1892)
Randi var den
fjerde dottera til Knut og Barbro. Randi var tvillingsyster til
Jannika. ho gifte seg med Ingebrikt Larsen Emlem (1818-
1848)
.
Dei overtok Dalen og rydda og dyrka opp den gamle Rognestølen yst på
plassen. Dei dyrka både korn og poteter der. Men so døydde
Ingebrikt. Enka vart oppattgift med Knut Jørgensen Mo fra Bondalen
(1820-1887). Foreldra til Knut Mo var Jørgen Martinus Viddal
(f.1800). Kona var Pernile Moe fra Bondalen. Randi og Knut hadde fire
born. Det var : Petter, Jørgen, Berte og Knut. Den siste var
bestefar.
Petter
Petter gjekk
i gullsmedlære og reiste til Oslo og vart gullsmed der. Petter og
kona hadde ikkje born. Men ein morgon dei kom ut på trappa stod der
ei korg med eit lite barn i. Då dei ikkje greidde å spore opp den
rette mora, tok dei barnet til seg. Dei fekk barnet døypt, og ho
fekk navnet Gudrun. Ho vaks opp hjå dei. Mine besteforeldre fekk
ofte brev frå Gudrun.
Jørgen
(1851-1933)
Han vart gift
med Berte Larsgård på Larsgården ved Nørvasundet. Han tok då
navnet Jørgen Larsgård. Berte og Jørgen hadde ikkje born.
Berte
(1855-1935) (Randi si dotter, og born nummer 4)
Berte vart
gift med Sevrin Hansen Ekornes som var son til Jannika, dotter til
Knut Tjugen. Dei var søskenborn. Dei budde i Gamlevegsundet, bnr. 5.
sonen deira var Karl. Kona Anna Vegsund. Sevrin gjekk under navnet
Vegsund-Sevrin.
Knut
(1860-1949)
(Randi sin son, og born nummer 6)
Knut var min
bestefar vart att på Daleplassen, han vart gift med Petrine
Andreasdotter Apalseth frå Ørskog (1854-1946). Bestefar reiv då
ned den gamle røykstova, og bygde nytt hus i 1888. Ellers var her
løe med fjøs, stabbur, hønsehus , kvernhus og naust ved sjøen.
Bestemor hadde ei syster i Ålesund som heitte Nikoline. Ho var gift
med Ole Longva. Bestemor tok til seg to av borna hennar. Det var Inga
og Jonas. Dei voks opp i Dalen. Då Inga var lita fekk ho ein
hudsjukdom. Bestemor gjekk da to gonger i veka med Inga på ryggen
fra Magerholmdalen til Ålesund for behandling hjå doktor Parelius.
dette foregjekk over eit lengre tidsrom. Respektabelt gjordt! Jonas
kom vekk på ishavet. Ho Inga vart gift med Ingebrigt Nybø på
Hovdenakk i Ørsta. Han var i mange år Ishavskytter, og ellers
gardbrukar og pelsoppdrettar.
Karolina
(1888-1981)
Karolina vart
fødd same året som det nye huset var bygd. Ho vaks opp i Dalen og
kunne fortelje mykje der ifrå. Ho vart gift med Ole Ødegård i
Puskhola (1887-1971). Han starta med snikkarverkstad, og fortsette
med karosserifabrikk. Sonen Johan og sønene hans driv på med det
enno.
Knut
(1894-1983)
Knut var min
far. Han og bestefar dreiv ei tid saman med kveiteliner i
Storfjorden. då han gifta seg med Nikkoline Emlem (1898-1980)
-Ystebø-Nikka- mor mi, flytte dei til Spjelkavik der dei arbeidde på
fabrikkar resten av tida.
Andreas
(1889-1918)
Andreas
reiste til Amerika. då han kom heim for å slå seg ned her kjøpte
han Hansgarden bnr. 1 på Flisneset. Han døydde same året. Det var
spankesyka. Onkel Andreas var gift med Maria Rot frå Vartdal. Då
mannen døydde, selde enkja garden til Bernt Eidsvik og flytte til
Barstadvik, der etterkommarane bur enno.
Ragnvald
(1897-1897)
Eg veit ikkje
kva tid han vart fødd, eller kva tid han døde.
