Larsgardsnamnet
Larsgarden
vart delt i tre delar (Larsgarden, Abrahamsgarden og Steinsgarden) i
1712. Namna på østremsgardane tyder på at dei fekk desse namna på
eit seinare tidspunkt enn ved frådelinga. Truleg er
Steinsgards-namnet eldst, for eg finn kun ein brukar med eit namn som
kan likna. Steinar Olsen Straume (1700-1749) var den første brukaren
som kom utanfrå etter at Steinsgarden vart frådelt Abrahamsgarden.
På det tidspunktet var det altså 4 bruk og ikkje eitt eller to, som
kan ha vore det opphavelege. Det vart difor behov for å skillja dei
ulike brukarane, og ikkje minst borna deira, frå kvarandre. I løpet
av mine søk i kirkebøkene så er det nemleg tre forutsetningar for
namnevalg som kan ha påverka foreldra. Dei kan ha vorte oppattkalla
etter besteforeldre, eller eit tidlegare avdød søsken.
Barnedødligheita var nemleg stor før 1920. Den tredje forutsetninga
var namnemoten. Ikkje så rett fekk populære namnekombinasjonar. For
jentene kan det ha vore til dømes Constanse eller Laurentse som
mellomnamn. Resultatet kunne då verte at ein fekk minst to Lars
Knutsen Østrem. Kom dei frå same gard kunne «den eldre» og «den
yngre» bidra til å skilje generasjonane frå kvarandre, men kom dei
frå kvar sin gard, så kunne de by på problem.
Steinsgarden
har soleis truleg fått namnet sitt kring 1733, Abrahamsgarden kring
1835 og Mattisgarden kring 1824. Eit så stort sprang i tid kan tyde
på at gardsnamna kunne variere over tid. Eg vil tru at det var
fleire enn Steinsgarden som hadde fått namn på folkemunne i 1733,
og slik kan Mattisgarden ha heitt til dømes «Olegarden». Det
verkar som om det er markante skikkelsar på dei ulike gardane og
truleg også daglegtalen som har vore med på å endre gardsnamna.
Det er ikkje sikkert at det var brukarane sjølve som stod for dette.
Både Mathias og Abraham var markante karar, og det er neppe
tilfeldig at nettopp desse fekk namna sine knytt til garden.
Endringar av namna skjedde truleg gradvis ettersom dei gamle
«hedersmenn» forsvann gradvis ut av det felles folkeminnet. Soleis
har eg vore vand med å seie «Eriksengarden» i staden for
Mattisgarden.
Når
ein kjem til Larsgardsnamnet, så er det to mogelege kandidatar, Lars
Andreassen Engeset (1830-1885) eller frå oldefaren min, Lars Olsen
(Emblem) Austrem (1870-1952). Eg vil tru at namnet stammar frå den
siste. Han var sonen til «Sjurs-Ole», som var den rikaste i bygda i
si samtid. Vidare var Lars omreisande lekmannspredikant i sitt vaksne
liv, ofte vald til formann ved både skylddelingar i bygda og andre
nedteikna hendelsar som dei rettslege reforhandlingane av
utmarksutskiftinga kring 1930. Enkelte har omtala han som ein slags
lokal «høvding» i sine velmaktsdagar. Det kan då passe bra at han
fekk namnet sitt i forbindelse med bruket han dreiv.
Eigarar
I
likheit med Emblem har også Østrem vore eigd av Erkebispestolen i
Trondheim. Deretter har ei rekke lokale stormenn, samt Apalset- og
Brandal-ætta hatt eigedomsretten. Den siste som bygsla ut garden var
Ole
J. Knutsen Emlem, også kalla «Sjurs-Ole». Han kjøpte bruket frå
postmester
Tonning i 1855 og sonen Lars vart siste bygselsmann, før Sjurs-Ole
gav garden i gåve til den same sonen i 1899.
Lars Olsen Austrem vart soleis den første sjølveigaren på garden,
som eg kjenner til.
Brukarane
Eg
har også funne ein Oluff pa Østrerrym i jordeboka for perioden 1516
til 1521. Han skulle då betale 3 lod sølv, samt 1 mark og 1 mark
«
ffor iorde gotz sat» t
il
erkebispestolen i Trondheim. Her kan det verke som om det var ein
brukar og to gardsbruk. Det er i alle fall ein rar måte å skrive
opp mark.skylda på dersom der berre var eit. På den tida må.
