BNR. 1 NEGARDEN

lillian nedrelid 02.01.2015 08:22

Marit Emblem Flem sier etter sin mor at det er min oldefar Lars som står ved den porten ? .Sammenlign min farfar Fredrik på mitt dåpsbilde ,se om der kan være e

Jarle Øyen 01.01.2015 20:47

Eldste barn til Thea og Martinus er Aslaug Kristine Emblem, gift Øyen. Fødd 04.04.1918, død 1999

Svein Ove Østrem 01.01.2015 22:23

Takk skal du ha, Jarle! Jeg er enda litt bakpå der. Jobber fremdeles med Fredriks barn. Satser på å få sendt ut familieskjema i løpet av året.

Unni Nærø Orten 06.12.2012 04:41

Kjekkt å lese om Emblemsbygda.Da min mor er datter av Anton Lorents Emblem.

Unni Elin Nærø Orten 19.10.2013 13:15

Nei beklager det har jeg ikke.Hjemme i mitt barndom henger et bilde av Anton min bestefar.Det er et bilde da han var i Garden.Flott mann må jeg si.

Svein Ove 06.12.2012 13:24

Hyggelig å høre. Har du tilfeldigvis bilete av Anton som du kan tenke deg å dele med andre så er det berre å ta kontakt. Adressen min er: sveostrem@hotmail.com

