BNR. 3 TYKJEGARDEN

Delar av gamletunet i Tykjegarden 1946. F.v.: Johanne Skuggen, dottera Inger Johanne Skuggen, og Hans Peter
Røssevold, som skulle selge garden til Arne Mittet det komande året. Fotografen er ukjend. Bildet tilhøyrer Tor Mittet.
Delar av gamletunet i Tykjegarden 1946. F.v.: Johanne Skuggen, dottera Inger Johanne Skuggen, og Hans Peter Røssevold, som skulle selge garden til Arne Mittet det komande året. Fotografen er ukjend. Bildet tilhøyrer Tor Mittet.
Biletet er truleg tatt før 1899. Bak: Marie Røssevold (f. Anne Marie Olsvig)(1868-1931) Framme f.v.: Knud Røssevold (1870-1900, Ole (f 1895), Johanne (f.1893) og Klara Røssevold (f.1897) Lina er ikkje på biletet. Ho vart født i 1899. Knut var fabrikkarbeidar i Langevågen og busett på Sula. Informasjon: Lilly Marstein (eit av Maries borneborn) (Informant: Ann-Mari Grande Laboureau). Biletet tilhøyrer Bernt Sulebust
Biletet er truleg tatt før 1899. Bak: Marie Røssevold (f. Anne Marie Olsvig)(1868-1931) Framme f.v.: Knud Røssevold (1870-1900, Ole (f 1895), Johanne (f.1893) og Klara Røssevold (f.1897) Lina er ikkje på biletet. Ho vart født i 1899. Knut var fabrikkarbeidar i Langevågen og busett på Sula. Informasjon: Lilly Marstein (eit av Maries borneborn) (Informant: Ann-Mari Grande Laboureau). Biletet tilhøyrer Bernt Sulebust
 Repro datert 1910 og signert FotografSponland. Bak f.v.: Marie Røssevold (f. Anne Marie Olsvig)(1868-1931) i lag med sin mann Knud Røssevold (1870-1900) og deira 3 born, der berre to av dei synes her. Dei to borna me kan sjå er Johanne f 1893 og Ole f 1895. Klara Røssevold f 1897 synest ikkje, og biletet er tatt før deira fjerde born, Lina, vart født i 1899. Knut var fabrikkarbeidar i Langevågen og busett på Sula. Informasjon: Lilly Marstein (eit av Maries borneborn) (Informant: Ann-Mari Grande Laboureau).
Repro datert 1910 og signert FotografSponland. Bak f.v.: Marie Røssevold (f. Anne Marie Olsvig)(1868-1931) i lag med sin mann Knud Røssevold (1870-1900) og deira 3 born, der berre to av dei synes her. Dei to borna me kan sjå er Johanne f 1893 og Ole f 1895. Klara Røssevold f 1897 synest ikkje, og biletet er tatt før deira fjerde born, Lina, vart født i 1899. Knut var fabrikkarbeidar i Langevågen og busett på Sula. Informasjon: Lilly Marstein (eit av Maries borneborn) (Informant: Ann-Mari Grande Laboureau).
Jensine Andrine Røssevold (f.1871) gifte seg seinare Molvær og busette seg i Mauseidvågen i "Kraasbyehuset" (Mausavågvegen 15) Ektemannen, Jens Molvær (f.1870) var i 1910 fabrikkbestyrar på Kraasbyes Uldvarefabrikk i Mauseidvågen. Dei var begge musikalske og er besteforeldre til jazzmusikar Jens Arne Molvær og oldeforeldra til Nils Petter Molvær. fotografen i 1905 var Enok O Simonæss i Ålesund. Orginalen tilhøyrer Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal med arkivreferanse AM-95005.06114
Jensine Andrine Røssevold (f.1871) gifte seg seinare Molvær og busette seg i Mauseidvågen i "Kraasbyehuset" (Mausavågvegen 15) Ektemannen, Jens Molvær (f.1870) var i 1910 fabrikkbestyrar på Kraasbyes Uldvarefabrikk i Mauseidvågen. Dei var begge musikalske og er besteforeldre til jazzmusikar Jens Arne Molvær og oldeforeldra til Nils Petter Molvær. fotografen i 1905 var Enok O Simonæss i Ålesund. Orginalen tilhøyrer Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal med arkivreferanse AM-95005.06114
Tykjegardsløa nærmast, og Pe-gardsløa pluss delar av det kvite Tykjegardshuset i bakgrunnen. Opphaveleg låg tykjegardstunet til venstre for Tykjegardsløa, men ny stove vart bygd lenger vest etter 1947. Gamlehusa vert reve. Bilvegen kom opp til Røssevollen mellom desse to løene, og ligg der framleis. Hansgarden 1961. Foto: Raganr Øverlid for Borgund og Giske bygdeboknemnd. Dagens eigar er Stiftinga Sunnmøre Museum.
Tykjegardsløa nærmast, og Pe-gardsløa pluss delar av det kvite Tykjegardshuset i bakgrunnen. Opphaveleg låg tykjegardstunet til venstre for Tykjegardsløa, men ny stove vart bygd lenger vest etter 1947. Gamlehusa vert reve. Bilvegen kom opp til Røssevollen mellom desse to løene, og ligg der framleis. Hansgarden 1961. Foto: Raganr Øverlid for Borgund og Giske bygdeboknemnd. Dagens eigar er Stiftinga Sunnmøre Museum.

