Gardsnamnet stammar frå brukaren "Tyche"/Tyge Røssevold. Den har også vore kalla "Nilsgarden" og "Mittetgarden" i nyare tid, med Tykjegarden er det eldste gardsnamnet på folkemunne. Bruket hadde tidlegare løe der bilvegen deler seg aust og vest, på toppen av Røssevollbakkane. Tunet låg ei god stund lenger aust, der dagens grunneigar. Tor Mittet bygde seg hus. Det var far hans som flytta Pe-gardstunet vest fo gamleløa, der det ligg i dag. Tykjegarden er eit av dei tre eldste bruka på Røssevollen. Det kan ha vorte delt frå hovudbruket på slutten av 1500-talet, eller tidleg på 1600-talet. Det var på den tida at garden vart rydda på nytt etter Svartedauden. Garden Røssevollen stammar truleg frå middelalderen.
Erik Sigvordsen var brukar her i 1603. På den tida omfatta garden halve Røssevollen. I 1609 vart Hansgaren delt frå Tykjegarden og Pe-garden. Etter få år var desse tre bruka jamnstore i verdi. Erik hadde flaumsag, på ei tid der mykje av tømmeret i distriktet vart uthogd og eksportert. Han skatta for 10-20 tylfter med bord. Saga stod nok omtrent der kvernhusa til Røssevollen var plasserte. Før den tid var der mykje skog i bygda, og på Sunnmøre. Han fortsette å drive bruket til om lag 1630, før sonen tok over.
a) Lars tok over bruket.
Sonen Lars Erikson Røssevold(3) var brukar frå om lag 1630 til 1660. 1658 betalte han skatt for hest, ukse, 5 kyr, 5 geiter og 2 sauer.
a) Erich (ca.1630-1719) var brukar i Larsgarden, Østrem(2).
b) Gunilde (ca.1642-1705) tok over bruket.
Svigersonen Peder gifta seg med Gunilde LarsdotterRøssevold(3) (ca.1642-1705) ikring 1625. Dei dreiv bruket frå 1660 til ca.1690. Ho gifta seg opp att med neste brukar.
Enka Gunilde Larsdotter Røssevold(3) (ca.1642-1705) gifta seg opp att med Jon Jonsen (ca.1653- 1733). Dei dreiv bruket frå 1690 til 1705, når Gunilde døydde. I arveskiftet etter henne, i 1705, var verdien på 35 riksdaler, medan gjelda var på 12. Det er nemnd hest, 5 kyr, 2 kviger, 7 geiter og 2 sauer. I tillegg eigde dei ei gammal kvern og ein kjempefæring. Gunilde hadde i tillegg raudt skjørt, svart vadmelstrøye og ei gammal svart kledetrøye. Jon gifta seg opp att med neste brukar.
Enkemannen Jon Joensen (ca.1651-1733) gifta seg opp att i 1706, med Synnøve Eriksdotter Hesseberg(2) (ca.1664-1751). Dei dreiv bruket frå 1706, til han døydde i 1733, og hadde då om lag same buskap på bruket. I tillegg hadde han sett opp nytt naust, hadde 2 økser, 2 navarar, 3 hakker, spade og grev.
a) Gundele (dp.1707-1745) gifta seg i 1740 med
Ole Ols. Skjong(I), brukar Skjong (I).
b) Anne (dp.1711-1780) gifta seg først i 1743 med
Rasmus Jakobs. Emblemsvåg(5) frå Antonesgarden, Emblemsvåg(5). Ho gifta seg på nytt i 1756 med
Hans Arneson (Sul)Ødegaard(1) frå Hareid, brukar Emblemsvåg(5).
c) Anne (dp.1713-1795) tok over seinare.
d) Gunder (dp.1716-1768) gifta seg i 1740 med
Brithe Iversd, brukar Natvik(1), Skodje.
Mons Rasmusson (ca.1676-1746) dreiv bruket frå 1733 til om lag 1743. Meir veit vi ikkje om han.
