Garden
er skild ut frå det som truleg var den første garden og som gav
bygda namn. Namne-gransking tyder på at Emblem kan stamma frå det
gamalnorske namnet «Imileimar», som er eit heim-namn og av dei
eldste i landet. Gravrøyser i Emblemsvågen og på Ystebøen bidreg
óg til å bekrefta ein temmeleg høg alder. Sjølv om den fyrste
mann som me kan finna namn på er Bård på Emblem på 1200-talet, så
er truleg garden frå føre vikingtida. Matrikkelbruket Emblem gjekk
truleg heilt til sjøen, før Emblemsvågen vart utskild som eigen
gard på 1500-talet.
Ystebø-namnet
på Emblem er ikkje eit unikt namn i landet vårt. Det er mogeleg at
gardsnamnet har samanheng med det gamle klengetunet på Emblem.
Området dit garden seinare var flytta, kan ha vore den bøen som låg
lengst vest, eller ytterst («yst») mot enten Eikenosa eller
utmarka. Det er grunn til å tru at bøane og åkrane på det gamle
Emblemstunet hadde eigne namn. Ein kan den dag i dag spore nokre av
desse namna, som «Hampåkeren», «linåkeren» på meierimyra ved
Røsevoldelva og dagens tun i Ebbegarden, Om «langåkeren»-namnet
er like gamalt, er vanskeleg å verifisere i ettertid. Samtlege av
desse og fleire andre lokale namn er desverre i ferd med å gå i
gløymeboka. Andre bøar og åkrar kan truleg ha hatt liknande namn
som «Ystebøen». Ein kan med andre ord tenkje seg at det kanskje
fanst ein Øvstebø, Instebø, Nestebø eller liknande som «Ystebø»
er kalla opp i forbindelse med. På det gamle klengetunet var det nok
eit større tal med små jordlappar, bøar og åkrar som vart lagd på
naturlege og solrike områder. Grøfting og jorddyrking av større
samanhengande områder med forbetring av jordsmonnet kom seinare, ved
innføringa av maskinell drift. Før denne tid vart dei mest egna
områda plukka ut og fordelte etter tur, år for år på kvart
einskild bruk. I tillegg kunne dei små bøane og åkrane verte delte
inn nærast kvar einskild kvadratmeter på ein slik måte at det var
omogeleg å gjere innhaustingsarbeidet dersom ikkje alle brukarane
gjorde dette på same tid. Fleire av markene frå den gongen er no
utvida, og meir utjamna, men det ligg framleis slåttemarker nedanfor
tunet i Steffågarden, der dei ein gong låg, på rekkje og rad frå
Myrane i vest til Ebbegarden i aust.
Kring
1520 var det to brukarar på Emblem. Omlag 80 år seinare var det 5
bruk på garden, og bruk 1 var dobbelt så stort som dei fire andre
bruka. Då Didrik Villumsen (ca 1655-1718) sat som bygselsmann på
storgarden i 1714 vart Negarden fråskilt Ystebø-bruket. På denne
tida var det Christian Sæd som åtte Giskegodset og garden var då
ein del av dette godset. Årsaka til denne delinga kjenner eg ikkje,
men det er sonen til Didrik, Peder Didriksen (1698-1768), som bygsla
halve farsgarden og beheld bruksnummer 1. Peder vart den første
brukaren i Negarden, medan faren sat attende med det som vart
Ystebøen med bruksnummer 5. Didrik døydde i 1718 og enka, Anne
Pålsen, dotter av den førre eigaren, dreiv ei stund garden åleine
før ho gifte seg opp att med Knut Sjursen Emlemsvåg (ukjend
dødsår). Han dreiv garden saman med Anne i 4 år frå 1725-1729.
Etter kvart fekk sonen til Anne bygsle bruket, men i mellomtida var
det Jakob Jonsen og Anne Knutsdotter som sat som bygselsfolk på
Ystebøen frå 1729-1740.
