Knutgarden bruksnummer 1

eit artig bilete frå Emblemsvågen før 1923. Frame f.v. sit Lars Knutsen Emblemsvåg (1872-1923) og Karen 
Marie Gundersdotter Emblemsvåg (f. Myren i Valldalen) (1878-1962) kona lengst til høgre på er truleg Hansine Emblemsvåg. Bak f.v.: Jens Jørgen Emblemsvåg (1878-1963) og kona Elisa Jakobsdotter (1886-1963) på Sandane. Biletet tilhøyrer Per Almar og Gunvor Steinnes
eit artig bilete frå Emblemsvågen før 1923. Frame f.v. sit Lars Knutsen Emblemsvåg (1872-1923) og Karen Marie Gundersdotter Emblemsvåg (f. Myren i Valldalen) (1878-1962) kona lengst til høgre på er truleg Hansine Emblemsvåg. Bak f.v.: Jens Jørgen Emblemsvåg (1878-1963) og kona Elisa Jakobsdotter (1886-1963) på Sandane. Biletet tilhøyrer Per Almar og Gunvor Steinnes
Det var eit godt forhold mellom Elisa på nabogarden Sandane/Sandvik og Karen Myren, som vart gift med Lars i Knutgarden. Elisa var truleg i konfirmasjonsalderen då ho var hos Simonnæs i Ålesund og tok
bilete av seg saman med Karen. Biletet og informasjonen kjem frå Per Almar og Gunvor Steinnes.
Det var eit godt forhold mellom Elisa på nabogarden Sandane/Sandvik og Karen Myren, som vart gift med Lars i Knutgarden. Elisa var truleg i konfirmasjonsalderen då ho var hos Simonnæs i Ålesund og tok bilete av seg saman med Karen. Biletet og informasjonen kjem frå Per Almar og Gunvor Steinnes.
Knutgarden ligg lengst mot venstre ved sida av Antonesgarden. Biletet er teke frå Sandane og tilhøyrer Per Almar og Gunvor Steinnes
Knutgarden ligg lengst mot venstre ved sida av Antonesgarden. Biletet er teke frå Sandane og tilhøyrer Per Almar og Gunvor Steinnes
Lars og Marit Emblemsvåg. Biletet er utlånt av Roar Emblem
Lars og Marit Emblemsvåg. Biletet er utlånt av Roar Emblem
Vinterbilete av Knutgarden lengst mot venstre og Antonesgarden. Biletet er teke frå Sandane og tilhøyrer Per Almar og Gunvor Steinnes
Vinterbilete av Knutgarden lengst mot venstre og Antonesgarden. Biletet er teke frå Sandane og tilhøyrer Per Almar og Gunvor Steinnes
Knutgarden. Løa vart bygd etter 1907 like vest for den gamle som stod på tvers i forhold til denne. Foto: Svein Ove Østrem 2015
Knutgarden. Løa vart bygd etter 1907 like vest for den gamle som stod på tvers i forhold til denne. Foto: Svein Ove Østrem 2015
Kathrine Flydal og kua i 1972. Ho er dottera til Jostein I. og Berit (f. Arntsen) Flydal Biletet er teke frå Sandane og tilhøyrer Per Almar og Gunvor Steinnes
Kathrine Flydal og kua i 1972. Ho er dottera til Jostein I. og Berit (f. Arntsen) Flydal Biletet er teke frå Sandane og tilhøyrer Per Almar og Gunvor Steinnes
Knutgarden våren 2017 med huset som Lars Emblemsvåg bygde. Foto: Svein Ove Østrem
Knutgarden våren 2017 med huset som Lars Emblemsvåg bygde. Foto: Svein Ove Østrem

Emblemsvågen er ikkje så gamal som einskild gard. Den vart truleg utskild frå hovudgarden Emblem ein gong på slutten av 1500-talet, men der finst spor etter folk heilt attende til folkevandringstida, og det er også eldre funn attende til steinalder både aust og vest for garden. Dei 7 gamle gravrøysene ved vågsbotnen var såleis bygd for brukarane på garden Emblem kring jernalderen. Emblemsvågen var då sjøstykket til denne garden.

Frå utskiljinga av Emblemsvågen til eigen gard og fram til 1712 var det kun eit bruk her. Innmarka var teigbytt heilt fram til utskiftingsprosessane i 1907. Det gamle tunet låg oppunder hamrane mot grensa til Emblem og jorda var oppdelt i 20-30 teigar. Dei fleste åkrane låg nært tunet i hellinga, men der fanst også nokre nede på sletta ved den vesle bekken som rann ut i fjorden ved dagens innerste naustrekke.

Knutgarden fekk bruksnummer 1 ved oppdelinga i 1712, og det er her denne teksten tek til. Frå 1650 hadde de vore småstellt der nede i «Vågen». Brukar og smed, Anders Olsen hadde vorte dømd for «løsagtighed» og fekk bot for ikkje å møte opp og skysse futen. Bøtene greidde han ikkje å betale. Ein veit ikkje kven han var gift med, men det er mogeleg at Ingebret Emblemsvåg (ca.1650-1709) kan vere seonen til Anders.