Gardsnamnet stammar frå brukaren "Tyche"/Tyge Røssevold. Den har også vore kalla "Nilsgarden" og "Mittetgarden" i nyare tid, med Tykjegarden er det eldste gardsnamnet på folkemunne. Bruket hadde tidlegare løe der bilvegen deler seg aust og vest, på toppen av Røssevollbakkane. Tunet låg ei god stund lenger aust, der dagens grunneigar. Tor Mittet bygde seg hus. Det var far hans som flytta Pe-gardstunet vest fo gamleløa, der det ligg i dag. Tykjegarden er eit av dei tre eldste bruka på Røssevollen. Det kan ha vorte delt frå hovudbruket på slutten av 1500-talet, eller tidleg på 1600-talet. Det var på den tida at garden vart rydda på nytt etter Svartedauden. Garden Røssevollen stammar truleg frå middelalderen.

Erik Sigvordsen var brukar her i 1603. På den tida omfatta garden halve Røssevollen. I 1609 vart  Hansgaren delt frå Tykjegarden og Pe-garden. Etter få år var desse tre bruka jamnstore i verdi. Erik  hadde flaumsag, på ei tid der mykje av tømmeret i distriktet vart uthogd og eksportert. Han skatta for  10-20 tylfter med bord. Saga stod nok omtrent der kvernhusa til Røssevollen var plasserte. Før den  tid var der mykje skog i bygda, og på Sunnmøre. Han fortsette å drive bruket til om lag 1630, før  sonen tok over.

a) Lars tok over bruket.

Sonen Lars Erikson Røssevold(3) var brukar frå om lag 1630 til 1660. 1658 betalte han skatt for hest,  ukse, 5 kyr, 5 geiter og 2 sauer.

a) Erich (ca.1630-1719) var brukar i Larsgarden,  Østrem(2).

b) Gunilde (ca.1642-1705) tok over bruket.

Svigersonen Peder gifta seg med Gunilde LarsdotterRøssevold(3) (ca.1642-1705) ikring 1625. Dei  dreiv bruket frå 1660 til ca.1690. Ho gifta seg opp att med neste brukar.

Enka Gunilde Larsdotter Røssevold(3) (ca.1642-1705) gifta seg opp att med Jon Jonsen (ca.1653- 1733). Dei dreiv bruket frå 1690 til 1705, når Gunilde døydde. I arveskiftet etter henne, i 1705, var  verdien på 35 riksdaler, medan gjelda var på 12. Det er nemnd hest, 5 kyr, 2 kviger, 7 geiter og 2  sauer. I tillegg eigde dei ei gammal kvern og ein kjempefæring. Gunilde hadde i tillegg raudt skjørt,  svart vadmelstrøye og ei gammal svart kledetrøye. Jon gifta seg opp att med neste brukar.