Jens
Didriksen (1706-1755) vart ikkje så gamal, men i buet etter han var
det både 98 Riksdalar attende når gjelda var oppgjordt, samt part i
tre båtar, 2 naust og heile åtte kverner. På toppen av det heile
hadde han eit sølvbeger verdt 5 rdl. Det var altså inga armod å
spore på Ystebøen. Jens var gift med Anne Rasmusdotter frå Erstad
(ca 1700-1782). Ved skifteoppgjeret i 1755 hadde dei 124 riksdalar i
verdiar og 32 riksdalar i gjeld. Anne vart gift om att med Saxe
Arneson Muri (1700-1759) frå Muri i Valldalen. Han hadde også vore
gardbrukar på Myklebust i Valldalen og gift to gongar tidlegare. Det
første ekteskapet var med jordajenta Inger Knutsdotter Valldal
(1700-1750). Dei fekk tre born. I 1751 gifte han seg om att med enka
Ragnhilde Thorsdotter Muriaas (1695-1756) og fekk tre born til. Han
fortsette å drive garden Myklebust til omlag 1756. Saxe gifte seg så
ein tredje gong og flytte til Ystebøen. Eldsteguten, Knut, fekk ta
over i Valldalen. Saxe døydde på Ystebøen berre to år etter det
tredje giftermålet. Han fekk ingen born med Anne.
Anne
Rasmusdotter vart ei gamal dame på heile 82 år. Ho gifte seg om att
ein tredje gong etter at Saxe døydde i 1759. Pengeverdiane i buet
var no auka til 210 riksdalar, medan gjelda var på 142, men det
meste var ubetalt arv etter to arveoppgjer. Saxe var truleg meir enn
normalt interessert i fiske som attåtnæring. Han etterlet seg mykje
fiskevegn, fleire småbåtar, og ein «Sjøbåt» på Stadnes. Den
tredje mannen til Anne var tredve år yngre og heitte Jon Olsen
Barstad (f. ca 1730). Jon dreiv Ystebøen i 11 år frå 1760-1771.
Det vart visst ikkje så mykje til gardsdrift med han. I 1769 vart
det registrert at han var «sygelig i sitt hoved», kva no det måtte
bety. I 1787, fem år etter Anne sin død, var han dreng på Emblem i
staden. Gardsdrifta på Ystebøen hadde han sagt frå seg allereie i
1771. Eg har ikkje funne noko kårbrev til Jon i 1771, og sidan han
måtte livnære seg som dreng i 1787, så kan det ikkje ha vore att
særleg av verdiar etter Anne. Med henne vart det også slutt på
slektsledda attende til den første brukaren på garden, Didrik
Villumsen. Han døydde i 1718, og Anne i 1782, så det vart temmeleg
mange brukarar på Ystebøen på kort tid.
I
1771 vart det altså skifte av bygselsmann på Ystebøen. Jens Jonsen
Alvik (ca. 1741-1786) var gift med Anne Jetmundsdotter Holen frå
Vågnes.(f. 1750) Begge kom med andre ord utanfrå bygda. Eg har få
opplysningar om dei, men det er ikkje så sikkert at det gjekk så
bra. På denne tida var det også kuldeperiodar og feilslåtte
avlingar. Garden vart i alle fall bygsla i to halvdelar i løpet av
Jens sin tid som brukar. Det er ikkje så lett å vite den eksakte
årsaka til dette. Kanskje yngste jordeigaren
seg
meir inntekter i ei tid med mindre utkome, eller kanskje bygselskåra
på ein so stor gard vart for vanskeleg å makte åleine. Jens var
einaste brukar i 3 år før oppdelinga, og han vart berre 45 år
gamal. Då hadde han drive garden i 15 år
Hans
Pettersen Høgh (1720-1777) vart fødd på garden Skuggen, like ved
Nørvasundet. Han var den som bygsla andre helvta av Ystebøen. Hans
hadde tidlegare bygslå eit bruk på Sunde, før han flytte til
Flisholmen og budde der saman med søstera Maren og svogeren Paul
Arnesen Nørve. Då svogeren døydde i 1766, tok han over heile
Flisholmen, og kjøpte holmen i 1771. Etter få år flytte Han vidare
til Emblem. Flisholmen selde han for 165 riksdalar, og hadde med
andre ord råd til både bygselbrev og meir attåt. Han hadde kanskje
talent for økonomi også. Det kan verke som om det var dette som
lokka, for særleg lettare gardsdrift kan det ikkje ha vore på
Ystebøen. På den andre sida så var garden framleis del av
klyngetunet nede i bygda, og han vart ikkje yngre med åra, så det
kan kan dermed ha vore meir sosial tryggheit som lokka. Hans døydde
tre år etter at han kom til Emblem. Han var gift med Guri
Jakobsdotter, som no vart enke. Ho behøvde ikkje leite så lenge
etter ny ektemann. Guri gifta seg med broren til den andre
bygselskona på Ystebøen, Anne.