 Stort betre gjekk det ikkje med arvtakaren, Hallvard Sjursen, heller. Han greidde ikkje å betale tiendeskatten til kyrkja. Hallvard døydde i 1699 og åtte då berre 2 kyr, 3 geit og 3 sauer. Husa må ha tilhøyrd gardeigaren, borgundpresten Christoffer Hjermann.  I 1699 selde han bruket vidare til Johann Frimann. Det kan verke som om garden ikkje var like attraktivt lenger. Kanskje var det slik at eigarane fleire gonger måtte ta pant i gardshusa. Dette var omtrent det einaste ein bygselmann hadde som sikkerheit, om han hadde sett dei opp sjølv. Tok gardeigaren frå dei garn eller dyr og avling, så vart også håpet om seinare inntekter lavare. Enka etter Hallvard var Siri Ottesdotter Muri(206c) (ca.1658-1752), og ein veit om to born etter dei.

a) Randi (1689-1744) tok over halve garden. Det vart Antonesgarden (sjå meir om henne der).

b) Inger (1692-1769) vart først gift i 1725 med enkemann Rasmus Knuds. Bjørge(2+3). Han var opphaveleg frå Eikenosa på Emblem. I 1743 gifte ho seg opp att med Lars Bjørge, som tok over drifta av  Bjørge(2+3) etter Rasmus. Bruket ligg på Ellingsøya.

Enka Siri gifte seg om att kring 1700 med Jon Knudsen (ca.1667- død før 1752), og det var på hans tid at Emblemsvågen vart delt i bruka som seinare skulle heite «Knutgarden» og «Antonesgarden» på folkemunne.  Det kan virke litt rart å dele bruket, når dei som dreiv heile garden sleit med å brødfø seg. Her kan det vere fleire mogelege årsaker. Kanskje var det eigaren Peter Finde Astrup som beslutta dette, eller var det Siri som ville hjelpe både dottera, 704a Randi, frå forrige ekteskap og yngstedottera Anne? Ho var Siri si dotter med Jon, og dermed ikkje eldst i søskenflokken. Det kan óg vere slik at Jon ynskte at hans dotter skulle få seg jord på garden, eller rett og slett at folketalet vaks markant på Sunnmøre og mange sleit med å få seg noko å leva av.  Ein veit ikkje eksakt når Jon døydde, men Siri var i alle fall registrert som enke i kyrkjeboka i 1752.   Bygdeboka for Norddal nemner Jon og Siri under Omneås(40) i Valldalen, der Siri sin bror vart gardbrukar. Det stemmer truleg ikkje at dei har budd der. Ein finn også det som truleg er feilregistreringar ved introduksjonen av Siri sine born i Borgund kyrkje. I 1701 vert knut kalla Ole, og i 1703 står det Amund, medan det ved dåpen er korrekt namn som er ført. Jon tok kår i 1731.

a) Knud (dp.1701-1701) døydde 3 veker og 1 dag gamal.

b) Knud (dp.1702-1702) døydde 22 veker gamal.

c) Anne (dp.1703-1782) tok over bruket.

I 1731 tok svigersonen, Knud Joensen (ca.1705-1787) over bygselskontrakta på garden. Underleg nok så gifte han seg ikkje med Anne Jonsd. Emblemsvåg(1) før den 22. juni i 1732. Han er mellom anna nemnd som medhjelpar og lagrettemann i folketellinga. Ved vigselen vart dei kalla Anne Jansdatter og Knud Jensen. Det er funne tre born etter dei. Det verkar nesten som ein byrjande tradisjon når også deira førstefødde vart kalla Knudt. Han vart truleg oppkalla etter bestefar til Anne. 

a) Knut (1734-1772) gifta seg i 1758 med Siri Nilsd. Hoff(I), brukar «Karnelsgarden»,  Bjørge(3). Det var del av garden der tanta, Inger, hadde gifta seg i  1725.

b) Joen (dp.1736-1804) tok over bruket i Emblemsvågen.

c) Jens (dp.1740-1776) gifta seg i 1766 med enka Mari 

Knudsd. Nedregotten,  Emblem(6+7). Dei vart brukara i 

den opphavelege  Steffågarden, Emblem(6+7), som eter 1840

skulle delast inn i Steffågarden i gamletunet og Jakobgarden

innanfor Røssevollelva.

Sonen til Knudt heitte Joen. Det var ein variant av namnet Jon. Han tok over Knutgarden i 1764 og dreiv kanskje bruket saman med faren ei tid, før han forlova seg den 6. januar 1767. Her kan ein nestan tenkje seg at det hendte i eit juleselskap eller ei liknande begivenheit, omtrent som i den gamle norske filmen om Tante Pose. Verklegheita var nok mindre romantisk og meir praktisk retta for den som ikkje var sjølveigande bonde. Men på den andre sida var faren i alle fall godt skrivefør slik at borna fekk ein dugeleg skulegong og teoretisk lærdom med seg heimanfrå. I følge presten kunne han i alle fall lese i 1769, og han var skikkeleg opplyst med fleire gode bøker i heimen sin. Den slags var ikkje nokon kvardagskost på denne tida. Joen gifte seg med nabojenta, Anne Jonsd. Emblemsvåg(7) (dp.1746) frå husmannsplassen «Plassevågen». Joen følte seg med andre ord ikkje heva over plassemennene ikring seg. Forloverane var Jens Siversen Emblem(9) frå Auregarden og Hans Arnesen Emblemsvåg(5) frå Antonesgarden. Ingen av borna tok over bygsel på garden

a) Joen (dp.1770) gifta seg i 1799 med Brit Arnesd. 

