Pe-garden er i dag det midterste bruket, av dei tre opphavelege bruka, lengst aust på Røssevollen. I våre dagar er der berre eit hus att i Pe-garden. Det ligg omtrent der vegen delere seg, øverst i Røssevollbakkane. Hansgardstunet ligg litt bak, og lenger aust, mens dagens Tykjegardstun ligg nedanfor, og lenger vest. Røssevollen vart truleg liggande brakk etter svartedauden, og dyrka opp att på slutten av 1500-talet. Der er nemnd ein Saxe Olson frå Synnesætta på Røssevollen kring 1590, i følge "Vigraboka". Han flytta vidare til Nordre Fjørtoft i 1592. Han er vanskeleg å plassere på rett bruk, for vi veit ikkje kva gard han dreiv den gongen. Saxe var gift med Inger Pedersdotter, og dei hadde minst ein son.
a) Guttorm var brukar på Synnes(1) frå 1620.
I 1603 sat der ei enke på garden. Ho vart verande til om lag 1605. Ein kan undre seg på om ho kan ha hatt ei tilknytting til Jon Jonson Røssevold(1) i Hansgaren, men det er ikkje bekrefta. Hansgaren vart delt frå Tykjegarden og Pe-garden få år etterpå, i 1609.
Elling tok over bruket 1605 og var brukar der til 1632. Han overlot bygselsbrevet til sonen.
a) Lars tok over bruket.
Sonen Lars Ellingson Røssevoll(5) var brukar frå 1632 til om lag 1650. Meir veit ein ikkje om han.
Aslach vart fødd om lag 1615, og bygsla bruket i tidsrommet frå om lag 1650 til 1680. Han skatta 1658 for hest, ukse, 4 kyr og ei kvige.
a) Aslach Aslachs. (ca.1646-1728) tok over bruket.
Sonen Aslach Aslachson Røssevoll(5) (ca.1646-1728) gifta seg først med Christi Jansdotter (d.1709). I arveskiftet etter henne er det nemnd hest, 4 kyr, kvige, ukse, 2 sauer og 2 geit. Dei hadde også eige naust og båt. Han gifta seg opp att i 1711 med Anne Erichsdotter Hesseberg(2) (ca.1679-1729). Ho var søster til Synnøve, på nabobruket Tykjegarden. Dei dreiv bruket frå om lag 1680 til 1728. Søndag 2. august 1711 vart familien hardt råka av ei dødsulukke. Det kan verke som om det var ein båtvelt, og det var kanskje snakk om kyrkjeferd, eller ei vitjing, sidan det var søndag. Borna Gunder, på 18 år, og tvillingane Aslach og Gunder, som vart døypte vel ei veke i forvegen, drukna. I tillegg omkom nabojenta, Martha Knudsdotter Røssevold(1) på berre 12 veker, frå Hansgaren og Ole Pederson Aase (f. ca.1688). Aslach etterlet seg kvern, plogjern, spadegrev, 2 hakkegrev og småljå.
a) Lars (ca.1691-1721) drukna ved Strømmen, Skodje.
b) Gunder (ca.1695-1711) «blev i sjøen». Han vart
begravd samme dag som småsøskena.
c) Aslach (dp.1711-1711) var tvilling. Han døydde
4 dagar gamal. Det var truleg ei båtulukke.
d) Gunder (dp.1711-1711) var tvilling. Han døydde
4 dagar gamal. Det var truleg ei båtulukke.
e) Erich (dp.1713). Meir veit ein ikkje om han.
Arne Colbeinson Hovden(1) (ca.1699-1767), frå Hundeidvika, dreiv først Utgård og Midtgård, før han kom hit 1729. I 1726 gifta han seg med Synneve Olsdotter Midtgård(3) (1692-1765). Ho kom også frå Hundeidvika. I 1726 vart han oppgjeven som «k. Sold.» av yrke. Det kan tyde på at han var soldat.
a) Knud (dp.1726)
b) Gunild (ca.1727-1804) gifta seg i 1766 med Lars
Larson Furnes(III), brukar Furnes(3), Sula. Ho budde
i 1801 som enke i Plassevågen, Emblemsvåg(7). Var til
slutt registrert som legdslem på farsgarden.
c) Magnille (1730-1803) fekk ei dotter i 1755 med Ole
Ols. Emblem, og i 1763 ei dotter, Anniche, med den gifte
Knudt Arenss. Axlen(1). Denne gongen skreiv presten
følgande i kyrkjeboka: «Et døv og dum født kvinnfolk som
nu 2.den gang har begået leiermaal». Magnille var døvstum,
og døydde som legdslem i Spjelkavika.
d) Colben (dp.1732-1780) var ugift og dreng.
e) Joen (dp.1738-1805) tok over bruket.
