Rasmus Olson var brukar frå 1603 til 1620. Han vart dømd 1610 til å betale 7 riksdalar, for knivstikk i skuldra på Endre Akslen i Høla, Akslen(4). Rasmus hadde ei flaumsag, som han skatta for 10 til 15 bord i årleg avgift. Han var også innrullert soldat under Kalmarkrigen.
1620 var det ein Lauris som tok over. Han bygsla bruket fem år, til 1625. Meir veit ein ikkje om han.
Erik Ingvaldson Er den tredje brukaren, som kan knyttas til garden i nyare tid. Han dreiv i åtte år til 1633.
Knud Pederson (f.ca.1595) er den første som ein veit omtrent fødselsår på. Han sat lenge som brukar på garden, frå 1633 til 1680. I 1658 hadde han hest, ukse, 6 kyr og 6 geiter.
Ole Ingebrigtson (ca.1646-1720) dreiv garden frå om lag 1680 til 1705. Det må ha skjedd noko spesielt i 1720, for han vart gravlagd samstundes med kårfolket Ingvald og Malene i Sjursgarden, og Marte Arnesdotter Emblem. Det er enno ikkje heilt sikkert kva gard Marte, på 52 år, kom frå, og vi veit ikkje sikkert kven Ole var gift med. Kanskje var det Marte.
a) Knut Ols (f.1677) var innrullert i marinen 1701.
b) Ingebrigt (ca.1678-1755) tok over bruket.
c) Jens (f.1682) var innrullert i marinen 1704-1709.
d) Ole (f.1688) var tenar i Steffågarden 1701.
Innrullert for bonden Jon i Emblemsvågen 1704, og
i marinen 1719.
Sonen Ingebrigt Olson Emblem(9) (ca.1678-1755) var først tenar på Giske, og så innrullert matros i marinen 1701. Han gifta seg 1710 med pige Anne Erichsdotter d.y. Hesseberg(2) (d.1713), frå bruket Oppigar, Hesseberg(2). Ho vert her kalla «den yngre», slik at ho ikkje skal forvekslast med søstera, som gifta seg med Aslach Aslachson Røssevold(5). I arveskiftet er det nemnd 3 kyr,
kvige, ukse, 7 geiter og 6 sauer. Ho hadde ein god del klede. Det var blå stakk, raud kledestakk, svart stakk, svart kledetrøye, snøreliv med raude ermar, svart vadmelstakk, svart vadmeltrøye, grønt forkle, kvitt linlerretforkle, eit par hoser og eit par sko. Klesoversikta gjev eit interessant bilde av kva slags klede som vart nytta på dei større gardane på den tida. Ingebrigt gifta seg om att etter 1713 med ei ny Anne Erichsdotter (ca.1686-1749). Kvar ho kom frå er usikkert.
a) Anne (dp.1712-1787) tok over bruket.
b) Ole (dp.1725-1785) gifta seg i 1756 med
Malene Gregoriusd. Røssevoll(1), som var
enke i Sjursgarden, Emblem(11).
Dottera Anne Ingebrigtsdotter Emblem(9) (dp.1712-1787) forlova seg 1736 med ungkaren Jens Sivertsen (ca.1717-1786). Ved forlovelsen er Anne nemnd som «besovet», og begge kalla «Emelem» til etternamn. Det er godt mogeleg at det er Jens Sivertson Rødsethatlen (dp.1717), frå Framigar, Eikenos-øydegard(3), ho gifta seg med. Dei tok over først halve garden, og så resten i 1750. Det var etter att Ingebrigt vart enkemann for andre gang. Dei dreiv Auregarden til 1766. Jens nytta samme løysing og delte garden med eldstesonen heilt til 1788. Då tok bornebornet over heile Auregarden.
a) Ingebrigt (dp.1736-1791) tok over bruket.
b) Peder (dp.1739-1817) gifta seg først i 1776
med Eli Olsd. Gjævenes(2). Ho døydde i barsel.