Nordang(1),   brukar Kolbeingarden,  Åse(5).

b) Knud (dp.1776-1850) gifta seg i 1805 med Dorthe 

Olsd. Blindheim(8), frå Kolbeingarden,  Åse(5). Han 

tok over den garden etter storebroren sin.

c) Anne (Marie) (dp.1782-1856) gifta seg først i 1816 med 

Ole Ols. Godø(12), brukar Remvik. Go gifta seg på nytt i 

med 1828 g.m.  Knud Styrkers. Søvik(13).

d) Bernt Magnus (dp.1786-1786) døydde 1/4 år gamal.

I 1788 tok Halvor Halvarsen Eikenosødegård(3) (dp.1763-1818) frå Framigard over Knutgarden. Han dreiv bruket på bygsel til 1817 året før han døydde. Halvor var sonesonen til Jakob Rasmuss. Emblemsvåg(5), ein tidlegare brukar på nabobruket Antonesgarden. I 1788 gifte han seg med Synneve Nilsdotter Valderhaug(33) (dp.1766-1831) Dei fekk etter kvart 8 born.

a) Johana (dp.1789-1789) døydde 2 veker gamal.

b) Anne (dp.1790-1881) gifta seg frøst i 1832 med 

Gunner Gregoriuss. Røssevoll(1). I 1845 gifte ho seg

på nytt med  Guttorm Nilss. Østrem(sjø), brukar Remvik

på  Digernes, Skodje. Ho fekk 1816 sonen Lars Henrik 

Elias med  Knud Ole Andreas Larss. Blindheimsnes(3), 

brukar  Veibust(5).

c) Nille Johanna (dp.1792-1876) gifta seg i 1836 med 

enkem. Abraham Martin Jetmunds. Lerstad(1),  brukar 

Lerstad(1). Ho fekk 1818 dottera Agathe Olsd. med Ole

Peders. Fjørtoft, og 1826 Henninge Ivrine Catrine, med Ole

Hanss. Hundsvær. Enke og fattiglem, busett hos søstera

på Furholm, Eikenosvåg(3) i 1865.

d) Hallvar Martinus (dp.1795-1801) døydde 5 1/2 år gamal.

e) Severina (dp.1798-1876) gifta seg i 1838 med enkemann 

Ole Andreas Eriks. Kvasnes(1), brukar  Kvasnes(1). Ho 

fekk 1820 sonen Karl med Knud Knuds.  Romestrand(4) .

f) Henninga Martha (dp.1800-1872) gifta seg i 1842 med 

enkem. Peder Andreas Amunds. Mek, frå Volda. Dei var

Brukara på Furholm, Eikenosvåg(3).

g) Halvard Martinus  Andreas ( dp.1803-1847) gifta seg i 

1827 med Anne Berthine Henriksd. Gamlemshagen(14),

brukar Søvik(9). Omkom på sjøen med sonen Hallvard, og

fleire andre. Ingen vart funne att.

h) Rasmus (dp.1806-1895) gifta seg i 1838 med Henninge 

Rasmusd. Store Nørve, brukar Bjørgeholm,  Ellingsøya. 

Var 1831 tenar på Ytterland.

I 1817 vart det på ny slektskifte på Knutgarden i Emblemsvågen. Ingen av borna til Halvor tok over. Jens Olsen Tafjord(511b) (1787-1858) gifte seg 1815 i Norddal med Annike Ingebrigtsd.Emblem(1) (dp.1787-1863) frå Negarden. Dei dreiv bruket i kun tre år, før dei flytte attende til Norddal. Begge budde på garden Hjelme i Valldalen når dei døydde. Årsaka til at dei flytte så raskt er ikkje kjend, men klima og dei vanskelege åra med napoleonstid, krig og barkebrødtid i forvegen, førte mange på flyttefot etter betre kår. Det kunne verke fornuftig å komme seg nærare fiskefelta, men det skulle vise seg at levekåra likevel var betre i indre fjordstrok i denne perioden. Ein kan sjå at dei forsøkte seg fleire stadar. I 1815 budde dei i Tafjorden, i 1824 forsøkte dei seg på Korsneset, før ein finn dei på Hjelme i 1837.

a) Ole (f.1812) var landvernsoldat. Mora var Pernille 

Larsd. Ringdal(1) frå  Sunnylven.

b) Jørgen (1813-1823). Mora var Maren Paulsd. 

Gjerde(418c) frå Norddal. Jørgen  drukna i en brønn.

c) Ragnhild (f.1813) gifta seg i 1850 med Martinus 

Frederik Ols. Lille-Årset(2), brukar  Vestre(6) på Vatne. 

Mora var Christi Knudsd. Korsnes(67c).

d) Oline (1815-1885) var første born med Annike 

etter giftermålet. Ho gifta seg i 1855 med Magnus Andreas Haagens. Alstadsæter(203a),  brukar Alstadsæter(204).

e) Ingebrigt Elias (1817-1870) gifta seg først i 1846 

med Susanne Gregoriusd. Engeset(314d), brukar

Valldal(280). Oline gifta seg på ny i 1868 med Ingeborg 

Maria Syvertdtr.  Døving(36a), fødd på Skrednakken, 

brukar  Valldal (280).

f) Cecilie Inger (1820-1909) fødd Korsnes. Ho gifta seg

i 1849 med Johannes Britanus Villeiksen  Flåte(6), Skodje, 

brukar Rødset(strand), Spjelkavik.

g) Ole (1824-1896) gifta seg i 1853 med Karen Marte 

Pedersd. Gjerde, som vart fødd  Dalhus(109h) i Norddal. 