Kanskje det eldste fotografiet av ein frå bygda. Dette er Ole Olsen Kaldhusdal Emblem (1790-1866). Bildet er lånt ut av Fredrik Emblem
Kanskje det eldste fotografiet av ein frå bygda. Dette er Ole Olsen Kaldhusdal Emblem (1790-1866). Bildet er lånt ut av Fredrik Emblem
Negarden. Hovudhuset og del av gamleløa med Røssevollen i bakgrunnen. Orginalbiletet tilhøyrer Trond Emblem
Negarden. Hovudhuset og del av gamleløa med Røssevollen i bakgrunnen. Orginalbiletet tilhøyrer Trond Emblem
Fredrik L Emblem og kone nr 2, Lovise f.Hovden. Biletet er delt av Isabella Emblem Kjerstad
Fredrik L Emblem og kone nr 2, Lovise f.Hovden. Biletet er delt av Isabella Emblem Kjerstad
Fredrik Larsen Emblem (1662-1938). Eg har fått to ulike opplysningar om dette biletet. Det eine er at han var på besøk hos slekt i Santa Fe på sine gamle dagar, medan det andre tipset gjekk ut på at biletet vart teke i Negarden. Eg vil tru at det siste kan stemme best. Eg har likevel vald å la det andre tipse få stå litt til for sikkerheits skyld.
Fredrik Larsen Emblem (1662-1938). Eg har fått to ulike opplysningar om dette biletet. Det eine er at han var på besøk hos slekt i Santa Fe på sine gamle dagar, medan det andre tipset gjekk ut på at biletet vart teke i Negarden. Eg vil tru at det siste kan stemme best. Eg har likevel vald å la det andre tipse få stå litt til for sikkerheits skyld.
Dette ser ut til å være frå frukthagen på Elvarum, med Rotanakken i bakgrunnen. Det kan vere ei markering. Lars Olsen Emblem (1945-1938) sit fremst saman med ektemaken Severine Knutsd. Roald (1836-1916). Bak f.v.: ukjend, kaptein Andreas Emblem?, søster til Lars?, sonen Fredrik Larson Emblem, kona Lovise (F. Hovden) Emblem og Oline Vegsund som er dotter til Lars og Severine. biletkopien tilhøyrer Lillian Nedrelid.
Dette ser ut til å være frå frukthagen på Elvarum, med Rotanakken i bakgrunnen. Det kan vere ei markering. Lars Olsen Emblem (1945-1938) sit fremst saman med ektemaken Severine Knutsd. Roald (1836-1916). Bak f.v.: ukjend, kaptein Andreas Emblem?, søster til Lars?, sonen Fredrik Larson Emblem, kona Lovise (F. Hovden) Emblem og Oline Vegsund som er dotter til Lars og Severine. biletkopien tilhøyrer Lillian Nedrelid.
Kjøpmann Lars Olsen Emblem på Elvarum og kona Sevrine sit lengst til venstre, medan sonen Fredrik Emblem og kona Lovise sit lenger til høgre Den vesle guten er "Hatlebakk-Lars", men kva heiter dei andre borna? FOTO: Steinkopf-Wold ca. 1910
Kjøpmann Lars Olsen Emblem på Elvarum og kona Sevrine sit lengst til venstre, medan sonen Fredrik Emblem og kona Lovise sit lenger til høgre Den vesle guten er "Hatlebakk-Lars", men kva heiter dei andre borna? FOTO: Steinkopf-Wold ca. 1910
F.v. brødrene Olav, Lorentz og Fridtjof Emblem fotografert i frukthagen til bestefaren Lars på Elvarum. Eldstemann, Olav, vart fødd i 1910 medan Fridtjof, som var yngst vart fødd i 1913. Han kan ha vore omlag 4-5 år på dette biletet, så då kan året ha vore 1917 eller 1918. Fotografen er ukjend enno, og der står ein  utanfor høgre biletkant som ungane ser på. Det er mogeleg at i alle fall ein av desse er faren Fredrik Larsen Emblem i Negarden. Det er i alle fall han som har skreve namna bakpå orginalbiletet. Orginalen tilhøyrer Gunvor og Per Almar Steinnes.
F.v. brødrene Olav, Lorentz og Fridtjof Emblem fotografert i frukthagen til bestefaren Lars på Elvarum. Eldstemann, Olav, vart fødd i 1910 medan Fridtjof, som var yngst vart fødd i 1913. Han kan ha vore omlag 4-5 år på dette biletet, så då kan året ha vore 1917 eller 1918. Fotografen er ukjend enno, og der står ein utanfor høgre biletkant som ungane ser på. Det er mogeleg at i alle fall ein av desse er faren Fredrik Larsen Emblem i Negarden. Det er i alle fall han som har skreve namna bakpå orginalbiletet. Orginalen tilhøyrer Gunvor og Per Almar Steinnes.
Fredrik Larsen Emblem (1862-1938) held to av sønene sin i armane. det er truleg lorentz Emblem lengst til høgre og Fridtjof.Eg vil tru at dette biletet også er tatt i frukthagen på Elvarum, og her kan det vere Bestefaren, Lars, som er fotografen dersom han hadde fotoapparat. Årstalet kan vere 1917 eller 1918.  Biletet er utlånt av Lillian Nedrelid.
Fredrik Larsen Emblem (1862-1938) held to av sønene sin i armane. det er truleg lorentz Emblem lengst til høgre og Fridtjof.Eg vil tru at dette biletet også er tatt i frukthagen på Elvarum, og her kan det vere Bestefaren, Lars, som er fotografen dersom han hadde fotoapparat. Årstalet kan vere 1917 eller 1918. Biletet er utlånt av Lillian Nedrelid.
Olav, Lorentz og Fritdjof Emblem, ca 1917-18, borna til  Fredrik Larsen Emblem og Louise Emblem. Dette er ein kopi av eit av dei føregåande bileta i dette albumet frå frukthagen på Elvarum.Biletet er utlånt av Eli-Anne skaug.jpg
Olav, Lorentz og Fritdjof Emblem, ca 1917-18, borna til Fredrik Larsen Emblem og Louise Emblem. Dette er ein kopi av eit av dei føregåande bileta i dette albumet frå frukthagen på Elvarum.Biletet er utlånt av Eli-Anne skaug.jpg
Anna Marie, født Hundeide, gift Emblem. Dette er konfirmasjonsbildet fra ca 1921
Biletet tilhøyrer Eli-Anne Skaug