Svigersonen til brukar Knud Thygesen Akslen(4) (dp.1717-1757), frå Høla, gifta seg med Anne Jonsdotter Røssevold(3) (dp.1713-1795). Dei dreiv bruket frå 1744 til 1757. Arveskiftet syner at dei hadde færre dyr på garden i Knut si tid, enn Jon før han. Knud dreiv meir med fiske. Det hadde tatt seg opp utover andre halvdelen av 1700-talet. I tillegg brende han mykje tjøre for sal, og hadde heile 108 riksdaler i skiftebuet etter seg. Enka gifta seg opp att med neste brukar.
a) Aagote (dp.1745) gifta seg i 1796/-97) med
Jon Ivers. Engeset(3). Han var innerst på Skjong(7)
i 1801. Ho er nemnd hos søstera, Marthe, på Aase(6)
i 1788.
b) Synneve (dp.1747) var i 1801 truleg innerst og
legdslem i Larsgarden, Østrem(2). Legdslem i
Abrahamsgarden, Østrem(3) 1815.
c) Gunilde (dp.1749) gifta seg i 1776 med Ole
Torsen Slyngstad, plassefolk på Giskegjerde.
d) Tyge (1752-1827) tok over bruket.
e) Jon (dp.1754) gifta seg i 1783 med Lisbeth
Iversd. Engeset(3). Tenar i Brusdalen 1770.
f) Marthe (1757-1829) gifta seg i 1778 med
enkemann Gunder Knuds. Midtstrand frå Vatne.
Brukara i Jensgarden på Åse(6).
Enka Anne Jonsdotter Røssevold(3) (dp.1713-1795) gifta seg opp att 1758, med Halkield Anderson Brusdal(2) (f.ca.1736). Aldersforskjellen var stor, og presten skreiv at dei «lever uforlignelig». Anne og Halkield flytte frå garden 1779 og overlot bruket til sonen. Det er mogeleg at Halkield gifta seg om at med enka Giertrud Hendriksdotter Aase(2) i 1796.
Sonen Tyge Knudson Røssevold(3) (dp.1752-1827) er den som gav garden sitt folkelege namn. Sidan har folk kalla bruket for både «Nilsgarden» og «Mittetgarden», etter seinare brukarar, Tyge, gifta seg med 6008e Ingeborg Larsdotter Emlem(1) (dp.1760-1827), frå Negarden, i 1781. Dei dreiv bruket frå 1781 til 1813.
a) Knud (dp.1782-1782) døydde 12 veker gamal.
b) Laurenze Petrine (dp.1783-1783) døydde 4
veker gamal.
c) Ananias (dp.1784-1842) tok over bruket.
d) Johanna (dp.1787-1787) døydde 11 veker
gamal.
e) Annike (dp.1789-1863) døydde som enke på
Buholmstranda, Ålesund. Ho var kanskje samme
som gifta seg i 1820 med Johan Martinus Peders.
Giedhammer. Han døydde på Buholmstranda. Dei
hadde sonen Peter Cornelius (f.1819) i lag.
f) Synneve (dp.1791) er registrert i 1815-teljinga.
g) Ingebor Anna (dp.1794)
h) Ingebrigt Andreas (dp.1797-1797) døydde 3
veker gamal.
i) Dorthe Andrine (dp.1801-1893) gifta seg i 1845
med Johannes Olson Kyrkjebø, Sula. Han kjøpte gnr. 44
bnr. 1 Teigene på Hareid, og var bror til Knut Olson
Kyrkjebø i Sjursgarden, Emblem(11).
Sonen Ananias Tygesen Røssevoll(3) (dp.1784-1842) gifta seg 1814, med Elisabeth Kirstina Larsdotter Veddegjerde(1) (1786-1821). Han gifta seg så på nytt i 1822, med Anne Marthe Olesdotter Øye(1) (dp.1783-1855). Utover 1820-åra fekk bygslarane kjøpe ut gardar, som presten før hadde eigd. Ananias var ein av dei. 1838 registrerte presten at avlinga på bruket var på 12 tønner havre, 6-7 tønner med blandkorn og 10 tønner med potet. Der var hest, 6-7 kyr og 10 sauer. På garden stod der ei stove, kufjøs, sauefjøs, stabbur og løe. Ananias hadde sjølv eigedomsrett til kverna og naustet. Taksten var på 150 speciedaler, men han var for fattig til å kjøpe bruket. Ananias bad då presten om at sonen fekk kjøpe i staden. Anne Marthe gifta seg 1849 opp att i Sjursgarden, Emblem(11), med Niels Nielsson Emblem(11), og flytte dit. Dei dreiv bruket frå 1814 til 1842.