Han gifta seg på nytt i 1794 med Elisabeth Olsd.
Straume(4) (1758-1832), brukar «Nesbø», under
garden Gjevenes.
c) Jon (dp.1741-1803) gifta seg i 1770 med Brite
Jonsd. Aarsnes, Hjørundfjord, brukar Solevågseidet(IIa).
Søster til Brite, Janeche, vart gift med Lars Peders.
Emblem(1) i Negarden. Jon er nemnd som
enkemann og tenar i Vegsundet 1801.
d) Sivert (1744-1780) forlova med Ragnille Davidsd.
Stadsnes, brukar Remvik. Sivert døydde i Remvika,
kun 36 år gamal.
e) Anne (dp.1747-1768).
Sonen Ingebrigt Jensson Emblem(9) (dp.1736-1791) gifta seg 1766, med Birte Olsdotter Øye(1) (dp.1745-1803), frå Skodje. Dei tok over halve bruket i 1766, og dreiv fram til 1788. Ingebrigt tok aldri over bygsel på den andre halvparten frå faren. Bruket vart samla igjen først i 1788.
a) Anne Karen (dp.1767-1790) var ugift.
b) Iver-Andreas (1771-1825) tok over bruket.
c) Lisbet (dp.1773) gifta seg i 1799 med Knut
Knudts. Grimstad(1), brukar Ratvik 1799- 1802,
halve Olsvik(1) 1802-1804, og til slutt Nordigaard,
i Ålesund. Han døydde der.
d) Ane (dp.1778) var kanskje tenar, Ytre Hatlen 1801,
og tenar Auregarden, Emblem(9) i 1803.
Sonen Iver-Andreas Ingebrigtson Emblem(9) (1771-1825) tok over heile bruket 1788, og dreiv fram t il 1807. Han gifta seg i 1793 med pige Eli Olsdotter Fauske (f.ca.1755). Det skal ha vore Iver, som fann eit skrin med sølv i ei røys på Ystebøen. I følge ei muntleg overlevering, tok han skrinet med til Bergen, utan att det vart så mykje finnerlønn. Oldebornet, 713 Lars Knudson Emblemsvåg(1), fortalde at det var ei oval trekiste, også kalla «bombe med tønneband», om lag 22 tommar brei, med anten pengar eller sølvsaker i. Det hadde vore armod på garden tidlegare, men så vart der ei brå endring til det betre. Faren til Lars var sikker i si sak, og tok vare på kista, på gardsbruket sitt i
Emblemsvågen.
a) Carolus (dp.1794-1794) døydde halvt år gamal.
b) Ingebrigt Carolus (dp.1796-1866) gifta seg i 1834
med Karen Knutsd. Emblemsvåg(1), brukar i knut-
garden, Emblemsvåg(1).
c) Bernt Andreas (dp.1800-1866) gifta seg først i
1827 med enka i Ebbegarden, Ivarina Pedersd.
Lille Nørve(4), brukar Ebbegarden, Emblem(8).
Han gifte seg på ny i 1849 med enka Ragnhild
Caroline Andersd. Dragsund, frå Herøy. Ho var
tidlegare gift i Olevågen, Eikenosvåg(2). Han flytta
som enkemann til Ålesund kring 1865, og døydde der.
Ole Eliasen Årset (ca.1772-1850) vart fødd i Ulstein prestegjeld. Han gifta seg 1808 med Marte Olsdotter Holen(3?) (ca.1778-1847), opphaveleg fødd Vågnes. Dei dreiv bruket frå 1807 til 1839.
a) Henning Christopher ( dp.1811-1813) døydde
2 år og 6 veker gamal.
b) (Henninge) Thomasine Christine ( 1815- 1900)
tok over bruket.
