Peder
Greg Larsen Emblemsvåg vart fødd i Knutgarden, bruksnummer 1 i
Emblemsvågen den 29. april 1921. Han var son til gardbrukar Lars
Karl Knudsen Emblemsvåg (1872-1923) og Karen Marie Emblemsvåg
(1878-1962) frå garden Myren i Valldalen. Peder var yngst i ein
borneflokk på 10. Alle søskena budde nok ikkje heime då Peder kom
til verda. Eldstebroren var 18 år gamal og fleire av dei eldste
søskena var truleg i teneste på andre gardar etter konfirmasjonen.
Peder hadde truleg lite erindring av far sin. Han var berre to år
gamal då Lars døydde av astma og bronkitt. Slikt kunne få
alvorlege følger på den tida.
1920-åra
var ei vanskeleg tid for folk flest i Borgund, og ufatteleg mykje
hardare måtte det vere for ei enke med 10 born. Men dette var ikkje
tid for å sette seg ned og sørge. Karen krumma nakken og synte ei
utruleg styrke som både småbornsmor, husmor og einsleg gardbrukar.
Ho gav så visst ikkje opp nokon gong heller, for ho fortsette slik i
heile 20 år. Då var ho 65 år gamal. I tillegg tok ho inn
losjerande om sommrane i den verste tida med alt som skulle bergast i
hus. Ho trong så visst pengane, og flytta sjølv ned i kjellaren med
borna sine, men det som berga familien var truleg at dei eldste borna
var for vaksne å rekne. Dei litt yngre kunne óg hjelpe til med både
hus og bornepass, men det var likevel Karen som måtte sørge for at
alle fekk klede og mat på bordet kvar einaste dag. Ho vert også
omtala i særs gode ordelag av dei landliggarane frå byen som var så
heldige å få vere i Knutgarden heile sommaren. Våren og sommaren
1940 hadde ho framleis husrom og hjarterom for dei som rømde frå
krig og bombefrykt i Ålesund. Karen må ha påverka Peder til den
heidersmann han for ettertida vert omtala som.
Me
veit litt om korleis det såg ut i Knutgarden den gong Peder var
liten gut. Tre- og murveggar var kvitmåla med breie vindaugskarmar
der geraniar i alle fargar pynta opp. Nede i kjellaren hjå
gardsfolket var det grue og ein svart komfyr. Der stod to vassbytter
med ei vassause som alle drakk vatn frå. På veggane hang heimelaga
hyller med pyntekapper på der koppar og fat med rosepryda glasur
hadde plassen sin. På golvet var det filleryer og borna fekk plass
kring eit trekvitt langbord med tilhøyrande slagbenk, der truleg
Karen sov om natta. Utanfor kjellardøra var det ei stor steinhelle
til benk. Den var plassert slik at dryppande vatn frå torvtaket
ikkje skulle nå mjølkespannene som stod til tørk. Der var også
eit kvitmåla stakittgjerde der silaklutane og dørslaga vart hengde
til tørk etter stell av mjølka.
Karen
var ei triveleg dame med krølla hår og rull i nakken. Samstundes
fekk både byborna og eigne born tidleg lære seg å ikkje springe på
attlegane der slåttegraset skulle få vekse seg til i fred. Karen
fekk 80 kroner i leige for å låne ut husvere i to månader. I
tillegg skulle byfolket ha mjølk, egg og det som dei trong til
matstellet. Kyrne kunne altså ikkje sendast på setra. Dei beita
heller i heimeutmarka, enten omlag der dei eldste byggefeltgatene,
«Luvikdalen» og «Brennevegen» vart bygde på slutten av
1970-talet rett vest for tunet, eller på Emblemsanden i aust. Når
kvigene var kalveferdige måtte ongane hente dei anten ute i «Løkane»
eller «Brendhaugane», der byggjefeltet ligg i våre dagar. Peder
måtte også hjelpe til med ein gong han var gamal nok til å dilte
med. Vidare fekk ungane tidleg ansvar for å gje kalvedrykk til
småkalvane, trakke høyet i høyvogna, springe ærend og ikkje minst
halde byungane med selskap. Det er godt mogeleg at byjenta Harriet
Emblemsvåg, seinare gift Leithe, leika seg saman med Peder der nede
i Emblemsvågen fleire sommrar. Der var også godt naboskap i
Emblemsvågen, så Karen fekk nok både hjelp og gode råd når det
trongst.