Dei vart brukarar på Myklebust(16).

Den neste bygselsmannen i Knutgarden kom også frå Norddalen. Dette var Knud Knudsen Korsnes(67a) (dp.1779-1866). Han vart heile 91 år gamal. I hans tid som brukar fram til 1833 var det særs vanskelege og tronge kår på bruket i Emblemsvågen. Han hadde gifta seg med Anne Marthe Thorsd. Storstein(1) (dp.1783-1825) i 1803. Det kan verke som om han hadde bytt gard med Jens før han, Frå skiftedokumenta etter Anne Marthe kan ein lesa at dei berre hadde hest, 2 kyr, ei kvige og ein sau. Både såkornet og avlinga på 4 tønner med havre var allereie oppbrukt til mat når april kom. Dette var fleire månader før neste avling, men dei gav seg ikkje av den grunn. Knud Knudsen gifte seg opp att i 1826 i Norddal kyrkje med enka Anne Eriksd.Korsnes(66c) Hauge(127) (f.1775). Dei fekk ingen barn

a) Anne Regine (dp.1805-1825) vart døypt i Norddal. 

Ho døydde 20 år gamal.

b) Karen (1807-1895) tok over bruket.

c) Petter Carl (dp.1811-1845) var dreng i Emblemsvågen.

Dottera Karen Knudsd. Emblemsvåg(1)(1807-1895) tok over bruket i 1833 og gav kår til foreldra sine. Ho gifta seg i 1834 med  Ingebrigt Carolus Iverson Emblem(9) (dp.1796-1866), frå Auregarden. Dei   dreiv garden til 1866, og gjorde det godt.

a) Anne Maria (1830-1883), Karen si dotter med 

Haaver Sivers. Vedde frå då ho tente i  «Havnen» i 

Langevåg. 1852 Anne gifta seg med enkemann Rasmus 

Alberts.  Ytre-Hovde(7), brukar Ytre-Hovde(7) Ørsta.

b) Lars Johan (f.1835)

c) Knut Andreas (1839-1917) tok over bruket.

d) Elen Petrine (1844-1846) døydde, nesten 3 år gamal.

e) Ingebor (1846-1846) var tvilling. Ho døydde 8 dagar gamal.

f) Carl (1846-1846) var tvilling. Ho døydde 13 dagar gamal.

g) Peter Karl Elias (f.1848) er kanskje den same som er 

nemnd som «korkeskjærer» i  Kristiania, og drog til St. Peter, Minnesota i Amerika 1874.

I den gamle omgongskuleprotokollen frå skuleåret 1859 til 1860 kan vi likevel lese litt om både Peter Karl Elias og skulegongen. Han var innmeld i Emblem Krins som omfatta Emblem, Emblemsvågen og Røssevollen. Skuleåret varte frå 27. oktober til 15. november og 26. april til 22. mai. Dei ulike brukarane delte på å låne ut stova si til skulen. Tidsrommet 7. til 9. november 1859 var det Knutgarden, og faren Ingebrigt, sin tur til å huse skuleborna. Peter var no i konfirmasjonsalder og presterte på det jamne i dei fleste faga. Eg veit ikkje kva som var høgste karakter, men eg finn i alle fall ikkje noko betre enn karakteren 4. Det kan verke som om karakteren 2 er bestått. Dei fleste låg stort sett på 2 og 3. Nokre var så heldige å ein karakter på 4, men ytterst få hadde fleire. Ole Pederson Røssevoll, seinare brukar i Pe-garden på Røssevollen, var beste elev med heile tre karakterar på 4 og resten på 3. Peter låg ikkje så langt bak med fleire karakterar på 3, og karakteren 4 i bibelhistorie, men katekismen og staving sleit han meir med. Her var karakteren 2. Dei andre emna som dei vart vurdert i var mellom anna historie, lesing, rettskriving, geografi, skriving av bokstavar og bibelhistorie.

16. november 1865 vart det halde skifte etter gardeigaren, Knud Halvorsen Blindheim. Han åtte ein gardpart i Knutgarden, som han hadde kjøpt av den tidlegare nemnde Lars Larson Nedregård som hadde eigd garden frå 1833. Frå ekstrautskrifta i 1866 kjem det fram at skiftet gjaldt alt, med unntak av naustet, kvernhuset og ei bygning til som var bortbygsla til «Leilending Ingebrigt Iversen og Kone beheftet med Vilkaar til Knud Knudsen». Det kan bety at alle husa tilhøyrde gardeigaren. Det var nemleg slik at dersom ein bygselmann sette opp eigne hus så beheldt han eigedomsretten til desse. Slikt var veldig vanleg, og det motsette kan tyde på at det ikkje stod like god til med økonomien på denne tida. I 1865 finn ein også namnet på ei av tenarane i Knutgarden. Det var den ugifte tenestejenta Randine O. Olsdotter (f.ca.1810) frå Hjørundfjorden.