Samstundes skal ein merke seg at Erkebiskopen ikkje åtte heile
Østrem. I 1530 hadde han berre 1 mællag, eller omlag 1/14 av heile
matrikkelgarden. Det kan soleis ha vore ein brukar til på Østrem,
som hadde andre eigarar og difor ikkje vart nemnd i denne jordeboka.
Eg har ikkje funne hald for denne påstanden enno, så det vert difor
berre spekulasjonar. Det eg derimot veit er at det har vore mange
brukarar og eigarar på Østrem i fleire hundre år før 1500-talet.
Desse har desverre historien lagt eit slør over. Eg kan heller
ikkje seie for sikkert om Oluff sat på den delen som seinare skulle
verte Larsgarden eller Mattisgarden.
Den
fyrste i Larsgarden, som eg veit namnet på var Eiulf. Han dreiv i
alle fall 2/3 av Østrem, medan Erik i Mattisgarden hadde resten.
Dette var i 1603. Det kan verka som om Mattisgarden kan ha vore
utskilld frå Larsgarden, og ikkje omvendt på grunn av
størrelsesforholda, men sidan Larsgarden fekk bruksnummer 2, så kan
ikkje dette ha vore tilfelle.
Den
neste bruaren som me kjenner namnet på, er bygselsmannen Ole. Han
skal hadde vore husmann under Østrem tidlegare. Dette er interresant
fordi ein veit at det fanst husmannsplassar på Emblem på
1600-talet, men ikkje kvar dei låg. Skog var der truleg framleis nok
av, men det er mogeleg at husmannsplassen kan ha lagt anten nær dei
andre tuna, eller at det var ein som såg seg nytte i å rydde seg
ein plass der skogen måtte vike utover 1600-talet. Eg kan også
tenkje meg at denne husmannsplassen kan ha vorte teken oppatt som tun
ved den vidare frådelinga av Abrahamsgarden på byrjinga av
1700-talet, dersom husmannsplassen var nedlagd på den tida. Eg veit
desverre ikkje kvar husmannsplassen låg, og eg føler meg heller
ikkje så sikker på kvar Larsgarden låg, sjølv om bygdeboka fortel
at garden har lege nett der der dei fleste husa ligg no. Det er ikkje
usansynleg at dette stemmer, for tenkjer ein seg at Abrahamsgarden
låg ein stad mellom Mattisgarden og Larsgarden, så byrjar det å
likna på eit klengetun. Ein skal og hugse at ein trong langt fleire
gardshus den gong i motsetnad til slik det er no. Ein annan peikepinn
er at den gamle postvegen frå byrjinga av 1800-talet går rett
gjennom tunet og ofte er slike vegar påverka av tidlegare råser,
men dei som stakk vegen kring 1800 fekk ord på seg for å trekke opp
rette strekar på kartet utan å tenkja på geografien, og det finst
slike eksempel på denne vegen óg. Ein skal heller ikkje gløyme at
det i Røysane ovanfor dagens larsgardstun, og vest for dagens
Abrahamsgardstun er funne brønn og at der framleis ligg restar av
steingardar som ikkje passar inn i dagens inndeling av gardane på
Østrem, og truleg heller ikkje slik inndelinga var på andre halvdel
av 1800-talet. Nokre av steingardane verkar som om dei er bygd om og
andre har fått redusert høgda samstundes som dei går på tvers av
dei nyaste. Både aust og vest for «Larsgardsrøysane» har ein
funne gamle graver i si tid, men det er desverre ingen som lenger
veit kvar Ole hadde husmannsplassen sin.
Bygdeboka
gjev også ein interessant opplysning om at Ole kun bygsla halvparten
av larsgarden.Det kan anten ha vore økonomiske årsaker, sidan
garden var så stor, eller praktiske årsaker dersom Eiulf ynskte å
drive delar av garden framleis. Dette var også ei tid med ufred på
kontinentet, og som del av Danmark, måtte også norske bønder ta
del i finansieringa. Kor mykje ekstraskattar som kom i Emblemsbygda
allereie før 1610, har eg ikkje førstehands kjennskap til, men i
lensrekneskapet for 1606/07 finn eg at det vart oppretta sak mot
Olluff af Østremb for at
"hanndt
icke wdgaff sin schatt effter Konn".