Eg
veit ikkje så mykje om skuleåra til Peder. Han valde seg ei
millitær offiserskarriere allereie før den andre verdskrigen og
etter skulegongen på Emblem. Han var kanskje var ei tid i teneste
som dreng før han flytte til Trondheim, 18 år gamal. Det er lite
truleg at Peder kun hadde tankar om ei trygg inntekt då han valde
denne vegen, for han visste at det var farlege tider i Europa med
Tyskland på framars austover. Samstundes så hadde Norge vore
nøytralt ved den førre verdskrigen og få trudde at Tyskland eller
England skulle forsøke å okkupere eit lite land som Norge. Likevel
vil eg tru at militær strategi kan ha vore tema på 5. divisjones
skule i Trondheim der han byrja i 1939 og ein visste at jernmalm og
andre råvarer frå Norge kom til å verte viktige for dei
krigførande partar. Likevel kom hærtakinga som ei stor overrasking.
Då Tyskland uventa gjekk til åtak på Norge i aprildagane 1940 vart
Peder med på forsvaret av Norge. Han deltok i krigshandlingane som
soldat i Nord Trøndelag, før dei vart oppløyst og avvepna av den
tyske overmakta. Kanskje kom han heim att til Emblemsbygda etter
dette, men han vart i so fall ikke verande der særleg lenge.
Som
den einaste frå Emblem, var han med på å stele attende M/S
Erkna med kjenningsmerka M-144-HØ17, som hadde vorte rekvirert av
den tyske marina etter okkupasjonen. Den tidlegare jerndampbåten.
Berekna på fiske låg nemleg i april 1940 ved Hatlø verkstad i
Ulsteinvik for å skifte til meir moderne motor. Tyskerane nytta
båten mellom anna i Nord Norge i omlag eit år. I november 1941
hadde Erkna kome heim att ein tur til Sunnmøre. Fleire hadde syssla
med tanken om å ta båten attende. Midt på natta 17 november 1941
gjekk 60 mann ombord i båten ved «Halvdanbuda» i Ulsteinvik. Her
var Peder med. Dei sette kursen mot Lerwick, og var framme på
Shetland den 19. november. Dette er den største rømningsgruppa som
kryssa Nordsjøen i same farty. Dei var dessutan veldig heldige som
kom seg over midt mellom to stormar. Båten skulle seinare gjere tre
turar attende til Norge i 1942 for den berømde «Shetlandsgjengen»,
før ein meinte at båten no var for lett gjenkjenneleg.
Peder
drog vidare frå Shetland til fastlandet. Han fekk først plass i den
Norske Brigade, og vart raskt tatt ut til utdanning i Kompani Linge.
Han var ferdigutdanna der i 1942. Etter dette vart han kadett ved
Krigskulen i London i klasse C frå 1942 til 1943. Ved
uteksamineringa vart han sett i tjeneste for 10. Kommandos. Dette var
ei elitestyrke som skulle nyttast på kritiske stader i Europa mot
slutten av krigen. Peder vart derimot flytta over frå kommandogruppa
«Farnborough 8» til oppdrag i Norge for å hjelpe den lokale Milorg
avdelinga i Gausdal med organisering og instruksjon. Han
vart floge inn frå Skottland til Sverige 8. januar 1945 og møtte
distriktsjef, Wilhelm Molberg Nilsen i Milorg i Gudbrandsdalen ved
Tretten 10. februar 1945. Det vart bestemt at han skulle ha ansvar
for beskyttelsestiltaka i Lillehammer-avsnittet.
I
februar vart også små spesialkontainarar sleppt med hell framom
Mjølrakkhaugane i snøstorm. Utstyret vart gravd ned. På denne
turen vart også utstyret til karane i «Farnborough 8», Peder
Emblemsvåg, Einar Boyesen og Johs. Elvestad med. Men det kunne gått
gale. Noke av utsyret fall ned eit stykke unna landingsplassen. Noko
av dette var utstyret til Peder. Heldigvis vart det funne av nokre
damer frå Otta. Dei kjende til ein lokal motstandsmann i
Roterudbygda og sende utstyret dit. Tilfeldigvis var Peder der
akkurat då. Han nytta dekknamnet «Bjarne Roald» Desse vårdagane
skulle verte nokre av dei farlegaste han til no hadde opplevd.