Anna Marie, født Hundeide, gift Emblem. Dette er konfirmasjonsbildet fra ca 1921 Biletet tilhøyrer Eli-Anne Skaug
Martinus Knudsen Emblem og Thea Emblem. Ho var frå "Øvregarden" eller Auregarden og han frå Steffågarden. Truleg er dette forlovelsesbilete. Dei gifte seg 24.6.1917 og kjøpte Negarden i 1936
Martinus Knudsen Emblem og Thea Emblem. Ho var frå "Øvregarden" eller Auregarden og han frå Steffågarden. Truleg er dette forlovelsesbilete. Dei gifte seg 24.6.1917 og kjøpte Negarden i 1936
Thea Emblem er truleg fotografert saman med   Aslaug Kristine Emblem, (seinare gift Øyen). Ho var født 4. april 1918.
Takk til Magnar Øyen som gav tips om kven barnet var. Fotografen er førebels ukjend, men det er truleg ein profesjonell fotograf.
Thea Emblem er truleg fotografert saman med Aslaug Kristine Emblem, (seinare gift Øyen). Ho var født 4. april 1918. Takk til Magnar Øyen som gav tips om kven barnet var. Fotografen er førebels ukjend, men det er truleg ein profesjonell fotograf.
Dåpsbilete frå Negarden. dåpsbornet er Lillian Nedrelid. F.v.: Maria Myrstad (f. Tuen?), Peder Myrstad frå Spjelkavika, (som starta filial på Korshaugen på Emblem. S-laget overtok varebehaldning og drifta i 1946). Anna (f. Hundeide) som kom til bygda som butikkbestyrar og gifte seg med Lorentz Emblem. Lengst til høgre står besteforeldra Lovise og Fredrik Emblem. Biletet er lånt ut av Lillian Nedrelid
Dåpsbilete frå Negarden. dåpsbornet er Lillian Nedrelid. F.v.: Maria Myrstad (f. Tuen?), Peder Myrstad frå Spjelkavika, (som starta filial på Korshaugen på Emblem. S-laget overtok varebehaldning og drifta i 1946). Anna (f. Hundeide) som kom til bygda som butikkbestyrar og gifte seg med Lorentz Emblem. Lengst til høgre står besteforeldra Lovise og Fredrik Emblem. Biletet er lånt ut av Lillian Nedrelid
Bryllaupsbiletet til Martinus Knudsen Emblem og Thea Emblem. Ho var frå "Øvregarden" eller Auregarden og han frå Steffågarden. Dei gifte seg 24.6.1917 og faren til Thea kjøpte Negarden åt dei i 1936
Biletet er utlånt av Roar Emblem
Bryllaupsbiletet til Martinus Knudsen Emblem og Thea Emblem. Ho var frå "Øvregarden" eller Auregarden og han frå Steffågarden. Dei gifte seg 24.6.1917 og faren til Thea kjøpte Negarden åt dei i 1936 Biletet er utlånt av Roar Emblem
Oline Vegsund (f. 1868) vaks opp i Negarden. Faren Lars Karolus Olsen Emblem(1) (1844-1925) dreiv farsbruket der ei tid, før han tok hyre til sjøs og overlet garden til sonen Fredrik Andreas (1863-1938). Dette var bror til Oline. Ho gifte seg med Knud Peder Lauritz Carls. Vegsund i 1893. Dei busette seg på Tunheim, Vegsund bnr. 8 to år før faren. Lars kom heim frå sjøen og fekk frådelt Elverum som småbruk (og butikk frå ca. 1900). Biletet tilhøyrer 
Fylkesfotoarkivet, (arkivnr.: FAKf-100187.147522)
Oline Vegsund (f. 1868) vaks opp i Negarden. Faren Lars Karolus Olsen Emblem(1) (1844-1925) dreiv farsbruket der ei tid, før han tok hyre til sjøs og overlet garden til sonen Fredrik Andreas (1863-1938). Dette var bror til Oline. Ho gifte seg med Knud Peder Lauritz Carls. Vegsund i 1893. Dei busette seg på Tunheim, Vegsund bnr. 8 to år før faren. Lars kom heim frå sjøen og fekk frådelt Elverum som småbruk (og butikk frå ca. 1900). Biletet tilhøyrer Fylkesfotoarkivet, (arkivnr.: FAKf-100187.147522)
Klara Elisa Josefine Fredriksd. Emblem (f.31/1-1896) gift 1935 med Paulus Theodor Larsen Hatlebø(2) (1898-1961), brukar på Rødsethatlen
Klara Elisa Josefine Fredriksd. Emblem (f.31/1-1896) gift 1935 med Paulus Theodor Larsen Hatlebø(2) (1898-1961), brukar på Rødsethatlen
F.v.: Fridtjof Emblem og naboen Petrus Magerholm. Utklippet er delt av Per Almar Steinnes
F.v.: Fridtjof Emblem og naboen Petrus Magerholm. Utklippet er delt av Per Almar Steinnes
Fritjof spelar opp. Broren Lorentz F. Emblem er visst der han og. Kan det vere frå vedarbeid på Sundalsøra? biletet tilhøyrer Eli-Anne Skaug
Fritjof spelar opp. Broren Lorentz F. Emblem er visst der han og. Kan det vere frå vedarbeid på Sundalsøra? biletet tilhøyrer Eli-Anne Skaug
begravelsen til Anton Lorentz Emblem  ved Harøy kirke. Anton var eldste son til Fredrik og Lovise Emblem. Biletet er delt av Eli-Anne Skaug
begravelsen til Anton Lorentz Emblem ved Harøy kirke. Anton var eldste son til Fredrik og Lovise Emblem. Biletet er delt av Eli-Anne Skaug
Lorentz F. Emblem på selfangst. Biletet er delt av Eli-Anne Skaug
Lorentz F. Emblem på selfangst. Biletet er delt av Eli-Anne Skaug
Borna til Fredrik Emblem i 1910 f.v.: Olga (f.1899), stedotter Olivia Larsdatter (f.1895) og Laura (f.1903).
Borna til Fredrik Emblem i 1910 f.v.: Olga (f.1899), stedotter Olivia Larsdatter (f.1895) og Laura (f.1903).
Frå Lillian Nedrelid sin barnedåp f.v: Marie Myrstad fødd Tuen og tanta til Lillian, Ragna Hundeide Jacobsen.
Frå Lillian Nedrelid sin barnedåp f.v: Marie Myrstad fødd Tuen og tanta til Lillian, Ragna Hundeide Jacobsen.
barnedåpen til Lillian Nedrelid Det er mora Anna Hundeide g. Emblem som held. Bildeeigaren er Tor Nedregotten
barnedåpen til Lillian Nedrelid Det er mora Anna Hundeide g. Emblem som held. Bildeeigaren er Tor Nedregotten

