Bnr. 1 Nerigard på Hesseberg

Tunet på Nedigard. Det er det same huset som står der i dag f.v. Nils Hesseberg, kona Dina (Regina Frøland) frå Hjørundfjorden, sonen Lars, Nils si søster, Karen Hesseberg og mor deira, Johanne Hesseberg. Lars vart fødd i 1909, så året kan vera omlag 1915.  Det er utlånt frå Peter Blindheim
Tunet på Nedigard. Det er det same huset som står der i dag f.v. Nils Hesseberg, kona Dina (Regina Frøland) frå Hjørundfjorden, sonen Lars, Nils si søster, Karen Hesseberg og mor deira, Johanne Hesseberg. Lars vart fødd i 1909, så året kan vera omlag 1915. Det er utlånt frå Peter Blindheim
Nils Peter Karlson Hesseberg (1873-1960) og Randine (Dina) Jakobsdotter Frøland (1877-1937) frå Hjørundfjorden. Dei gifte seg i 1907. Biletet tilhøyrer Peter Blindheim
Nils Peter Karlson Hesseberg (1873-1960) og Randine (Dina) Jakobsdotter Frøland (1877-1937) frå Hjørundfjorden. Dei gifte seg i 1907. Biletet tilhøyrer Peter Blindheim
Dette er truleg eit barndomsbilete av Lars Nilson Hesseberg. Han var den eldste sonen til Nils Karlson Hesseberg og Johanne Hesseberg. Biletet vart teke hjå fotograf Sponland i 1910, og Lars vart fødd  14. juni 1909. Han gifte seg seinare med Sofie Hesseberg og tok over Nerigar etter foreldra sine. Lars og Sofie budde på Nerigar fram til slutten av 1980-talet. Då flytte dei inn på dei nye eldreboligane på Garsendhaugen på Emblem. Lars døydde i 1996.
Dette er truleg eit barndomsbilete av Lars Nilson Hesseberg. Han var den eldste sonen til Nils Karlson Hesseberg og Johanne Hesseberg. Biletet vart teke hjå fotograf Sponland i 1910, og Lars vart fødd 14. juni 1909. Han gifte seg seinare med Sofie Hesseberg og tok over Nerigar etter foreldra sine. Lars og Sofie budde på Nerigar fram til slutten av 1980-talet. Då flytte dei inn på dei nye eldreboligane på Garsendhaugen på Emblem. Lars døydde i 1996.
Biletet har nok hengd på veggen i Nerigard hos Lars Hesseberg i si tid. Den tilhøyrer no Peter Blindheim. Det ser ut som om det kan vere Olav Frøland som er brudgommen. Ein med det namnet bestilte i allefall dette biletet hos Fotograf Sponland i Ålesund 1916. Eg fann ei avfotografering av orginalplata på følgande stad i Fylkesfotoarkivet: https://foto.fylkesarkivet.no/photo/AM-95003/032320a/13/200
Biletet har nok hengd på veggen i Nerigard hos Lars Hesseberg i si tid. Den tilhøyrer no Peter Blindheim. Det ser ut som om det kan vere Olav Frøland som er brudgommen. Ein med det namnet bestilte i allefall dette biletet hos Fotograf Sponland i Ålesund 1916. Eg fann ei avfotografering av orginalplata på følgande stad i Fylkesfotoarkivet: https://foto.fylkesarkivet.no/photo/AM-95003/032320a/13/200
Dette er Andreas og Johanne (f. Vågnes) Frøland med barna Minny og Alma. Han var fra Sæbø, og Johanne var frå Langevåg.Både Minny og Alma bodde i Ålesund heile livet. Opplysningane er gjeve av Andreas og Johanne sitt oldeborn, Ragnhild Eide. Orginalplata finst i Fylkesfotoarkivet og er tatt av Sigvald Moa 1912. Her er lenka til avfotografieringa i Fylkesfotoarkivet: https://foto.fylkesarkivet.no/photo/FAKf-100530/251859/0/200Biletet er frå Nerigard og tilhøyrer i dag Peter Blindheim.
Dette er Andreas og Johanne (f. Vågnes) Frøland med barna Minny og Alma. Han var fra Sæbø, og Johanne var frå Langevåg.Både Minny og Alma bodde i Ålesund heile livet. Opplysningane er gjeve av Andreas og Johanne sitt oldeborn, Ragnhild Eide. Orginalplata finst i Fylkesfotoarkivet og er tatt av Sigvald Moa 1912. Her er lenka til avfotografieringa i Fylkesfotoarkivet: https://foto.fylkesarkivet.no/photo/FAKf-100530/251859/0/200Biletet er frå Nerigard og tilhøyrer i dag Peter Blindheim.