Endre
Jetmundson Holen frå Vågneset (1743-1790) var altså broren til
Anne, og svogeren til Jens Jonsen Alvik som dreiv den andre helvta av
Ystebøen. Endre fekk bygselsbrev i 1778 på parten som Guri og Hans
hadde drive tidligare. Då svogeren døydde i 1786 overtok Endre
denne delen også, og vart bygselsmann på heile Ystebøen. Guri
døydde før Endre, så han gifte seg om att i 1789 med Anne
Olsdotter Giskeøygard. (1746-1811). Dei rakk ikkje å få noko langt
ekteskap, for Endre døydde berre eit år seinare. Anne gifte seg no
opp att med Klaus Nielsen Grytten frå Vatne. Han veit ein meir om.
Klaus
Nilsen Grytte (1764-1819) var den første brukaren som kjøpte
garden. Han var son av Niels Olsen Grytten (1725-1802) på Gryte i
Grytten Prestegjeld. Niels vart gift i 1750 med Catrine Clausdotter
Bjørnøy (1728-1821), som var frå Janecken-ætta. Ho stamma frå
Claus Janecken (ca.1610-1674) frå Rostock i Tyskland. Kring 1627 kom
han til Bergen, der han utdanna seg til gesell hjå Hanseatane. Han
vart med andre ord handelsborgar. Seinare flytte han til Bjørnøy og
gifta seg med enka Catrine Johansdotter Vind (ca 1615-1684) Claus
gjorde seg også bemerka saman med Store-Rasmus i bøndenes kamp mot
fogden. Det er mogeleg at Klaus vart oppatt-kalla etter enten
tippoldefaren, Claus Janecken, eller bestefaren som også heitte
Claus til fornamn.
Han
gifta seg kring 1791 med enka Anne Olsdotter Emblem (f. Giskeøygard)
på Ystebøen. Det er mogeleg at Claus og Anne kan ha møtt kvarandre
i 1787, når søstera Ellen Nilsdotter Grytten gifta seg med
Ingebrigt Knudsen Emlem (f. Nedregotten) i Negarden. Det er også
mogeleg at det var søstera som fortalde Claus når Anne vart enke i
1790. Han hadde også eit søskenborn i Steffågarden
som
heitte Eli Jonsdotter Emlem (f. Bjørnøy) (1751-1807) så han var
nok godt kjend på Emblem, og han har kanskje vore dreng i bygda før
han gifte seg. På den tida var det så å seie umogeleg å fortsette
å drive gard utan ektemake. Ein gifte seg temmelig raskt på ny.
Claus var 28 år og ungkar ved giftermålet. Dei fekk ingen born
saman. I 1811 døydde Anne, etter berre 10 års ekteskap. Ho vart
begravd i Borgud kirke 4. desember det same året.
Klaus
gifta seg på ny i den 26. juli 1812 med Ingeborg Monsdotter
Magerholm (ca. 1785-1860) frå Magerholmvika. Saman fekk dei 4 born.