Olluff
ville med andre ord ikkje betale skatten, og for dette vart han dømd
til å betale bot. I tiende-rekneskapen det same året finn eg at han
var husmann på Østrem. Olluff tok anten over husmannsplassen frå
Ole, som hadde bygsla Larsgarden dette året, eller så er Olluff og
Ole den same. Eg vil tru at det siste er det soom er rett. Det verkar
i alle fall som om noko var i gjære sidan Østremsgardane vart
oppdelte på denne måten nett no.
I
tillegg kom det fleire grønår utover 1600-talet som kan ha påverka
brukarane etter kvart. Store gardar gav store skattar og omvendt.
Kanskje er dette litt av forklaringa på at bruka vart mindre og
fleire brukarar dreiv samme bruk. I skattemtrikkelen frå 1647 mot
slutten av trettiårskrigen finn me det same. Då er det 4 brukarar
på Østrem. Eg veit at Peder og Hans,som står oppført på same
linje med 4 mællag er dei to som delte på Mattisgarden. Oluff med 4
1/2 mællag er Ole, men der er ein som heitter Arnne også. Frå
tidlegare veit me at Larsgarden hadde ein størrelse på 2/3 av
Østrem. Her er den langt mindre. Arnne skatta av 4 1/2 mællag han
óg. Truleg er dette starten på frådelinga av det som skulle verte
Abrahamsgarden frå 1712. Kanskje var dette «husmannsplassen» som
tidlegare vart nemnd, eller så har Larsgarden i praksis vorte delt
allereie. Hadde det vore av meir praktisk art, så hadde dei truleg
stått på same linje slik som dei to i Mattisgarden.
Den
tredje bygselsmannen i Larsgarden var Ole Olsen Østrem (f. ca.
1595), sonen til den første Ole som bygsla kring 1606. I følge
bygdebokforfattaren var Ole brukar til 1670 og vi finn han att i
1658 då han skatta for hest og 6 kyr. Etter Ole Olsen Østrem kan
det verke som om det vart skifte av familie som dreiv garden. Det
verkar i alle fall slik, for Erik Larsen (ca. 1630-1719) heitte
Larsen til etternamn, og var truleg sonen til Lars Eriksen i
Tykjegarden. Lars var neppe i slekt med Erik i Mattisgarden sidan
faren hans dreiv på Røssevollen samstundes. Erik kan ha vore omlag
40 år når han kom og tok over kring 1670. Eg synest kanskje at det
var litt seint dersom Ole før han vart fødd kring 1595. Erik tok i
alle fall ikkje over før etter 1658.
Arne Eriksen
(1670-1723) som var brukar frå 1698 til 1723 var sonen til Erik
Larsen.Skiftebuet etter han syner at han var ein driftig kar. Det er
nemnd at han hadde 140 rdl og gjeld på 63rdl. Av buskap finn vi at
han hadde hest, 9 kyr, 2 kviger, 2 kalvar, 11 geiter og 6 sauer. Arne
hadde også heile to færingar og part i seksring. Han brende tjøre
og laga tønner for sal. Han hadde fleire bøker med kristeleg
innhald og det var ikkje så vanleg den gongen. 9 kyr er óg temmeleg
mykje for dåtidas sjølvbergingsbruk og han etterlet seg mykje
kipperverkty. Part i seksring kan tyde på at han anten var med i
notlag, eller at han deltok på utrorsfisket og var kanskje heilt ut
på Storegga óg.
Arne
vart gift to gongar. Den første gongen var han gift med Mette
Jonsdotter som døydde i 1712. Truleg var det på grunn av
komplikasjonar i forbindelse med fødselen det året Den andre kona
hans heitte Eli Nilsdotter Brusdal. (d. 1765). Då Arne døydde i
1723 gifte ho seg oppatt med Peder Larsen (1700-1777) Peder dreiv
ikkje Larsgarden særleg lenge. Han tok over i 1724, men allereie
seks år etterpå hadde dei flytta på seg og kort tid etter tok dei
over husmannsplassen på Vegsundrabben i staden. Flyttinga har truleg
hatt anten økonomiske eller praktiske motiv, for etter kvart vart
Vegsundrabben delt i to plassar. Det fine var at leiga vart halvert,
men det same vart inntekta også. Arne satsa kanskje meir på fiske
enn gardsbruk. Stedottera Mette Arnesdotter Østrem (f. 1712) var
også med på flyttelasset. Ho gifte seg med brukaren av den andre
husmannsplassen som vart oppretta på Vegsundrabben.