Andreas Martinus Johan Karlson Hesseberg hos fotograf Moa i 1914. Han var ein tur på besøk i heimlandet. Den unge kvinna i lys kjole er ukjend, men kvinna lengst til høgre er 
søstera Karen Karlsdotter Hesseberg. Andreas kom etter kvart heim att, gifta seg med Petra og tok over på Brennhaugen. Han hjalp også Karen med pengar til å bygge seg hus i Nylandvegen 17 i Spjelkavika. (Foto: fylksefotoarkivet.no)
Andreas Martinus Johan Karlson Hesseberg hos fotograf Moa i 1914. Han var ein tur på besøk i heimlandet. Den unge kvinna i lys kjole er ukjend, men kvinna lengst til høgre er søstera Karen Karlsdotter Hesseberg. Andreas kom etter kvart heim att, gifta seg med Petra og tok over på Brennhaugen. Han hjalp også Karen med pengar til å bygge seg hus i Nylandvegen 17 i Spjelkavika. (Foto: fylksefotoarkivet.no)
Dette biletet syner tresking av korn og er frå Bottineau før 1917. Det er mogeleg at det var eit slikt bilete som Andreas Hesseberg sende heimatt til foreldra sine, og at veslebroren Daniel fekk sjå, før han bestemte seg for å reise nettopp hit til bror sin i 1912. Kontrastane var i alle fall store samanlikna med Nerigar på Hesseberg.
Dette biletet syner tresking av korn og er frå Bottineau før 1917. Det er mogeleg at det var eit slikt bilete som Andreas Hesseberg sende heimatt til foreldra sine, og at veslebroren Daniel fekk sjå, før han bestemte seg for å reise nettopp hit til bror sin i 1912. Kontrastane var i alle fall store samanlikna med Nerigar på Hesseberg.
Karen Karsdotter Hesseberg til høgre på biletet var glad i å gå til fotografen. Her er ho fotografert saman med ei førebels ukjend dame hos fotograf Moa i 1915 (Foto: fylkesfotoarkivet.no)
Karen Karsdotter Hesseberg til høgre på biletet var glad i å gå til fotografen. Her er ho fotografert saman med ei førebels ukjend dame hos fotograf Moa i 1915 (Foto: fylkesfotoarkivet.no)
Konfirmasjonsbilete av Johanne Hesseberg ca. 1925. Biletet tilhøyrer Peter Blindheim
Konfirmasjonsbilete av Johanne Hesseberg ca. 1925. Biletet tilhøyrer Peter Blindheim
Tingar: Karen Hesseberg. Karen Karlsd. Hesseberg (f.1892) er den yngste kvinna på dette bildet, og det er flere bilder av henne i fylkesfotoarkivet. Den eldre kvinna er mora Johanne Hesseberg (1849-1938). Orginalplata tilhøyrer Fylkesfotoarkivet: AM-95003.039508 og fotografen er Johannes Sponland
Tingar: Karen Hesseberg. Karen Karlsd. Hesseberg (f.1892) er den yngste kvinna på dette bildet, og det er flere bilder av henne i fylkesfotoarkivet. Den eldre kvinna er mora Johanne Hesseberg (1849-1938). Orginalplata tilhøyrer Fylkesfotoarkivet: AM-95003.039508 og fotografen er Johannes Sponland
Portrett av Karen Karlsdotter Hesseberg, signert Sponland i 1919. (Foto: fylkesfotoarkivet.no)
Portrett av Karen Karlsdotter Hesseberg, signert Sponland i 1919. (Foto: fylkesfotoarkivet.no)
Jakob Hesseberg (f. 1922). Biletet tilhøyrer Peter Blindheim
Jakob Hesseberg (f. 1922). Biletet tilhøyrer Peter Blindheim
Johanne Hesseberg og truleg Marie Frøland. Kan dei ha vore søskenborn? Biletet tilhøyrer Peter Blindheim
Johanne Hesseberg og truleg Marie Frøland. Kan dei ha vore søskenborn? Biletet tilhøyrer Peter Blindheim
Solveig Hesseberg Vatne. Biletet tilhøyrer Peter Blindheim
Solveig Hesseberg Vatne. Biletet tilhøyrer Peter Blindheim
På dette kartet kan du sjå Ragnar Øverlid si teikning av Hesseberg frå 1960-talet. Der syner også restar av gamleløa, som kan ha vore kårløa på slutten av 1800-talet. Spor av den gamle kårstova er på dette tidspunktet borte. (Kjelde: Bygdebok for Borgund Band IV)
På dette kartet kan du sjå Ragnar Øverlid si teikning av Hesseberg frå 1960-talet. Der syner også restar av gamleløa, som kan ha vore kårløa på slutten av 1800-talet. Spor av den gamle kårstova er på dette tidspunktet borte. (Kjelde: Bygdebok for Borgund Band IV)