Den eldste var Anne Klausdotter Emblem (1813-1821) Ho døydde berre 8
år gamal. Oline Clausdotter Emlem (1814-1899) vart då jordajenta på
Ystebøen, så henne skal me kome attende til seinare. Nille
Clausdotter Emblem (1816-1898) gifte seg i Larsgarden på Østrem,
medan den yngste dottera, Karen Clausdotter vart fødd i 1819, det
same året som Klaus døydde. Ho gifte seg i 1842 med Jens Elias Ols.
Wademyr frå Ørskog. (f. 1824) I likheit med fleire av dei andre
gardbrukarane på Emblem, så hadde Claus fått tilbod om å kjøpe
Ystebøen av Kjøpmann Arent Nicolay Heide (f. 1764-1812). Arent
døydde kort tid etter tinglysinga av skøytet i 1812. Han var son av
nok ein handelsmann, Jørgen Arnoldus Heide, som mellom anna dreiv
handel på Vågneset på Sula. Jørgen hadde ått alle bruka på
Emblem, men ved dødsbuauksjonen i 1809 hadde sonen Arent fått
tilslaget på halve garden medan svogeren Knut Danholm fekk tak på
resten. Ystebøen vart altså i Arent sin eigedom. Årsaka til at
Arent og Knut selde mellom anna Emblem, kan verke opplagd. Knut
Danholm var allereie død, så her var det enka som selde. Kanskje
hadde Arent sopass skrantande helse våren 1812, at han valde å
selje han óg.
Ein
kan finne Claus som ein av bidragsytarane til «Borgund fri og
Fatigskule» (1742-1876). Året 1812 var nemleg eit av dei mørkaste
i skulens historie. Ein mangla mellom anna mat til elevane som budde
der. Prost Baade fortel at han måtte be om stønad til skulen frå
preikestolen. Dette resulterte i at tre notlag og 4 bygdelag på
øyane og nordsida samla saman gåver «in natura». Den einaste
einskild-personen som gav til skulen var, Klaus på Ystebøen. Sjølv
om han nett hadde kjøpt eige gardsbruk, kunne han likevel gje 12
merker mjøl og to merker smør til skulen
Claus
døydde kun 7 år etter at han hadde kjøpt Ystebøen, men han
overlet seg likevel eit rikt bu på netto 500 Spd, til tross for at
han hadde kjøpt bruket for 800 Spd. få år tidlegare. Garden vart
taksert til 221 spd. Han hadde avla vel 30 tønner korn og hadde
tidvis heile 2 hestar. Det er også nemd mellom anna 11 kyr og 9
småfe, og det er temmelig brukbart for eit sjølvbergingsbruk i
teigblandingstida. Det er også interesant å merka seg at Claus er i
slekt med dagens brukarar, for det er ikkje så vanleg at slekskap
kan knyttast så langt attende på det same bruket i bygda vår.
Ein
veit også ein del om Ystebøen frå skiftepapira som vart tinglyste
etter etter Claus den 4. april 1820. Ystebøen var på denne tida
framleis del av det gamle klengetunet åt gardane på matrikkelgarden
Emblem. Som namnet fortel, låg gardshusa til emblemsgardane i ei
tett klynge kring staden der gamlehuset i Steffågarden ligg i dag.