Svigersonen Lars Martinus Knutson Giskeøygard(3) (1814-1863) gifta seg 1839, med (Henninge) Thomasine Christine Olsdotter Emblem(9) (1815-1900). Han var kausjonist for Johan Gunderson Vik i Høla, Akslen(4). Johan klarte ikkje å betale for seg, så då vart Lars eigar i Høla også. Han fekk skøyte på garden der 1848. 1856 kjøpte Lars Auregarden frå Knut Knutsen Giskeødegard, og vart første sjølveigaren på bruket. I 1863 hadde Auregarden like stor avling og buskap som Ystebøen, Emblem(5).
a) Olave Marie (1840-1892) gifta seg i 1863 med
Sevrin Edvard Ols. Kolvik(3), brukar Kolvik(3)
Ålesund. 1900 var sonen, Knud Leonhard, pleieson
på kårbruket Myrane, Emblem(13).
b) Karen Helene (1842-1927) tok over bruket.
c) Knut Olaus (1845-1845) døydde 4 veker gamal.
Heimedøypt.
d) Knut Olaus (1846-1909) var ugift lærar på Åse,
og den andre organisten i Borgund kyrkje. Han
flytta etterkvart heim til Emblem og eigde Skorene der.
e) Charlotte Marie Severine ( f.1850) gifta seg i 1882
med Iver Elias Voldsdal(1), brukar Voldsdal(1).
f) (Lisa) Lovise Thomassine. ( 1854-1936) gifta seg i
1879 med Knut Laurits Hans. Akslen(1), brukar Øvste-
Aksla, Akslen(1). Ho fekk 1876 dottera Laura Charlotte
Petrine med dreng Johan Bærent Nils. Giske(7)). Laura
gifta seg i 1907 med Hagbart Olaf Kristoffersen. Dei
vart foreldre til Thomas Kristofersen, som vart bestyrar
på Akslabuda seinare. Han var også bussjåfør for
Emblemsruta,
g) Ole Martinus Nikolai ( 1858-1952) tok over bruket
seinare.
Dottera Karen Helene Larsdotter Emblem(9) (1842-1927) gifta seg 1869, med Tomas Karolus Clausson Magerholm(1) (1846-1907). Dei dreiv Auregarden til 1892, og fekk delt frå Myrane, Emblem(13), som kårbruk. Sjå meir om brukar lenger bak i denne boka. Dei fekk ingen born.
Broren Ole Martinus Nikolai Larsson Emblem(9) (1858-1952) tok over garden i 1892. Han gifta seg 1886 med Martha Eline Eliasdotter Giskeøygard(2) (1863-1948). Dei dreiv bruket til 1936. Ole kjøpte også Negarden i 1928, frå banken, på vegne av si eldste dotter, Thea, og svigersonen Martinus.
a) Thea Hansine Karoline ( 1886-1979) gifta seg
i 1917 med Martinus Jakobus Knuds. Emblem(6+7).
Dei tok over Negarden, Emblem(1) i 1928.
b) Petrine Karoline (1887-1972) var ugift, busett
i Ålesund. Ho budde på Skorene med Oline, når ho
tidvis vitja heimbygda. Kalla seg Petra i alle år. Ho er
gravlagd saman med foreldra.
c) Oline Birgitte (1890-1976) gifta seg i 1920 med
Karl Oluf Ingvald Ivers. Nedregotten(2). Dei b usette
seg på plassebruket Skorene, Emblem(10), under
farsgarden Auregarden, Emblem(9).
d) Laura (1894-1927) gifta seg i 1918 med Lars
Thomas Hanss. Akslen(2), busett som brukar på
Myrane, Emblem(13), som var kårbruket til
Auregarden. Han gifta seg opp att, kjøpte «Gjerdet», Østremsreiten( 3), og vart brukar der. Sjå meir om
dei i tekstane om Myrane, Emblem(13) og Gjerdet, Østremsreiten(3).
e) Lars Kornelius (1897-1952) tok over bruket.
f) Oskar Emil (1902-1995) gifta seg i 1931 med
Lovise Karoline Jakobsd. Akslen, frå Stigeplassen, Østremsreiten(2). Han var disponent for «Emblems-
bygda Billag», og seinare brukar på både Skorne,
Emblem(10), og på Myrane, Emblem(13), begge
bruka vart skilde ut frå Auregarden.
