«NYBØ»
(også
kalla Fursetgarden)
Nybø
er ein nyare gard i bygda vår. Grunnen er i hovudsak skild ut frå
Negarden bnr. 1 og Ystebøen bnr. 5. Det var omgongskulelærar Knud
Andreas Karlson Furset (1845-1934) frå Furset på Stranda som fekk
kjøpe nok jord til å etablere seg på dette gardsbruket.
Knud
tok lærareksamen ved Volda lærarskule i 1864 og vart tilsett som
lærar i Hatlehol, Emblem og Østrem skulekrins det same året. Han
hadde kost og losji på Ødegård hos Jens K. Andersen
«Ekenøsødegaard» i 1865. Det er godt mogeleg at han kun var
busett der ein kort periode ved folketellinga, men ein kjenner også
til eksempel der ugifte lærerar i Borgund var busett på same gard
over lengre tid. Den eit år eldre namnebroren Knud Emblem frå
Auregarden er eit slik eksempel.
Knud
arbeidde som omgongskulelærar. Det betydde at han ikkje hadde nokon
fast skule å gå til.
Gardbrukarane
i kvar skulekrins vart pålagde å anten låne ut stova si til
skulen, i eit visst antal dagar per år, eller på andre måtar sørge
for mat, skulereiskap, brensel og liknande. Når Knud starta opp i
gjerninga si var det ein vanleg måte å drive skule på. Det betydde
at han var maksimalt 3 dagar på kvar stad, før han måtte pakke
saman og gå til neste skulestad. Vegen kunne verte lang, særleg den
tida då det var vanleg å byte mellom dei ulike skulekrinsane kvar
veke. Då kunne han vera to dagar på Magerholm før han skulle halde
hus på Hatleholen dei to neste. Ein stor del av løna var kost og
losji, som han sjølv måtte kreve inn hjå dei skuldige. Det var nok
ikkje den kjekkaste delen av arbeidet.
Kring
1865 var det vanleg å gå på skulen annankvar dag. Ein kunne då
delast inn i storskule og småskule, men det er ikkje funne kjelder
som gjev svar på om dette vart gjort på Emblem. Knud arbeidde i tre
skulekrinsar i byrjinga. Bygda, slik me kjenner henne i dag, vart
delt i to delar, med Storelva som grense. I vest var Eikenosa,
Emblemsvågen, Røssevollen og Emblem ein krins, medan Østrem,
Nedregotten, Aksla og Magerholm var den andre. Det er frå denne
ordninga at begrepet «innai elva» stammar frå. Hatleholen var på
denne tida truleg også rekna som ein del av bygda. Det var ikkje
alle gardane som skifte på å vere skulestove, for det var ikkje
alle som hadde plass. Dei siste åra med omgongskule vart foreksempel
Magnusstova leigd til skulestove for Emblem krins, medan Mattisgarden
og Skaret truleg var sjølvskrevne i Østrem krins. Det vert fortalt
at Knud også tok på seg å skrive brev eller dokument for den i
bygda som trengde hjelp til den slags. Dei fleste kunne nok skrive på
den tida, men kjøpskontrakter og kårkontrakter var av ein art som
det var vansklegare å beherske for folk flest.
Den
7. juni i 1874 gifte Knud seg i Borgund kyrkje med Oline Susanne
Clausdotter Magerholm (1848-1930). Forlovaren hans var sjølvaste
klokkar kyrkjesongar P. J. Holm. Bustaden var ved dette
høvet
oppgjeven som Emblem i kyrkjeboka. Det er enno uvisst kvar han budde,
men det kan anten vere snakk om losji på ein av emblemsgardane,
eller at han hadde tatt fatt på å bygge seg ein heim der han
seinare skulle få seg eigen gard. Kjeldene gjev ikkje noko sikkert
svar på dette spørsmålet, men som gift lærar var i alle fall
ikkje innlosjering på eit kammers nok. Han underviste omlag 24 veker
i året slik at det var mogeleg å vere gardbrukar attåt. I dei
viktige onnene var det behov for at borna deltok meir heime, så då
vart skulegongen tilpassa etter dette.
Kjeldene
gjev heller ikkje noko godt svar på når Knud busette seg på
Emblem, men i panteboka for Negarden og Auregarden kan ein lesa at
han fekk tinglest skøyte på to ubebygde markastykke frå desse to
gardsbruka 13. august 1874. Det verkar som om det eine skøytet vart
signert den same dagen. Det nye gardsbruket fekk namnet «Nybø», og
ei skyld på 24 skilling. Av dette var det største markastykket, med
skyld på 13 skilling, frå Thomas Clausen Emblem i Auregarden. Dette
var svogeren til Knud. Negardsykket tilhøyrde på den tida
svigerfaren Claus Olsen Magerholm. Prisen på den biten var på 60
speciedalar. Av dette fekk bygselsmannen Lars Karolus Olsen Emblem 20
speciedalar mot å avstå frå å kreve bruksrett. Han var nevøen
til Claus, og dermed søskenbornet til kona Oline. Utfordringa med å
finne seg ein gard vart dermed løyst innad i slekta. Magerholm-Claus
var heller ingen kven som helst. Han åtte på den tida fleire gardar
i Emblemsbygda. Knud fortsette å kjøpe attåt litt jord seinare
også. I 1917 vart han einig med «Ebbe-Elias» på Skillingen
(Tunheim) om eit makebytte av to parsellar, som fekk namna «Tunheim
II» og «Tunheim III». Med dette fekk garden si utstrekking slik
den har i dag.