Etter
Peder Kom Rasmus Pålsen (d. 1772) og bygsla i 1730. Anna enn at han
dreiv bruket som bygselsmann til omlag 1760 og var gift med Anne
Pedersdotter veit me ikkje. Kvar dei kom frå er også usikkert, men
det er ikkje heilt umogeleg at Anne kan vera dottera til den
tidlegare nemnde Peder som no sat på Vegsundrabben.
Det
er ikkje så lett å finne så mange opplysningar om alle brukarane,
men ein finn at det gjekk bra med Ole Ingebrigtsen Flisnes
(1733-1804). Han hadde jamvel to tenarar. Likevel gjekk det ikkje så
bra for sonen hans, Rasmus Olsen (1768-1808) som var brukar frå 1791
og til han døydde. Dette var ikkje nokon god periode for gardsdrift.
Napoleonskrigane starta i 1800 i Europa og her var Danmark/Norge på
Napoleons side. I 1807 kom Norge for alvor med i krigen og samme året
stengde Engelske skip dei norske hamnene og hindra innføring av
mellom anna livsviktig korn. Poteta hadde enno ikkje vorte
allemannseige og det vart etter kvart hungersnød fleire stader i
landet. Eg vil tru at dette fekk så stor betydning for Rasmus også.
Det finst historier lik «Terje Vigen» frå både Hjørundfjorden og
Sykkylven og det var blokade ved kysten på Sunnmøre også. I den
eine fortellinga vart bøndene blitt stogga og fråtatt kornet, som
dei hadde rodd heilt til Danmark etter; nærmast opp i eiga båtstø
i Hjørundfjorden. Attpå kom det kjølegare klima og uår i
landbruket. Desse forholda kan ha hatt ei betydning når gjelda hans
vaks kraftig. Normalt ville fisket bidrege til å halde den værste
svolten frå døra om det vart uår. Problemet var at det vart nokre
uår i fiskeria også. Det er ikkje så lett å fastslå kvifor, men
Rasmus skyldte pengar «over alt» då han døydde. Ein av
kreditorane var handelsmenn i Bergen, og noko må ha gått veldig
gale for han. Desse handelsmennene kan ha samanheng med kjøp av
rådyrt såkorn under handelblokaden før 1808. Dei andre kreditorane
var tjenestefolket på garden og jordeigaren. Verdien i buet var kun
på 84 Riksdalar, medan gjelda var på 208.
Det
tok fleire år før enka etter Rasmus, Mette Halvarsdotter
Giskeøygard (f. 1770) vart gift opp att. Så myke gjeld var neppe
freistande, men dette må ha vore ei usedvanlig kvinne. Kanskje fekk
ho hjelp frå familien sin på Giske, men likevel måtte ho drive
Larsgarden åleine og som falitt, heilt til ho gifte seg om att tre
år seinare med Bottolv Anderson frå Holset. Han dreiv garden på
bygsel frå 1811 til 1814. Då tok dei kår hos Ole Olsen Solavåg
Borgundboka
gjev nokre opplysningar om gardshusa på 1800-talet, men dei er
truleg ikkje komplette. Som bygselsmann åtte ein dei husa som ein
sjølv hadde sett opp og dei kunne flyttast eller selgast dersom ein
flytta frå garden. Det kan dermed ha vore ein del endringar i
utforminga av Larsgarden i det gamle klengetunet på Østrem. I 1835
vart det halde takst på garden. Ole Olsen Solavåg (1770-1833) og
Pernille Knutsdotter (ca. 1770-1837) hadde då ei røykstove, ei
mindre stove (kårbustad?) som begge var i god stand. I tillegg hadde
dei tømmerstabbur, sauefjøs, tømmerfjøs, løe, høyskjul og
naust. Sel er ikkje nemnd, men det var nok eit på garden i tillegg
til kvern og kanskje også eldhus. Det er mogeleg at dei bygningane
som ikkje er nemnd tilhøyrar den forrige brukaren eller eigaren som
Ole hadde bygsla frå. Det vart etter kvart temmeleg sto drift i Ole
sine dagar. Dei hadde hest, 10 kyr og 20 sauder. Avlinga var på 3
tønner havre, 1 tønne bygg, 1/1 tønne blandkorn og 3-4 tønner
potet. Den samla taksten var på 300 Speciedalar.
