Jon Jonson er registrert på bruket frå 1609 til 1642. Han vart utkommandert i Kalmarkrigen 1611, og er nok den første drivaren i Hansgaren. Om han kom utanfrå, eller vaks opp på Røssevollen, er usikkert. I Pe-garden sat nemleg 1603 ei enke som vi enno ikkje veit namnet på. Det er mindre truleg at han har vore i slekt med brukeren i Tykjegarden. Det kan sjå ut som om Jon kom heim frå krigen.
Lars Knudsen (f.ca.1615), kalla «Fjord-Lars», kom truleg til bygda ein annan stad ifrå. Han var brukar i tidsrommet 1645 til 1690. Tilnamnet hans stammar frå skattelistene i samtida. Kanskje kom han frå indre strok ein stad, som Sunnylvsfjorden, eller Hjørundfjorden. Mange flytta etter kvart til Emblem frå desse områda.
a) Johan (f.ca.1664) tok over bruket.
Sonen Johan Larssen Røssevoll(1) (f. ca.1664), vart nemnd i 1701-teljinga som 37 år gamal. Han dreiv Hansgarden til 1706. Ein veit ikkje meir om han.
a) Lars (f. ca.1694) var 7 år ved 1701-teljinga. Det
vart også notert at han hadde «Schade på sitt Sinn».
b) Peder (f. ca.1698) var 3 år ved 1701-teljinga.
Niels Thorsen Sunde(II) (1673–1709) gifta seg med Ingeborg Kolbeinsdotter (1673-1726), utanfor Borgund Prestegjeld. Dei budde på Sunde(II) i tidsrommet 1704 til 1706, før dei bygsla Hansgaren frå 1706, og dreiv dette bruket til Niels døydde 1709. I arveskiftet vart nemnd hest, 5 kyr, 2 kviger, kalv, 2 sauer og 6 geiter. Han hadde eige naust, kjempefæring og fiskevegn. Vidare hadde han koparkjele, 2 jerngryter, smørkanne i tinn, 2 senger, 2 napperyer, øks og 2 spadegrev. Verdien av skiftebuet var på 45 riksdaler, medan gjelda var på 15. Enka gifta seg opp att med neste brukar.
a) Inger (dp.1704) vart døypt på Sunde.
b) Martha (1707-1784) gifta seg i 1741 med
enkemann Peder Arnesen Holmeset(2), og
brukar Holmeset(2).
Enka Ingeborg Kolbeinsdotter (1673-1726) gifta seg opp att med Knud Larsson (1688-1755). Han kan ha vore broren til. Dei dreiv bruket til 1715. Då sa han opp bygselskontrakta si, og vart husmann under den samme garden. 1716 vart Knud dømd for leiarmål med Guri Jonsdotter Drabløs, som tente på Slotsvik. Knud var då framleis ein gift mann og måte bøte «efter yderste formue», men der var lite å hente. Heile eigedomen han sat att med, vart kun taksert til 1 riksdaler. Han vart tenar på Eikenosa hos brukar 908 , og familien levde av «folks godhet». Etter kvart gjekk det betre med han, reint økonomisk. Dei tok då over Nes(I) på Ellingsøya.
a) Martha (1711-1711) vart berre 12 veker. Ho drukna
kanskje i båtvelt. Sjå meir under Pe-garden
b) Niels (dp.1712).
Gregorius Andersen (1669-1749) vart over 80 år. Han gifta seg 1747 med Birthe Olsdotter (ca.1670- 1768), som vart heile 97 år gamal. Dei kom truleg utanfrå bygda og dreiv bruket frå 1715 til 1747.
a) Malene (1710-1797) gifta seg først i 1747 med
enkemann Axel Axels. Nedregotten(I), brukar i
Sjursgarden, Emblem(11). Ho gifta seg på nytt i 1756
med Ole Ingebrigts. Emblem(9), brukar Emblem(11).
b) Anders (f.ca.1713) gifta seg i 1738 med Ingeborg Andersd. Voldsdal, brukar Voldsdal(2).
c) Ole (dp.1715-1762) gifta seg i 1755 med enke Berte
Larsd. Hoff(4), brukar Hoff (4).
d) Peder (dp.1719-1755) gifta seg i 1747 med Guro
Jacobsd. Rødset(1), brukar Rødset(1).
e) Lars (dp.1721-1770) tok over bruket.