Enkemannen Jon Joensen (ca.1651-1733) gifta seg opp att i 1706, med Synnøve Eriksdotter  Hesseberg(2) (ca.1664-1751). Dei dreiv bruket frå 1706, til han døydde i 1733, og hadde då om lag  same buskap på bruket. I tillegg hadde han sett opp nytt naust, hadde 2 økser, 2 navarar, 3 hakker,  spade og grev.

a) Gundele (dp.1707-1745) gifta seg i 1740 med

Ole Ols. Skjong(I), brukar Skjong (I).

b) Anne (dp.1711-1780) gifta seg først i 1743 med  

Rasmus Jakobs. Emblemsvåg(5) frå  Antonesgarden, Emblemsvåg(5). Ho gifta seg på nytt i 1756 med    

Hans  Arneson (Sul)Ødegaard(1) frå Hareid, brukar Emblemsvåg(5).

c) Anne (dp.1713-1795) tok over seinare.

d) Gunder (dp.1716-1768) gifta seg i 1740 med 

Brithe Iversd, brukar Natvik(1), Skodje.

Mons Rasmusson (ca.1676-1746) dreiv bruket frå 1733 til om lag 1743. Meir veit vi ikkje om han.

Svigersonen til brukar Knud Thygesen Akslen(4) (dp.1717-1757), frå Høla, gifta seg med  Anne Jonsdotter Røssevold(3) (dp.1713-1795). Dei dreiv bruket frå 1744 til 1757. Arveskiftet syner  at dei hadde færre dyr på garden i Knut si tid, enn Jon før han. Knud dreiv meir med fiske. Det  hadde tatt seg opp utover andre halvdelen av 1700-talet. I tillegg brende han mykje tjøre for sal, og  hadde heile 108 riksdaler i skiftebuet etter seg. Enka gifta seg opp att med neste brukar.

a) Aagote (dp.1745) gifta seg i 1796/-97) med 

Jon Ivers. Engeset(3). Han var innerst på Skjong(7)  

i 1801. Ho er  nemnd hos søstera, Marthe, på Aase(6) 

i 1788.

b) Synneve (dp.1747) var i 1801 truleg innerst og 

legdslem i Larsgarden,  Østrem(2). Legdslem i 

Abrahamsgarden, Østrem(3) 1815.

c) Gunilde (dp.1749) gifta seg i 1776 med Ole 

Torsen Slyngstad, plassefolk på Giskegjerde.

d) Tyge (1752-1827) tok over bruket.

e) Jon (dp.1754) gifta seg i 1783 med Lisbeth 

Iversd. Engeset(3). Tenar i Brusdalen 1770.

f) Marthe (1757-1829) gifta seg i 1778 med 

enkemann Gunder Knuds. Midtstrand frå Vatne.

Brukara i Jensgarden på Åse(6).

Enka Anne Jonsdotter Røssevold(3) (dp.1713-1795) gifta seg opp att 1758, med Halkield Anderson  Brusdal(2) (f.ca.1736). Aldersforskjellen var stor, og presten skreiv at dei «lever uforlignelig». Anne  og Halkield flytte frå garden 1779 og overlot bruket til sonen. Det er mogeleg at Halkield gifta seg  om at med enka Giertrud Hendriksdotter Aase(2) i 1796.

Sonen Tyge Knudson Røssevold(3) (dp.1752-1827) er den som gav garden sitt folkelege namn.  Sidan har folk kalla bruket for både «Nilsgarden» og «Mittetgarden», etter seinare brukarar, Tyge,  gifta seg med 6008e Ingeborg Larsdotter Emlem(1) (dp.1760-1827), frå Negarden, i 1781. Dei dreiv  bruket frå 1781 til 1813.

 a) Knud (dp.1782-1782) døydde 12 veker gamal.

b) Laurenze Petrine (dp.1783-1783) døydde 4 

veker gamal.

c) Ananias (dp.1784-1842) tok over bruket.

d) Johanna (dp.1787-1787) døydde 11 veker 

gamal.

e) Annike (dp.1789-1863) døydde som enke på 

Buholmstranda, Ålesund. Ho var kanskje samme

som gifta seg i 1820 med Johan Martinus Peders. 