a) Lars Andreas (dp.1814) gifta seg i 1833 med
Maren Iverine Arentsd. Slinning, husmenn på
Humlekalven.
b) Tychine Hellene (f.1816) gifta seg først i 1852
med Jørgen Kristoffer Magnuss. Vågnes. Ho gifta
seg på nytt i 1874 med enkemann Nils Martinus
Knuds. Sønderland, Haram.
c) Jens Brethanus (1819-1871) tok over bruket.
d) Anne Elisabet Gurine ( f.1824) gifta seg i 1854
med skomakar Ole Thomass. Ålesund, frå Øvre
Voldgjerde i Stordalen. Ho var jordmor og heime døypar.
e) Ingeborg Johanne (f.1827) fekk i 1865 dottera Ingeborg,
med Knud Knuds. Huidholm? frå Waage Prestegjeld.
Sonen Jens Brethanus Ananiasson Røssevold(3) (1819-1871) gifta seg 1842, med Olava Marta Larsdotter Sulebakk(1) (1811-1878). Han fekk kjøpe bruket frå «prestegodset» for 160 speciedaler i 1842. Dermed fekk faren kår hos Jens, og slapp å gå på legd. Dei dreiv bruket til 1866. Frå kårkontrakta kan ein mellom anna lese att han fekk fri bruk av stabbur, kvern, og naustet i Emblemsvågen. Kårfolket fekk også rett på fri bruk av «Haugåkeren», eit stykke av hagen med frukttre og 1/2 mål med udyrka mark til potet. I følge kårbrevet hadde dei krav på 2 vågar bygg, 6 vågar blandkorn, 12 vågar med havre, og 3 tønner potet. Dei skulle ha stell, og mjølking av til saman 1 1/2 ku og 3 sauer. Kårfolket hadde rett på eit stykke innafor hagen, «Bakke-gjerstykket» og «Smigjerstykket», i staden for kyr. Jens fekk også sett seg opp ei kårstove med bileggeromn, fordør, kjøkken. Langsval, kjeller under huset og sperreloft, til ein verditakst på 60 speciedaler i 1872. Huset vart lyst opp av tranlamper. Det er nok det same huset, som ein kan sjå ovanfor på bildet frå 1946. Dei overlot garden til sonen.
a) Lars Elias Britanus ( 1842-1842) døydde 1 dag gamal.
b) Ole Martinus (1843-1882) tok over bruket.
c) Johan Magnus (f.1846)
d) Lars Andreas (f.1849) 1891 ugift og «logerende»
hos søstera på Slinningen.
e) Kristine Elisabet Severine ( f.1852) gifta seg i 1886
med Elias Bernhard Johan Peders. Ystenes, fødd på
Slinningen, forpaktar Slinningen.
f) Berthe Maria (1855-1944) gifta seg i 1882 med
Karl Andreas Johans. Giske(14), brukar Giske(14).
Sonen Ole Martinus Jenssen Røssevold(3) (1843-1882) gifta seg 1865, med Ingeborg Laurentse Nikolaidotter Hessen (1841-1906). Han dreiv bruket frå 1866 til 1883. I 1877 vart bruket seld, saman med dei andre gardane oppe på Røssevollen, på ein auksjon. Kjøparen var Colbein Sivertson Aase(5), som mellom anna var med i styret til nye «Borgund Sparebank». Ole var bygselsmann resten av livet.
a) Johan Olavius (1865-1866) døydde 7 månader gamal.
b) Johan Oluf ( 1866-1948) gifta seg først i 1892 med
Oluffa Petrine Johnsd. Fløde, frå Rønnestad, Selje. Han
gifta seg opp att i 1908 med Karen Maria Jensd.