Sjølv
om husa var i god stand i 1835, så valde sonen Knut Olsen (f. 1812)
å sette opp eia stovebygning med gang, kjøkken og loft. Han hadde
dessutan bygd seg nytt stabbur og nytt sel og naust saman med
svigersonen. Eg veit ikkje når han bygde dei men dei er i alle fall
nemnde i pantobligasjonar og eksekusjonsforretning i 1861. Han klarte
med andre ord ikkje å halde forpliktelsane sine til Ole Knutsen
Emblem («Sjurs-Ole») i Sjursgarden, men fekk fortsatt drive garden
i to år til før svigersonen Lars Andreassen Engeset (1830-1885)
bygsla garden i 1863.
Lars
var gift med Karoline Knutsdotter (f. ca. 1832) og dei sleit nok med
å få endane til å møtast. I 1875 vart det på nytt halde
eksekusjonsforretning i Larsgarden. Dei skulda O. E. Devold 377spd.
og då er ikkje gardshusa oppført som i Lars eige med unntak av
færingsnaustet og det halve selet. Truleg er desse bygga dei same
som vart nemnd i 1861. I tillegg er det no nemnd ei kvenn. Sjurs-Ole
hadde kjøpt Larsgarden allereie i 1855 og det er mogeleg at han
kjøpte gardshusa til både Knut (på auksjonen i 1861) og Lars (i
1875). Færingnaustet står der i alle fall enno med
grind-konstruksjonen og austveggen inntakt, slik den var bygd i si
tid. Resten er stort sett bytt ut så seint som etter orkanen i 1992.
Om dette stemmer så er det forklaringa på at Lars ikkje eigde
særleg mykje. Fleire av reiskapane som vert nemnd i 1875 finn ein
også på garden den dag i dag og det styrkar teorien, for det ville
vere vanskeleg for Lars å halde bygselskontrakta. Husa som Ole no
åtte vart kanskje ein del av bygselskontrakta. O. E. Devold fekk
også rett på avlinga på garden i 5 år og då må det ha vore
vanskeleg, når dei stod i gjeld frå før av.
Fiske
må ha vore del av berginga for familien og truleg har Sjurs-Ole
hjelpt dei eit stykke på vegen. Når Lars døde i 1885, tok Karoline
seg av drifta på garden og dreiv den i 9 år fram til Lars Olsen
Emblem, sonen til Sjurs-Ole, bygsla garden i 1894. Karoline var då
kring 62 år. Lars Olsen tok namnet Austrem (ikkje Østrem) og fekk
seinare overdrege garden frå faren i 1899. Kanskje var dette farsarv
eller sein bryllaupsgåve, for faren var ein velhalden mann. Karoline
vert ikkje nemnd i bygdeboka som kårenke eller på annan måte enn
at ho dreiv garden etter Lars var død. Dette er ikkje så vanleg og
det er også litt rart at ho ikkje gifte seg opp att. Karoline har
truleg slitt med å klare seg og det er truleg henne som ein finn i
1910-tellinga i Ålesund i Storgata 24. Ho bur der saman med dottera
Ragnhild Eline og livbergar seg av «fiskearbeide», medan dottera er
«skredderpike» og ugift 50 åring. Me finn dei også i 1900. Då
leigde dei rom i Grimmergata 1. Karoline er då registret som
«Arbeiderske, bryggarbeide,Fiskeforretning» medan dottera er
«syerske». Det er mogeleg at ho ikkje vart så godt giftermål utan
jord, eller medgift.