Emblemsbygda har ei lang og rik historie. Emblem er eit heim-namn som er mellom dei eldste i landet vårt. Arkeologiske funn syner at garden har vorte rydda før vikingtid. I Skylehammaren rett vest er det funne rike kulturlag, der dei yngste stammar frå folkevandringstida. Mykje tydar difor på at der kan ha vore busetning, eller i alle fall menneske på Emblem allereie i steinalderen. Funn frå Hamnevika på Flisneset bygger også under ein påstand om dette, sjølv om dei første «emblemarane» neppe var bufaste i dagens forstand. Bergen Museum har registrert funn frå området mellom Magerholm og Flisneset som kan vere kring 7000 år gamle. Når den første familien slo seg ned for godt er det elles vanskeleg å fastslå. Særs lite har eigentleg vorte undersøkt eller gravd ut. Årsaka til dette er truleg at store delar av garden Emblem enno er ubebygd jordbruksland. Det er først og fremst gamle heimeutmarkstykke som har vorte omregulert til boligformål. I tillegg har ei rekkje gravrøyser vorte fjerna av ukundige hender for over hundre år sidan.. Der finst følgeleg meir enn ei historie om funn av jarnslegne bomber med skattar i. Andre fortel om gardar og armod der slikt brått tok slutt.

Der var bufaste familiar Emblem i alle fall i bronsealderen. Ei rekkje av dei flottaste gravrøysene i området er nemleg frå denne tida. Det kan verka som om Emblem, og særleg Flisneset kan ha vore eit mogeleg maktsentrum på den tida all ferdsla gjekk på Fjorden. Dette må ha vore før 1000-talet når nabogrenda Blindheim kom meir fram i lyset. Frå Emblem og Flisneset er det vidt utsyn og fleire fjordar som møttest. Dette same møtet førte dessutan til at Flisfjorden var eit uberekneleg fjordstykke med fjordstrømmar og vindkuler som har kosta mange menneske livet opp gjennom hundreåra. Den som då hadde kontroll på nødhamnene, dei hadde nok også ein brukbar posisjon i lokalsamfunnet. Gamle sagn fortel at Emblemsgarden, som Negarden er del av, var den første i bygda. Seinare namneforskning på dei noverande gardsnamna i området kan også støtte opp om ein slik påstand.

