Ytrebø bruksnummer 5

Bryllaupsbilete av lærar Lars Pettersen Flydal (1883-1938) og Gurine Iverdotter Furset (1882-1944) som var dotter av Iver Karlson Furset, ofte kalla Kjøt-Iver.

Lærar Lars Pettersen Flydal (1883-1938), og kona Gurine, f. Furset (1882-1944) Han kjøpte Bruket Yterbø bruksnr. 5 under Østrem frå svigerfaren Iver Karlsen Furset i 1909. Borna på biletet er: Ivar Martin Flydal til høgre (16.6.1909- 13.12.1998) og Peter Flydal (f.1911) Ivar vart småbrukar og båtbyggjar nede på "Sandane" i Emblemsvågen, mens Peter overtok "Skjerva" i Sykkylven, der faren kom frå. Informasjonen kjem frå Per Almar og Gunvor Steinnes.

Borna til lærar Lars E. P. Flydal og Gurine Iversdotter Flydal (f. Furset). Frame frå venstre: Marit (g. Hanken), Inga (ugift), Gudrun (g. Andersen i Danmark). Bak frå venstre: Karl (Kalle) som tok over farsgarden på Østrem og Peter som tok over på "Skjerva i Sykkylven, der Lars kom ifrå. Eldstesonen Ivar Flydal er ikkje tilstades.

Første rekke frå venstre: Peter L. Flydal, Margit L. Flydal, Inga L. Flydal, Karl (Kalle) L. Flydal. Faren, Lærar Lars E. P. Flydal sit med jentene på fanget. Bak frå venstre: Signe Olga Flydal (g.m. Ivar Flydal), Gurine Iversdatter Flydal (f. Furset), udrun L. Flydal Andersen som seinare flytta til Danmark, Laura Petersdatter Flydal, som var syster til Lars. Dei voks opp på "Skjerva i Sykkylven). Informasjonen kjem frå Per Almar og Gunvor Steinnes.

Familiesamling i Flydalsgarden ca. 1939. Sjå neste bilete med namn på kvar enkelt. Orginalbiletet tilhøyrer Gunvor og Per Almar Steinnnes

Det ser ut som om det er snakk om potetopptaking i Flydalsgarden (Ytrebø) Frå venstre: Gurine Iverdatter Flydal, Anna Iverdsdatter Røssevoll (f Furset 1891-1968), Karl (Kalle) Emil Larsson Flydal (1914-2001) som overtok farsgarden etter Gurine og Lars E.P. Flydal. Kvinna lengst til høgre er Inga Hjellen frå Sula som gifte seg med handelsmann Hans Karls. Furseth Dei busette seg i Spjelkavika. Takk til Gudrun L. Flydal (g. Andersen) Per Almar og Gunvor Flydal Steinnes.

Familebilete signert Sponland. Her sit lærar Lars Flydal og Gurine (f. Furset) omgjeve av alle borna sine. Kan det vere Gudrun sin konfirmasjon? Framme f.v.: Gurine, Margit, Gudrun, Inga og Lars. Bak f.v.: Peter, Karl og Ivar. Er det konfirmasjon så var den 10. sept. 1933. Biletet tilhøyrer Per Almar og Gunvor Steinnes

Biletet tilhøyrer Per Almar og Gunvor (f. Flydal) Steinnes

Biletet er truleg frå Emblem og tilhøyrer biletalbumet til Gunvor "Tulla" Nedregotten. Ho vaks opp i Ålesund og familien var fleire gonger landliggarar på Emblem. ho gifte seg med Olav Nedregotten og bygde hus ved Løvika Dei leigde seg inn i både Negarden og Flydalsgarden minst ein gong. Her sit truleg Gunnvor Emblem framme mot venstre. Men staden er enno ukjend. Biletet tilhøyrer Arne Nedregotten

Nok eit bilete av byfolk som feira sommaren på garden. Biletet tilhøyrde Gunnvor som gifta seg med Olav Nedregotten. det er mogeleg at det er familie. Biletet tilhøyrer i dag Arne Nedregotten.

Truleg er dette byjenter som kosar seg ein sommarferie på Emblem. Staden er eg ikkje heilt sikker på enno, men biletet tilhøyrde Gunvor "Tulla" Nedregotten og låg aman med bilete frå Flydalsgarden. Biletet er utlånt av Arne Nedregotten

Stort sett byfolk? Biletet tilhøyrde Gunvor "Tulla" Nedregotten og nokon er kanskje i familie med henne. Jenta framme f.v. er truleg Gunnvor Emblem. Biletet er utlånt av Arne Nedregotten

Det siste biletet av bygjesta frå Gunnvor "Tulla" Nedregotten sitt album. Biletet er utlånt av Arne Nedregotten

Eit flott bilete frå 1953 av Gunvor Flydal (g. Steinnes) saman med søsken og søskenborna sine. Det er f.v.: Arve Hanken, eldstesonen til Margit Flydal og Jakob Hanken. Dei to neste er Lennart og Else Andersen som er borna til Gudrun Flydal Andersen og Åge Andersen, busett i Danmark. (Else sit på fanget til Gunvor). Dei to siste er Lars Ivar Flydal som er bror til Gunvor og son til Ivar og Signe Flydal i Emblemsvågen. Lengst til høgre sit Lidvard Flydal, sonen til Karl Flydal og Magnhild Rusten Flydal.