Sonen, Knut Andreas Ingebrigtsen Emblemsvåg(1) (1839-1917) hadde meld flytting til Roald på Vigra, som den gong var del av Haram Prestegjeld, når han gifta seg i 1865. Men opphaldet var særs kort. Allereie i 1866 var han brukar på farsgarden, og fortsette med det til 1902. Han gifta seg i 1865 på Vigra med pige Oline Jørgine Sevrine Nilsd.Blindheim(3) (1837-1912). Dei hadde møtt kvarandre på Haram, der dei begge var tenarar. Året etter giftermålet kom Knut heim og kjøpte farsgarden av arvingane etter Knut Halvorson Blindheim, som døydde i 1865. I den tingleste skøytet finn ein at dette var døtrene Severine og Nicoline Knutsdotter Blindheim, samt Elias Giskeødegård. Kjøpsummen var på 700 speciedalar. Han klarte seg mykje betre enn besteforeldra sine. I 1868 hadde han hest, 9 kyr, 12 sauer og eit utkome på 4 tønner bygg, 23 tønner havre og 28 tønner md poteter. Likevel valde han å selge garden til Anders Olsen Giskegjerde kring 1870 og vart bygselmann i staden.

Ein kan truleg spore årsaka til det seinare salget i pantebøkene. Det var først med Knut Andreas at ein kan spore frådelingar og sal av jord som opphaveleg tilhøyrde Knutgarden. Først vart det frådelt ein jordlapp til ein husmannsplass i heimeutmarka mot vest. Den fekk etter kvart namnet «Ludvikplassen» på folkemunne, etter husmannen Ludvig Gregorius Ingebrigtson Valle. Det var han som fekk frådelt dette stykket for si levetid, saman med eit større stykke frå Antonesgarden. Det er truleg at han fekk hjelp av bror sin som vart godt gift til garden Ystebøen like ved. Knut Andreas trong nok både nyrydding, inntekter, men det var Antonius på nabogarden som fekk arbeidshjelpa i onnene. Så mykje pengar til å betale ned på gjelda fekk han ikkje ut av ein husmannsplass. Det kan verke som om Ludvig kom omtrent samtidig med at Knut Andreas kjøpte farsgarden. Det gjekk ikkje så bra med Ludvig dei første åra. Allereie i august 1865 vart det eksekusjonforetning på plassen. Han makta ikkje å betale avdraga til Claus Ingebrigtsen Emblem for eit lån på 167 Speciedalar, med pant i den vesle stova han heldt på å sette opp. Dette var heller ikkje det einaste lånet han hadde.

I 1869 måtte Knut låne 50 Speciedalar frå Jørgen Sørensen Voldsdal, mot pant i garden. Her kjem det også fram at han hadde seld eit stykke av bruket til Hans Magnus Iversen Emblem i Hatlebakken, Emblem(3) også, men dette var enno ikkje tinglest. Hans hadde fått rydde seg ein plass mot austgrensa til Emblemsvågen nokre år i forvegen, og vart seinare svigerfar til Knut Andreas si eine dotter. Skylddelinga og skøytet på dette stykket, som fekk namnet «Ytre Hatlebakke», vart først tinglest i 1870. Det var på den tida Knut selde farsgarden. Han fekk 144 speciedalar for denne delen. Det var tydeleg at Knut trong pengar no. I 1870 selde han husmannsplasen «Oshaugen» til brukaren der, Nils «Båt-Nils» Rasmusson Løset frå Volda. For 250 Speciedalar. Men det var rett og slett ikkje nok. Han måtte selge halve garden med andel i husa, unntatt «Nøst, Kornhus og Seterhusene» til Andreas Olsen Giskegjerde for ytterlegare 200 speciedalar før 1870 var omme. For dette fekk han bygselskontrakt på det same stykket. Ein kan undre seg på om Knut hadde feilrekna, eller vore for optimistisk, når han kjøpte farsbruket. Han klarte i alle fall å unngå tvangsalg og utpantingsforretning, men pengane rakk berre i to år. I 1872 måtte han selge det som var igjen av garden til same kjøpar for 1200 kroner, og i tillegg låne 100 speciedalar til av Johan Cornelius Giskegjerde. Det kan verke som om den som dreiv fiske langs kysten hadde pengar å investere, men Knut fekk truleg ikkje del i denne rikdommen frå havet.  Knut Andreas og Oline fekk tre born. 

a) Caroline Severine  Eline ( 1866-1900) gifta seg i 1892 

med  Iver Andreas Henrik Ols. Nedregotten(2), frå

Guttormgarden, Nedregotten(2).

b) Nicolai Andreas (f.1868) var ugift sjømann, drog til 

USA og Minnesota 1887 som ugift  sjømann.

c) Anna Olivia (1870-1926) gifta seg i 1897 med skomaker 

Andreas Britanius Magnuss.  Emblem(3), brukar 

Hatlebakken, Emblem(3).

d)  Lars Karl Knudsen Emblemsvåg(1) (1872-1923) tok

over bruket.

Sonen Lars Karl Knudsen Emblemsvåg(1) (1872-1923) hadde vore i Amerika ei tid, frå 1895. Han  kom attende, og kjøpte att bruket i 1902. Lars gifta seg det same året med Karen Marie Gregoriusdotter  Myren(219b) (1878-1962), frå Valldal. Han døydde av bronkitt/ astma 1923. Karen fortsette,  saman med borna, som brukar heilt til 1943. Ho starta også å leige ut huset sitt om somrane.  Frå skuleprotokollen i 1880 kan ein sjå at Lars gjorde det brukbart på skulen. Karakterane varierte frå 2,5 til nærare 4. No vart elevane vurdert med karakter i følgande emne: bibelhistorie, katekisme, forklaring (til katekismen?), utvalde stykker i leseboka, staving, lesing, sang, skriving, rettskriving, regning, flid og ved avsluttande eksamen når dei var klare for konfirmasjon og overhøyring. Han hadde ikkje eksamen det året. Han hadde også møtt opp flittig. Der var kun ein begrunna fråversdag.

