Setring
har lange tradisjonar i Norge. Me veit at ein tok med seg denne
driftsforma ved ekspansjonen lenger vest mot Island, Grønland og
Færøyane på 800-talet. Det er mogeleg at seterdrifta er like gamal
som fedrifta i Norge og at den er ei etterlevning av nomadisk
driftsform slik vi kjenner den i mellom anna samisk kultur. Ei seter
vart oppretta for å utnytte utmarksbeita som låg for langt frå
heimebøen til at ein kunne flytte dyra kvar kveld og morgon. I nokre
bygder har ein hatt jamvel to setrar for å utnytta foret høgt til
fjells, men det mest vanlege har truleg vore ei seter. I Emblemsbygda
har ein nytta enkle sommarfjøsar like ovanfor innmarka. For dei som
hadde sel så vart sommerfjøsane truleg nytta kun på vårparten før
dyra vart flytta til fjells, Mauritz Akslen fortel at dei slapp først
dyra austover mot Brennhaugen på våren, før dei flytta dyra
ovanfor utmarksgjerda nedanfor Stornakken. Her var det fjøsar der
dyra overnatta nokre netter før jagardagen. Østrem har hatt sine
sommarfjøsar like ovanfor gardane i likheit med Emblem som har hatt
sine på Legane. Nedregotten har hatt sommerfjøsar ovanfor
Larsgarden og Storelva. Nokre stadar i Norge har ein jamvel hatt meir
permanente gardshus der huslyden kunne bu heilt fram til foret frå
setreslåtten var brukt opp. På vestlandet har det vore meir vanleg
å frakte lauvris og høy til gards på vinterføre i staden og
etterfylle i høystålet kring påsketider. det er truleg dette som
har vore mest vanleg i vår bygd før 1800-talet, men gardane på
Emblem har ikkje hatt fjellslått i nyare tid.
Kvar
setrane har lege på Emblemsfjellet gjennom tidene, er det vanskeleg
å seie i dag. Ekspertar på fauna kan kanskje finna spor etter gamle
setrebøar, men eg kjenner ikkje til grundige undersøkelsar av dette
på Emblemsfjellet. Det eg veit, er at klimaet byrja å verte kaldare
kring 1400-talet og at dei høgast liggande setrane i landet vårt
vart lagt ned. Nokre stadar slik som på Herdalsetra i Norddal
kommune har dagens seter opphaveleg vore ein gard før 1700. No er
ikkje Emblemsfjellet særleg høgt, men stemmer teorien til Karl O.
Emblem, så fanst det ein gong ein seterstøl sørvest for
Haugstølvatnet (eller Haustølvatnet). Dette vatnet ligg omlag like
høgt som Bigtonhytta og litt lenger aust. Karl O. hadde høyrt at
denne setra vart flytta inn til Langevatnet fordi huldra var så
plagsam. Det er grunn til å tru at denne setra inne ved langevatnet
er det som ein i dag kalla Gamle Emblemseter. Bygdeboka nemner at
setrane kan ha vore flytta 2-3 gongar før dei vart plassert på
dagens setrevollar. Eg kjenner berre til at Emblemsetra har vore
flytt så mange gongar.
Me veit
at klimaet forverra seg utover 1700-talet og perioden frå omlag 1650
og utover mot 1800-talet har også fått namnet «Den vesle istid».
