Kring det høgaste punktet på den gamles setreråsa frå emblemsgardane til den nedlagde Emblemsetra finn du henne, Ølkona. Tett intil ein bergknaus ligg ho, nærast i skjul for den som legg søndagsturen frå Røssevolldemninga mot kubbane. Skal ein finna fram, må ein vite litt om kvar råsene gjekk for ei tid tilbake. Råsa mot Breiskaret har vorte endra og den gamle er delvis skjult under einekratt.
Kaldt og godt
Ølkona er ei lita oppkome med reint, godt og kaldt vatn sjølv på den varmaste sommardag. Leon Emblem fortalde meg at han ein gong hadde eit veddemål med far sin om kor lenge han makta å halde handa nedi denne kjelda. Det varte ikkje lenge før han måtte gje seg sjølv om det var ein varm sommardag. Det er forresten litt underleg at denne kjelda ligg nettopp her so høgt oppe. Det er truleg slik at vatnet vert pressa opp ei fjellsprekke og den låge, men stabile tempraturen kan tyde på at det er snakk om grunnvatn som ligg djupt nede i fjellet.
At ein finn vasskjelder langs ei gamal seterrås er kanskje ikkje så underleg. Der har truleg vore fleire kvilestader for trøytte budeier som bar dei tunge spanna med mjølk heilt ned til bygda. I Breiskaret på den høgaste staden er det dessutan mura opp ein kvilestad med godt ryggstø og utsikt for farande folk. Kring Ølkona er det og mura opp ein kant så det var nok ingen tilfeldig vasskjelde dette. Eg har undra meg over val av namn og så langt er det ingen av dei som eg har snakka med som har høyrt noko om kvifor denne kjelda heiter nettopp «Ølkona».
Kor gamal er råsa?
Seterråsa frå gardane på Emblem er truleg svært gamal. Den startar nær staden der det gamle klengetunet låg. Namnet Emblem kan truleg stamma frå den gamlanorske forma "Imileimar"som tyder «våre heimar». Slike heim namn er av dei eldste gardsnamna i Norge og stammar truleg frå før vikingtida, sjølv om den fyrste gardbrukaren i skrivne kjelder er Bård på Emblem på 1200-talet. Frå kring 1520 finn ein to gardpartar og mot slutten at 1500 var det heile seks gardar på Emblem. Med lite slåttemark på heimbøane var utmarka og fjellet ei særs viktig matkjelde med både setrar og utmarkslått. Her kunne ein og finna bær og andre nyttevekstar som kunne kome godt med.
Egil Bakka har påpeika ein samanheng mellom slike kjelder og helleristningar enkelte stadar i landet. Nokon slike undersøkingar har det ikkje vore gjennomført på Emblem og det er vel heller lite truleg at ein finn nettopp det på denne staden. På den andre sida så seier dette noko om ei urgamal interesse for slike gode drikkevasskjelder og kanskje kan denne kjelda ha vore kjend i svært lang tid. I Dalsbygda i Norddal kommune veit eg at slike kjelder vart nytta til helsebot og når nokon låg for døden. Olavskjelda på Veibust på Sula har og hatt ry på seg for å ha helbredande effekt. Skal ein «hella litt kaldt vatn» på slike tradisjonar så veit ein at mykje av drikkevasskjeldene i bygda har vore dels myrhaldige og til dels av dårleg kvalitet. Forståinga for hygiene har heller ikkje vore like stor til alle tider og dårleg drikkevatn har ført til mange sjukdommar. Reint vatn som ein fann i kjelder har i alle fall ikkje tilført fleire bakteriar til den som var sjuk og soleis ikkje forverra situasjonen.