Sonen Joen Arneson Røssevold(5) (dp.1738-1805) tok over bruket 1760. Han gifta seg det same året med Barbroe Olsdotter Kongshaug(1) (dp.1728-1771). 1772 gifta han seg på nytt med Johanne Einersdotter Slettedal(2) (1735-1813), frå Hjørund-fjorden. I 1799 budde også søstera, Birte Einersdotter Slettedal(2), på bruket. Ho er då nemnd som død der. Joen dreiv bruket til 1802.
a) Arne (dp.1761) var dødfødd.
b) Ole (dp.1762).
c) Siver (dp.1766-1842) gifta seg i 1795 med Birthe
Larsd. Furholm(3) d.y. Han vart i 1801 nemnd som
husmann på Magdevågneset, Sørnes. Siver døydde
som legdslem på Røssevollen.
d) Arne (dp.1771-1771) døydde 14 dagar gamal.
e) son (1773-1773) var dødfødd.
f) Baar (1774-1817) tok over bruket.
g) Einer (1776-1815) gifta seg i 1811 med Pige
Barbro Olsd. Vedde(3) (1778-1812). Ho var tenar
i Mattisgarden, Østrem(1) 1801, og døydde på
Røssevollen.
h) Arne (1779-1779) døydde 19 veker gamal.
Sonen Baar Joensson Røssevold(5) (1774-1817) tok over bruket i 1803. Han gifta seg det same året, med Anne Martha Rasmusdotter Blindheim(3) (dp.1776-1843), i Borgund kyrkje. Dei dreiv garden til 1816, året, før Baar døydde. Enka gifta seg opp att med neste brukar.
a) Anne Karen (1805-1805) døydde 2 veker gamal.
b) son (1807-1807) var dødfødd.
c) (Andrine) Johanne (dp.1808-1845) var brukar
Jetmundgarden Alnes(6).
d) Berndt Andreas (dp.1810-1896) gifta seg i 1846
med Helen Gregoriusd. Abelset, fødd Storvik(2).
Ho var brukar i Storvik(2), Ørskog.
e) Rasmus Cornelius (dp.1815-1900) døydde som
legdslem.
Enka Anne Martha Rasmusdotter Blindheim(3) (dp.1776-1843 gifta seg 1819 opp att, med Ole Johannesson Meset(Ba) (1782-1851) frå Sykkylven. Dei dreiv bruket frå 1818 til 1842.
a) Giertru Berthe (1819-1900) tok over bruket.
Svigersonen Peder Johan Pedersson Giskeødegård(10) (1814-1876) gifta seg 1842, med Giertru Berthe Olsdotter Røssevold(5) (1819-1900). Dei dreiv bruket frå 1842 til 1876. Han kjøpte Steffagaren, Nedregotten(5) frå Claus Olsen Magerholm(1), opphaveleg fødd i Negarden, Emblem(1).
a) Anne Gurine (1844-1916) gifta seg i 1865 med
Bernt Rafael Samunds. Roald(1), brukar Roald(1).
Ho var tenar på Roald i 1864.
b) Peter Karolus (1847-1926) tok over bruket seinare
etter broren Ole.
c) Ole Johan (1850-1878) tok først over bruket.
d) Berte Kristine (f.1853) arva garden i 1878, før ho
selde den vidare.
e) Hansine Jacobine (1856-1927) gifta seg i 1879 med
Martinus Kristian Eliass. Valderhaug(29), brukar
Valderhaug(29).
f) Petrine Jacobine (f.1859) gifta seg i 1877 med
Edvard Johan Elias Ols. Eikenosvåg(2), brukar
Olevågen, Eikenosvåg(2).
g) Karen Martha (1863-1947) gifta seg i 1888 med
Johan Severin Britanus Anders. Hjelle, fødd på
Eikrem, og brukar Roald(8). Ho fekk sonen, Ole Peder
Hansen (Roald), i 1878 med drengen Hans Nicolai Larss.
Østrem(2) frå Larsgarden, Østrem(2). Hans vart seinare
husmann på Vestrem, Østrem(6), og kalla "Marka-Hans".
Sonen Ole Johan Pederson Røssevold(5) (1850-1878). Han var ungkar og dreiv bruket frå 1876 til 1878. Garden vart då tatt over av søstera.