Sonen Lars Kornelius Olson Emblem(9) (1897-1952) gifta seg med Karoline «Aure-Lina» Olea Larsdotter Emblemsvåg(1) (1904-2000), og tok over bruket 1936. Han dreiv garden heilt til han døydde, som følge av ei ulukke i 1952. Lina sat i uskifta bu til 1963. Ho overlot bruket til sonen.
a) Ola Martin (f.1929) gifta seg i 1962 med
Inger Johanne Stamnes frå Strinda. Dei bygde
eige hus ved bruket. Han var lensmann i Borgund
og Sula.
b) Leif Karsten (f.1930) gifta seg i 1953 med Hjørdis
Johanne Grytten. dei bygde hus på bruket.
c) Leon Aksel (f.1932) tok over bruket .
d) Magnhild (1936-2012) gifta seg i 1958 med
Knut Johan Møgster. Dei bygde hus på bruket.
Han var havneinspektør i Ålesund.
e) Astrid Marie (f.1938) gifta seg i 1961 med
Magne Berge, Eidsdal, busett i Sykkylven. Ho fekk
også eiga tomt frå farsgarden, slik som søskena sine.
Sonen Leon Aksel Emblem(9) (f.1932) tok over bruket 1963, og gifta seg 1959 med Kari Kvamme (1931-2010), frå Kvamsøya, Sande. Han arbeidde som lastebilsjåfør i Borgund kommune, attåt gardsdrifta, som så manga andre av gardbrukarane i bygda. Han utmerka seg i barne- og ungdomsarbeidet, med ansvar for mellom anna søndagskulen på Emblem, saman med Karl Flydal, etter eit år på bibelskule. Leon starta også opp tilbodet for dei eldre borna med «Gutelaget Morgonrauden». Han har vore med i Emblem Kristlege Mannskor frå starten og er kjend som ein dyktig løfsebakar.
a) Lars Kjetil (f.1960) tok over bruket.
b) Per Kåre (f.1962) gifta seg i 2000 med
Silveria (Lonie) Alqueza Secares, busett i
Grindvika på Skodje.
c) Dagfinn Asbjørn (f.1967) gifta seg i 1998 med
Jorunn Helen Emdal frå Stranda, busett på Emblem.
Sonen Lars Kjetil Emblem(9) (f.1960) er gift med Elisabet Rasmussen, (f.1963) frå Volda. Dei tok over Auregarden i 1997, ved sidan av arbeidet for «Norsk Luthersk Misjonsamband». Han er forkynnar, og ho har mellom anna vore barne- og ungdomsarbeidar i NLM. Elisabeth er no kontorarbeidar.
a) Daniel Bemar (f.1998) går på bibelskule i Tromsø.
b) Andreas Joshua (f.1999) er busett Emblem.
Nyeste kommentarer
09.11 | 16:49
Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, ut...
24.10 | 16:33
Hei alle sammen! Dette var en svært interresant oppdagelse all den...
13.08 | 10:14
Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr...
23.04 | 08:09
Emblemsbygda.com er eit idealistisk prosjekt skapt på dugnad. Tid avsett til
å oppdatere tekstar vil derfor variere ein del. Førebels har bokprosjekta våre
fått høgare prioritet på grunn av tidsnaud når det gjeld innsamlingsarbeid av
viktig kjeldemateriale. Har du tilbakemeldingar, tips, korrigeringar eller lyst til
å delta med eigne historiske tekstar?
Ta gjerne kontakt med oss på følgande måte:
E-post sendast til: sveostrem@hotmail.com