På dei to bakerste rekkene f.v.: Inga, Ivar, Petter, Signe Jørgensdotter frå garden Sandvik i Emblemsvågen (gifta seg med Ivar) Karl, Margit og Gudrun. Fremst står borna til Ivar: Gunvor og Jostein. Alle hadde på dette tidspunktet etternamnet Flydal. Far til Signe heitte Jørgen Gjevenes. Biletet kan vere frå garden Ytrebø og i nærleiken av blodbøka som stod i tunet.

Frame frå venstre: Guten?, Gunvor Lovise Steinnes (f. Flydal), Kari Holmgren, Gudrun Flydal Andersen. 2. rad: Inga Larsdatter Flydal, tredje rekke frå venstre: Signe Olga Flydal (g.m. Ivar) Berte Petersdatter Flydal ("Skjerva"), (Lars) Ingvald P Flydal, Inga Pettersdtr. (g. Holmgren), Margit Flydal (g. Hanken). Bak f.v. Ivar M Flydal, Karl (Kalle) Flydal, Peter L. Flydal og Einar Holmgren. Informasjonen kjem frå Per Almar og Gunvor Steinnes.

Bygdesmed Karl Emil Flydal fotografert like nedanfor tunet, med nabogarden Solvang i bakgrunnen. Det kan sjå ut som ein steinslede eller kanskje reiskap til å køyre vedstrongane heim att til gards? Det var i alle fall snø i "hine hårde dage", sjølv om mengda ikkje alltid var så mykje å skryte av den gongen heller. Legg forresten merke til dei åpne fjellsidene i bakgrunnen. Ei stor takk til Per Almar og Gunvor Flydal Steinnes som har delt biletet med oss.

Bilete frå slåtteteigen "Grønevollen" like ved "Kvilesteinen" øvst i dagens rest av gamlevegen til fjells frå Østrem og Reiten. vollen er i våre dagar attgrodd, men her kan ein sjå koreis det ein gong var. Ungjentene er f.v.: Karen Stige frå Engesetdalen. Ho tente hjå Karl og Magnhild Flydal då borna deira var små. Ho lengst til høgre er niesa deira, Gunvor Flydal Steinnes, dottera til Ivar Flydal i Emblemsvågen. Det er ho som har delt bilete og opplysningar med oss via ektemannen Per Almar Steinnes

Garden er opphaveleg ein del av Steinsgarden på Østrem som igjen er har vore eitt med Abrahamsgarden. Dei to brørne Peder og Ragnvald Rasmussen frå Abrahamsgarden kjøpte så attende Steinsgarden i 1882 for 1900 kr. Dei var kun eigarar medan Knut Larsen Østrem (1856-1947) frå Larsgarden var brukar frå 1883-1934. I 1893 valde brørne å selje garden til Iver Karlson Furset som var bror åt lærar Knut Furset og budde på Skorene. Han var dyktig kjøpmann og slakter og kjøpte dessutan Eikenosa nokre få år seinare. Iver delte frå bruket Ytrebø og selde så resten av Steinsgarden åt Knut for 1560,-. Om årsaka var at Knut ikkje makta å kjøpe heile garden, eller at han kanskje tenkte på å hjelpe ungane sine, veit eg ikkje, men stemmer opplysningane i bygdeboka så dreiv han faktisk garden sjølv dei første åra. Iver dreiv også med kjøp og sal av buskap og dreiv som slaktar attåt, så han hadde kanskje bruk for både graset og fjøsen til eige bruk. Skorene var ikkje store garden og det var kanskje årsaka til at han også kjøpte Eikenosa.

Garden vart seinare kjøpt av svigersonen, Lars Peterson Flydal (1883-1938) i 1909. Det står at Lars bygde hus og dyrka opp, så det er mogeleg at Ytrebø kun hadde diftsbygningar medan Iver dreiv garden, for han budde jo på Skorene og eit tid på Eikenosa. Lars var lærar i bygda og gift med Gurine Iverdotter Furset (1882-1944). 

Sonen Karl Flydal tok over bruket etter skøyte frå 1944 og vart gift med Magnhild Rusten frå Stranda. Karl, eller Kalle, som han óg vart kalla, var ein avhalden smed i bygda og laga det meste som sambygdingane trong og sjølv jarnarbeidet på traktortilhengarar kunne han levere til mellom anna Mauritz Akslen og Hans Østrem.
Eit av dei seinare arbeida hans er rekkverka på Bedehuset på Emblem. Innhaldet frå smia er nett flytt til Sunnmøre museum i Borgundgavelen, medan sjølve smiehuset stend på sin orginale plass på garden.

Dagens brukar, Asgeir Flydal, er soleis den tredje brukaren som bur på garden. Han tok over i 1982 og bygde seg nytt hus og stor driftsbygning. Han er i dag ein av kun to attverande mjølkeprodusentar i bygda, og den einaste frå Emblem som framleis nyttar fjellet til sommarbeite med fellesfjøs og oppdyrka areal til moderne seterdrift like ved dei to nyaste setrane Skillingsetra og Auresetra frå 1934. Fellesbeitet vart etablert i 1983 og ein dyrka då opp eit større fjellutmarksområde som beitelaget leiger frå brukarane på Østrem.

| Svar

Nyeste kommentarer

09.11 | 16:49

Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, utgitt i 2019 til salgs ?
Ingen flere på ARK Moa.
97045588

24.10 | 16:33

Hei alle sammen!
Dette var en svært interresant oppdagelse all den tid at min kjære mormor, Ragna Marie Strømmen (f. Akslen) kom fra Aksla i Emblemsbygda.

13.08 | 10:14

Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr. Rørstad gift til Plassevågen i Emblemsvågen 1901. Ho kom frå Hjørundfjorden.

23.04 | 08:09

Oj! Det var tett