Sonen Lars Gregoriuson Røssevold(1) (dp.1721-1770) gifta seg 1748, med Guri Olsdotter Nøringset (ca.1722-1788). Lars gjorde det bra, og fisket gjekk også betre i hans tid. I arveskiftet etter han var verdiane på 137 riksdaler, medan gjelda kun var på 39. Han eigde hest, 5 kyr, 3 kviger, 2 grisar, geiter og kvern.
a) Ole (dp.1748-1826) gifta seg i 1780 med
Marthe Ebbesd. frå Ebbegarden, Emblem(8).
Brukar Nordigard 338, Ålesund.
b) Gregorius (dp.1750-1830) tok over bruket.
c) Birthe (dp.1752-1825) gifta seg i 1782 med
enkem. Peder Knuds. Giske i Knutgarden,
døydde der.
d) Ingebrigt (f.1753).
e) Anne (1755-1756) døydde 1 år og 17 veker
gamal.
f) Arne (f.1757).
g) Maren (1760-1836) gifta seg i 1785 med.
Hans Christens. Giskegjerde, brukar
Giskegjerdet(4). Dei gifta seg kanskje før 1787.
Sonen Gregorius Larsson Røssevold(1) (dp.1750-1830) var brukar frå 1773 til 1804. Han gifta seg 1773 med Karen Olesdotter Veibust(1) (dp.1742-1811). I 1814 gifta han seg på nytt med Martha Olesdotter Furmyr (ca.1767-1832). Dei flytta til Uraplassen, Furmyr(5).
a) Elen (dp.1774-1774) døydde 9 dagar gamal.
b) Laurentze (dp.1775) gifta seg i 1808 med
Claus Nilsen, brukar Store Kalvøy(1). Ho var i
1801 tenar på Frantzholm.
c) Andriana (1777-1807) tok over bruket.
d) Ole (dp.1779-1779) døydde 13 veker gamal.
e) Arne (dp.1780) var i 1801 tenar på Ystebøen,
Emblem(5).
f) Ole (1783-1837) gifta seg i 1825 med
Synneve Jacobine Torbiørnsd. Godøy(16),
husmannsfolk på Godøya 1825-1830.
g) Gunner (1786-1844) gifta seg først i 1819 med
Andrea Maria Andersd. Spjelkavikgjerde(1), brukar
Remvik. Han gifta seg opp att i 1832 med Anne
Halvorsd. Emblemsvåg( 1), brukar Digerneset i Remvika.
Svigersonen Timann Anderson Spjelkavikgjerde(1) (dp.1768-1850) gifta seg 1804, med Andriana Gregoriusdotter Røssevoll(1) (dp.1777-1807) og tok over bruket det samme året. Timann gifta seg opp att 1809 med Giertrud Hansdotter Urke(Y,5) (dp.1774-1850), frå Hjørundfjorden. Han kan i så fall ha vore einsleg enkemann i om lag 2 år. Det var uvanleg på den tida. Han må ha hatt god hjelp frå svigerforeldra sine. Timann dreiv bruket fram til 1845. I 1842 avla han 2 tønner bygg, 11 tønner havre, 4 tønner blandkorn, og 12 tønner med potet. Dei hadde hest, 4 kyr, 2 ungfe og 6 sauer. Av gardshus har presten registrert ei stove, stabbur, fjøs, stall og løe. Alle bygga var i brukbar stand. Bruket vart kalla «Timanssgaren» etter han. «Sjurs-Ole» i Sjursgarden, ved foten av Røssevollbakkane, huska Timann og naboen Baar i Pe-garden. Tuna låg då ikring Pe-stova, om lag der bilvegen i dag deler seg mot vest og aust. Hovudhuset til Tykjegarden låg omlag der Tor Mittet har huset sitt i dag, og to av løene stod på kvar side av bilvegen. Seinare vart tuna flytta lenger frå kvarandre til dagens plassering.