Den første kjende brukaren

Den første tida var Emblem kanskje berre ein gard, men det er like mogeleg at der kan ha vore to familiar også. Det vert også hevda at Østrem kan ha vorte skild ut frå denne gamle storgarden før folkevandringstida ein gong, men det finst naturleg nok ingen skriftelge kjelder som kan støtte opp om denne påstanden frå namnegranskarane utover gamle sagn og fortellingar. Det som ein i alle fall veit er at Emblemsvågen, med heile 7 gravhaugar i si tid, var ein del av denne storgarden, Emblem. Den aller første brukaren me veit namnet på heitte Berdor Hedinson og fødd ca. 1220. Han var gift med Margaretha Jonsdotter Ake, som truleg kom frå frå Urke. Han vert òg omtala som «Bardor på Emblem» i andre kjelder. Han skal ha vore soneson til Gudøy-ætlingen Karl på Straumsheim (Godøya) og «Gudrid i Giske». Det er grunn til å tru at han også vaks opp på Straumsheim i dagens Sykkylven Kommune. Han kunne også rekne ætta si attende til Møre- og Orknøy-jarlane, og kanskje den første Ladejarlen også. Berdor var med andre ord av god ætt og truleg også ein velhalden mann. Det er mogeleg at dei gamle fortellingane om ein Kongsgard på Ystebøen kan sporast frå nettopp han. Eg har også høyrt fortelling om funn av ei gamal kongekrone, men den er ikkje registrert i noko offentleg register og er truleg knytt til fortellingar kring utgravinga, eller fjerninga av dei gamle gravhaugane i Emblemsvågen ein gong på 1800-talet. Sidan Negarden har bruksnummer 1, så kan Berdor ha vore brukar av det som seinare skulle verte Negarden og Ystebøen. Men det er like truleg at han åtte heile garden også. Slekta hans brukte mykje ressursar på å få tak på gamalt adelsgods. Seinare finn ein også at Margretha frå Urke si etterslekt, Rosenkrantz-ætta fekk eigedomsrett til heile Emblem. Dette skal eg kome attende til.

Eigarane i Negarden

Sjølv om Emblem må ha vore ein storgard, så var det lite sølveige å finne ei dei skriftlege kjeldene etter 1400-talet. Frå den tidligare nemnde Berdor si tid, så var det vanleg å samla gardane til større gods-einingar. Det er mogeleg at garden vart gjeven i arv, men på eit tidspunkt vart også Erkebiskopen i Nidaros interessert i bruket. Det kan være fleire grunnar til det. Enten har delar av garden vorte kjøpt opp, eller så har den vorte gjeven i gåve i byte mot visse kirkelege handlingar. Då var det særleg frelse eller enklare veg til himmelen som det var mogeleg å kjøpa seg. Kva som er rettast i dette tilfellet er enno usikkert. I Aslak Bolt si jordebok frå omlag 1440 finn ein i alle fall at Erkebispestolen åtte ein gardpart i Emblem verdsett til 3 1/2 Matabol. Den vart bygsla vekk mot ei årleg leige på 1 laup smør (ca. 15,4 kg). Erkebispesetet heldt på denne eigeluten fram til erkebispegodset vart lagt under danskekongen. I løpet av desse åra hadde denne eigedelen vorte redusert og seld til andre. Bygdebokforfattar Ragnar Øverlid sette fram påstanden om at det truleg var private hender som overtok. I 1648 er Margrethe-Prebendet ein storeigar på Emblem. Deretter fekk Statthaldaren Hannibal Sehested i 1649 kontrollen over det gamle kyrkjegodset. Frå denne tida vart Emblemsgardane ei lett omsetteleg «vare». 1660 var det Giske-gods, 1680 i amtmann Liljenskjold, så del av Hans Christian Sæd sine eigedommar, før amtmann Hagerup kjøpte garden i 1751. Andre deleigarar var Rosenkrantz-familien (1624) , Borgarmeister Rasmus Larsen i Bergen (1646), Henning Hansen på Giske, Borgundpresten Kristoffer Hjermann, Rasmus Smit på Giske og familien Castberg. I 1790 fekk handelsmann J. A. Heide eigedomsretten til heile Emblem ved arv. Då han døydde i 1809 kjøpte sonen Arent. N. Heide og svigersonen Knut Danholm i Kristiansund kvar sin halvpart som slekta seinare selde til brukarane. Danholm var den som kjøpte Negarden og bygsla den til brukarane. I 1834 hadde dottera Maren Bruun arva denne garden. Det var ho som selde garden til den første sjølveigaren på garden. Dette skal eg kome attende til.