Den gamle Haugastølen
Kor lenge Emblemsetra har vore der og råsa har vorte nytta til fjellveg har eg ikkje noko svar på. Karl O. Emblem skriv i «Geografiske tilhøve i Emblemsbygda» at det vatnet som i dag er feilskrive og endra til Austrevatnet på kartet, heitte opphaveleg Haugstølvatnet eller Haustølvatnet. Namnet fortel at det ein gong låg ei seter nettopp her. Dette vatnet ligg litt høgare enn den gamle Emblem-setra og Karl skriv også at det var ei urgamal seter som låg der. Han hadde høyrd at denne setra vart fråflytta fordi huldra var så plagsam og sela vart difor flytt nærare Langevatnet. Tuftene av Emblemsetra syner den dag i dag, men det er lite truleg at ein finn liknande spor av Haugstølen. Når Haugstølsetra vart flytt lågare kan eg ikkje seie for sikkert men det er ikkje heilt usansynleg at det eigentleg var klimatiske forhold som kan ha spela inn. Det er fleire eksempel på setrar som opphaveleg har vore gardar heile 500 meter over havet og desse hadde sine setrar enno høgare til fjells. Ein finn trerøter som vitnar om ei langt varmare tidsepoke og namnet «Eikenos» er eit vitne om slike varmare tider med eikeskogar på Emblem. Frå Bård på Emblem si tid på 1400-talet og fram mot midten av 1800-talet fekk me ein kaldare periode som har fått namnet «Den Vesle Istid».
Kornet fekk etterkvart avløsysing av potetdyrking på 1800-talet takka vera «potetprestane» for dette var ei langt sikrare matkjelde etter ei rekke periodar med uår og hungersnød i landet vårt med feilslåtte kornavlingar. Ei omstilling var truleg tvingande nødvendig på fleire gardsbruk og sæterdrifta kan og ha vorte påverka av dette sjølv om det ikkje er så veldig stor høgdeforskjell på dei to setrane. Andre setrar har vorte nedlagde som ei følge av Svartedauden ved at fleire gardar vart lagd aude, folketalet minka og ein kunne velja seg dei beste gardane og leggja ned dei som ikkje gav like stor avling. Det var fleire slike Audegardar på Emblem.
Om Haugstølen hadde same veg til fjells som den gamle Emblemsetra kan eg ikkje seie for sikkert, men namnet «Ølkona» kan kanskje hjelpa oss fram til ei litt meir kalkulert gjetting. Eit lite søk på internett syner at Ølkona ikkje er eit ekslusivt namn som kun er å finne på Emblemsfjellet. Eit vidare søk på kartet til www.finn.no gjev ei rekke resultat frå Nord-Norge og heilt til Haugesund. Det er interessant å merke seg at namna ligg stort sett langs norskekysten frå Vestlandet. Det er godt mogleg at det finnst fleire andre stadar og som ikke er å finna på kart eller i nedskrivne publiseringar på nettet. Namnet «Ølkona» er mest populær, mens «Ølkonå» fyljer tett etter, før ein finn namn som «Ølkonheia» i Balsfjord og «Ølkonna» på Vestvågøy som nokre eksempel på namn med liknande stavemåte. Det er interessant å finne at dei fleste namna er gjeve til små vasskjelder nær ei seterrås. Tre av ølkonene er å finna på Sula, Hareid og i Haram kommune, der to av dei er tilknytt ei seterrås.
Kva tyder namnet
Det finst fleire forsøk på ei namneforklaring. Ei av desse nemner Bylova til Magnus Lagabøte frå 1276. Her vert «Olkona» nemd som ei kvinne som selde øl i Bergen. Med denne forklaringa kan ein hevde at kanskje namnet var litt humoristisk, eller ein hedersbetegnelse for ei god kjelde som smakte mest like godt som øl for ein tørst ferdamann eller budeie. Andre har forsøkt å finne samanheng med Heilage Olav som fekk kalla opp ei rekke kjelder etter seg. Utfordringa med denne forklaringa er at det allereie finnes ei slik olavskjelde i nærleiken på Veibust og dei fleste stadane som har vorte tilknytta olavsegnene har ikkje endra namn so radikalt som i dette tilfellet. Dei fleste stadane er knytt til historiar som er mest like levande den dag i dag og så vidt som eg kjenner til, så fortel segna at han nytta tida når skipa segla forbi Emblem til å fiske i staden for å gå i land. (Du finn denne segna allereie i tekstsamlinga på www.emblemsbygda.com)
Eg set meir lit til den tredje forklaringa som eg har funne per dags dato. Namnet «Olle» er eit gamalt namn som tyder vasskjelde. Kjelde eller bokmålsordet «Kilde» er ein stad der grunnvatnet kjem opp frå jorda og fram i dagen. Slike kjelder finst gjerne i skrånande terreng der jordgrunnen er samansatt med eit lag sand over eit vanntett leirlag eller fast grunnfjell. Dette vatnet er godt rensa og dermed ei bedre drikkevasskjelde enn elvar og vatn. Eit anna ord med omlag same tyding er «oppkome» som i indre fjordstrok på Sunnmøre har vore omtala som «Åkome» på folkemunne i mellom anna Dalsbygda i Norddal. Andre stadar lenger sør-aust som i Hemsedal har Olle med o vore meir nytta like fram til i dag. Kanskje er det nettopp slik at Ølkona kjem av ei samansett betydning med «olle» og «kone» i betydninga å gi eller kanskje servere?