Hesseberg var ein samla gard i 1603, og kan ha vore det i tidlegare tider også. Dette året var det Peder Erikson Hesseberg (d. ca.1630) som var bygselsmann, og det er også første gong ein finn garden i nyare skriftlege kjelder. Der er allereie skreve ein del om om eigarar og forholda i den innleiande teksten om matrikkelgarden Hesseberg, så vi skal ikkje gjenta dette, men heller gå rett over på dei ulike brukarane og den nærmaste familien deira.

I 1607 var Størker Justsen den første som vart nemnd som bygselsmann på eit todelt Hesseberg. På denne tida nemleg vart garden delt i to like store bruk (i dag kjend som Nerigar og Oppigar). Slik har det vore sidan den gongen, sjølv om sonen Anders Størkerson Hesseberg var einebrukar i ein periode i 1640-åra. Han tok over etter far sin ein gong på 1630-talet og dreiv bruket til ca. 1650. I 1617 gifte han seg med Ingeborg Pederdotter Magerholm, men bygdeboka gjev desverre ingen informasjon om dei utover dette. I bygdeboka for Skodje finn eg derimot fleire spor. Lenger aust, på garden Gudmundset, rusta Niels Gudmonsetter i 1611 Størk Jøsten Hesseberg og Erik Heggebacke, ved utskrivinga til Kalmarkrigen (1611-1613) mellom Danmark/Norge og Sverige. På den tida var det mogeleg å betale unggutar eller husmenn for å reise i staden for å møte opp sjølv. Størker overlevde krigen, og gjekk truleg i den samme soldatopplæringa som den vidkjende «Store-Rasmus».

I skattematrikkelen for Valle skipreide frå 1647 finn me to brukarar. Dette er «Enchen» og «Jffuer» som både to var underlagd «Presten paa Ørschouf». Sidan garden var kyrkjegods, og uttalen på gardsnamnet har ei ubunden form, så skal ein ikkje sjå bort frå at det har vore busettnad der sidan vikingtida. Dei to brukarane er truleg Enka på Oppigar og Iver på Nerigar. Namnet på denne enka kjenner vi ikkje, og namnet på den avlidne ektemannen er også usikker. Iver på Nerigar stemmer derimot med opplysningane i bygdeboka for Borgund, for der er nemnd ein med dette namnet på 1650-talet. Om Iver var i slekt med brukarane før han, eller om han kan ha vore inngift, har vi ingen prov på. På den andre sida så veit vi litt om etterslekta hans, for sonen Bertil Iverson Hesseberg (ca.1635-1709) tok over bygselskontrakta og dreiv garden til han døydde. Bertil var gift med Brite Rasmusdotter. Ein har også funne ein Olle Iversen Hesseberg som døydde på sjøen i 1717. Han var utkommandert som soldat under den store nordiske krig frå 1709-1719. Det må ha vore ein yngre bror av Bertil, for vi kjenner ikkje til nokon husmannsplass på Hesseberg på den tida.

Bertil Iversen Hesseberg si slekt busette seg i all hovudsak i nærleiken av heimgarden. Kyrkjestaden var på den tida inne på Sjøholt, og her kunne ein dermed finne seg passande gifteemne på kyrkjebakken etter preika, om ein var heldig. Bertel var heldig, for han vart gift med ei Brite Rasmusdotter, men det er usikkert kvar ho kom frå, men borna har vi bedre oversikt på:

 a) Ingebrigt (d.e.) (ca.1662-1759) var eldst og gifta seg 1722 med Margrethe Guldbrandsdotter. Dei vart brukara på bnr. 2 på Åse, lenger vest i det som i dag er Ålesund Kommune. Ingebrigt var  Innrullert soldat under den store nordiske krig i 1710, og nemnd som  soldat i Kristiania 1717.

b) Tyri (ca.1663-1713) I 1710 gifta ho seg med enkemannen Erich Larsen, og dei var brukara på bnr. 1 Skar på  Skodje frå 1710.

c) Iver (ca.1666-1720)  gifta seg i Kristiansgarden, bruksnummer 3, inne i Vaksvika. Kona Kirsti Justsdtr. (1664-1734) hadde vorte enke to gongar tidlegare. I arveoppgjeret etter han var det søskena hans som var arvingar. I tillegg til den tidlegare nemnde Peder var dette to brør som heitte Ingebrigt Bertelsen. Dette var noko uvanleg. Den eine var registrert som soldat i 1720, medan den andre tok over Nerigar på Hesseberg. Han skal eg kome attende til.

d) Peder (ca.1668-1719) gifta seg 1699 med  e nka Gjertrud Knudsdotter (ca. 1665-1724) i Apalvika. Peder fekk ingen born sjølv, men dei to stesønene Guttorm og Jørgen tente hjå kapellanen i Ørskog. Peder hadde også eit kvennhus i nærleiken av Svarthølen i Solnørelva. Dette likte Ole Olsen på Solnør heller dårlig, og det endte med rettsak mellom dei.