Kva
var det så som gjorde det heile så vanskeleg for dei siste
bygselsmennene på Østrem. Eg finn ikkje nokon god forklaring på
dette. Abrahamsgarden og Steinsgarden vart riktig nok skild frå
Larsgarden slik at det vart mindre jord å dyrke, men dette hende
såpass tidleg på 1700-talet at det ikkje skulle ha noko å seie,
for det var fleire som klarte seg godt etterpå. Fiske var alltids ei
moglegheit Lars og Karoline hadde minst tre søner og fleire av de
var i passande alder til å drive fiske etter 1875. Truleg kan dette
ha berga dei i perioden 1875-1880 når Devold skulle ha avlinga.
Det
er mogeleg at årsaka er enkel. Rasmus, som var den første som hamna
i gjeld, var kanskje ikkje så god med pengar eller gardsdrift. For
Lars vart nok problema overført frå svigerfaren. Her var det lite
hjelp å hente hjå kårfolket om det var eit dårleg år, og borna
var mange og små då gjelda truleg bygde seg opp. Kanskje kan me
skimta at problema følgde heile 3 generasjonar om me tek med ugifte
Ragnhild. På den andre sida gjekk det bra med eldstebroren Knut, som
gifte seg med jordejenta Berte og vart brukar i Steinsgarden på
Østrem. Han kjøpte også dette bruket i 1894 etter at eit nytt
bruk, Ytrebø (eller «Flydalsgarden» som mange kallar den i våre
dagar) vart frådelt.
Lars
Olsen Emblem (1870-1952) vart den første sjølveigaren som budde på
garden. Han var gripen av vekkingsbølga mot byrjinga av 1900-talet.
Etter det eg har høyrt så vart mellom anna «Kinamisjonen» danna i
Mattisløa på Østrem og det var kanskje her han vart med.
Etterkvart byrja han å reise i distriktet som lekpredikant. Som
tidlegare nemnd var Lars ein ruvande skikkelse i si samtid. Rett nok
hadde det ikkje starta like bra. Han hadde fått ei dotter utanom
ekteskap. Dette var Olivie Elise Larsdotter Emblem som vart fødd i
1895. Mora var frå andre siden av fjorden og heitte Lovise
Jensdotter Hovden (1869-1940) frå Hoveden nær Hundeivika. Dei vart
ikkje gifte og Lovise vart seinare gift med Fredrik Larsen
(1862-1938) i Negarden. Olive vart gift med Ole Nikolai Olsen
Folkestad frå Volda.. Kanskje var det skandalen som fekk faren til å
utsette gåvebrevet på Larsgarden også. Det vart i alle fall skrive
i klartekst av Sjurs-Ole at uekte born ikkje hadde arverett på
Larsgarden eter sonen. Det var omlag på denne tida at Lars vart
gripen av vekkelsesrøsrsla som nådde bygda på slutten av 1890-åra.
I tillegg så må det ha vore kring 1895 at han møtte Karen frå
Holmeset. Lars gjekk i alle fall skikkeleg til verks som nyfrelst og
lekmann i indremisjonsrørsla. Han tok på seg meir enn eit verv og
var også med på å starte søndagskulen i si tid. Kor mykje kontakt
han hadde med Lovise og Olivia veit eg ikkje særleg mykje om, men
det må ha vore merkeleg for Lovise å bu i den same bygda og høyre
predikanten frå Østrem. Han var også med i styre og stell, av
enkelte omtala som ein slags «bygdehøvding» med kraftfull røyst
og ei evne til å snakke enkelt og kort i preikene sine, slik at folk
forstod kva han snakka om. Ved sida av kommunale verv ved utskifting
og skylddelingar kring 1930-åra, tok han også på seg
kunngjeringsoppdrag på sine predikantreiser utanom gards-onnene. Det
har vorte fortalt at det var han som fortalte at Magerholmen var til
sals, og at det var slik Karl Engeset kom flyttande utover frå
Norddalen. Kanskje var det på same måten Thomas Kaldhussæter fekk
vite om Hatlebakken også? Når broren og odelsguten og enkemannen i
Sjursgarden, Knut Knut Laurits Emblem, døydde i 1917, vart han verge
for niesa Agnes på 10 år.