Giedhammer. Han  døydde på Buholmstranda. Dei 

hadde sonen Peter Cornelius  (f.1819) i lag.

f) Synneve (dp.1791) er registrert i 1815-teljinga.

g) Ingebor Anna (dp.1794)

h) Ingebrigt Andreas (dp.1797-1797) døydde 3 

veker gamal.

i) Dorthe Andrine (dp.1801-1893) gifta seg i 1845 

med Johannes Olson Kyrkjebø, Sula. Han kjøpte gnr. 44

bnr. 1 Teigene på Hareid, og var bror til Knut Olson

Kyrkjebø i Sjursgarden, Emblem(11).

 Sonen Ananias Tygesen Røssevoll(3) (dp.1784-1842) gifta seg 1814, med Elisabeth Kirstina  Larsdotter Veddegjerde(1) (1786-1821). Han gifta seg så på nytt i 1822, med Anne Marthe  Olesdotter Øye(1) (dp.1783-1855). Utover 1820-åra fekk bygslarane kjøpe ut gardar, som presten før  hadde eigd. Ananias var ein av dei. 1838 registrerte presten at avlinga på bruket var på 12 tønner  havre, 6-7 tønner med blandkorn og 10 tønner med potet. Der var hest, 6-7 kyr og 10 sauer. På  garden stod der ei stove, kufjøs, sauefjøs, stabbur og løe. Ananias hadde sjølv eigedomsrett til kverna  og naustet. Taksten var på 150 speciedaler, men han var for fattig til å kjøpe bruket. Ananias bad då  presten om at sonen fekk kjøpe i staden. Anne Marthe gifta seg 1849 opp att i Sjursgarden,  Emblem(11), med Niels Nielsson Emblem(11), og flytte dit. Dei dreiv bruket frå 1814 til 1842.

a) Lars Andreas (dp.1814) gifta seg i 1833 med 

Maren Iverine Arentsd. Slinning, husmenn på

Humlekalven.

b) Tychine Hellene (f.1816) gifta seg først i 1852 

med   Jørgen Kristoffer Magnuss. Vågnes. Ho gifta 

seg på nytt i 1874  med enkemann Nils Martinus 

Knuds. Sønderland, Haram.

c) Jens Brethanus (1819-1871) tok over bruket.

d) Anne Elisabet  Gurine ( f.1824) gifta seg i 1854 

med skomakar Ole Thomass. Ålesund, frå Øvre

Voldgjerde i Stordalen. Ho var jordmor og heime døypar.

e) Ingeborg Johanne (f.1827) fekk i 1865 dottera Ingeborg, 

med Knud Knuds. Huidholm? frå  Waage Prestegjeld.

Sonen Jens Brethanus Ananiasson Røssevold(3) (1819-1871) gifta seg 1842, med Olava Marta  Larsdotter Sulebakk(1) (1811-1878). Han fekk kjøpe bruket frå «prestegodset» for 160 speciedaler i  1842. Dermed fekk faren kår hos Jens, og slapp å gå på legd. Dei dreiv bruket til 1866. Frå kårkontrakta  kan ein mellom anna lese att han fekk fri bruk av stabbur, kvern, og naustet i Emblemsvågen.  Kårfolket fekk også rett på fri bruk av «Haugåkeren», eit stykke av hagen med frukttre og 1/2  mål med udyrka mark til potet. I følge kårbrevet hadde dei krav på 2 vågar bygg, 6 vågar blandkorn,  12 vågar med havre, og 3 tønner potet. Dei skulle ha stell, og mjølking av til saman 1 1/2 ku og 3  sauer. Kårfolket hadde rett på eit stykke innafor hagen, «Bakke-gjerstykket» og «Smigjerstykket», i  staden for kyr. Jens fekk også sett seg opp ei kårstove med bileggeromn, fordør, kjøkken. Langsval,  kjeller under huset og sperreloft, til ein verditakst på 60 speciedaler i 1872. Huset vart lyst opp av  tranlamper. Det er nok det same huset, som ein kan sjå ovanfor på bildet frå 1946. Dei overlot garden  til sonen.

a) Lars Elias  Britanus ( 1842-1842) døydde 1 dag gamal.

b) Ole Martinus (1843-1882) tok over bruket.

c) Johan Magnus (f.1846)

d) Lars Andreas (f.1849) 1891 ugift og «logerende» 

hos søstera på Slinningen.

e) Kristine Elisabet  Severine ( f.1852) gifta seg i  1886 

med Elias Bernhard Johan Peders. Ystenes, fødd på

Slinningen, forpaktar Slinningen.

f) Berthe Maria (1855-1944) gifta seg i 1882 med 

Karl Andreas Johans. Giske(14), brukar Giske(14).