Knud
og Oline fekk 8 born. Den eldste var Karl Oluf Bernt (1876-1907). Han
var truleg ugift og er registrert på samme gravstein som foreldra
sine. I 1900 var han nemnd som arbeidar på telefonlinje. Han var
truleg ansatt hjå Telegrafverket. Dette var ikkje noko
latmannsarbeid. I alt slags ver skulle kabletrommlane rullast ut og
stolpar røysast. Farleg var det òg. Om søstera Karoline (f.1879)
veit ein berre at ho var tenestejente på Haram i 1900. Kristian
(f.1882) og Olaf (1884-1968) veit me meir om. Begge drog til Amerika.
Kristian var først tømmerhoggar i Tacoma og arbeidsformann i staten
Washington. Det vert fortalt at han fekk trebein etter ei ulukke. Han
slo seg då ned i King County ved Seattle og vart handelsmann. Han
dreiv koloniaalforretning saman med kona Mabel. I 1930 hadde dei
døtrene Helen og Arleen. Mykje tydar på at dei vart verande i same
område resten av livet. Olaf drog til broren i 1902. Deretter
fortsette han til Alaska for å søke lukka som gullgravar. Han
kjøpte seg mellom anna skjerp i Yukon, og budde det meste av livet
sitt i Fairbanks, Alaska. Han døydde også der på «Fairbanks
Pioneers Home» etter kort sjukdomstid i 1968. Oddmund Akslen har
fortalt at Olaf var ein tur heime då han var gutonge. Då måtte
Oddmund og den eine broren springe opp på Skillingsetra for å hente
Ebbe-Elias, som var ein god barndomsven av Olaf. På vegen heim måtte
Elias nærast krype langs steingarden for at sauene ikkje skulle slå
følge med dei heim att.
Der
var også ei yngre søster som heitte Olga (f.1891). Ho hadde
utvandra, og vart omtala som einaste attlevande slektning av Olaf i
Amerika i 1968. Ho hadde vore tenar, og hatt ansvaret for husarbeidet
hos handelsborger, og innehavar av manufakturforretning, Jørgen
Waage i Notenesgta 2 i Ålesund. I 1910 hadde ho kome over dammen for
å besøke søskenbornet Lina Berge i Tacoma, Washington. Dei hadde
nok god kontakt, for sjølv om Lina ifølge folketellinga var fødd i
«Scauth StilvaterAmerika», så budde ho på Nybø
som pleiedotter i 1900. Stadnamnet er truleg feilskrive og skal vere
South Stillwater, Minnesota, der det var ein del tømmerhoggarar frå
Sunnmøre på den tida. Lina flytte så vidare til Tacoma. Der
busette Olga seg også. Ho gifte seg med Andrew Nelson før 1920. I
1940 hadde dei to born på 20 og 14 år. Ved gravferda til broren
Olaf i 1968 finn ein i minneorda at ho framleis budde på samme
staden.
Dei
siste søskena var Jensine (1887-1887), som berre vart 5 dagar gamal,
og Klaus (1894-1894) som døydde av kolera. Dette kan vera det samme
utbruddet som også ramma dei to borna i Sjursgarden. Frå kyrkjeboka
kan ein lesa at Jensine vart heimedøypt av Knud, så dødsfallet kom
nok ikkje heilt uventa. Johanne (1888-1961) var den siste av søskena,
og den som skulle ta over farsbruket.
Den
26. januar 1892 fekk Knud tinglest et nytt skøyte på halvparten av
bnr. 1, Negarden. Selgaren var nok ein gong svigerfaren Claus
Magerholm. ein kan merka seg at kjøpet inkluderte «tilhørende
Huse, nemlig en Stue- og en Ladebgning og iøvrigt med (..)
undereliggende Herligheder og Rettigheder saaledes som det ifølge
Skjøde har tilhørt mig, men ligsaa med de paa nevnte Brug hvilende
Hæftelser og Forpliktelser for Købesummen Kr. 800,00 (....) hvilket
Beløb idag er mig udbetalt».Mig
er i dette tilfellet selgeren. Kontrakta kan ha vore ført til pennen
av Knud sjølv. Det er mogeleg at det anten var Knud sjølv, eller
svigerfaren som sette opp gardshusa og at lærar-huslyden budde der
Det kan verke merkeleg at Knud i so fall ikkje hadde bygd gardshus på
eiga mark tidlegare, for det kan verke som om Claus åtte husa til
Knud på dette tidspunktet. Det er også mogeleg at Knud kan ha
flytta tunet. Allereie 28. september i 1895 kunne Knud utvide med
enno eit markastykke frå Klaus Nilsen Emblem på Ystebøen for ein
sum på 275 kroner. No var ikkje garden lenger som noko småbruk å
rekne.
