BNR. 1 KNUTGARDEN

Truleg er dette tidlegare landliggarar som var evakuerte til Knutgarden frå Ålesund sommaren 1940. Mange vart evakuerte til anten slekt eller tidlegare utleigerar denne sommaren. Den eldre mannen er Severin Kornelius Martinus Rasmuss. Emblemsvåg (1856-1952) og ikkje Emblem, som det står i teksten. I bakgrunnen står eit uthus tilhøyrande Knutgarden med mellom anna vedskot. Sevrin kom opphaveleg frå Rovde og dreiv Antonesgarden. Han var enkemann og nabo til Karen i Knutgarden. Det vert i teksten fortalt at familien Johan Emblemsvåg budde mange år hjå Karen. Det er faren til tekstforfattaren, Harriet Leithe, og opphaveleg fødd på Oshaugen i 1892.

Her kjem meir om Knutgarden etter kvart