Undervisninga
i bygda vår har endra seg kraftig frå den gamle omgongskulen, med
sirkulerande opphald i dei enkelte gardstovene, og fram til dagens
skulebygg ved Ebbemyra. Elevtalet har vokse i takt med talet på
skuledagar per skuleår og ein kan ikkje lenger nytte det same
klasserommet til å undervise samtlege elevar samstundes, ellerdele
inn i storskule og småskule annankvar dag. No kan ein sjølvsagt
stille spørsmål med kor mykje fritid tidlegare tiders skuleborn
faktisk hadde. Mauritz Akslen minnest sin eigen skulegong som timar
med fineklede og høfflegheit. Når ein kom heim var det å finne
tak i arbeidskleda med det same. Ungane tok nok i eit tak før dei
gjekk på skulen óg. Haustferien var eigentleg «potetferie», der
borna fekk fri for å hjelpa til med innhaustinga heime. Sommarferien
var like eins.
Den
første skulestova på Skaret hadde 25 kvadratmeters skulestove i eit
einaste rom, medan det var sløydsal og tidvis undervisning for
småskulen i kjellaren. Denne skulen vart snart for liten.
Ungdomshuset låg så og seie vegg i vegg, og matsalen i kjellaren
vart etter kvart nytta som undervisningslokale. Tidvis var det også
kroppsøving i storsalen oppe. Blåskulen erstatta gamleskulen i
1956. Den var allereie i ferd med å verte for liten, då den stod
ferdig, med kun 2 klasserom. Kjellaren var planlagd som sløydsal,
men har også vorte nytta til bygdekino og gymsal. Andre etasje på
den kvite fløya var opphaveleg bygd som leiligheit for læraren med
lav takhøgd, men vart aldri nytta til dette formålet. Behovet for
undervisningsrom var nemleg såpass stort at alt areal måtte
utnyttast.
På
1970-talet vart det ein rekkje endringar i skulekvardagen. Det nye
byggefeltet, lengst aust på Flisneset skulle tilhøyre Emblem
skulekrets. Klassane skulle delast inn i alderstrinn, eller «fulldelt
skule», og vidare kom det ny mønsterplan. Undervisninga på
laurdagane tok slutt,og for å møte desse utfordringane, så måtte
skulekjellaren utnyttast enno betre. Ved hjelp av ein foldevegg kunne
ein få plass til to ekstra klasserom, slik at det vart plass til 5
klassar samtidig. Kjøkkenet på gamlebedehuset vart leigd til
husstell, og verkstaden til Jon Nedregotten vart nytta som sløydsal.
Skuleborna måtte skyssast heilt til Blindheim ungdomskule, om dei
skulle få innandørs gymnastikk, men slik kunne ein ikkje ha det i
lengda. Tilflyttinga til bygda var aukande og difor trong me ein ny
skule på Emblem.
Til
trass for plassmangelen, så tok kommune og plannemdene seg god tid
til å planlegge den nye skulen i bygda Ei av årsakene var truleg at
fleire av desse reformene var under utreiing når planlegginga
starta, og ein ville truleg vite meir om resultatet før ein byrja å
bygge. Allereie hausten 1972 vart det halde orienterande møte og
bygging av ein ny skule. Fleire løysningar vart diskuterte i åra
som gjekk og ein måtte også ta hensyn til framtidige behov. Eit av
forslaga gjekk ut på at alle elevar frå dei nye byggefelta på
Flisneset skulle gå på skulen på Emblem i framtida. Flisneset
tilhøyrde eigentleg Hatlehol skulekrins. Borna i Ludvikdalen og
Brennevegen, lengst aust mot emblemsbygda gjekk på Emblem skule, men
utbygginga av Flisneset var berre so vidt i gong på denne tida, og
med ei slik fellesløysing, ville ein ikkje bygge nokon ny skule på
Hatlehol eller Flisneset i det heile tatt. Ein valde også å halde
på tradisjonen med å plassere skulen omlag midt i skulekrinsen. Med
ei slik utviding mot byggefelta i vest ville også ny-skulen ha behov
for å flyttast tilsvarande. Ein kom så langt at ein diskuterte ei
plassering nær Gullmyra, men slik vart det ikkje likevel. Denne
løysinga med bygging av skulen i dette myrområdet førte til stor
motstand frå bygdefolket. Idrettslaget hadde óg vore interesserte
i ei samlokalisering av skule og idrettsanlegg, men grunnboringar i
desse myrane synte at det ville bli både vanskeleg og dyrt. Når det
vart dyrt med opparbeiding til fotballbane, så var det nok ikkje
enklare å byggje ein heil skule heller.
Etter
ein god del om og men, vart vedtaket om bygging på Ebbemyra endeleg
vedtatt. Plass for idrettsanlegg vart teikna inn på det same
reguleringskartet og ein fekk fleire fordelar ved valet av denne
plassen. Den viktigaste fordelen var kanskje at den nye skulen ville
ligge like ovanfor Blåskulen, slik at ein ikkje trong bygge like
stort i første byggetrinn. Skulen vart likevel ikkje så liten med
1264 kvadratmeter i motsetnad til gamleskulen på Skaret som hadde
eit klasserom på berre 25 kvadratmeter. Men talet på elevar berre
voks, så det var ikkje så mykje likevel. Idrettslaget såg på si
side for seg eit samarbeid med skulen, med felles nytte av både
utendørsanlegga og gymsalen med tilhøyrande garderober. Tanken var
at det skulle byggast både fotballbane og eit fullverdig
friidrettsanlegg etter kvart. Grunneigarane gjekk med på å selje
tilstrekkeleg med areal, men Fylkeslandbruksstyret sa nei.Det vart
likevel ei løysing med fotballbane og litt til, ved at bana vart
flytt lenger inn på kommuna si tomt, og at skulen vart flytta nokre
meter lenger mot sør.