Kva som er opphavet til namnet «Ølkona» vert som du ser kun ei gjetning, men det er likevel interessant at det er såpass mange stader med like namn på nettopp ei kjelde langs setreråsa. Det som eg og finn spanande er at dersom namnet har eit såpass gamalt opphav med gradvise omskrivingar så kvifor har då ikkje namnet endra seg meir enn dette på stadar som har lagt så langt frå kvarandre som Haugesund og Bodø? Kanskje er det nettopp vår eldste frakteveg, norskekysten som er forklaringa. Det siste er i så fall ei rein gjetting frå mi side og eit utgangspunkt til nye tankar om namnet til denne vesle kjelda som ligg der still og utan moglegheit til enten å bekrefte eller avkrefte det eg har skrive.
Kjelder:
Bakka,Egil: «Bronealderristningane på Bogge i Romsdal», Masteroppgave Universiteter i Trondheim, Vitenskapsmuseet 1987
Befaring på staden kring Ølkona på Emblemsfjellet saman med informant Olav Østrem
Emblem, Karl O.: «Geografiske tilhøve i Emblemsbygda» kopi av hefte funne på skulebiblioteket på Emblem skule.
Holstad, Norleif: «Ord og uttrykk frå Hareid»; Hareid Mållag 2.og utvida utgave 2009
Kartsøk:
Krohn, Michael: Foredrag for Sunnhedskommisjonen i Manger «Om vandet» 25.6.1858; publisert i digital utgave på følgende nettside: http://www.uib.no/isf/om-instituttet/historie/distriktslege-michael-krohn-og-sunnhetskommisjonen-i-manger/om-reenligheden-25.juni-1857
Krohn, Michael: Foredrag for Sunnhedskommisjonen i Manger «Om reenligheden» 12.7.1857; publisert i digital utgave på følgende nettside: http://www.uib.no/isf/om-instituttet/historie/distriktslege-michael-krohn-og-sunnhetskommisjonen-i-manger/om-vandet-12.juli-1858
Om Ølkånå ved Haugesund:
Store Norske Leksikon på nett: http://snl.no/
Søk på «ølkona» i Nasjonalbibliotekets database:
Telefonsamtale med Leon Emblem september 2011
Thomassen, Ole C. H. «Kildevann til begjær» Publisert i www.Dagbladet.no 21.2.2009 (http://www.dagbladet.no/2009/02/21/reise/vann/fjell/4931216/ )
Utrdag fra Schmidt-Nielsen, S. «Hvorledes skaffe et godt drikevand?» En artikkelserie fra Tidskrift for den Norske Lægeforening (1912-1913) i elektronisk utgave med tillegg publisert på nett:
Wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Kilde
Øverlid, Ragnar: Borgund og Giske band 2 Gardsoge gardsnr. 1-51, Boktrykk L. L. Bergen Borgund og giske Bygdeboknemd, 1960
Nyeste kommentarer
09.11 | 16:49
Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, ut...
24.10 | 16:33
Hei alle sammen! Dette var en svært interresant oppdagelse all den...
13.08 | 10:14
Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr...
23.04 | 08:09
Emblemsbygda.com er eit idealistisk prosjekt skapt på dugnad. Tid avsett til
å oppdatere tekstar vil derfor variere ein del. Førebels har bokprosjekta våre
fått høgare prioritet på grunn av tidsnaud når det gjeld innsamlingsarbeid av
viktig kjeldemateriale. Har du tilbakemeldingar, tips, korrigeringar eller lyst til
å delta med eigne historiske tekstar?
Ta gjerne kontakt med oss på følgande måte:
E-post sendast til: sveostrem@hotmail.com