a) Andrine Johanne (dp.1805) gifta seg i 1841 med
Johan Hanss. Hauge(55b) frå Norddal, brukar
Valderhaug(6).
b) Dorthe Andrina (dp.1809-1809) døydde 8
veker gamal.
c) Birte Malene (dp.1810-1881) gifta seg i 1839 med
Carel Martines Johanness. Ystenes(II), brukar
Voldsdal(4).
d) Ole Didrik (1812-1870) gifta seg i 1857 med
Andrine, Rasmusd. Blindheim (19), Vigra. Han
var handelsborger på Hellevikstranda i Ålesund
etter 1854. Hengte seg i sinnsforvirra tilstand, i
følge kyrkjeboka. .
e) Hans Martines (dp.1817-1818).
f) Hans Berent Bretanus (1819-1906) tok over bruket.
Sonen Hans Berent Bretanus Timansen Røssevold(1) (1819- 1906) gifta seg 1845, med Marthe Petrine Jørgine Mattisdotter Østrem(1) (1830-1910), frå Mattisgarden på Østrem. Dei kjøpte garden for 180 speciedaler i 1845, men måtte selge den att på auksjon 1880. Bernt «Gravar-Bern» Pedersen Blindheim, på Vigra, kjøpte garden. Hans var bygselsmann dei siste tre åra, før han tok kår. Bygselen gjekk over til svigersonen. Namnet «Hansgaren» er truleg etter han, og frå tida etter han vart sjølveigar her.
a) Johanne Karen Petrine ( 1846-1868) var ugift,
busett på Røssevollen.
b) Marta Karoline (f.1848) var ugift. Arbeidde
på hermetikkfabrikk i Ålesund i 1900. Ho var
bryggeriarbeider på Ysteneset i 1910.
c) Tidemine Andrea Karoline ( 1851-1933) tok
over bruket.
d) Lovise Agnete (f.1853) gifta seg i 1878 med
skipper Jacob Ananias Berntsen Storhaug frå Kinn.
Dei budde ei tid på Røssevollen etter bybrannen 1904.
e) Thomas Gerhard Lauritz ( f.1855) vart konfirmert i 1870.
f) Matthias (1858-1858) døydde 1/2 år gamal.
g) Matthias Peter (1859-1927) gifta seg i 1888 med
Hanna Marie Johansd. Skjeggstad, busett Ålesund.
Han var fiskar og stuert.
h) Hans Lauritz (1862-1923) gifta seg i 1902 med
Severine Marie Svendsen frå Eid i Romsdalen.
Han var fiskar, busett i Ålesund.
i) Markus Albert (f.1864) var 2 år ved 1865-teljinga.
j) Marie Lovise (1867-1869) døydde 3 måneder gamal
k) Johanna Marie Lovise ( 1869-1872) døydde 3 år gamal.
l) (Hans Jørgen) Elias ( 1872-1953) gifta seg i 1874 med
Anna Laura Randine Olsd. Aarset, busett Årstad i
Bergen: Var fabrikkarbeidar der. Han fekk 1892 sonen Olaf
Henrik med Petrine Nicoline Caroline Iverd. Furholm frå
Eikenosvågen.
m) Jens Oluf (f.1872) drog i 1892 til Amerika og slekta i Mayville, North Dakota. I emigrantprotokollen er han
i 1914 nemnd som gift bonde, busett i Ørskog og som amerikansk statsborger på veg til New York.
n) Johanne Marie (1875-1876) døydde 1 år gamal.
Svigersonen Hans Jacob Lauritz Larsen Alnes(8) (1856-1938) gifta seg 1880, med Tidemine Andrea Karoline Hansdotter Røssevold(1) (1851-1933). Dei tok over bygselen og kjøpte så garden attende i slekta 1913. Hans dreiv mykje med fiske, og hadde eigne båtar. Hans overlot garden til sonen i 1939.
a) Lars Kornelius (1880-1961) gifta seg i 1900 med
Olivie Olsd. Østrem(4) frå Steinsgarden. Budde ei tid
på Røssevollen, før han emigrerte til USA og Canada.