e) Anne (f. ca.1683) var ugift i 1713.  I arveskiftet etter søstera Tyri i 1713 var ho registrert som 30 gamal. I 1720, i arveskiftet etter Iver, kunne ho altså ha vore 37 år, noko som var ein godt vaksen alder i dei dagar. Det er difor ei viss mogelegheit for at ho anten ikkje vart nemnd med giftermålsnamn, eller at ho var ugifte heile livet.  

f) Ely (Eli) (f. ca.1685) var ugift i 1713.  I arveskiftet etter søstera Tyri i 1713 var ho registrert som 28 gamal. I 1720, i arveskiftet etter Iver, kunne ho altså ha vore 35 år, noko som var ein godt vaksen alder i dei dagar. Det er difor ei viss mogelegheit for at ho anten ikkje vart nemnd med giftermålsnamn, eller at ho var ugifte heile livet.  

g) Engebret (d.y) (f. ca.1685) var den som tok over bruket.

h) Peder vart nemnd som dreng og fadder på Magerholm (II) i 1704. Han er Ikke nemnd i  arveskiftet etter broren i 1720. Kan være den same som eldstebroren?

Den tidlegare nemnde broren, Engebret, tok altså over garden og dreiv den til om lag 1740. Det vart nemnd at han var «svag i øinerne» i 1701-telljinga. Eg veit ikkje kven han gifte seg med, men bygdeboka for Borgund fortel at det kan ha vore svogeren Knut Knutsen som tok over etter han kring 1740. og då må ho i så fall ha hatt Knutsdotter til etternamn. Dei fekk minst to søner.

a) Bertel (1713-1786?) gifta seg først i 1736 med Dorthe Nilsd. Klokset(2) Vatne. I 1741 vart han gift på ny med

Brite Størkersd. Klokset(1), Vatne, brukar på bnr. 2 Nedste-Skar på  Skodje. Det vart nabobruket til garden der tanta , Tyri, hadde vore gift, og om la samtidig som onkelen tok over på Hesseberg. Ætta etter han budde på Skar til 1808

b) Birthe (1720-1782) gifta seg i 1757 med Lars Larsen Hessen(II), frå Ytre Hessa. Dei vart brukara på bnr. 14,  Ytre Hessa.

Den neste brukaren vart Knud Knudson Engeset(138g) (f.1701). Han vart fødd på Stranda, og gifta seg 1735 med Madli Jensdotter Sætren (ca.1707-1784) frå Ørskog.    Dei busette seg først på Madli sin heimplass, Sæter.  Garden vert til dagleg kalla Olasætra og ligg lengst framme i Vaksvika. Dei flytte til Hesseberg og  var brukarar der i tidsrommet 1741 til 1765. Det er enno usikkert når Knud døydde, men Madli var i  alle fall enke då ho gjekk bort i 1784, så Knud døydde før det. Dei fekk i alle fall fem born

 a) Jens (dp.1735-1762). Han var lagrettemann i ei rettsak på Valle 20.8.1755.

b) Knud (dp.1740-1808) Tok over bruket.

c) Martha (dp.1744-1809) gifta seg først i 1780 med Joen Joens. Ramstad (f.1738) frå bnr. 5,  Jogarden på Ramstad. Ho må ha gifta seg ein gong til, for ho er nemnd som enke for andre gong, og innerst på Bryggå, Hesseberg(3) i1801. Joen levde framleis 1780, og ein veit ikkje eksakt når han gjekk bort.

d) Margrethe dp.1747-1819 Tok over bruket etter bror sin før 1801.

e) Synneve dp.1751-1810 1784 g.m. Anders Johnson Bakken, brukar Bakken i  Ålesund, også kalla «Kraaen». Dottera brukte det  etternamnet når ho tok over etter foreldra sine ikring 1810.

Sonen Knud Knudson Hesseberg D.Y. (1740-1808) gifta seg 1765 med Birte Jonsdotter (ca.1733-1786). Han dreiv garden i om lag 40 år, til 1780, og vart i 1801-telljinga omtala som kårmann og 60 år gamal. Ein skal ta opplysningar frå denne folketelljinga, og dei folketalde si oversikt over eigen nøyaktige alder, med ein klype salt, men namna på dei registrerte familiemedlemmane i 1801 er til god hjelp for ettertida. I tidlegare tider var det stort sett mannen i hushaldninga som vart registert i skriftlege kjelder, som folketeljingar og kyrkjebøker. Men utover 1800-talet får vi med eitt langt fleire opplysningar over borna i desse familiane.   

a) Birthe (1766-1766). Ho døydde 3 månader gamal.

b) Jens (1768-1828) gifta seg i 1799 med Magnilde Ellingsd. Lied, frå Ørskog. Dei vart brukara på bnr. 10 på Abelseth.

c) Malene (1771-1800) var tvilling, og ugift då ho døydde.

d) Birte Johanna (1771-1851) var tvilling. Ho gifta seg i 1803 med Knud Olsen Nordre-Kalvatn (Volda). Dei vart brukara på bruk II på Magerholm.

e) Knud (dp.1783-1783) døydde 17 veker gamal.