Knud
var omtala som ein særs akta lærar i bygda. Han fekk oppleva å
vera den siste omgangskulelæraren i bygda vår, men også den fyrste
læraren i den nybygde skulestova på Skaret i 1903. Skare-Nils,
svigerfar til Inge Emblem fortalde i eit intervju med Sigurd
Langleite på 1980-talet at han var ein av dei første elevane som
fekk gå på denne skulen med «Furseten» som lærar. Nils fortel at
han var svært gamal då og at dei fekk Lars Flydal som ny lærar
etter kort tid. Knud gav seg som lærar i 1905, men fortsette ei tid
med i forstandarskapet, og som revisor i Borgund Sparebank. Ein finn
han der i 1927, eitt år etter at han skøytte frå seg garden til
svigersonen.
Knud
skulle syne seg å ha interesse for meir enn berre undervisninga. I
1867 var han med på å skipe «Prostilærarlaget», og han var
aktivt med i det seinare «Borgund lærarlag», forløparen til
Borgund Lærarlag, og møtte fast til lagets samankomster og møter.
I tillegg deltok han fleire år i Borgund Herradstyre, sat i
direktionen for Aalesunds Landmandsbank ved opprettinga i 1888, og
var forstandar i Borgund Sparebank på sine eldre dagar. Der var han
også formann i forstanderskapet frå 1917 til 1921, og revisor frå
1917. Han roa med andre ord ikkje heilt ned, sjølv om han gav seg
som lærar i 1905. Han var framleis aktiv i bankverksemda til Borgund
Sparebank, det som seinare skulle verte Sparebanken Møre, i 1927.
Svigersonen
Heitte Tomas Hilmar Knudsen Akslen (1892-1974) og kom frå Aksla,
bruksnr. 1. Tomas var den fjerde sonen i rekka og var såleis
avhengig av å finna seg ei jordajente. Johanne Knudsdotter Furset
(1888-1961) var eigentleg inga jordajente. Ho var den fjerde i
syskenflokken, men det vart likevel ho som fekk overta. Tomas og
Johanne fekk to born. Den eldste, Karl Olaus (1926-2007), tok over
garden, medan broren Klaus Lorentz (1913-1931) døydde ung.
Eldstesonen
til Tomas og Johanne, Karl Tomasson Akslen (1926-2007), tok over
garden etter far sin. Som ungdom hadde han mellom anna vore soldat i
Tysklandsbrigaden etter krigen. Skøytet på gardsbruket vart
tinglyst i 1958, og han gifta seg med Anna Harriet Emblemsvåg
(1929-1998). Ho kom eigentleg frå Oshaugen, for mora Anna
Peterdotter Emblem frå Ystebøen vart gift der i 1929 med Hans
Emblemsvåg. Ho døydde i barselseng det samme året og Hans reiste
like etter frå bygda attende til USA, der han hadde arbeidd i fleire
år før giftermålet. Anna vaks difor opp hjå besteforeldra sine på
Ystebøen, og såg truleg ikkje så mykje til far sin før han kom
heim att for godt kring 1940. Då var Anna 11 år.
«Furset-Karl»
og Anna fekk 5 born. Toralf (f.1952) er eldst og har dreve mykje med
klippfisk handel frå utlandet. Nestemann er Hans Anders (f.1954) som
tok over garden, medan tredjemann, Oddmund Akslen (f. 1958) vart
entrepenør og gravemaskinførar. Oddmund budde mellom anna ei tid på
Garsendhaugen, før tunet vart rive og erstatta av eldreboligar. Då
flytte han til Østrem og kjøpte Mattisgarden og Steinsgarden i
samarbeid med storebroren, Toralf. Kona, Torill Berge frå
Spjelkavika var i mange år fløytist og instruktør i Musikklaget
Gjallarhorn. Ho starta opp bygdas første videoutleige i kjellaren
på «Akslabuda». Søstera Ann-Kristin har arbeidd i mange år i
bank og busette seg etterkvart med ektemannen, Per Helge Andersen på
Ellingsøya. Sistemann i flokken var John (1966-2006), som døydde
ung.
Hans
Anders Akslen tok over garden og dreiv med mjølkekyr ved sidan av
anna løna arbeid, som fabrikkmedarbeidar på Porolon a/s i
Vegsundet. Dette vart ein vanleg kombinasjon etter den andre
verdskrigen, der fiske vart erstatta av løna arbeid i blant anna
Borgund kommune. Han gifta seg med Wenche Moa frå Spjelkavika. Dei
fekk borna Janne Moa Akslen (f.1980), som er busett i Spjelkavika,
Thomas (f.1985) som tok over bruket, og Karoline (f.1986), som er
busett på Stranda og sambuar med Leif Magne Kjølås..
Garden
vert no driven av sambuarparet Thomas Akslen og Camilla Anett Nærø
Orten som er 5. generasjon på garden.