Sonen Ole Martinus Jenssen Røssevold(3) (1843-1882) gifta seg 1865, med Ingeborg Laurentse  Nikolaidotter Hessen (1841-1906). Han dreiv bruket frå 1866 til 1883. I 1877 vart bruket seld, saman  med dei andre gardane oppe på Røssevollen, på ein auksjon. Kjøparen var Colbein Sivertson  Aase(5), som mellom anna var med i styret til nye «Borgund Sparebank». Ole var bygselsmann  resten av livet.

a) Johan Olavius (1865-1866) døydde 7 månader gamal.

b) Johan Oluf ( 1866-1948) gifta seg først i 1892 med 

Oluffa Petrine Johnsd. Fløde, frå Rønnestad,  Selje. Han 

gifta seg opp att i 1908 med Karen Maria Jensd. 

Løsetstrand, Syvde. I  1911 gifta  han seg ein tredje 

gong  med Oline Samuline Mikkelsd. Seljeset(4), frå

Hornindal. Sonen Julius budde den siste tida på 

Røssevollen,  før han døydde på Ålesund sjukehus av 

beintæring i 1918.  Johan var fargar ved ullvarefabrikk i Langevågen.

c) Nicoline Petrine (1868-1910) gifta seg i 1893 med 

Edvard Peder Peders. Sulødegård, frå Ulstein,  brukar 

Olsvik Hessen(6).

d) Knud Thomas  Carolus ( 1869-1869) døydde 1 1/2 

månadar gamal.

e) Knud Tomas (1870-1900) gifta seg i 1893 med 

(Anne) Marie Johansd. Olsvik(5), busett i Olsvika.

Han flytta til Langevåg. Døydde som fabrikkarbeider 

og fiskar  der.

f) Jensine Andrine (1871-1963) gifta seg i 1899 med 

fabrikkarbeidar Jens Andreas Ols. Molværshavn, busett

i Langevåg.

g) Ole Iver (1873-1874) døydde under 1 år gamal.

h) Olivie Karoline (1874-1875) døydde 1 år gamal.

i) Olivie Karoline (f.1875).

j) Peder Joakim (1877-1878) døydde 1 år gamal.

k) Petrine Caroline (1878-1968) gifta seg i 1904 med 

bakersvenn Elias Johannes Nøstdal, Ålesund.

l) Peder Olavius (f.1879).

m) Ole Kornelius (1880-1905) døydde på Rosenbergs 

asyl i Bergen. Det er truleg den same  som 1900 er 

nemnd til «forpleining» på Garsendhaugen,  Emblem(2).

n) Nikolai Peder (f.1881).

Nils Peter Erikson Viset (f.1841), frå Siriplassen, kom 1883 til Emblem frå Nilsplassen, Hjelle(5),  Ørskog. Den vart også kalla «Røssevollplassen», og han hadde budd der sidan han gifta seg 1867  med (Lovise) Petrine Jensdotter Jelle(1) (f.1843), frå Ørskog. Dei dreiv bruket på Røssevollen frå  1883 til 1892. Familien emigrerte til Amerika og Dakota i 1892. Då hadde Nils vore der frå 1889.

a) Johan Elias Peder (f.1870) vart fødd på Jelle. 

Emigrerte til USA.

b) Jens Andreas  Severin ( 1872-1952) gifta i 1904 

med Emelie (1878-1936). Til USA, Dakota 1892. Dei 

var  registrerte som «farmer» på heimebesøk 1914.

c) Severin Andreas  Ludvig ( f.1875) gifta seg med 

Anna Johanne Tora Kristiansd. Sollid(N,1), frå Ørskog, 

Amerika. Han emigrerte til USA 1892.

d) Hans Peter Oluf (f.1881) drog til USA, og Dakota 

i 1892, 9 år gamal.