Neste brukar var Lars Nilsen Nonsvik (1750-1821). Han kom frå nabogarden, Nonsvika. Han dreiv garden fra 1780 til 1812 og gifta seg med søstera til Knut, Margrete Knutsdotter Hesseberg ( dp.1747-1819),  som var  søster til den forrige brukaren. Der var ingen heimebuande born i 1801, og dei fekk truleg ingen born  heller. I 1801 hadde dei to tenara. Det var Lars sin søsterson, Iver Arneson Nonsvik (dp.1788-1867),

som også tok over bruket etter dei. Den andre tenaren var Birte Johanna Knutsdotter (dp.1771). Ho  var dottera til forrige brukar, og niesa til Margrethe ifølge 1801-teljinga. 1816 betalte han som  føderådsmann 6 speciedaler i sølvskatt.

Den neste brukaren, Iver Arneson (1786-1866),   vart døypt i Borgund kyrkje. Han var son av Arne  Christopherson Nordal og Maren Christina Nonsvik, som var søster til Lars Nilsen Nonsvig.  Familien var busett i Ålesund kring 1788. Iver vart konfirmert på Skodje, og budde difor truleg på   Hesseberg på den tida. Han gifte seg 1812 med Anne Siverine Aagnesdotter Blindheim(3) (1787- 1840), frå Sykkylven. Det er ikkje funne fleire spor etter far til Iver i kyrkjebøkene etter 1788,  medan mora, Maren Christine, er registrert i Ålesund seinare også. I 1815 var ho enke og inderst hos  Carl Esaias Rønneberg i Korsen. Ho vart tidleg enke og gifte seg opp att allereie i 1795. Det var  kanskje medverkende årsak til at broren adopterte Iver. Onkelen og tanta ser nemleg ut til å ha vore  bornlause, og kan ha tatt til seg Iver, som komande arving, av den grunn.  

a) Birte Margrethe  (Andrine) ( 1812-1812) døydde 3 veker gamal.

b) Lars Carl Martinus (1816-1856) gifta seg  1840   med Karen Petrine Iversd. Glomset(Ø, 1). Dei busette seg på

Bakken(2), i Honningdalen i Skodje kommune.  Lars vart seinare også svigerfar til den vidkjende «Sjurs-Ole» i Sjursgarden på Emblem.  Sonen Karl gifta seg i 1873  til Nerigar med Johanne Hesseberg. Lars var  brukar på Bakken på Glomset og bruk 2, Honningdal, litt lenger vest i Glomsetbygda. Han drukna  ei natt ved brygga si, på veg heim frå Ålesund med båt.

c) Margrethe Marie (1818-1893) tok over bruket.

d) (Peter) Daniel (1824-1903) gifta seg 1853 med Christopha Marie Kristofersd. Russebø, frå  Ørskog(13). Dei dreiv bnr. 1 under Honningdal. Daniel var far til   Lars Carl Honningdal (1856-1929), som gifta seg til hovudbruket på Magerholm og med  Petrine Kristofa. som gifta seg med   Johan Ols. Nedregotten(1),  brukar på Skaret, Nedregotten(1).

Dottera Margrete Iversdotter Hesseberg (1818-1893) tok over farsgarden etter att ho gifte seg i 1844 med Nils Ananiasen Flisnes(2) (1813-1887), som var sonen åt Ananias Rasmussen Eikenos (f. 1781). Faren hadde gått fallitt det året når Nils vart fødd. Det hadde vorte eit dramatisk år med både glede og djup sorg. Nils miste mor si det same året som han vart fødd. Det vart dermed ikkje nokon pengar eller gard å ta over der ute, så han måtte freiste lykka og finna seg ei jordajente. Heldigvis fann han ei inne på Nerigar. Nils og Margrete fekk mellom anna eldstesonen Johan Nilsen Akslen (1845-1926) som gifte seg i vaksen alder i Høla på Emblem. Johan vart fødd det same året som foreldra fekk skøyte på Nerigar frå Iver den 18. desember 1845. for 160 Speciedalar. Det same året løyste Iver kårbrev hjå Nils. VI skal no sjå litt nærmare på rekkefølga på borneflokken:

a) Johan Andreas (1845-1926) gifta seg i 1874 med Johanne Severine Larsd. Akslen(4), frå  Høla. Dei vart brukara der.

b) Hans Laurits (1847-1927) gifta seg i 1878 med Gurine Birgitte Hansd. Giskegjerde(4). Dei var brukara i

Hansgarden, Vegsund(3).

c) Johanne Marie  Jakobine ( 1849-1938) tok over bruket.

d) Nicoline Maria (1855-1940) gifta seg i 1880 med Johan Ivar Elias Knuts. Synnes(10). Dei busette seg på bnr. 10 på  Synnes.

e) Ludvig Peter Andreas (f.1858) var 8 år ved 1865-telljinga.

f) Lars Andreas Carolus (f.1865) 1 år ved 1865-telljinga.

