Etter
Svartedauden er garden registrert i 1520 med kun ein eigar. Det er
mogeleg at den ikkje vart lagd øyde i det heile, men om Østrem vart
øydegard så vart den rydda att svært tidleg. Det er ikke
usansynleg at garden kan ha hatt fleire brukarar før 1300-talet, men
der er ingen skriftlege kjelder som fortel om nokon deling før 1603,
når garden vart delt i to. Ei tid på midten av 1600-talet var det
tre bruk på Østrem, men det vanlegaste i tida frå 1613 og fram til
i dag er 4 brukarar. Gardane er ikkje like store. I 1613 var tiende
skatten fordelt 1-1-1/2-1/2 på dei fire oppsittjarane og det syner
at larsgarden og Mattisgarden tilsvara 2/3 av heile garden, medan dei
to minste bruka var på 1/6-del kvar.
Sjølveigande
bønder på Østrem var uvanleg på 16- og 1700-talet og det var
ikkje annaleis på Østrem. Dei fleste gardane fekk først
sølveigande bønder etter 1850, mens Mattisgarden vart seld til Ole
Larsen Emblem (f. 1756) og Alette Emblem (1762-1827) allereie i 1788.
I
1603 var det 2 brukarar på Østrem. Den eine heitte Erik og var
brukar i Mattisgarden, som tilsvarar 1/3 av heile Østrem. Erik vart
utkalla som soldat i Kalmarkrigen i 1611 og døydde moglegeins der,
for sonen tok over bruket det same året. Eiulf var den andre
oppsitjaren på Østrem og brukte truleg resten av Østrem. Det er
denne delen som vart delt inn i tre mindre gardsbruk. Larsgarden vart
skild ut allereie i 1606, då ein tidlegare plassemann som heitte Ole
bygsla garden. Av ein eller anna grunn så sat enka etter Eiulf kun
attende med halvparten av den delen som Eiulf hadde nytta. Ho gifta
seg oppatt med ein tidlegare husmann på garden som heitte Rasmus
Olsen. Eg har enno ikkje funne kjeldemateriale etter verken Rasmus
eller enka etter Eiulf og kan dermed ikkje gå god for kven som tok
over kva gardpart, men det er truleg slik at Ole tok over
Larsgardsdelen medan Rasmus var brukar på den gardparten som seinare
skulle verte Abrahamsgarden og Steinsgarden.
Den
neste brukaren av Abrahamsgarden/Steinsgarden var ein mann som heitte
Arne
og var kanskje broren til Ole. Om enka etter Rasmus levde fortsatt og gifta
seg oppatt med han, veit eg ikkje og det er dessutan mogeleg at ho
tok kår hos svogeren i staden. Kjeldene frå denne tida er diverre
usikre sidan det kun er namna på den mannlege brukaren som er nemnd.
Arne
(f. ca. 1600) tok over bruket ca 1630 og vart i 1658 skattlagd for
ein hest, ukse og 9 kyr. Sonen til Arne heitte Ole (ca.1650-1733) og
var brukar heilt til han døydde i 1733. Her kjem problemet med
kjeldene for alvor til syne. Granskar ein brukerane i Steinsgarden
litt nærare så heiter den same brukaren Ole Andersen og fødselsåret
er no ca.1656, medan dødsåret er det same. Det er mogeleg at det er
snakk om feilskriving eller feiltyding av handskrivne kjelder som er
årsaka. Kva som er rett er ikkje so lett å seia, men kjelda som
registrerar buet etter Ole i 1733 og kallar han Andresen er kanskje
den som er mest korrekt. Ole overtok altså
Steinsgarden/Abrahamsgarden som eit bruk etter far sin og i 1712, når
han var enten kring 50 eller 60 år, så vart garden delt i to like
store delar. Det verkar ikkje som om delinga kan ha vore gardeigaren
(truleg Captainen på Slinningen) si besluttning åleine, for det er
nevøen til Ole, Anders Hansen som vert den fyrste bygselsmannen i
Abrahamsgarden. Det er mogeleg at Ole og Anders vart einige om
delinga sidan Andres ikkje var i nokon arverekkefølge etter Ole, og
kunne dermed ikkje vere like trygg på å få overta heile garden
etter han. Om denne hypotesen stemmer, så er det i så fall merkeleg
at Steinsgarden går ut av slekta etter Ole og at ingen av borna tek
over.