Frå
sin eigen rapport, gjengjeve i bøkene « Vi vil verne vårt land:
Antisabotasje i Norge 1944-1945» og «-Det var ei rar tid:
Hjemmefronten i Gudbrandsdalen 1940-1945», så sette han mellom anna
opp ein plan for å hindre tyskerane i å ødelegge kraftforsyninga i
området. Men Gestapo hadde fått nyss om at det var motstandsmenn
der.Ved Neverfjell gjekk han seg ein dag rett på ei tysk
skipatrulje. Dei hadde kvite forsvinningdrakter og hadde laga ei
«lomme» utan at han hade sett dei. Tyskarane stod bak trea og ropte
«halt» samstundes som dei opna eld frå tre kantar med
maskinpistolar då han var kloss innpå dei. Til alt hell klarte han
å vende om utan å verte trefft. Han kasta sekken og køyrde utfor
ei bakkeskråning i håp om at dei var dårlegare på ski. Det
skulle syne seg at dei var betre på ski og skaut kvar gong dei kom
til ei lyning i skogen. Han hadde ingen andre valg enn å gjere
motstand ved å legge seg i dekning og skyte mot dei her og der på
vegen. Då tyskerane måtte søke dekning fekk han endeleg eit
forsprang. Han traff minst tre tyske soldatar som segna om. Under
flukta kom han midt inn på setervollen på Grøtåsen uten å merke
at tyskerane heldt på å gjennomsøke seterhusa. Det enda med at han
vart skoten i låret. Nysnø gjorde at det vart vanskeleg å skjule
spora etter seg Likevel klarte han å kome seg i dekning. Det syner
óg kor dyktig han var. Med eit skjorteflak som bandasje Etter
diverse omvegar enda han på Nordsætervegen. Der fekk han magekrampe
slik at han måtte legge seg ned. Samstundes høyrde han tyskerane i
skogen bak seg. Med berre eit magasin attende i Colten vurderte han å
skyte seg sjølv i eit redsleanfall, før han kom til hektene igjen.
Tyskerane fann han ikkje.
Peder
roa ned ei tid med instruksjonsarbeid for dei lokale Milorg-karane,
før han drog vidare til Gausdal i slutten av april 1945. Når
frigjeringa kom var 100 mann fullt bevepna og klar til innsats.
Den
10. mai fekk Milorg dessutan ansvaret for alt vakthald i Lillehammer
og Gudbrandsdalen iført engelske «battledressar» Peder var med som
millitær rådgiver i distriktsledelsen i Heimestyrkene D-23 ved den
tyske kapitulasjonen i Norge. Lillehammer var ein viktig by på denne
tida og hovudkvarter for den tyske hæren i Norge. I tillegg skjulte
det seg både gestapistar og sivile som hadde torturert og til og med
drept sivile, milorg-menn inkludert. Lensmennene i Gudbrandsdalen
gjekk ut med ei oppfordring til alle unge våpenføre menn om å
melde seg til vakttjeneste. Det skulle syne seg vanskeleg å
rekruttere frivillige då dei fleste heller ville vere med på å
feire at 5 års okkupasjon var slutt. Til slutt var eit vaktlag på
40 mann klare i uniform etter nokon rundar med skytetrening. Sjefen
var Peder Emblemsvåg. Det var spennende dagar, for tykse soldatar
med våpen var framleis i fleirtal, men det enda bra. Etterkvart tok
dei også over vakthaldet ved det gamle Gestapo-hovudkvarteret som
skulle nyttast som fengsel for mistenkte. Milorg fekk vidare ansvaret
for å innhente overløpera som hadde rømt til fjells og gestapistar
som forsøkte å gøyme seg mellom vanlege tyske soldatar.
Sjølv
om grigen må ha tæra på, så fortsatte Peder som offiser i
infanteriet etter krigen. Dei som møtte Peder huskar drivet og
engasjementet hans. Dette var ein kar som var respektert og som ein
fekk tillit til. Han flytte aldri heim att til farsgarden og
Emblemsvågen. Då han vart pensjonist busette han seg i staden på
Elverum. Han fekk melom abba følgande heidersteikn etter innsatsen
under krigen: St. Olav med Eikegrein, Haakon 7. medalje, Starmedal
39-45 og deltakarmedalje.