Lars
sette opp ny løe og nytt hovedshus, som ein fortsatt kan sjå på
garden. Løa var dels bygd av tømmer frå dei tidlegare driftsbygga
på garden.Dette tømmeret er godt synleg i "høybrøten"
fortsatt. Huset vart bygd av tømmer frå Glomset og det var truleg
henta i skogen til "sjursgardslekta" der inne. Det vert
fortalt om bygginga at dei kokte i gamlehuset medan det nye vart
reist. Då var huset så dårleg at hesten stakk hovudet gjennom
veggen for å smake. Historia kan stemme godt over ens med teorien om
at Sjurs-Ole kjøpte gardshusa på auksjon. For ein bygselmann eller
husmann var det ikkje verdi i å stelle hus som han ikkje åtte
sjølv. Problemet var at dersom dei vart haldne i hevd eller utbetra,
så steig også verdien og dermed også skattane. Eg tvilar på at
Knut, Lars eller Karoline spekulerte i dette bevisst, men økonomien
må ha vore skral etter 1861 og dermed hadde dei neppe overskot til
meir enn absolutt nødvendig reprasjon. Skogen var fortsatt uthoggen
etter skogøydinga på 16- og 1700-talet.
Lars
gifte seg altså med Karen Marie Wilhelmine Hansdotter Østrem frå
Holmeset i 1896. Saman fekk dei mange born. Olaf var den eldste, men
han drukna utanfor Kristiansund på fiske i 1927. Det vert fortalt at
han hekta seg fast i garnet og vart med ned. Dei andre borna levde
stort sett opp. Klara Larsdotter (1899-1956) gifte seg med
bokhaldaren Peter «Pit» Sigvald Marius Myklebust (1899-1973) i 1924. Dei
budde ei tid i Ålesund, før dei flytta vidare til Bergen, der Pit arbeidde som disponent for Arbeideravisa. I 1901 vart Astrid Nora fødd. Ho gifte seg med den tidlegare fotballspelaren for Ålesund fotballklubb, Lauritz Strømmen. I 1903 kom Henny Katinka (1903-1970) til verda. Ho gifte seg med Knut
Hollevik (1900-1987). Året etter, i 1904, vart det fødd ei som heitte Lida, men
ho døydde to år gamal. I 1907 vart ei ny jente fødd og fekk det
same namnet. Lida Kamilla (1907-1991) levde opp og gifta seg med Petter Kaldhussæter (1907-1986) på
garden Hatlebakken i Emblemsbygda. Kaspara Leonarda (1909-1976) gifta seg med Harald Herman Barstad (1908-1962). Dei busette seg i Ålesund, der den eine sonen, "Lille-Harald" framleis bur. Harald skal ha hatt ein mekanisk verkstad i nærleiken av "Brooklynbrua". Herborg Lid (1911-1993) gifta seg med naboguten Mauritz Jostein Akslen i Hølå. Hans var
«attpåklatten» og den som tok over garden.
Hans
Larsen Østrem (1915-66) tok over garden etter faren. Han var den
yngste i den store syskenflokken, og den første med
landbruksutdanning. Då broren, Olaf døydde i 1927, var det ikkje
fleire odelsgutar enn Hans. Det vert fortalt at Marka Hans lo godt av
dei nye ideane til "jyplingen" i Larsgarden. strengehøgda
på hesene vart redusert og staurane satt ned i bakken i sikk-sakk
mønster i staden for rette linjer. Hans brukte heller ikkje støtter
("skurer") og det var venta at det heile skulle dette når
den neste vindkula kom. Hans hadde dessutan redusert lengda på
hesene og sett dei i nord-sør retning. Marka-Hans vart likevel svar
skyldig for larsgardshesa stod støtt i motsetning til mange av dei
andre. I Hans tid var det ikkje nok å leva av garden åleine. Torget
vart nytta hyppig i bær-sesongen og han fekk seg arbeid i kommuna,
slik som dei fleste andre i bygda. Ei tid jobba han nattskift på
Røssevolldemninga og dreiv garden på dagtid. Han gifta seg med
Aslaug Petrine Magerholm (1920-2002) frå Spjelkavika, men med
besteforeldre både på Ystebøen og i Magerholmvika. Dei gifta seg i
1940 og fekk skøyte på garden i 1945, men var kjærestar allereie i
1937, når Aslaug var siste budeie i Ystebøselet på den gamle
Emblemsetra. Det vart spøkt med at det var Hans som laga
«Breiskaret» på sine uttalige turar opp til setra den sommaren.