Løsetstrand, Syvde. I 1911 gifta han seg ein tredje
gong med Oline Samuline Mikkelsd. Seljeset(4), frå
Hornindal. Sonen Julius budde den siste tida på
Røssevollen, før han døydde på Ålesund sjukehus av
beintæring i 1918. Johan var fargar ved ullvarefabrikk i Langevågen.
c) Nicoline Petrine (1868-1910) gifta seg i 1893 med
Edvard Peder Peders. Sulødegård, frå Ulstein, brukar
Olsvik Hessen(6).
d) Knud Thomas Carolus ( 1869-1869) døydde 1 1/2
månadar gamal.
e) Knud Tomas (1870-1900) gifta seg i 1893 med
(Anne) Marie Johansd. Olsvik(5), busett i Olsvika.
Han flytta til Langevåg. Døydde som fabrikkarbeider
og fiskar der.
f) Jensine Andrine (1871-1963) gifta seg i 1899 med
fabrikkarbeidar Jens Andreas Ols. Molværshavn, busett
i Langevåg.
g) Ole Iver (1873-1874) døydde under 1 år gamal.
h) Olivie Karoline (1874-1875) døydde 1 år gamal.
i) Olivie Karoline (f.1875).
j) Peder Joakim (1877-1878) døydde 1 år gamal.
k) Petrine Caroline (1878-1968) gifta seg i 1904 med
bakersvenn Elias Johannes Nøstdal, Ålesund.
l) Peder Olavius (f.1879).
m) Ole Kornelius (1880-1905) døydde på Rosenbergs
asyl i Bergen. Det er truleg den same som 1900 er
nemnd til «forpleining» på Garsendhaugen, Emblem(2).
n) Nikolai Peder (f.1881).
Nils Peter Erikson Viset (f.1841), frå Siriplassen, kom 1883 til Emblem frå Nilsplassen, Hjelle(5), Ørskog. Den vart også kalla «Røssevollplassen», og han hadde budd der sidan han gifta seg 1867 med (Lovise) Petrine Jensdotter Jelle(1) (f.1843), frå Ørskog. Dei dreiv bruket på Røssevollen frå 1883 til 1892. Familien emigrerte til Amerika og Dakota i 1892. Då hadde Nils vore der frå 1889.
a) Johan Elias Peder (f.1870) vart fødd på Jelle.
Emigrerte til USA.
b) Jens Andreas Severin ( 1872-1952) gifta i 1904
med Emelie (1878-1936). Til USA, Dakota 1892. Dei
var registrerte som «farmer» på heimebesøk 1914.
c) Severin Andreas Ludvig ( f.1875) gifta seg med
Anna Johanne Tora Kristiansd. Sollid(N,1), frå Ørskog,
i Amerika. Han emigrerte til USA 1892.
d) Hans Peter Oluf (f.1881) drog til USA, og Dakota
i 1892, 9 år gamal.
Hans Peter Larsson Røssevold(4) (1865-1947) vart fødd i Sunnylven, men vaks opp på husmannsplassen «Nygjerdet» på Røssevollen. Sjå brukar,
Lars Samuelsen, lenger bak i denne boka. Han fekk skøyte på garden av Colbein Sivertson Aase(5) i 1892, og gifta seg det same året med Ingeborg Marie Britanusdotter Eikroll(Y,4) (1850-1934). Ho døydde av kreft. I 1910 er ein Amund Samuelsen busett på garden. Han var onkel til Hans Peter, frå Sunnylven, og hadde arbeidd ved eit sagbruk i Minneapolis, USA, frå 1874 til 1886. Det er fortalt at Amund hadde trebein etter ei ulykke. Han var «fattigunderstøttet» når han budde på Røssevollen. Hans Petter dreiv bruket til han selde garden ut av slekta i 1947. Det vert fortalt at han ikkje var engsteleg for å sende avgårde ei og anna «kraftglose». Ved eit høve var han på veg heim frå handelsmannen i regn og kraftig vind. Sukkeret i papirposen makta han ikkje å berge, og han fekk heller ikkje til å knappe att regnkappa si skikkeleg i den kraftige motvinden. Til slutt sende han av garde ein «klar beskjed», før han svinga hendene attover, og let kappa blåse av garde. Det vert sagt at den festa seg oppi eit tre, og vart hengande der i fleire dagar. Bakgrunnen for salget av garden var truleg at han ønska seg yngre folk, og kårkontrakt det siste året han levde. Hans Peter fekk ingen born som kunne ta over etter seg.
