Bruksnummer 7 på Emblem, heiter Jakobgarden, og var den austlegaste gardparten av Steffågarden etter utskiftinga av innmarka på emblemsgardane i 1835. Før denne tida var gardane teigbytt i små åkerlappar, og eit lappeteppe av slåttemarker som gardane bytta på å bruke i kortare perioder om gongen. Tanken bak utskiftinga var at kvar gard skulle få eit stort samanhengande stykke innmark kvar, og fleire valde å flytte husa sine dit, ut frå det gamle klengetunet. Steffågarden vart liggande der det gamle tunet låg, men det var ikkje mogeleg å samla heile garden i eit stykkje. Garden vart delt i to av Negarden, som kom i mellom. Garden var ikkje sjølveigd på denne tida, og vart i staden delt i to bruksnummer. Steffågarden var bruksnummer 6 medan det nye bygselsbruket, Jakobgarden fekk bruksnummer 7.
Gardsnamnet kjem truleg av den fyrste bygselsmannen på bruket, som heitte Jakob Sørensen Giske (1827-1921). Jakob var brukar på garden frå 1854-1972 og gift med Steveline (Lina) Karoline Kristofferdotter Sperre (1832-1915). I folketellinga frå 1865 hadde ho vald å bruke namnet Lina K. Dei har på denne tida 3 born, Kristine, Knud og Karoline. Kristine vart fødd i 1855, eit år etter at dei hadde fått bygsla bruket. Tre år etter hadde garden like stor avling som Steffågarden, og like mange dyr. Det betyr at garden gav rimeleg god avling. Dei hadde både hest, 5 kyr og 15 sauer. Avlinga var på 6 tønner bygg, 15 tønner havre og 10 tønner med potet og 38 skippund høy. Av ein eller annan grunn flytta familien frå bruket kring 1872. Jakob var då berre 45 år, så det kan ikkje ha vore alderen som var årsaka. Borna var heller ikkje gamle nok til å ta over, så det kan ha vore betre utkome som hadde freista. Dei flytte til Kvalstein på Ellingsøya og tok etternamnet Kvalsten. Dette var ikkje så lang frå heimstaden til Steveline på Sperre.
Den neste brukaren var Ole Berntsen Skår (1840-1927), frå Hjørundfjorden. Han var gift med Anne Knutsdotter Kvistad (1845-1926), som også kom frå Hjørundfjorden. Ein finn dei i 1900-tellinga og truleg var dette det samme året som dei overlet gardsbruket til sonen. I folketellinga for 1900, bur to av borna fortsatt på garden. Knud livnærte seg som fiskar, medan den seks år yngre søstera, Olivie,
er registrert som 19 år, ugift og sysselsatt «med Husgjerning og Kreaturstel». I tillegg har Ole og Anne ei pleiedotter på 12 år, som heitte Hilda Johansdotter. Ho var frå Ørskog og på forpleining for Ålesund fattigvesen.
Knut Bernt Olsen Emblem (1876-1948) tok over Jakobgarden etter foreldra mot slutten av 1900, eller 1901, og gifte seg med Emma sivertsdotter Vegsundrabb (1871-1957). I 1910-tellinga finn me heile huslyden, på 8, med kårfolket, borna Ole, Karl, Anne, og tjenestejenta Inga J. Furholm på 16 år. Inga var også «elev av forts. Skole». Dette var truleg framhaldskulen, som vart halden på kveldstid på Emblem skuleåret 1910/11. Karl O. Emblem fortel dessutan at ho var lærerinne på Emblem og Hatlehol skule, då han byrja i første klasse i 1914. Knut var bygselsmann heile tida han var brukar. Andreas Johansen Emblem hadde kjøpt Jakobgarden i 1913, men lot Knut få fortsette å bygsle heilt til han tok kår hos sonen i 1934.
Karl Knutsen Emblem (1907-1997) var den nest eldste sonen til Knut, og jamnaldringen til Karl O. Emblem i Steffågarden og Peter på Ystebøen. Han gifta seg med Petra Fylling (1919-2000) og kjøpte det meste av Jakobgarden i 1935. Karl stod som eigar også i 1961, og stykket til Karl vart skyldsett som bruksnummer 32, med namnet Elvatun frå kjøpsdatoen i 1935. Hovudbruksnummeret (7) vart kjøpt i 1945 som ein parsell til garden Solvang på Østrem. Kjøparen var Alfred Andreassen Østrem frå Abrahamsgarden. Han hadde også kjøpt attåt eit stykke frå Ebbegarden og Steinsgarden. Parsellen som ein gong hadde vore del av Jakobgarden ligg i dag nedanfor huset til Asbjørn og Anne Lise Østrem. Stykket som Karl kjøpte, ligg rett vest frå denne parselen og er skild frå av eit gjerde, vegen i nord og Ebbemyra stadion i sør. (sjå også på kartet i biletalbumet).
Nyeste kommentarer
09.11 | 16:49
Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, ut...
24.10 | 16:33
Hei alle sammen! Dette var en svært interresant oppdagelse all den...
13.08 | 10:14
Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr...
23.04 | 08:09
Emblemsbygda.com er eit idealistisk prosjekt skapt på dugnad. Tid avsett til
å oppdatere tekstar vil derfor variere ein del. Førebels har bokprosjekta våre
fått høgare prioritet på grunn av tidsnaud når det gjeld innsamlingsarbeid av
viktig kjeldemateriale. Har du tilbakemeldingar, tips, korrigeringar eller lyst til
å delta med eigne historiske tekstar?
Ta gjerne kontakt med oss på følgande måte:
E-post sendast til: sveostrem@hotmail.com