Dottera Johanne Marie Jakobine Nilsdotter Hesseberg (1849-1938 ) tok over bruket og gifta seg med Karl Larsson Glomset (1846-1917 ), som kom våren 1873. Den 14. april skreiv dei under på skøytet på garden frå Nils Ananiasen Hesseberg. Nerigar var på dette tidspunktet skyldsett til 1 daler 1 ort og 23 skilling. Skøytet omfatta alle husa på bruket, med unntak av «den ældste Stuebygning og en liden fjøsbygning». Det tyder altså på at Nerigar hadde minst to hus og ein litan kårfjøs attåt dei vanlege driftsbygga med stabbur, fjøs, sauafjøs, smalefjøs og høystål. Det kunne på den tida variere om alt var slått saman i eit bygg eller fordelt i fleire mindre bygg på tunet. Kjøpesummen var på 450 Speciedalar, der 350 allereie var betalt, medan dei resterande 100 skulle kome seinare og skriftleg bevis for dette løftet vart framlagd. I det samme skøytet vart kår til foreldra til Johanne sett til 182 Speciedalar.

Den same dagen vart også kårbrevet underteikna. Frå dette dokumentet kan me lesa følgande krav:

1) Eit markastykke som heitte «Noven» skulle vere til fri benyttelse for kårfolket i resten av deira levetid. Der låg truleg også åkeren som vart kalla «Sjøageren». Dette markastykket låg sørvest for hovedhusa på garden. Stykket skulle avgrensast av to «Birketroer og paa vestre av Byttelinjen mellem begge Gaardbrug i Heseberg, medens det paa søndre Side gaar fra et afmerket Punkt i nævnte Byttelinje til et Silie...».2) «Et Markstykke Nøstneset kaldet, beliggende østenfor Nøstet».Videre skulle kårfolket ha plass til lagring av tømmer og ved, samt eigen plass til kløyving av veden. 3) Dei skulle ha skogstykket som heitte «Blomliteigen». Denne skogsteigen vart begrensa i vest av «Raastberlaupa», i nord av «Hankerhaugen», i aust mot et almetre i gjerdegarden. Hesten på garden skulle stå til disposisjon for kårmannen når dette ikkje medførte ulempe for brukaren.4) Kårfolket hadde krav på « 4 Vog Byg, 8 Vog Havre og 3 -tre tønder Poteter, alt af Gaardens beste Avling i forsvarlig tilvirket Stand. Foring, Havning, Husrom, Røgt og Tilsyn hele Aaret samt om tiltrængne melkning» og tilverkning av mjølka på vanleg måte. Vidare skulle kårfolket ha for og rett på ei halv ku, tre geiter og tre sauer. Kårkontrakta var særleg detaljert og det finst til og med overslag på kor mykje parafin dei skulle ha. Dette er berre eit lite utdrag, som var vald på grunn av at der fanst fleire lokale namn frå garden.

Ein finn att Karl og Johanne i 1900-telljinga på Nerigar. dei dreiv framleis garden, og som gardbrukarar flest på denne tida, var også Karl fiskarbonde. Mange av bøndene i Emblemsbygda var på utror og førjulsfiske på den tida folketellinga vart gjennomført. Ein finn dei dermed som busatte i Ålesund, nærare fiskefelta, sidan dei aller fleste nytta åpne båtar og trong å kome seg i land før mørkret kom. I desember var det lite dagslys og difor var det utenkjeleg å ro heimatt til Emblemsbygda. Andre leigde seg rorbu eller sengeplass ute på øyane, men det var stortsett i vinterhalvåret. Karl derimot var truleg heimeverande og dreiv fiske på heimlege trakter, for i telljinga så var 6 av totalt 7 menneske i huslyden heime ved tellinga. Nesteldstesonen, Nils, på 28 år var også fiskar og truleg den som deltok på utror frå Nerigar. Han skal eg kome attende til litt lenger ned i teksten.