Arne Birger Mittet (1911-2005) vart fødd på Forsnes på Hitra. Han gifta seg 1942 med Gudrun Sofie Kvam (1923-1995). Ho var fødd på Sør kvammen på Hitra. Dei kjøpte bruket 1947, og dreiv garden til 1983. Då overlot dei bruket til sonen, mot livsvarig burett. Arne fekk seg arbeid i Borgund kommune, saman med mange av dei andre småbrukarane i Emblemsbygda etter krigen. Det var ei kjærkommen ekstra inntekt.
a) Andre Guttorm (1943-1950) omkom i ei
bilulykke på Emblem.
b) Tor Aslak (f.1948) tok over bruket.
Sonen Tor Aslak Mittet (f.1948) er pensjonert langtransport-sjåfør. Han gifta seg 1969 med Liv Oddrun Blindheim (f.1943) frå Sykkylven. Dei budde ei tid i Sykkylven, før dei tok over bruket 1983. Ho har arbeidd i mange år som lærar på Emblem skule. I 1970 fekk dei delt frå bnr. 31, og tok over denne hustomta ved tunet i 1973. Tor har også dreve entrepenørfirma, med hogstmaskin til tømmerhogst, og kjørt buss for Emblemsruta. Han har fleire gode historier på lager frå den tida. Der var også ungdommar som fekk ekstra service, når han kjørte siste bussruta heim frå byen, for det var ikkje alle som kom seg til busstoppet i rett tid, men han visste som regel kven som hadde behov for skyss heim att likevel. Enkelte måtte han stå å fløyte på ei stund, før dei kom.
a) Liv Torill (1970-2011) gifta seg i 2003 med
Kåre Rikard Rolandsen.
b) Marlen (f.1971) er lærar, busett på Emblem.
Det nedlagde bruket vart seld til naboen, Torunn Randi Krogsæter Myklebust (f.1955), Røssevoll(6) 2000. Ho har fram til hausten 2019 vore grunneigar. Sjå meir om henne under brukar på Rognereiten, og på n abobruket Voll.
a) Therese (f.1979) gifta seg i 2001 med
Herman Helgesen, busett Eidsnes.
b) Sylvia Mariann (f.1980) gifta seg i 2005 med
Thorstein Sten Gjerde, busett på Hatlehol.
c) Anette K. (f.1983) er tvilling. Ho gifta seg i 2010
med Anders Hoff, busett i Ratvika.
d) Margareth Helen (f.1983) er tvilling. Ho gifta seg
i 2014 med Are Henry Lund, busett på Flisnes.
e) Tom-Ruben (f.1987) er busett i Oslo.
Tor Aslak Mittet (f.1948) kjøpte att bruket hausten 2019. Han er dagens grunneigar. Sjå meir om han ovanfor.
Nyeste kommentarer
09.11 | 16:49
Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, ut...
24.10 | 16:33
Hei alle sammen! Dette var en svært interresant oppdagelse all den...
13.08 | 10:14
Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr...
23.04 | 08:09
Emblemsbygda.com er eit idealistisk prosjekt skapt på dugnad. Tid avsett til
å oppdatere tekstar vil derfor variere ein del. Førebels har bokprosjekta våre
fått høgare prioritet på grunn av tidsnaud når det gjeld innsamlingsarbeid av
viktig kjeldemateriale. Har du tilbakemeldingar, tips, korrigeringar eller lyst til
å delta med eigne historiske tekstar?
Ta gjerne kontakt med oss på følgande måte:
E-post sendast til: sveostrem@hotmail.com