Den
fyrste bygselsmannen i Abrahamsgarden var altså Anders Hansen (ca
1675-1749). og gift med Anne Nilsdotter. Garden fekk no bruksnummer
3. Det står ikkje noko om at han sette opp nye hus, men sidan det
har vore 4 oppsitjarar på Østrem allereie, så kan det hende at
gardshusa stod der. Eg finn ikkje noko skifte eller registreing av
dødsbu etter Anders, så eg veit dette ikkje heilt sikkert, men buet
etter den neste brukaren syner i alle fall at driftsbyggningane og
hovedhuset vart bygd i Anders si tid, om dei ikkje var enno eldre.
Årsaka til at husa kan stått der før, er at den neste brukaren kun
har sett opp nytt stabbur, som var eit av dei viktigaste husa på
garden. Det er mogeleg at det var for lite, men det kan óg tyde på
at det var skralt og så gammalt at det måtte byggast heilt nytt.
Ein skulle tru at dersom stabburet vart bygd i Anders si tid, så
kunne det reparerast i staden. Borgundboka nemner óg at det mest
vanlege har vore 4 brukarar på Østrem etter 1613 og plassebruk har
fått liten eller ingen plass i gardshistoria. Det er mogeleg at den
delen som vart frådelt kan ha vore husmannsplass ei stund allereie.
Den
neste bygselsmannen i Abrahamsgarden kan vera son til den første,
men er ikkje fødd i bygda.
Jørgen
Andersen (1710-1758) vart ikkje så gamal, og det vart ikkje den
første kona hans heller. Han var gift første gong med Brite
Jonsdotter Emblem (1712-49) og gifte seg i 1750 med Berit
Kolbeinsdotter Nørvasund (1707-79) Jørgen var brukar heil til han
døde. Dødsbuet etter Jørgen nemner at han har sett opp sel,
kvennhus og stabbur sjølv. Det er mogeleg at den forrige brukaren
delte kvenn og sel med onkelen i Steinsgarden og at dette ikkje
fantest tidlegare, men det kan òg vera slik at dei måtte byttast
ut. Me veit at gardshusa frå det samla bruket Steinsgarden/
Abrahamsgarden vart vidareført som gardshusa i Steinsgarden og då
kan det hende at ein eventuell gard nr. 4 var husmannsplass på
Østrem og ikkje hadde råd til eiga kvenn. Om det var snakk om ein
ukjend husmannsplass så hadde nok ikkje dei same beiterettane på
fjellet heller utover kolmilebrenning og dermed ikkje behov for sel.
Berit
Kolbeinsdotter gifte seg oppatt med Ole Pedersen Lyshol som var
brukar frå 1759-1763. Det finst ingen andre opplysingar om han.
Ole
Olsen (ca. 1734-65) var den som dreiv garden minst og døydde berre
to år etter at han tok over garden. Borgundboka nemner at han
kanskje var son til Ole Pedersen Lyshol, men dette er altså berre
gissningar. Det me veit er at han gifte seg med førstegongs-enka
Kirsti Madsdotter. Sidan Berit Kolbeinsdotter enno levde så må
Kirsti ha kome frå ein annan gard enn Abrahamsgarden. Skiftet etter
Ole Olsen er interessant, for det einaste huset han sette opp sjølv
var ei kvenn. Dette var temmeleg kort tid etter at Jørgen hadde bygd
seg ny kvenn og det er då truleg snakk om vårflaum i Storelva som
har øydelagd det opphavelege kvennhuset. Det var 38 rdl. attende
etter at gjelda var betalt. Elles var det snakk om eit klassisk
sjølbergingsbruk med eigen hest, 3 kyr, 1 geit og 2 sauer. Det meste
av kvardagskosten må med andre ord ha vore fisk og byggmjølsgraut,
som for dei fleste andre på denne tida. Det er litt artig at det
også vert nemnd ei eiga børse i arveskiftet, så den må ha vore
spesiell.
Kirsti
Madsdotter vart verande på garden og gifte seg for tredje gong.