Karl og Johanne hadde seks born som var heimehøyrande i Nerigar i 1900. Alle var ugifte på dette tidspunktet. Elise Marie Håhjem (f.1865) var eldst. Ho gifta seg med Peder Iver Peterson Ertesvåg. Det var Karl si dotter med Petrine Marte Sofie Eriksdotter Håhjem. Elise og Peder emigrerte til Natal i Sør Afrika i 1892. Ho kom truleg aldri tilbake. Nils Peter Martinus (1873-1960) var den nest eldste, og den som tok over garden. Søskena til Nils var Lars Carl Nicolai (f.1876-1908). Han gifta seg med Lina Marie Hansdotter Husø frå Sandøy. Broren Andreas Martinus Johan (f.1887-1967) var ei tid i Amerika, og tente godt med pengar. Han kom heim, kjøpte Brennhaugen under garden Øvste-Aksla (bnr. 3+5). Han gifta seg med Petra "Bennhaug-Petra" Anne Marta Nikkoline Sivertsdotter Nilsen (1908-2000) frå Ålesund. Andreas hjalp også søstera, Karen med å få bygge seg hus. Karen Margrete Sofie (f.1892-1963). Ho var ugift og hjalp til heime i mange år. Det vart dermed ikkje slik at ho gifta seg. Etter kvart fekk ho fabrikkarbeid i Spjelkavika, og broren, Andreas, lånte henne pengar til å bygge seg hus i Nylandvegen 17 i Spjelkavika. Ho overlet det seinare til Andreas sin son, Karl Hesseberg, som vaks opp på Brennhaugen. sjå meir om Andreas sin familie der. Daniel Iver Hesseberg (f.1894-1971) var yngstemann i flokken. Han emigrerte til Amerika i 1912. Daniel døydde i Bottineau County i Nord Dakota. Han er gravlagd der. Vi skal no sjå litt nærmare på korleis det gjekk med han der.

Daniel var i 1910 dreng på Garden Blindheim Gnr. 4 Bnr. 14 på Vigra, men så fekk han utferdstrong og drog i 1912 frå Southampton i England med S/S Olympic over Atlanterhavet til Amerika. I innreisepapira fortalte han at han skulle til bror sin, Andreas i Bottineau i Nord Dakota. Eg veit ikkje nøyaktig når Andreas drog, men eg finn han i alle fall i den amerikanske 1910-tellinga. Då budd han i eige hus i Eidsvold Township i Bottineau, der han livnærte seg som gardsarbeidar. I følge denne tellinga skal han ha kome kring 1907 til USA, og han valde truleg ei anna rute via Canada, slik at det er vanskeleg å finne han att. Dette kan stemme, for han løyste rodeseddel i 1907.

I 1914 finn eg han att som båtpassasjer på veg til Amerika att etter besøk heime. Daniel fann eg i 1930- og 1940-tellingane i USA. Han busette seg i Rolette Township i nærleiken og fekk seg eigen gard der han dyrka korn. Dei harde 30-åra skulle derimot sette ein melombels stoppar for gardsdrifta, for i 1940 er han kun «farmoperator». Daniel vart gravlagd på Turtle Mountain Lutheran Cemetery i 1971.

I 1900-telljinga vart det også vedteke at Nerigaren skulle bidra med 2 kroner og 7 øre til soknepresten i Skodje, til avlønning av kyrkjesongaren. Denne plikta vart først sletta 30. april 1942 til trass for at Hesseberg då hadde vore del av Borgund kommune i mange år.

I 1910-tellinga er det 6 som bur på garden. Det verkar som om Karl og Johanne dreiv framleis bruket, men no var det saman med sonen Nils Petter Martinus Karlson Hesseberg (1873-1960) og den nye gardskona Randine Sofie Karine Jakobsdotter Frøland (1876-1937 frå bnr. 3 (Ner-Frøland) i Hjørundfjorden, som han hadde gifta seg med i 1908. I følge pantebøkene så stemmer ikkje dette. Nils og Randine underteikna skøytet på Nerigar i 1909 og betalte 1800 kroner til foreldra til Nils. På samme tid vart kårkava avtalt. Her finn me mellom anna 180kg. Blandkorn, 180kg. Havre, 4 hektoliter potet. Vidare skulle dei ha mjølk frå 4 kyr. Makta dei ikkje sjølve å hauste, så skulle alt leverast til dei frå ungfolket. Dei gjorde også krav på foring og gjeting av 2 geiter og 3 sauer per år. Kårfolket skulle disponere den vestre del av stabburet på garden og halve naustet. Karl og Johanne skulle få seks vognlass gjødsel til åkerlappen sin og få benytte «Go farageren», som truleg var namnet på gardshesten. Kårteigen i skogen var ei lita bot i «Eitreviken». Denne vedaskogen gjekk frå sjøen og opp mot Lars Magerholm sitt stykke tilhøyrande hovudbruket på Magerholm og Lars Hesseberg sin skogteig for hogst av byggematerial. Eitrevika er truleg omtrent der som elva Eiteråna renn ut i fjorden frå Magerholmdalen. Nils og Randine fekk tre born. Det var Lars Karl Hesseberg (1909-1996), som skulle ta over bruket, Johanne Margrethe (1911-1991) og Jakob Marius (1922-1965).  Johanne gifte seg ikkje. Ho budde ei tid hos broren og hans første kone, då ho var sjuk. I 1960 busette ho seg i Spjelkavika, etter å ha tent mellom anna på Aspehaugen. Ho hadde også leigd bustad hos foreldra til Gunnar Aspehaug på "Langheun" i Spjelkavika. Broren Jakob Marius Hesseberg var mellom anna sjømann, og seinare fergeskipper. Han leigde først på loftet i det nybygde huset hos Lorentz Emblem på Aksla. Han var då gift med Bjørg Andreassen (1925-1955). Ho vart tidleg sjuk og gjekk bort. Jakob gifta seg så opp att med Astrid Breivik (f.1939) frå Harøya. Dei budde ei kort tid på "Fossestua" mellom dagens byggefelt på Storhaugen og Tryssethaugen på andre sida av Storelva. Dei bygde så nytt hus på parsellen "Hesseborg", nedanfor frukthagen til hovudbruket inne på Magerholm. Jakob gjekk bort kort tid etter at huset stod ferdig. Astrid gifta seg opp att i 1968 med Kåre Morsund. Han døydde i 1975.