Det var på den tida åreskog og nok einer til ved. Hovudhuset var
truleg av den tradisjonelle sunnmørstypen som ein kan sjå fleire
dømer på om ein tek turen Sunnmøre Museum. Ljoren var derimot
bytta ut med ein billeggar-omn, og hadde då truleg ei oppmura pipe
også. Vidare var kjøkkenet skild frå stova. Det var også eiga
fordør og kammers. Kammerset var truleg ikkje nytta til rom for
kårfolket i Claus si tid, for der var ikke kårfolk på Ystebøen på
den tida. I 1801-tellinga finn ein dessutan berre 3 tenarar på
garden. Arne Gregoriusen på 21 år, Kirsti Rasmusdotter på 17, og
Martinus Ingebrigtsen på 8 år. Kirsti hadde truleg ansvar for
mellom anna setringa, medan Martinus kan ha hatt enklare oppgaver, og
det kan ha vore meir ei praktisk ordning. Det er nemleg mogeleg at
han var sonen til søskenbornet Eli på nabobruket Negarden, som låg
vegg i vegg. Sidan Claus ikkje hadde kårfolk eller born i 1801 så
hadde dei god plass, for på den tida sov tjenestefolket som regel i
løa. I Negarden hadde dei derimot fullt hus med både kårfolk, 4
born og dreng.Ystebøen hadde elles eige stabbur, fjøs med høy og
kornløe, 2 smalefjøs, stabbur og nytt sel. Det er mogeleg at dette
er det same selet som stod på Gamle Emblemseter fram til 1960-talet.
Frå 1814 til 1819 vart det bornelåt på Ystebøen også. Eg skal
ikkje seie for sikkert at Claus ikkje fekk nokon born med si første
kone, men eg har ikkje klart å funne spor etter born i alle fall.
Ingeborg
gifta seg om att med Steffen Endreson Frøysa (ca.1774-1832). Dei
vart gifte 23. juli 1820. og Steffen døydde 16. desember 1832, etter
berre 12 år som brukar. Han dreiv garden heilt til han døydde. I
kirkeboka for Borgund vart det oppgjeve at han var 58 år gamal. Eg
har ikkje funne prov for at dei fekk born saman.
Ingeborg
vegra seg kanskje for å gifte seg om att ein tredje gong. Ho var no
kring 50 år, med born som byrja å verte gamle nok til å ta over
sjølve. Men etter 2 år som enke stod ho likevel brud i Borgund
kirke den 2. juli 1834 . Det mest vanlege var å gifte seg med ein
yngre og vel arbeidsfør kar, som kunne bidra i gardsarbeidet. Slik
vart det ikkje denne gongen, for ektemannen var 19 år eldre, med
sine 71 år. Arne Olsen Østrem kom enten frå Larsgarden eller
Mattisgarden. Han vart ikkje så mykje eldre og døydde tre år
seinare, i 1837. Ingeborg og Arne dreiv naturleg nok ikkje Ystebøen
medan dei var gifte. Ingeborg tok kår det same året som ho gifta
seg. Kårkontrakta vart underskrive 14. april 1834 og tinglyst
allereie 1. mai, i god tid før ho gifte seg med Arne. Det meste var
med andre ord ordna på førehand. Arne hadde ikkje så mykje verdiar
etter seg han heller. Skiftet etter han var på 15 Speciedalar.
Som
eg nemnde tidlegare så var det dottera, Oline Clausdotter, som vart
jordajente. Ho gifta seg med Nils Olsen Solavåg (1806-57) den 27.
mai 1833. Eit nærare søk i kirkeboka avslører fleire interesante
opplysningar. Nils heitte eigentleg Nils Britanus Olsen Østrem og
var sonen til Ole Solevåg (1770-1833) Opplysningane i bygdeboka er
med andre ord berre delvis korrekte. Nils var fødd i Solevågen, men
i 1814 tok faren over Larsgarden på Østrem. Han hadde endå ikkje
byrja å nytte gardsnamnet Østrem i 1833, medan sonen hadde skifta
namn. I kyrkjeboka vart alderen på Nils sett til 25 år, medan Oline
vart registrert som 19 år. Stemmer dette, så vart Nils fødd i
1808, ikkje 1806. Av ein eller annan grunn vart bruda sin far
registrert som Ole Emmelem. Dette er merkeleg sidan ho rett nok er
innskriven som «Clausdatter». Dette må ha vore ein misforståelse.