Frå det siste tingleste Skøytet på garden kan ein lesa følgande:

«Underskrevne Knud Andreas Ingebrigtsen Emblemsvaag sælger, skjøder og afhender herved til Andreas Olsen Gidskegjære den anden Halvdel af det mig tilhørende brug Emblemsvaag (...) med tilliggende Herligheder og paastaende Huse, dog saaledes at herfra er untaget: a) den Part av Gardbruget som jeg ved Skjøde af 25. Juni 1868 har solgt til Nils Rasmusen Løset hvilket Skjøde er oplæst for Kjøberen. b) Nøstet, Kværnhuset og Sæterhusene, hvilke Eiendomsparter ikke for nogen Del er inbefattede i Salget. Den omkontraherede Kjøbesum er 1200 Kroner, der er mig betalt. Af det Gardbrug paaheftede Kaar til min moder Ksren Knudsdatter overtager Køberen nu ogsaa den anden Halvpart. ForudenKøbesummen har jeg betinget mig Ret til for min og Enkes Levetid at bruge den solgte Gaardpart mod Svarelsen af 12 Kroner aalig Afgift men uden Bygselsens Erlangelse og ansettes denne Brugsret til en verdi af 200 Kroner derom vil Bygselseddel idag blive udskrevet. I Overenskommelse med forestaaende skal den solgte Gardpart herefter følge og tilhøre Kjøberen til Odel og Eiendom. (...)»

Kjøparen la på si side til følgande krav i bygselskontrakta:

«1) Han rydder dyrker og forbedrer Jordveien saaledes som til enhver tid udkreves til Oppholdelse af Fordringerne til en forsvarlig Brugsmaade, hvorledes han holder Huse og Gjorder i (..) Stand. Han er i ethvert tifelde ansvarlig for Husene, ligesom han er pligtig til at opføre nye Huse naar e ældre ikke lenger er tjenelige. Til Gardbrugets Huse tilhøre ikke Nøst, Kværnhus og Seterhuse.

2) Svarer han a) det Gardparten paahvilende Kaar til hans Moder. b) Alle offentlige samt kommunale Ydelser som ere eller vorde paabudne samt Tiende.

3) Husmand eller Inderste maa ikke indtages paa Eiendommen uden Jorddrottens Samtykke.

4) Erlegger han i aarlig afgift til Jorddrotten 12 – tolv – Kroner, der betales inden hver Jul, først gang i dette Aar under forhøielse med en fjerdepart.

5) Iøvrigt gjælder Lovgivningenes Bestemmelser om Leilendingsforholdet.»

Det kan verke underleg at også han var så opptatt av naustet, kvernhuset og seterhusa. Ei forklaring kan vere at dei ikkje tilhøyrde han på denne tida. Knut omkom på tragisk vis i 1902. «Søndmørsposten» kunne fortelle at han fall overbord frå ein dekksbåt utanfor Ålesund: «Ulykken skede, idet der skulde læggæs ind et Reb. Mændene stod herunder og la sig over Storseilbommen. Pludselig gik Skjødet løst, og Bommen tog de to Mænd overbord. En tredie havde nær gaaet samme Vei, men blev holdt igjen i sidste Øieblik.» Meldinga om drukningsulukka denne natta vart trykt i fleire aviser.

I 1867 vart kårbrevet til mora, Karen tinglest. Av tenestefolk i 1865 kan nemnast Peter Bastian Johan Larsen Jarnes(7) (f.1886) frå Sykkylven. Han var kjørslegut og er registrert i 1900-teljinga og drog i april 1906 til Minnesota i USA. Han døydde ugift der kring 1907, og er gravlagd i Hoquiam. I den same tellinga finn me Anna Karlsd.Hatlemark(1) (1873-1956) Også ho kom frå Sykkylven. Ho gifte seg i 1903 med Johan Tusvik(2)

Frå 1902 til 1943 var det Lars Karl Knudsen Emblemsvåg(1) (1872-1923) som var gardbrukaren i Emblemsvågen. Han hadde vore i Amerika, mellom anna i 1895, og kjøpte att bruket. Han gifte seg i 1902 i Norddal kyrkje med pige Karen Marie Gregoriusd. Myren(219b) (1878 -1962). Dei fekk heile 10 born.

a) Knut Georg (f.1903) drog til Amerika 1922.  Han er 

innskriven på Ellis Island 27. januar 1922. Eg veit enno 

ikkje kvar han vart av.

b) Karoline Olea (1904-2000) gifta seg med Lars Kornelius 

Ols. Emblem(9) i Auregarden,  brukar Emblem(9).

c) Georg Oskar (1906-1969) tok over bruket.

d) Ragna Petra (1907-1984) gifta seg med målarmeister Ole Johannes Helø. Han gjekk  lakkeringskurs i Oslo, hos Leon 

Ørbeck, som var gift med  Karn Lovise frå Antonesgarden. 