Dagens
brukar i Larsgarden er Olav Østrem (f.1942), som er tredje
slektsledd i Sjursgardslekta på Østrem. Han er nest eldst i
søskenflokken som består av Karen Marie Østrem (f. 1941), Per Kåre
(f.1943) og Liv (g. Brevik) Østrem (f.1948). Garden vart
attåtnæring med lita eller inga inntekt. Olav Arbeidde heile si
yrkesaktive karriære på Pla-ma, som var ei systerbedrift av Porolon
a/s, og grunnlagt av Laurits Sunde frå Spjelkavika. Garden er no
nedlagd.
Arkeologiske
funn
Det
er lita tvil om at Østrem er ein gamal gard, og truleg frå før
vikingtida. Ein har mellom anna funne gjenstandar frå 800 e. kr. I
mannsgrava låg det sverd, eit uvanleg stort spyd, fil, saks, smisté,
skiferbryne og ein tverifla bronsering. Sverdet var frå
karolinertida og Fransk. Smistéet var lite og truleg berekna på
finarbeid. Funnet er frå 1877. Arkeolog Per Fett gav ut eit hefte
frå 1950-talet med arkeologiske registreingar frå Borgund og
Østrem. Det er ikkje gjort noko liknande registrering sidan, så
dette er det me har å halde oss til framleis. Knut Larsen Østrem
(1856-1947) i Steinsgarden (opprinneleg frå Larsgarden) fortalde i
si tid at Kornelius Østrem fann mellom anna eit sverd og eit spjut
i ei røys «oppe ved dei gamle tuna». Kornelius kom truleg frå
Steinsgarden og bur i Ålesund i 1910. Kva han meinte med «dei gamle
tuna» er eg ikkje sikker på. Knut var frå Steinsgarden og ein kan
tenkje seg at dei snakka om noko som låg ovanfor deira eige tun. Det
er mogeleg at Steinsgarden kan ha lege ein litt annan stad tidlegare,
men røysane vert også nemnd og den plassen som har dette namnet i
dag, og ligg vestanfor gardstunet i Abrahamsgarden. Utskiftingskartet
frå 1904 syner dei beste jordstykka og dette området er ikkje del
av dette, men det kan verke som om slåttemarkene ligg dels ikring
denne staden. Området vert kalla «røysane» utan at det er noko
steinrøys der frå naturens side, men det finst nokre steingardar
der og nokre underlege steinar som ikkje passar med
innmarksutskiftinga frå 1904. Dagens brukar har og sett noko som kan
likna på innskripsjonar på dei mosegrodde steinane. Det er ikkje
det så rart at nokre gamle Steingardar er bevart frå tida før
1904, men Lida Østrem (g. Kaldhussæter) fortalde ein gong at faren
Lars Olsen Emlem (som tok namnet Austrem) (1870-1952) hadde sett
foten ned og nekta døtrene å ta seg ut dette området som tomt i
forbindelse med arv. Det skulle ikkje byggast noko ved Røysane. Det
er truleg at det var her vikinggrava vart funne av Kornelius, og at
det var snakk om ei eller fleire gravrøyser som hadde gitt staden
namn. Bornebornet Olav Østrem som er dagens brukar fortel at det
vart funne ei vikinggrav like vest for staden under grøftingsarbeid
då han var gutonge. Han såg sjølv grava med restar av ty og våpen
like etter at Konrad Østrem hadde funne henne. Grava låg på
Mattisgarden sitt stykke og Konrad vart leigd inn av brukaren,
Fredrik Østrem. Meininga var å drenere og forbereie potetåker der.
Då han fekk sjå funnet sa han at det skulle dekkast til igjen,
ellers ville det ikkje verte nokon potetåker. Grava låg djupt og
det er mogeleg at det finst fleire slike graver i nærleiken som
ikkje har vorte øydelagde av oppdyrking, oksygen eller plogen. Det
er også funne ein interessant kisteforma stein oppe i den delen av
røysene som tilhøyar Larsgarden sommaren 2013 og den gong eg var
liten var der nokre eigedommeleg utforma steinar som kunne minne om
eit slags hov eller alter der.