Dette var også på eit tidspunkt der mora var enke og hadde ikkje
gifta seg om att enno. Nils var brukar frå 1834 til1857 og den
første brukaren som fekk samla garden i eit stykke, der garden ligg
den dag i dag, lengst vest. Han flytta truleg bitar av det gamle
tunet etter. I 1840 fekk han også skøyte på Ystebøen for 210
Speciedalar Her er det verdt å merke seg at skøyte på Ystebøen
ikkje kom frå Ingeborg åleine. I panteboka står det at Ingeborg
skøytte Ystebøen saman med Knud Olsen Østrem som gift med Nille
Clausdatter til Niels Olsen. Nille var svigerinna til Nils og åtte
sansynlegvis ein gardpart i Ystebøen framleis. Det kan ha vore rest
av arva etter faren som enno ikkje var utbetalt. Knut Olsen var
broren til Nils og den som tok over bygselskontrakta i Larsgarden på
Østrem. I 1835 vart Nils og Oline foreldre til Ingeborg Severine
Nilsdotter Emlem, og i 1846 finn eg dessutan Klaus Nilsson Emlem. Han
skal me kome attende til seinare.
Oline
gifte seg for andre gong med ungkaren Ole Martinus Ingebrigtsen Valle
(1830-1912) den 7. oktober 1859. Han gifte seg og tok over bruket to
år etter Nils døde den 18 september 1857. Dette er særs uvanleg på
ein slik stor gard. I 1865-tellinga finn eg berre sonen til Nils som
heimebuande.
Klaus
var på den tida 19 år, så det kan ha vore fleire. Ingeborg har
foreksempel flytta før den tid, og fleire born kan ha flytta óg.
Årsaka til at Klaus framleis budde heime, var at han hjalp stefaren
med gardsdrifta. Klaus var dessutan den som skulle ta over på
Ystebøen. Dei hadde også ei tjenestejente på garden dette året.
Ho heitte Ingeborg Marie Olsdotter og var 17 år gamal. Eg veit ikkje
meir om henne anna enn at ho kom frå same prestegjeld. I 1865 hadde
dei 1 hest, 13 kyr, 8 sauer, 13 geiter og ein gris på Ystebøen. I
1868 var det registrert 1 hest, 11 kyr, 20 sauer og ei brukbar avling
på garden. Sjølv om poteta hadde gjort sitt inntog i bygda, så
dyrka dei framleis både bygg og havre. Resultatet dette året endte
på 12 tønner bygg, 35 tønner havre, 34 tønner med potet og 72
skippund høy. Ein kan også merke seg at talet på dyr varierte ein
del på kort tid.
Den
neste brukaren heitte altså Klaus Olaús Carolus Nilsen Emlem
(1846-1912), og vart fødd på garden. Han var sonen til Oline og
hennar første ektemann, Nils Olsen Solavåg. Klaus fekk først
skøyte halve bruket i arv i 1858 etter etter far sin, men i 1869
fekk han også skøyte på den andre helvta frå mora for 280 Spd.
Skøytet vart tinglest 8. oktober 1869. Mora og stefaren fekk
tinglest kårbrevet 8. oktober 1869. og det same året tok han over
garden saman med kona Hanna Amundsdotter Eikrem (1848-1923) Hanna
fekk kår 7 februar 1905 hos svigersonen og skreddaren, Peter Bastian
Knudsen (1869-1949) frå Blakstad i Sykkylven. Han var ektemaken til
Antonette Klausdotter (1874-1955), og dei hadde gifta seg den 10.
november 1895. I 1931 fekk dei attest frå lensmannen på at
Antonette var den einaste arvingen etter foreldra sine. Peter var
aktiv på sjøen
og
medeigar i større fiskebåtar med mannskap på gjennomsnittleg 5-6
mann inkludert skipper. Båten på Reiten var kanskje ein av dei
største i tida før 1935, men Ystebø-båten «Fri» låg ikkje so
langt etter den heller. Frå 1928 til 1940 finn ein fleire
obligasjonar til Borgund Sparebank. Truleg
har
minst ein av desse forbindelse med båtinvesteringar. Det største
lånet på 3000,- i 1931 står det ingen spesifikasjonar på. Dette
var omlag samstundes som at Peter fekk attest på at han og Antonette
var einaste livsarvingar etter foreldra hennar, så eg kan ikkje sjå
at pengane skulle brukast til å betale ut andre livsarvingar.