Hans Peter Larsson Røssevold(4) (1865-1947) vart fødd i Sunnylven, men vaks opp på husmannsplassen «Nygjerdet» på Røssevollen. Sjå brukar,

Lars Samuelsen, lenger bak i denne boka. Han fekk skøyte på garden av Colbein Sivertson Aase(5) i 1892, og gifta seg det same året med Ingeborg Marie Britanusdotter Eikroll(Y,4) (1850-1934). Ho døydde av kreft. I 1910 er ein Amund Samuelsen busett på garden. Han var onkel til Hans Peter, frå Sunnylven, og hadde arbeidd ved eit sagbruk i Minneapolis, USA, frå 1874 til 1886. Det er fortalt at Amund hadde trebein etter ei ulykke. Han var «fattigunderstøttet» når han budde på Røssevollen. Hans Petter dreiv bruket til han selde garden ut av slekta i 1947. Det vert fortalt at han ikkje var engsteleg for å sende avgårde ei og anna «kraftglose». Ved eit høve var han på veg heim frå handelsmannen i regn og kraftig vind. Sukkeret i papirposen makta han ikkje å berge, og han fekk heller ikkje til å knappe att regnkappa si skikkeleg i den kraftige motvinden. Til slutt sende han av garde ein «klar beskjed», før han svinga hendene attover, og let kappa blåse av garde. Det vert sagt at den festa seg oppi eit tre, og vart hengande der i fleire dagar. Bakgrunnen for salget av garden var truleg at han ønska seg yngre folk, og kårkontrakt det siste året han levde. Hans Peter fekk ingen born som kunne ta over etter seg.

Arne Birger Mittet (1911-2005) vart fødd på Forsnes på Hitra. Han gifta seg 1942 med Gudrun Sofie  Kvam (1923-1995). Ho var fødd på Sør kvammen på Hitra. Dei kjøpte bruket 1947, og dreiv garden  til 1983. Då overlot dei bruket til sonen, mot livsvarig burett. Arne fekk seg arbeid i Borgund  kommune, saman med mange av dei andre småbrukarane i Emblemsbygda etter krigen. Det var ei  kjærkommen ekstra inntekt.

 a) Andre Guttorm (1943-1950) omkom i ei 

bilulykke på Emblem.

b) Tor Aslak (f.1948) tok over bruket.

Sonen Tor Aslak Mittet (f.1948) er pensjonert langtransport-sjåfør. Han gifta seg 1969 med Liv  Oddrun Blindheim (f.1943) frå Sykkylven. Dei budde ei tid i Sykkylven, før dei tok over bruket  1983. Ho har arbeidd i mange år som lærar på Emblem skule. I 1970 fekk dei delt frå bnr. 31, og tok  over denne hustomta ved tunet i 1973. Tor har også dreve entrepenørfirma, med hogstmaskin til  tømmerhogst, og kjørt buss for Emblemsruta. Han har fleire gode historier på lager frå den tida. Der  var også ungdommar som fekk ekstra service, når han kjørte siste bussruta heim frå byen, for det var  ikkje alle som kom seg til busstoppet i rett tid, men han visste som regel kven som hadde behov for  skyss heim att likevel. Enkelte måtte han stå å fløyte på ei stund, før dei kom.

a) Liv Torill (1970-2011) gifta seg i 2003 med 

Kåre Rikard Rolandsen.

b) Marlen (f.1971) er lærar, busett på Emblem.

Det nedlagde bruket vart seld til naboen, Torunn Randi Krogsæter Myklebust (f.1955), Røssevoll(6)  2000. Ho har fram til hausten 2019 vore grunneigar. Sjå meir om henne under brukar på  Rognereiten,   og på n abobruket Voll.

 a) Therese (f.1979) gifta seg i 2001 med 

Herman Helgesen, busett Eidsnes.

b) Sylvia Mariann (f.1980) gifta seg i  2005 med 

Thorstein Sten Gjerde, busett på Hatlehol.

c) Anette K.  (f.1983) er tvilling. Ho gifta seg i 2010 

med Anders Hoff, busett i Ratvika.

d) Margareth Helen (f.1983) er tvilling. Ho gifta seg

i 2014 med Are Henry Lund, busett på Flisnes.

e) Tom-Ruben (f.1987) er busett i Oslo.

Tor Aslak Mittet (f.1948) kjøpte att bruket hausten 2019. Han er dagens grunneigar. Sjå meir om han ovanfor.