Ragna busette seg i  Volda.

e) Leo Castberg (1909-1979) gifta seg i 1941 med Lisa 

Olivia Larsd. Akslen(4), frå Høla, busett  Emblemsvåg(15).

f) (Nella) Nelly (1912-2002) gifta seg i 1937 med 

bilmekaniker Thorstein Halvorsen, busett Oslo.

g) Solveig Tordis (1913-2001) gifta seg i 1939 med gartner 

Olaf Sætre, busett Molde.

h) Anna (1916-2007) gifta seg i 1955 med Rasmus Agnar 

Erling Støverstein, Storsæter(1),  Skodje. Paktar på 

Borgund Prestegard, busett Vilhelmsplass,  Furmyr(9).

i) Olga Marie (f.1918) gifta seg først i 1946 med meieristyrar 

Einar Austad, busett Ullvik i Sogn. Gifta seg opp att med

Håvard Opheim, Ullvik i 1959.

j) Peder Greg (1921-1989) gifta seg først i 1949 med Herdis Totland, Åndalsnes. Ho døydde året etter. Peder gifta seg på 

nytt i 1955 med Tora. Han var motstandsmann og seinare 

oberst. Dei  budde sist på Elverum.

Yngstemann, Peder Greg Emblemsvåg (1921-1989) var ein vidgjeten kar. Han drog til Shetland i 1941 og verva seg til motstandskamp under 2. verdskrigen. Det vert fortalt at han også vart trent til teneste i Kompani Linge, men det var nok helst som Milorgmann ogat han medverka til oppbygginga av Milorg i Gudbrandsdalen. Han var med i milliære trefningar både i 1940 og våren 1945. Han fortsette med ei millitær karriere etter 1945 også. Han var mellom anna oberst og sjef for Brigade Nord. 

Lars fortalde i eit intervju kring 1925 til P. Stensager om funn av ei oval «bombe» i tre utanfor Ystebøen. Den var laga med tønnestavar og hadde ein tønnestav som lokk på omlag 22 tommar i breidda. Stensager fortalde vidare: «Den skal efter fortællingen være fundet i en røis på Ystebøen. Hans Bestefar arvet den. Hans forgjenger, antakelig faren, skulde ha fundet den med penger eller sølvsaker i. Der hadde før værert fattigdom, men efterat de hadde fundet bomben, blev det pludselig velstand i garen, og dette skulde da skyldes fundet av kisten og den skat den indeholdt.. Lars far var sikker på beretningens sandhet og holdt trofast på kisten.». Ole Knutsen Emblem, eller «Sjurs-Ole» fortalde i eit samtidig intervju med Stensager om at «En av mændene på Auregarden fandt en middagsykt et skrin med sølv i en røis utenfor Ystebøen. Han reiste til Bergen med det, men nogen rikdom vet ikke Ole av at der blev.» Desse historiene kan sjølvsagt vere sanne, og dei fekk Stensager til å undersøke meir. Det endte med ei arkeologisk utgraving og funn av fleire graver like utanfor husa på Ystebøen. Ingen av desse kan truleg ha samanheng med sølvet. Kanskje er det meir truleg at brukarane i Emblemsvågen fann verdiar i gravhaugane nede ved sjølve vågen. Slikt var i so fall plyndring av verdiar som tilhøyrde staten. Slikt finn ein fleire eksempel på i bygda vår, der funnstaden kan ha vorte endra, slik at det skulle verte vanskeligare å stille nokon for retten i ettertid. Det er i alle fall lite som kan tyde på at far til Lars hadde tilgong på slike verdiar. Far hans var rett nok frå Auregarden, men han var bygselsmann all sin dag. Alternativt kan det vere som i Sjurs-Ole si forteljing om at der vart funne noko, men at der ikkje vart noko rikdom derfrå. Det kan i so fall stemme med dei andre funna på Ystebøen, at dei var meir av praktisk art. «Sjurs-Ole fortalde også at far til «Vågs-Ingebrigt» skulle ha hatt eit spyd på over ei famn som var spiss i den eine enden. Det passar ogå med tida der dei første gravrøysene i sjølve Vågen vart utgravde og deretter jamna ut.

Om kvardagen i Knutgarden finst det eit nedskrive barndomsminne, signert Harriet Leithe i Ålesund. Far hennar kom opphaveleg frå Oshaugen i Emblemsvågen, og familien leigde seg inn som «landliggarar» hos Karen om sommrane på 1920- og 1930-talet. Dei var to familiar som leigde seg inn i skuleferien for to månader. Dei betalte til saman 80 kroner for opphaldet. Dette var tidlegast frå 1924, etter at Karen vart enke. Inntekta var soleis kjærkomen for ei ti-borns mor. Minst halvparten var så små at dei truleg budde heime på denne tida. Dei flytte då ned i kjellaren og overlet resten av huset og stabburet til byfolket. Ho var ikkje den einaste i bygda, eller Emblemsvågen, som dreiv med dette. Det var ei særs populær ferieform for dei frå middelklassa som hadde råd til ferie. Mannfolka vart att i Ålesund for å jobbe, men kom innover i helgane. Ein veit at der var minst to familiar på bruket Sandane (Sandvik) litt nærare badeplassen på denne tida. Mest kvar einaste gard i bygda gjorde det same. Byfolket averterte i avisa etter plass i førstninga, men fortsette gjerne å leige med dei same fleire år på rad. Mange hadde slektsforbinding med bygda og frå 1934 byrja også Karen å selge hyttetomter. Fleire heiv seg på den nye trenden som etterkvart utkonkurrerte innlosjeringa.