Hausten
1978 vart skulen teke i bruk, medan gymsalen først stod klar nærare
årskiftet. Rekninga kom på 6,2 millionar, og var på ingen måte
det billegaste skulebygget i kommuna. Ein nytta eit nytt prinsipp for
arealutnytting, slik at det vart ei åpen løysing mellom spesialrom
og klasserom. Totalt vart det bygd 4 klsserom, der to av dei var
langt større enn dei andre. Dei største romma hadde hustellareal, i
det klasserommet som låg mot vest, og handarbeidsrom i det store
klasserommet som låg mot aust. På denne måten kunne romma både
nyttast som ekstra areal ved gruppearbeid, og som vanleg klasserom
når det ikkje var hustell eller handarbeid på timeplanen.
Samstundes kunne ein ha vanlege teoriykter i hustell eller
handarbeid, før ein gjekk over til den meir praktiske delen. Totalt
vart det 4 nye klasserom på «Ny-skulen». Dette var sjølvsagt
ikkje nok for 6 klasser, når spesialromma ikkje kunne nyttast
separat, men ein hadde vald å fortsette med å bruke Blåskulen. 1.
og 2. klasse fekk ein meir avskjerma start på skulegongen der nede,
medan ein framleis unne nytte blåskulekjellaren til sløydsal,
forming og metallsløyd. Den kvite fløya vart mellom anna nytta til
musikkrom. Løysinga innebar også eit grupperom og bibliotek som
kunne nyttast til framsyningsrom, skulefjernsyn, eller som eit ekstra
grupperom.
I
mars 1979 vart skulen offisiellt invidd med ei eiga markering, der
både Ålesund skulestyre og representantar for fylkesskulesjen,
byggeledelse, arkitekt og entrepenørar var til stades. Elevane hadde
forbereidd eigne innslag, og Musikklaget Gjallarhorn stod for
musikken. Rektor Sigurd Langleite leiea dei frammøtte gjennom
programmet , som forøvrig inneheldt både talar og lykkeønskingar.
Fotballbana var klar til bruk ved den første seriekampen etter
sommerferien, den 6. august det same året. Skulen tok no over som
stemneplass på 17. mai, som idrettsplass og som samlingsplass ved
dei fleste idrettsarrangementa, både vinter, vår og haust.
Musikkorpsa fekk nytte scena i gymsalen til øvingsformål, og ein
kunne i tillegg starte musikkbarnehage, leia av Synnøve Molnes. Kort
sagt så vart Ebbemyra det nye samlingspunktet i bygda.
No
er også denne skulen for liten. Det starta med at Blåskulen etter
kvart vart for nedsliten til å kunne nyttast, og det vart ikkje
betre av at skulestart for 6-åringar og SFO vart innført.
Samtundes vaks talet på skuleborn voldsomt, og talet på byggefelt
like eins. Eit nytt tilbygg stod ferdig i 1998, men det var ikkje
nok. Kommuna måtte sette opp ekstra modulbygg på 270 kvadratmeter
hausten 2006. I tilstandsoversikta for 2007, som var eit saksframlegg
for bystyret for perioden 2007-2017, kunne ein konstatere at det
ikkje var plass til nye elevar den kommande hausten.
Lærararbeidsplassar var det for lite av, og ein måtte både ta ei
PCB sanering i tillegg til at det var behov for å bygge ut skulen
til to parallelle klassar i først omgang. Som ei midlertidig løysing
måtte ein kjøpa endå fleire modular og forsøke å få til ei
løysing med leige av rom på det nye klubbhuset til idrettslaget.
Bystyret stemde for ei slik løysing som kunne avhjelpe behovet nokre
år til, men ein har ikkje komne lenger sidan.
Framtida
er no uviss. Det er ikkje tvil om at ein må utvide skulen. I ein
artikkel i Sunnmørsposten den 17. oktober 2011 er skulen enda til på
lista over dei 9 verste skulane, når det gjeld vedlikehald.
Ytterveggane og taket på den eldste delen er i ei dårleg
forfatning, mens det ikkje er avsett nokon pengar i økonomiplanen
til kommuna. Kva som vert løysinga i framtida vil eg ikkje spekulera
for mykje i, men sparsemd har stort sett alltid vore eit stikkord ved
skulebygginga i bygda vår. Dette skuldast rett nok at den eldste
skulen vart bygd og driven av bygdefolket, mest på eiga hand, medan
Blåskulen vart bygd av ei særs sparsommeleg landkomune. Ny-skulen
er riktig nok ikkje så prega av sparsemd, men løysinga dei siste
åra har derimot synt oss ei fattig kommune, med store økonomiske
utfordringar, når det gjeld å finne pengar til drifta og det
daglege vedlikehaldet. Dårleg vedlikehald kan igjen framtvinge behov
for nybygging etter kvart, men det vert nok ikkje dei første åra.
Eit anna spørsmål er om dei med skuleborn på Emblem skule, vil
verte boande i mange år framover, eller om det heile tida vil verte
utskiftingar, med stadig nye bornefamiliar som behøver barnehage og
skuleplass. Stadige nedleggingar av gardsbruk, kan i alle fall føre
til endå meir bygging i bygda vår, og då får me berre håpe at
kommunepolitikarane er forbereidde.