Den 29. oktober 1915 vart det tinglest ein resolusjon der Hesseberg vart del av Borgund kommune og dermed også Emblemsbygda. Det var eit ønske frå brukarane på Hesseberg. Det var enklare veg til Magerholm, enn til Skodje og vegar vart frå no av mykje viktigare som ferdselsveg enn båten og fjorden.

Sonen Lars N. Hesseberg (1909-1996) gifta seg 1951 med nabojenta Sofie Heggebakk (1912-2002) Dei vart truleg dei første sjølveigarane på Nerigar, for Bryggjå var det første bruket som vart køpt til sjølveige på Magerholm i 1900. Panteregisteret som er allmen tilgjengeleg gjev ikkje svar på dette spørsmålet, men det er spor som tyder på at det kan ha vore i 1917. Samstundes vart ikkje forpliktelsane åt Skodjekyrkja sletta før i 1942, så det kan faktisk ha gått så lang tid. Det kan også stemme, når det ikkje er registrert i eit register som er oppdatert til 1930-talet. Lars og Sofie bodde i mange år på Nerigar, og flytta først når dei nye eldreboligane stod klare på Garsendhaugen på Emblem på byrjinga av 1990-talet. Dei fekk dottera Solveig i 1952.

Dottera Solveig Lisbeth Hesseberg Vatne (f.1952) gifta seg 1974 med Svein Arve Vatne, og busette seg i Ørsta. Ho fekk garden som forskot på arv i 1981, men busette seg ikkje her. Lars og Sofie fekk 19 års burett på garden. Solveig leigde ut huset i kortare periodari nokre år, ett att foreldra hadde flytta til dei nye eldrebustadane på Garsendhaugen. 2001 selde ho garden vidare til neste brukar. Solveig har tre born. Det er Heidi Beate (f.1975), som er sambuar med Kenneth Bjørkedal, og busett i Ørsta. Den neste i borneflokken er Gry (f.1977) som er sambuar med Dag Jarle Aa og busett i Ørsta. Ho budde i Nerigar når ho gjekk på sjukepleiarhøgskulen i Ålesund. Lars Sindre (f.1981) er yngstemann. Han er busett i Ørsta.

Dagens brukar, sidan 2001, er Peter J. Blindheim, som har teke over bruket. Han er slekt på Sofie si side. Peter er nemleg barnebarnet til søstera Ingeborg på nabobruket bryggå, og oppvaksen litt lenger aust på Heggebakk, der Regine og Ingeborg sjølve vaks opp. Han bygde seg nytt hus nærare fjorden og flytte inn med kona, Ingrid Anja Holmen (f.1976) og borna Louise (f.2005), August Olai (f.2008) og Lina Sofie (f.2012). Det er ingen gardsdrift på bruket lenger. 

Bjørn Aarø 01.12.2017 16:50

Hallo.

Har mye data om forfedre til Iver Arnesen på Nerigården Hesseberg.
Send meg din epost adresse, får ikkje plass til alt her på denne sida.

Svein Ove Østrem 01.12.2017 21:14

Heisann! Kjekt å høre frå deg. E-postadressa mi er sveostrem@hotmail.com

Harald Honningdal 21.10.2015 10:46

Spennende å se hva du har funnet ut om Iver Arnesen og hans hustru. De var mine tippoldeforeldre. Sønnen Peter Daniel kjøpte halve Honningdalen. Han var min old

Svein Ove 21.10.2015 22:41

Kona Anne er født Anne Siverine Aagnesd. Blindheim(3) (1787-1840) i Sykkylven. Håper på å få oppdatert teksten i løpet av høsten

Svein Ove 21.10.2015 22:37

Det kommer oppdateringer etterhvert. Bygdeboka stemte ikke helt. Iver ble født i 1788 i ålesund og konfirmert på Skodje. Dødsåret er 1867. Han gifta seg 1812