Dette er samme tidsbolk der andre setrar vart flytt og høgtliggjande
gardar vart fråflytt. På denne tida var ein særs avhengig av å
dyrke korn på gardsbruka. Sjølv om tempraturen ikkje sank så
mykje så vart det kaldare vintrar og kortare vekstsessong. Det vart
difor behov for å flytta setrane lågare slik at ein kunne halde på
dei urgamle tradisjonane med jagardag til setra kring jonsok og
nedattaking kring barsok (Bartholomeusmesse) 24. august. Gardsdrifta
var mykje meir tidbunden i tidlegare tider med faste gjeremål
tilpassa merka på primstaven. Både Mauritz Akslen og Karl O. Emblem
beskriv nokre av desse gjeremåla i si beskriving av gardsdrifta i
Steffågarden på Emblem og gardsbruket Høla . Dei fortel óg om
korleis dei nytta heimbøen og sommarfjøsane fram mot jagardagen her
på www.Emblemsbygda.com.Eit
anna argument er at gardane ikkje var så oppdyrka som no. Desto
tidlegare ein fekk buskapen vekk frå heimebøen, desto meir for
kunne ein berge i hus før vinteren.Det var først på slutten av
1800-talet ein byrja å fokusere på mjøkedrift og kjøtproduksjon.
Før den tid var det snakk om svelteforing om vinteren. Dyra var
ofte så magre at dei knapt kunne stå når dei vart sendt ut på
beite. Hjørundfjordbøndene leigde også plass til sine dyr på
vinterforing i Emblemsbygda.
Det
var ikkje alle som hadde eige seterhus eller setrerett. Det var for
det meste husmannfolket som måtte nytta sommarfjøsane heile
sommaren. På Gamle Emblemseter var det gardane Ystebøen,
Auregarden, Sjursgarden, Steffågarden, Skillingsgarden, Jakobgarden
og gardane i Emblemsvågen som helt til. Dei andre gardane i bygda
hadde setrar lenger aust. Østrem, Aksla hadde setrar kring
Setrevatnet der du framleis finn Østremsetra. Aksla og Reiten hadde
sine sel på austsida av vatnet like ved den raude hytta der det i
dag vert kalla Huldrestølen. Gamlesetra til Aksla heitte Urdastølen
og vart flytta i 1925 dit Akslasetra ligg i dag. Mauritz fortel at
sela vart demontert, stokkane merka og så batt dei det heile saman
til ein flåte som så vart fløtt til vestenden av vatnet. Stokkane
vart deretter enten køyrd med hesteslede og for det meste flytt med
handemakt dei resterande 5-600 metrane .Når Reiten flytte sine sel
mot Akslasetra er eg ikkje sikker på, men det var truleg av samme
årsak og i same periode. Magerholm har si seter i Magerholmdalen og
Kåre Magerholm hadde høyrt om ei enda eldre seter nærare
Svartevatnet.
Setrevegen
til den gamle Emblemsetra gjekk opphaveleg frå Røssevollen, før
mange byrja å nytta ei rås som byrja mellom Jakobgarden og
Fursetgarden. Ystebøfolket nytta i alle år Røssevollvegen til
seters. Råsa var både krokut og smal og det var kvileplass ved
Rotanakken, ved Ølkona og oppe i Breiskaret der det óg var ein
oppmura kvileplass på det høgste punktet på setreråsa. I
tidlegare tider budde budeiene på setra og tok seg av det meste av
konserveringa sjølve. Dei ysta ost, syrna mjølk, separerte fløyten,
kinna smør og laga åfalringje. Noko av mjølka vart dessutan boren
til gards. På slutten av 1800-talet vart det sett i gong
bygdemeieri i bygda og då vart det nødvendig å bere all mjølka
frå setra kvar morgon. Sidan setrejentene ikkje behøvde å ta seg
av mjølkebearbeidinga på setra så var det heller ikkje nødvendig
å bli verande der oppe om dagane. Jentene deltok då i gardsarbeidet
på dagtid, før dei gjekk til seters til mjølkinga om kvelden.
Deretter overnatta dei på setra og mjølka omlag kl. 5 neste
morgonen slik at dei rakk å bere mjølka til meieriet så tidleg som
mogeleg.