Anna
(1825-1902)
Ane var den
femte dottera til Barbro og Knut Tjugen. Ho vart trulova med Petter
Opskar frå Ørskog. Han døydde straks før bryllaupet. Ane fekk ein
gut som ho kalla Karl (1862-1936). Ane budde i Håhjemsvik der Karl
voks opp. Karl var ein flink skomakar. Han sydde sko til mange. Han
arbeidde mykje på prestegarden på Skodje. Likeeins hjå lensmann
Qvale på Solnør. Seinare kjøpte Karl Jogarden på Furstranda, og
tok navnet Karl Furstrand. Karl Furstrand gifte seg 3. oktober 1898 i
Strandakyrkja med Beate Qeis (1868-1962).
Borna
Olivia Helga
(1899-1947) var gift med dykkar Valdemar Lerfald
Anna (f.1900
Hans
(1903-1986) var gift med Nikoline Solnørdal
Birgitta
(f.1906) var gift med Ole Nes på Trandal
Klara
Bergljot (f.1913)
Magerholmgarden
skulde selgast
Då Lars og
Jensina på hovedbruket var blitt gamle vilde dei selge
Magerholmgarden. Bestefar spurde då han Lars om han fekk kjøpe
Daleplassen. Til dette spørsmål svara Lars at det skulde han få.
Prisen var 5000,-. Bestefar syntest då det var leitt at Dalen skulde
fara ut or slekta. Han tenkte då på alt han og hans forfedre hadde
slete opp, grøfting, bryting og bygging av husa. Då spurde bestefar
meg: "Vil du Kåre ha Dalen so skal eg kjøpa han til deg?"
Eg var då berre ein liten gutonge, og kunne ikkje seie korkje ha
eller ja. Men ho bestemor sette seg sterkt imot dette og sa: "Kva
er det du tulla med Knut! Hev oss ikkje krøpe nok her oppe i snøva
om du ikkje skal lokke andre også hit opp!" Det kom nok også
eit anna bilete inn her som ho tenkte på. Det var ikkje alderstrygd
i den tida. Dei måtte leve resten av livet av sparepengane. Eg har
tenkt over dette seinare. Hadde eg svara ja den gongen, so hadde
kanskje Dalen vore i slekta enno.
Magerholmgarden
bytte eigarar
So selde Lars
og Jensina garden til Karl Engeset frå Norddal. Lars heldt att Bøen,
eller Paraten, som dei kalla plassen. Den ligg vest for hovedbruket.
Der bygde dei seg nytt hus og løe. Der budde dei til dei døydde.
Karl Engeset (1865-1941) brukte garden frå år 1924 til 1941. Sonen
Hjalmar (1894-1957) brukte frå 1943 til 1957. Sonen Olaf Engeset (f.
1932) har bruket no. Olaf har satsa stort på tømmerdrift i
Magerholmdalen. Han har fått opp ny tømmerveg, og moderne maskiner
er i drift både i dalen og på vegen. Det er ikkje berre skurtømmer
som vert levert, det er ogso slipp-tømmer. Teig for teig vert rydde,
og ny skog vert planta, både gran og furu! Eg har høyrd av folk som
meiner at det er synd at Magerholmdalen, som er kommunens grøne dal,
vert rasert på denne måten. På den eine sida kan eg vere enig med
desse, men på den andre sida: Olav Engeset, som eig garden, kan
ikkje leve av "romantikken".
Ein
trist dag
Det
var den dagen eg måtte fare frå Dalen. Det var i Mai i 1927.
Besteforeldra mine fylgde meg nedover bakkane, og tårene rann
nedover kjakane mine. Det var ei stor trøst då bestemor kviskra meg
i øyra: "Kom oppatt til sumaren i ferien". Eg for til
Spjelkavik og begynte i skulen. Like etterpå reiste bror min Andreas
til sine besteforeldre i Dalen. Han har også mange kjære minner frå
Dalen. same året om hausten 1927 flytte dei frå Dalen til Puskhola
der dei budde til dei døde.
Om
fattaren:
Kåre
Magerholm vart fødd 28. november 1919 og døydde 13. desember 1997.
Foreldra var Nikoline Peterdatter (f. Emblem) frå Ystebøen, og Knut
Knutsen Magerholm frå Magerholmdalen. Familien busette seg i
Spjelkavik, der foreldra arbeidde på fabrikk. Han skreiv i 1986 eit
hefte om barndomsminna sine frå Magerholmdalen. Han har og teikna og
mala alle bileta som du finn på denne sida. Nokre vart publiserte i
heftet han skreiv, og derfor i svart/kvitt.
På det eine
biletet, i albumen til denne sida, er Kåre 1 år. To år etter
flytte han til besteforeldra sine i Magerholmdalen i 1922, og blei
verande hos dei heilt til han var 7 år, og skulle byrja på skulen i
Spjelkavik. Det er denne perioden han skriv om i teksten, som no er
digitalisert.