Denne gongen var det Erik Rasmussen Vikenes (f. ca. 1740). Om
opplysningane stemmer, så vart han først brukar i 1767, heile to år
etter Ole døydde. Det er mogleg at Kirsti var godt opp i åra på
denne tida og kanskje det att på til gjekk gjetord om denne enka som
var gifteklar for tredje gong. Det var også i ei tid då fleire
husmannsplassar vart rydda i og kring bygda så det var kanskje ikkje
så mange friarar å finne? Uansett måtte Kirsti finne seg ein yngre
mann som var i arbeidsfør alder og det tok kanskje si tid. Det står
respekt av henne som dreiv garden på eiga hand i heile to år, for
på denne tida var ein heilt avhengig av to vaksenpersonar på kvart
bruk. Mannfolka måtte ut på fiske i lengre periodar av gongen for å
livberge seg og sine. Nokre gongar kunne dei vere borte mest heile
vinteren og berre heime i dei viktigaste onnene eller bakst-
slaktetida på hausten. Kvinnfolka måtte ta seg av gardsarbeidet,
hushaldet og borna. Det er mogeleg at Kirsti no hadde vaksne gutar
som kunne hjelpe seg og truleg god grannehjelp attåt. Mykje av
slåtten og onnene var lagarbeid og sidan det fortsatt var klyngetun
på Østrem, så var også markene og åkrane teigbytt. Alle
brukarane måtte dermed arbeide i lag og fordele utkome i etterkant.
Knut
Kortsen Romestrand (f. ca. 1743-1797) tok over Abrahamsgarden etter
Erik og Kirsti i 1780.
Erik
døydde det samme året og om Kirsti levde fortsatt så tok ho truleg
kår hos Knut, utan at eg finn opplysningar om dette. Knut var gift
med Gunnhild Larsdotter Myklebust frå Ellingsøya (f. 1741)
Knut
hadde sjølv sett opp nytt naust, sel og ei halv kvenn (saman med
Steinsgarden?) Det er tydeleg at kvennhusa nærmast var forbruksvare
i Abrahamsgarden. Eg kjenner ikkje til om det har vore særs store
snøsmeltingar på 1700-talet men eg kjenner til at Storelva kan vera
særs stor når det er flaum og då stend kvennhusa utsatt til.
Gjelda etter knut var stor og omfatta heile buet etter Knut inkludert
buskapen.
Sonen
Bernt Knutsen (1782-1876) lot seg derimot ikkje skremma av
gjeldsbyrden åt faren og klarte seg også temmeleg bra. Bernt dreiv
garden som bygselsmann frå 1800-1835 og var kun 18 år då han tok
over garden. Han var 15 år då faren døydde og familien har truleg
greidd seg brukbart dei tre åra fram til 1800, sidan Gunnhild ikkje
gifte seg om att. Det tyder på at borna var såpass vaksne at dei
kunne hjelpa mora. Bernt tok nok truleg farens plass i periodane med
vinterfiske. I 1801-tellinga finn eg berre ein yngre bror som heiter
Samund og er 5 år yngre enn Bernt. Samund vart truleg verande nokre
år til i Abrahamsgarden og er omtala som tenar der. Bernt hadde
gifta seg med den 7 år eldre Birte Poulsdtr. Medan Gunhild står
oppført som «Vilkårskone». Dette tyder at ho har stilt krav og
fått dokumentert krava sine til livsopphald på garden før ho
overlet bygselskontrakta til sonen, 59 år gamal. Bernt, eller
Bærent, som han vert kalla i 1865-tellinga vart sittande lenge som
kårkall i Abrahamsgarden og han gifte seg dessutan oppatt med den 24
år yngre Inger Stenersdotter frå Hjørundfjorden på eit tidspunkt
mellom 1801 og 1865. Ingen av borna til Bernt tok over etter faren.
Abraham
Olsen Hareide (1801-1885) fekk bygsle garden i 1835 mot å gje kår
til Bernt. Abraham er truleg også den som gav garden det namnet den
har i dag. Han var gift med Karen Nilsdotter frå Vartdal (1803-91) I
1835 vart det halde takst på garden. Husa var då: Røykstovebygning
med eige kammers, fordør og «skytje» under eit tak. Løe, kufjøs
av tømmer, sauefjøs, stabbur og ei lita stove som Abraham sjølv
hadde sett opp. Om den vesle stova var tenkt for han sjølv eller om
dette var tenkt som kårstove, veit eg ikkje, men dei fleste
gardshusa er i god stand med unntak av røykstova som var i «tåleleg
bra stand». Det vart dokumentert at garden kunne fø hest, 6 kyr,
12-14 sauer og det kunne såast 2 tønner havre, og tilsaman 1 tønne
halvt om halvt med bygg og blandkorn. Det var også mogeleg å så
2-3 tønner poteter. Poteta hadde med andre ord fått innpass på
Østremsgardane og fått nesten like stor plass som kornåkrane. Det
var enno teigbytte på Østrem og jorda til Abrahamsgarden varierte
frå myrjord og sandhaldig jord til god moldjord. Taksten vart på
170 spd.