Ho dreiv strikkeforretning i Ålesund 1900, før ho flytta
etter til slekta i Mayville, Nord Dakota 1904, og så til Saskatchewan, Canada i 1917. Etter Olivia døydde
der i 1942, flytte han til Canoe, British Columbia. Fleire
av sønene arbeidde der.
b) Thomas Harald Olaus ( 1885-1888) døydde av lungebetennelse.
c) Thomas Bernhard (1889-1975) var tvilling.
Han gifta seg i 1914 med Henna Jakobsd.
Emblemsvåg frå Sandvik. Han fekk delt frå «Voll»,
Røssevollen(6).
d) Son (1889-1889) var tvilling, og dødfødd.
e) Harald Marius (1895-1974) tok over bruket.
Harald Marius Røssevoll(1) (1895-1974) gifta seg 1939, medAnna Iverdotter Furseth (1891- 1968), frå Skorene/ Eikenosa. Dei dreiv garden frå 1939 til 1956, og fekk ingen born. Far til Anna, Iver «Kjøt-Iver» Karlson Furseth, flytte opp frå Skorene ca.1933 og budde der dei siste leveåra. Harald og Anna vart buande i loftsetasja, når neste brukar kjøpte bruket.
Einar Kvam (1918-2013) frå Hitra fekk skøyte på garden i 1956. Han var gift med Erna Rognvik (1926-2017) frå Kvenvær/ Hitra. Einar er bror til Ingunn Marie, som gifte seg med Karsten Anker Nedregotten på Skorene, Emblem 10, og Gudrun Sofie på nabobruket, Tykjegarden. Søstera, Gudrun, var gift med Arne Mittet, som også kom frå Hitra. Dei hadde kjøpt Tykjegarden i 1947. Det var kanskje derfor også Einar flytte til Emblem og Røssevollen.
a) Sølvi (f.1949) tok over bruket.
b) Else (f.1954) er busett i Vegsund.
b) Arild (f.1955) er forlova med Åsne, busett i Skien.
c) Malvin (f.1958) gifta seg i 1984 med Åshild
Magerholm frå Spjelkavik. Ho er borneborn
til Knud Magerholm frå Magerholmdalen og
Nikoline «Nikka» Emblem(5) frå Ystebøen.
d) Harry (f.1958) gifta seg i 1983 med Reidun Mabel
Sande frå Spjelkavik, busett i Ålesund.
Dottera Sølvi Kvam (f.1949) er sjukepleiar. Ho var tidlegare gift med Willard Lamberg (1950-2017), og overtok bruket 2002. Ho overlot bruket til sonen i 2017.
a) Anita (1969-2002) gifta seg i 1991
med Jan Inge Brusdal Reiten.
b) Kurt Henry (f.1970) tok over bruket.
c) Maria Angela (f.1977) er busett i Uppsala, Sverige.
Sonen Kurt Henry Lamberg (f.1970) tok over garden 2017, og er dagens grunneigar. Han arbeider på «Vegsund Slip», og er sambuer med Cathrine Garbo Nilsen (f.1972). Dei har budd på Røssevollen i Kurt sin barndomsheim frå 1975, med bruks-nummer 29, sidan 1992. Huset er no pussa opp og slått saman med bruksnummer 1, som nytt hovudhus på bruket. Cathrine jobbar i Ålesund Kommune.
a) Andrea (f.1992) er busett i Ålesund.
b) Henriette (f.1996) er student, busett i Oslo.
c) Marcus (f.1999) er ugift, busett på Røssevollen.
Nyeste kommentarer
09.11 | 16:49
Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, ut...
24.10 | 16:33
Hei alle sammen! Dette var en svært interresant oppdagelse all den...
13.08 | 10:14
Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr...
23.04 | 08:09
Emblemsbygda.com er eit idealistisk prosjekt skapt på dugnad. Tid avsett til
å oppdatere tekstar vil derfor variere ein del. Førebels har bokprosjekta våre
fått høgare prioritet på grunn av tidsnaud når det gjeld innsamlingsarbeid av
viktig kjeldemateriale. Har du tilbakemeldingar, tips, korrigeringar eller lyst til
å delta med eigne historiske tekstar?
Ta gjerne kontakt med oss på følgande måte:
E-post sendast til: sveostrem@hotmail.com