Aslaug
P. Østrem (f. Magerholm) var den siste budeia som budde på Gamle
Emblemseter i 1937.Ho
gjekk på setra for besteforeldra sine på Ystebøen. Så vidt som eg
hugsar så fortalde ho at ho reiste til seters med hest og vogn frå
foreldra sin heim i Spjelkavika. Raskaste vegen var innover
Vasstrandsvegen og oppover mot Langevatnet omlag der vegen opp til
demninga går i dag. På vegen vart hesten skremd og heldt på å
springje ut i Brusdalsvatnet. Det var truleg besteforeldra som sjølv
fekk buskapen til seters. Dei fleste eg har snakka med fortel at det
var som om dyra visste vegen og kva som skulle skje. Dei var heller
ikkje vanskeleg å få med seg til seters. Vel framme på Setra
skulle selet sandskurast, Dei nytta granbar på golva for at det
skulle lukte godt og sengehalmen vart erstatta med ny halm. Til slutt
skulle reine dukar og tepper på plass. I fjøsen la dei torv i
båsane til dyra. Flytting av trekister med mat, klede, reiskap og
anna som ein trengde, var mannfolka sitt ansvar. Dei skulle også
sørge for brennsel i løpet av sommaren. Setretausene var på mange
måtar priviligerte. Ein kjenner til at dei var tidleg ute med å få
seg arbeidsty som gode regnfrakkar, arbeidsbukser i denim og til og
med tennisko dei siste åra. Dei måtte vera med i slåttonna heime
på garden, men dei slapp unna ein del av arbeidet og oppvasken for i
halv-sju-tida måtte dei fram på setra att.
Laurdagane
fekk setretausene ofte med seg noko ekstra godt på veg til setra.
Dei fekk som regel vere på setra heile søndagen og då kunne det
verte friarbesøk også. Jentene hadde vaska sela grundig reine på
fredagen, pynta seg og kokt festmat som rømmegraut med løfse attåt.
Var det mange på besøk så vart setrevollen nytta. Ein av dei
ivrigaste friarane sommaren 1937 var Hans Austrem, odelsguten i
Larsgarden. Gamlefolket spøkte med at han struk til seters so ofte
at han kom til å slite ned heile Breiskaret. Hans og Aslaug vart
også gift nokre få år seinare. Laurdagskvelden kunne ungdomane
vere oppe heilt til midnatt og ei helg kvar sommar var det setrehelg.
Den helga kom det ekstra mykje folk frå både bygda, grannebygdene
og kanskje frå Ålesund også. Setrejentene var som regel i
konfirmasjonsalderen eller tidvis yngre når dei gjekk på setra. I
eldre tider var det truleg ei meir vaksen sjefsbudeie på stølen. Ho
hadde hovudansvaret den gong det var ysting og slik var det også på
andre stølar i kring. Denne tradisjonen kan ha tatt slutt kring
1890, for det var billegare å leige ungjenter når ein kun skulle
bera mjølka til gards.
Om
kveldane på den tida det var fleire budeier på stølen, kunne dei
samla seg i eit av sela med handarbeid, leika seg på vollen med
lyrespel eller gøyme og leite. Kvardagskosten var løfse, brødmat
og graut. Dei kunne også plukke bær i ledige stunder. Etter
1850-åra var det mest kyr, men i tidlegare tider var det ein god del
geiter også og kanskje ein eller to grisar attpå . Det kunne hende
at budeiene på dei ulike setrane for på besøk til kvarandre. Frå
Urdastølen til Gamle Emblemseter tok det omlag ein time og det var
då mogeleg å låne seg båt og ro Langevatnet på langs.