Selet,
kvennhuset og naustet hadde med andre ord ikkje Bernt sett opp og ått
sjølv. Truleg var det gardeigaren som hadde overteke eigedomsretten
i arveoppgjeret etter Knut, far til Bernt og at dei framleis var i
god nok stand.
Peter
Andreas Rasmusen Ødegård frå Volda vart den fyrste sølveigaren på
garden då han kjøpte den av postmeister Tonning i 1862. Tonning
hadde sjølv kjøpt Abrahamsgarden og Larsgarden i 1845 frå
arvingane til Kjøpmann Nils Wind. Wind hadde også ått Steinsgarden
men hadde seld til Kristen Olav Sorte i 1840. Peter fekk ei særs
tung bør. Han hadde gifta seg med Karoline Abrahamsdotter (f.
1834-1931), som var jordajente på garden. I 1865 har dei to born,
Andreas R. på 3 år og Johan B. på 1 år. I tillegg skulle dei gje
kår og livsopphald til svigerforeldra Abraham og Karen, men det var
allereie kårfolk frå før på garden. Bernt levde enno og kona
hans, Inger var att på til yngre enn Abraham og Karen. Om han hadde
vore ein særs optimist, veit eg ikkje, men å skulle betale både
250 spd. for garden mot å gje kår til to par attpå er temmeleg
vågalt på ein so pass liten gard. Peter måtte gje seg før året
var omme og skøytte frå seg garden til Johan Elias Nilsen Emlem for
same sum, mot at Johan tok på seg kårytingane. Peter fortsette som
bygselsmann og er elles kjend som båtbyggjar og laga for det meste
færingar.
Sonen
Andreas Rasmus Petersen (1862-1942) kjøpte att bruket i 1889 og
dreiv det til 1941. Han var gift med Karoline Eliasdotter Volstad
(1867-1941). I 1900 var det heile 11 personar som var heimehøyrande
på garden. Andreas og Karoline hadde sjølv tre born, Ole, Peter og
Johanne på 4, 3 og under eitt år. Laura Petersdotter Davnes på 16
år var tjenestejente på garden og kårfolket levde enno. I tillegg
er tre av brødrene til Andreas registrerte på garden. Karl Petersen
Østrem (f. 1870) var opprinneleg fiskar, men hadde då ikkje jobba
på fleire år på grunn av sjukdom. Boren Rasmus budde mellombels i
Ålesund og dreiv fiske, medan Peter var tømmermann og budde i
Sykkylven.
Eg
finn ikkje opplysningar om nokon eiga kårstove i Abrahamsgarden, men
det er registrert at dei har eigen frukthage, fjørkré, krøtter og
dykar enten potet og korn eller berre poteter. Om Rasmus eller Peter
har budd på garden etter Andreas tok over, er eg usikker på, for
det er mogeleg at dei er registrerte på garden om dei ikkje hadde
kjøpt eller bygsla eigen eigedom i 1900.
I
1910 er det ikkje noko kårfolk å spore på garden. Karl Petersen,
som var sjuk, er heller ikkje å finne. No er det berre Andreas,
Karoline og dei 5 borna på garden. Ole er eldst og er nemnd som
tjenar på garden og som elev av «forts. Skole». Skuleåret 1910/11
vart det halde framhaldskule på Emblem og det var truleg på dette
kurset han gjekk. Dei andre borna var Peter Andreassen (f. 1896) som
tok over garden, Johanna Andreasdotter (f. 1900), Sevrin Andreasson
(f. 1902) og Alfred Andreassen (f. 1908). Alfred kjøpte eit stykke
frå Ebbegarden og Steinsgarden i 1934 og rydda seg eigen gard rett
aust for Fursetgarden i bakken ovanfor «Ny-skulen».
Petter
Andreassen Østrem (f. 1897) førte slektsgarden vidare etter at han
fekk skøyte på garden i 1941. Han gifte seg med Tea Karoline
Knutsdotter (f. 1897), som var den femte i ein syskjenflokk på 8
born oppe på Aksla (Br.nr. 1) i 1910.