Søstera Berte Kristine Pedersdotter Røssevold(5) (f.1853) tok over etter broren. Ho dreiv bruket frå 1878 til 1879. Årsaka til dette er ikkje kjend, men ho var ugift på dette tidspunktet, og det kan vere del av årsaka. Berte selde garden til Johan Rørvik og Gunnar Jakob Knutson Roald(21). Dei bygsla så bruket til Berte sin bror, som vart neste brukar. Berte gifta seg 1907 med Ole J. Olson Hareide, busett på Hareid. Dei flytte så videre til Ålesund.
Bror til dei to tidlegare brukarane, Peter Karolus Pederson Røssevoll(5) (1847-1926), bygsla garden 1879. Han arbeidde som snikkar. Peter gifta seg med jordmor Ingeborg Hanna Larsdotter Vedde(3) (1841-1891). 1897 gifta han seg opp att, med enka Brit Larsdotter Erdal (Fonnaplassen) Solevåg(7) (1847-1929). Ho vart fødd på Standal i Hjørundfjorden, og døydde på Borgund gamleheim.
a) Lauritz Peter (f.1866) var fødd på Vedde. Ugift
og busett heime i 1891.
Jørgen Andreas Eliasson Melbø(1) (1864-1932) frå Vartdal bygsla bruket i 1892. Han kom frå Solevågen, dit han hadde flytta hausten 1891 for å tene. Jørgen gifta seg 1892 med Ingeborg Elina Johanne Larsdotter Erdal (Fonnaplassen) (1859-1943), frå Vartdal. Ho var også tenar i Solevågen, og hadde flytta dit 1890. Ingeborg var søster til Brit, som var forrige brukar. Det var nok slik bygselsavtalen på Røssevollen kom i stand. I 1910 budde også mor til Ingeborg på garden. Ho levde då av eiga formue, samt litt kår. Dei dreiv bruket til 1931. Ho vart enke i 1932 og flytte til dottera, Inga. Ingeborg døydde på Kopperstad.
a) Inga Laura Jakobine ( f.1893) gifta seg i 1925 med
Bernhard Jakobs. Kopperstad(4), brukar Kopperstad(11),
Herøy.
b) Elias Ingvald Gustav ( f.1895) gifta seg med Evelyn,
og busette seg i USA i 1943. Dei drog til Canada i 1924.
c) Severin Johannes Ingvald ( 1898-1975) gifta seg i 1918
med Jenny Olava Knudsd. Rørstad(1), Sula. Han var snikkar.
d) Borghild Petra Elisa ( 1904-1983) gifta seg i 1927 med Bernhard Peder Berge før 1943. Dei busette seg på
Nedre Berge(17), Herøy.
Brødrene Konrad (1907-1966) og Edvin Kaspar Emblem(16) (1913-1972), kom frå Storhaugen. Dei kjøpte garden i 1931. Faren Elias sa frå seg Storhaugen, Emblem(16), og flytte hit han også.
Søstera Alfa Petra Tora Emblem(16) (1910-2008) gifta seg i 1940 med Alfred Bertrand Riise (1907- 1980). Han kom frå Larsgarden, bnr. 2 på Riise i Ørsta kommune. Dei slo seg ikkje ned på Røssevollen, men busette seg i Hatlane i staden. Ho fekk garden i arv etter brødrene sine i 1972 .
a) Else Johanne (f.1956) tok over bruket.
Dottera Else Johanne Riise Gjøen (f.1956) tok over i 2009. Ho er gift med Kjetil Gjøen (f.1957), frå Oslo, og dagens grunneigar. i Pe-garden. Dei er busett i Hatlane i Ålesund. Else tok også over ei tomt med bruksnummer 9, lenger vest på Røssevollen. Den var opprinneleg delt frå bruket i 1941.
a) Tina (f.1986) er saman med Alexander Bye. Dei er
busett i Bergen.
b) Marte (f.1990) er busett i København.
Nyeste kommentarer
09.11 | 16:49
Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, ut...
24.10 | 16:33
Hei alle sammen! Dette var en svært interresant oppdagelse all den...
13.08 | 10:14
Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr...
23.04 | 08:09
Emblemsbygda.com er eit idealistisk prosjekt skapt på dugnad. Tid avsett til
å oppdatere tekstar vil derfor variere ein del. Førebels har bokprosjekta våre
fått høgare prioritet på grunn av tidsnaud når det gjeld innsamlingsarbeid av
viktig kjeldemateriale. Har du tilbakemeldingar, tips, korrigeringar eller lyst til
å delta med eigne historiske tekstar?
Ta gjerne kontakt med oss på følgande måte:
E-post sendast til: sveostrem@hotmail.com