Dei
fekk ikkje like mykje mjølk frå kvar ku den gongen som no. Det mest
vanlege på 1930-talet var ca. 4-5 kyr som skulle mjølkast. Når
kvar ku gav omlag 3-5 liter med mjølk, vart dette kring 16 liter som
skulle berast med handemakt til bygda av dei unge jentene i all slags
vér. Dei hadde då eit børatre til å hjelpa seg. Mjølka frå
kveld og morgon vart halde frå kvarandre i eigne bytter og dei måtte
leggja silarkleda over så det ikkje skulle kome rusk nedi mjølka
når dei gjekk. Når jentene starta mjølkinga klokka 5, så var dei
ferdige med handmjølkinga og nede i bygda til mjølkebilen (etter
1925) kom klokka 7:30. Eg veit ikkje om dei måtte vera på plass
tidlegare den gong ein nytta hestetransport til Dampskipskaia, som
vart bygd i 1906, eller når det var bygdemeieri i bygda frå ca
1890-1906. Det eg veit med sikkerheit er at sommarruta med båt
passerte Emblem 9:30 i 1920, så det er mindre truleg at setretausene
måtte starte fjøsstellet tidlegare enn kl.5. Mauritz Akslen hugsa
at det var eigne køyrelag, den gong han setra som unggut.
Plassemennene måtte drage fram mjølka for eiga hand. Mauritz var
ein av dei svært få gutane som setra. Eg veit ritig nok om ein i
Magerholmdalen óg men det var spesielt.
Hausten
1937 vart det slutt på setringa på Gamle Emblemseter. Ystebøselet
var då det einaste selet som framleis hadde vorte nytta til setring
på stølen. Ystebø-selet vart ståande att åleine til det fall ned
ein gong på 1960-talet. Dei andre sela vart flytta ein gong mellom
1929 og 1937 til dei to stølane som i dag heiter Auresetra og
Skillingsetra på sørsida av Breiskaret like ovanfor fellesbeitet på
Emblemsfjellet. Årsaka til flyttinga var truleg at setervegen vart
for lang. Akslafolket hadde samme syn og flytte si seter nærmare
setrevegen som vart bygd til Østremsetra. Aksla, Reiten og Østrem
delte truleg på utgiftene og arbeidet på vegen frå Grønevollen
til den nye Akslasetra. Eg har høyrt at også Emblemsgardane var
interesserte i å samarbeide om seterveg, men dei klarte ikkje å
verte enige om kvar den skulle gå. Emblemskarane ville naturlig nok
byggje vegen omlag der setrevegen deira gjekk, medan karane på
Østrem, Reiten og Aksla meinte at det vart for tungvint med ein
omveg heilt ut dit når det var kortare å betre med veg opp
Grønevollen. Emblemskarane bygde ikkje nokon alternativ veg på eiga
hand, men flytte sela sine nærare fjellvegen frå Østrem. Emblem
fekk ingen vegrett opp Grønevollen og det kan ha påverka levetida
til emblemsetrane.
I
følge Borgundboka så har gardbrukarane i bygda ikkje hatt behov for
nokon fjellslått (etter 1850?) av di dei har stort sett hatt nok
innmarkslått til å klare seg. For plassemennene har denne slåtten
vore tvingande nødvendig i lag med tjørebrenning heilt fram til
1900-talet. Lars Samuelsen Storstein (1836-1927) og Ane Håkensdotter
Frøysa (1844-1917) på plassen Nygjerdet på Røssevollen var to av
desse. Det vert fortalt at dei dreiv mykje fjellslått på nattestid.
Lars var tømmermann og jobba for andre på dagtid. Om natta måtte
han gjera arbeidet på sin eigen plass.
Setringa
på dei andre gardane i bygda varte likevel ikkje særleg lengre enn
på Emblem. Dei fleste setrane vart nedlagde kring andre verdskrigen.
På Østremsetra heldt dei på til om lag 1950 og Akslafolket gav seg
1-2 år tidlegare. I dag er det mest hytter att på Emblemsfjellet.
Du finn likevel eit og anna sel som har vorte nytta til setring i
tidlegare tider. Høleselet, Skillingselet og Hatlebakkselet er tre
av desse. Alle har vorte flytta til nye murar og det er vanskeleg å
sjå føre seg korleis dei såg ut den gongen. Ein fleire tusen år
gammal tradisjon er soleis over for Emblemsbygda sin del.