Pengane kan likevel ha vorte nytta til investeringar på garden. Ein
finn også to lån i mai og juni 1928 på 300,- kvar. Alle låna vart
innfridd allereie den 20. mai 1935.
Ein
del av tilbakebetalinga kom truleg frå salg av ein parsell av garden
til Ole Larsen Krogset og Lars Fauske Krogset for 500,- den 1. mai
1935. Likevel var det framleis 3100,- som skulle betalast attåt. Eg
har ikkje funne nokon opplysning om sal av Ystebø-båt eller
liknande hendingar i det same tidspunktet, og pantebøkene gjev
heller ikkje svar på kvar pengane kom frå. Truleg er det snakk om
langsiktig nedbetaling med pengeoverskot frå fisket som var i havn
dette året.
Peter
og Antonette finn du fleire tekstar om i Sula Sogelag sine
årskrifter. Bornebornet Andreas Magerholm har forfatta desse flotte
skildringane basert på eigne opplevingar frå barndomen. Peter var
også ein av pådrivarane for å bygd dampskipskaia i Emblemsvågen.
Dei
fekk fleire born. Klara Jenny Petra Peterdotter Emblem (1896-1974)
var eldst. Ho gifta seg med stuert og seinare skipper Peter Knudsen
Magerholm ( 1896-1850) frå Magerholmvika. Dei busette seg i
Spjelkavika der Klara mellom anna arbeidde på Skofabrikken. Den
neste i borneflokken var Nikoline Olivie Bergitte Peterdotter Emblem
(1898-1980). Ho gifta seg med Knut Knudsen Magerholm frå
Magerholmdalen. Dei busette seg også i Spjelkavika. Knut og
Nikkoline arbeidde begge på fabrikk. Knut vart tilsett på Spilkevig
Snøre- og Notfabrikk, medan Klara jobba på skofabrikken saman med
søstera si. Fleire av borna vaks opp hjå besteforeldra på Ystebøen
eller i Magerholmdalen. Du kan lesa meir om dette i teksten om
Daleplassen i Magerholmdalen, som Kåre Magerholm har skrive. Det
fanst ikkje nokon bornepass ordning for den som var under
skulepliktig alder på denne tida. Den eldste sonen var Klaus Amandus
Peterson Emblem (1900-1929), men han tok ikkje over garden, for han
vart ikkje gamal, og døydde allereie i 1929 av tæring. Det var det
veslebroren, Petter, som gjorde. Antonette og Peter fekk enno fleire
døtre. jenter. Anna Petersdotter Emblem (1902-1929) gifta seg på
med Hans Nikolaisen (f.1898) på Osehaugen i Emblemsvågen medan
yngstejenta Olga (f.1904) gifta seg på Haramsøya.
Harry
Akslen fortel at då han var smågut og busatt på Myrane nedanfor
Ystebøen, så fekk ein kveitekrok i handa, då han klatra i
morellbærtrea. Faren vart rådlaus og tok med seg Harry opp til
Klaus på Ystebøen. Han var visst nevenyttig med den slags
legehjelp. Sjølv Klaus ana uråd denne gongen og vurderte å ta
harry med seg på sykkelen og oppsøke legen. Slikt var ikkje billeg
på den tida, og han valde til slutt å gjere inngrepet sjølv. Klaus
varma opp barberbladet sitt med ei fyrstikk og skar forsiktig i handa
for å få ut kroken. Inngrepet gjekk godt og verken bornehanda eller
senene
vart
skadde. Harry har framleis eit lite arr til minne om kveitekroken og
hjelpa han fekk av Klaus på Ystebøen. Broren Petter Arthur Petersen
Emblem (1907-1975) fekk skøyte på Garden i 1946. Han var gift med
Solveig R. Garshol (1913-1966).