Peder
vart konstituert som major i infanteriet og beordret som instruktør
og lærer ved skyte- og vinterskolen for infanteriet frå 1.november
1954 Han gifte seg året etter i 1955 med Tora Marie Ormsted
(f.1927). ho var dottera til gårdbrukar Otto Gabriel Ormsted
(1893-1951), frå Stange og Elida Linstad (1896-1967). I 1962-63 var
han Stabsjef ved 6. divisjon i Nord Norge. Dette var ein høgare
millitær komandoeining for land- og luftforsvaret i Nord-Norge. Som
Oberstløytnant var Peder også sjef for IØ3 frå 1967 til 1969 som
var Infanteriets øvingsavdeling nr. 3 på Steinkjersannan. I 1970
vart han utnemnd til Oberst og beordra til sjef for brigade 5. Den
stillinga hadde han i 10 år. Dei to siste åra, frå 1981 til 1983
var han sjef for Østoppland forsvarsdistrikt og Østoppland
Infanteriregiment nr. 5. Han pensjonerte seg i 1983. Guttorm
Eidslott, med barndomsåra frå Emblemsbygda fortel at han var
feltprest på Terningmoen i Elverum tidleg på 1980-talet. Der fekk
han helse på Peder som då hadde pensjonert seg. Det var ein
spesiell oppleving. Han er den norske offiseren som fram til 1989
hadde leia flest brigadeøvelsar i fredstid og han slutta ikkje å
utdanne seg vidare gjennom ei rekkje kurs i inn- og utland
Peder
døydde brått sommaren 1989, men bedriftene lever stadig etter han i
ei rekkje prenta verk og på internettet. Han vart beskreven som
aktiv, plikttru og energisk i all si verksemd. Generalinspektør
Dagfinn Danielsen omtala han også som ein av etterkrigstidas
markante lederskikkelsar i infanteriet i minneorda etter han i 1989.
Ho Karen, mor hans, må ha vore stolt av sonen sin og fekk følge han
eit stykke på vegen fram til han vart stabsjef i 1962.
Båra
vart jordfest og gravlagd på Ottestad ved Stange i Hedemark, kun 68
år gamal.
Kjelder:
Berg,
John: «Krigskolen i London 1942-1943» publisert av John Berg, Oslo 2000 http://www.nb.no/nbsok/nb/f6c9bfb04ffefa4fd948456795a429fe?index=6#74
http://www.aftenposten.no/kultur/--Gestapo-rundt-oss-pa-alle-kanter-Det-var-et-fenomenalt-liv-7958131.html
Danielsen,
Dagfinn: Nekrolog for Peder Emblemsvåg i Aftenposten 15.6.1989
Gausdal
historielag: «Gausdal fra krig til fred 1940-1945», Gausdal
historielag 1990
http://www.nb.no/nbsok/nb/67e44bdbf72697f007a2411e796a8df2?index=7#0
Hovdhaugen,
Einar: «Gudbrandsdalen gjennom krigsåra 1940-1945» Otta;
Gudbrandsdal historielag 1950
http://www.nb.no/nbsok/nb/fd6aace217ac9e445c0af1e2dd52bb6e?index=10#0
http://www.heroy-kystlag.no
https://lokalhistoriewiki.no/index.php/6._Divisjon
https://no.wikipedia.org/wiki/Liste_over_tildelinger_av_St._Olavsmedaljen_med_ekegren
http://runeberg.org/hvemerhvem/1973/0137.html
http://steinkjerleksikonet.no/index.php?artikkel=359
http://photos.geni.com/p13/4d/4d/84/1e/5344483942733712/nekrolog_kornelia_sande_original.pdf
http://www.warsailors.com/shetlandbus/boatse.html
IØ
III: «Infanteriets øvingsavdeling nr 3: 1953-1993»
Steinkjærsannan: IØ III, 1993
http://www.nb.no/nbsok/nb/2970612f4d2bd5ea8c50ceca8f654afb?index=38#68
Larsen,
Tor: «På vakt for freden», nyheitsklipp frå avisa Dølen frå
7.5.2015
Lunde,
Jon Vegard: «-Det var ei rar tid: Hjemmefronten i Gudbrandsdalen
1940-45», Otta 1982, Jon Vegard Lunde presseservice
http://www.nb.no/nbsok/nb/b2f35e8294eb1f1569336382be50d97b?index=8#123
Nilssen,
Wilhelm Molberg; «I Milorgs tjeneste: D23/Hjemmestyrkene,
Distriktsledelsen 1943/45, Thorsrud lokalhistorisk forlag 1995
http://www.nb.no/nbsok/nb/6701d0e6e28282925584149456398511?index=9#147
Welle-Strand
Erling: «Vi vil verne vårt land, antisabotasjen i Norge 1944-1945»
Norsk Hjemmefrontmuseum 2000
http://www.nb.no/nbsok/nb/2da9f294297f9e1359d139eb85c37e13?index=3#0