Om hovudhuset fortalde Harriet at tre- og murveggar i huset var kvitmalte med breie vinduskarmar, fyllt med geranier i alle fargar. I kjellaren var det grue og ein svar komfyr. Der stod to vassbytter med vassause ved sidan av som alle drakk vatn frå, så der var nok ikkje innlag vatn på den tida. På veggane i kjellaren hang hyller med kapper på. Dei var fyllte med «rosete» koppar og fat. På golvet låg heimevevde filleryer og der var eit trekvitt langbord med tilhøyrande slagbenk. Ungane sov på stabburet om sommaren. Det var eit rom for gutar og eit for jentene. Utanfor kjelaren låg ei stor steinhelle som benk. Den var lagt slik at dryppande vatn frå torvtaket ikkje skulle nå mjølkespannene når dei stod til tørk. Der var også eit gjerde der dørslag og dørslag vart hengt til tørk. Det er ikkje nemnd om dette var stakittgjerde.Karen var ei triveleg dame med krølla hår og rull i nakken. Dei fekk tidleg lære seg å ikkje springa på attlegane der slåttegraset skulle få veksa seg høgt.

Kyrne beita som regel ved Emblemsanden i aust eller vest for tunet. Dei stod som regel ved grinda og venta på mjølking. Det kan verka som om dei ikkje setra i Knutgarden på den tida. Kanskje var det allereie nok beite og nydyrka slåttemark nede i bygda, eller kan hende var det for dyrt å drive seterhushald no som ho var enke. Mjølka skulle uansett fraktast til Ålesund med båt frå dampskipskaia i Emblemsvågen og byfolket skulle ha sine rasjonar med mjølk for 10 øre literen. Sjølv byfolket laga «rjomekolle» i store brune fat. Den vart eten etter tur med skei rett frå lagringsfatet. Når kyrne var kalvtunge måtte dei oftare hentast ute i Løkane eller Brendhaugane. Det vart fortalt at der var ei hulder i furuskogen, som ongane var redde for då haustmyrkret kom. Der var også eit troll på Langhaugane i nærleiken av staden der fabrikken til Spilka ligg i våre dagar.

I 1943 tok sonen Georg Oskar Larsen Emblemsvåg(1) (1906-1969) over farsbruket. Han gifte seg med Lovise Kristiane Olea Pedersdotter Flåen (1910-1997) frå Stordalen. Han vart ein av pionerane i Emblem Idrettslag, og truleg ei viktig årsak til at laget fekk leige plass til fotballbane på Emblemsanden dei første åra. Han overtala mor si til å leige ut ei bot omlag der dagens strandvolleyballbaner ligg. Då hadde laget arbeid ei god stund med å få seg ein stad å spele kampane sine. I likheit med dei fleste andre småbrukarane på Emblem var også Georg ansatt i arbeid for Borgund Kommune etter krigen. Han omkom i ei ulukke, då ei grøft rasa saman over han.

a) Lars Karsten (f.1940) tok over bruket.

b) Marit (1943-1990) var ugift avdelingssjukepleier.

Sonen Lars Karsten Emblemsvåg (f.1940) tok over bruket etter far sin. Han arbeidde også som  snikkar. Garden vart nedlagt i hans tid. 2005 selde han garden til søskenbornet, Hallvard  Emblemsvåg, og flytte til Gjøvik. Lars gifta seg 2010 med Bente Johanne Mikkelborg.  Då var hovudhuset frådelt.

Søskenbornet  Hallvard Emblemsvåg (1950-2017) gifta seg med Herdis Blindheim(3) (f.1951).  Begge har vore særs aktive i Emblem Indremisjon. Hallvard dreiv sitt eige fysikalske  behandlingsenter på Blindheim. Han var i mange år i leiinga på Emblem Bedehus, og ansvarleg for  ungdomsarbeidet med mellom anna «In*Puls». I tillegg har han hatt fleire verv i kristne  organisasjonar utanfor bygda.  Han tok tidlegare over huset til foreldra, Emblemsvåg(15), Han var yngst i ein ungeflokk på tre. Søskena er Liv Karin (1942-1998), gift med Kåre Bjørdal og tidlegare busett like ved, og Øyvind Emblemsvåg (f.1944), busett i Alta. Dei fekk fire born. Hallvard framleis holdt i hevd gamle tradisjonar med mellom anna litt hesjing for moro skuld. Det er det ikkje så mange som kan lenger. Eigedommane vart overdratt til Herdis våren 2020. Ein større del av markane til fleire av gardane i Emblemsvågen er i det siste lagt ut til byggefelt. (2019).

a) Jo-Einar (f.1976) er busett i Spjelkavik.

b) Dag Leo (f.1977) gifta seg i 2011 med Kari Anne Kleiveland, busett Salhus.

c) Margrete (f.1980) er sambuar med Vegard Dahle, busett i hovudhuset til Knutgarden,  Emblemsvåg(1).

d) Helga (f.1982) er busett i Oslo.

Trygve Krohn 10.01.2016 15:25

Dette er interresant.

Nyeste kommentarer

09.11 | 16:49

Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, ut...

24.10 | 16:33

Hei alle sammen! Dette var en svært interresant oppdagelse all den...

13.08 | 10:14

Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr...

23.04 | 08:09

Oj! Det var tett