Brukarane i Negarden

Berdor på Emblem er allereie nemnd, men det var først frå 1603 at det er lettare å få ei oversikt over brukarane på garden. På 1600-talet var Negarden og Ystebøen eit bruk som var dobbelt så stort som dei på denne tida 4 andre bruka. På eit tidspunkt vart garden Emblem delt først i to, og deretter har det eine bruket vorte til 4 enno mindre bruk. Noko kan ha vore delt av familiære årsaker, men mest truleg var det snakk om oppdeling i eigelutar hos eigarane som var årsaka. Det var trass alt enklare å frådele sin eigedom framfor å skulle samarbeide med dei andre deleigarane.

Dei første brukarane/leigetakarane veit me stort sett berre namnet på. Dette var ein Lars. Han hadde bygsel på Negarden i 1603-1606 i alle fall. Oluff (1606-1611) vart den neste. Om Sivert (1614-1623) veit me meir. Han overtok saga til Rasmus i Auregarden. Då var kanskje det meste av skogen vekke på det bruket, og følgeleg var nok lommeboka til eigarane temmeleg velfyllt. Skottar og hollendarar hadde trassa forbudet mot direkte kjøp av tømmer utanfor kjøpstadane og sende skute på skute til Sunnmøre heilt til det knapt var eit tre attende i bygda vår. Ein slik grovhogst var det neppe brukarane sjølve som tok initiativet til. Kanskje står der framleis hus i Amsterdam på pålar av tre frå Emblem. Byggematrialane som vart nytta til å gjennoppbygge London etter bybrannane der, er nok burte for lengst. Siver i Negarden hadde truleg meir skog å ta av enn Rasmus. Han skatta i alle fall for 15 tylfter skorne bord enno nokre år. Ei tylft tilsvarar 12 heile stokkar (tre). Siver skatta med andre ord for hogging og bearbeiding av 180 tre per år.

Etter Siver var det Peder Pålsen som dreiv garden frå 1623 til omlag 1660. Like før han tok kår hadde han 10 kyr, hest og ukse. Dette var med andre ord ein brukbart stor gard på den tida. Den neste brukaren var Ole Pålsen (f. ca. 1620), som kan ha vore ein yngre bror av Peder. Ole ga seg i 1687 og var den siste som dreiv Ystebøen og Negarden som eit samla bruk heile tida. Emblemsgardane var då samla i eit større klengetun på 5 gardar. «Negard»-namnet kan ha vore frå denne tida, der dei nyare bruka vart bygde ovanfor dette gamle hovudbruket. Auregarden kan soleis ha kome av at det var det «Øvre» bruket, men det kan også ha samanheng med utskiftingsprosessane der husa vart liggande øvst, forutsett at det ikkje alltid har lege der det ligg no. Eg vil tru at den beste forklaringa er at Auregarden var øvst i klengetunet og Negarden nest.Ystebøen er i allefall eit nyare namn som vitnar om den tida det vart frådelt Negarden og flytta lengre vest og opp i lia til dei gamle gards-gravene.

Negarden vert delt

Didrik Villumsen (ca. 1662-1718) kom til bygda og gifte seg med Anne Pålsdotter Emblem, som var dottera til den tidlegare eigaren, Ole, og dermed kanskje niesa til den tidlegare brukaren, Peder. Dei fekk minst 6 born. Den eldste som levde opp var Peder Didrikson (1698-1768). han vart den neste brukaren på garden. Dei andre borna var Ole (f. 1699), Elen (f. 1702) Desse veit eg ikkje kva dei vart av, men den neste i ungeflokken, Anne Didriksdotter Emblem (1703-1767) finn ein att som gardkjerring på bruksnummer 2, Johangarden på Valle. Ho gifta seg der i 1742. Sonen Jørgen tok over dette bruket. Den siste som eg med sikkerheit kan knytte til Negarden er Jens (1706-1755). Han tok over den delen av farsgarden som fekk namnet Ystebøen. Det er også mogeleg at der var ein bror til som vart fødd i 1708 og heitte Jens han også, men dette er enno ubekrefta.

Sonen Peder Didriksen (1698-1768) var altså den som fekk bygsle halve farsbruket. Han fekk bygselspapira i 1714 og gifte seg først med Ingeborg Pedersdotter Glomset frå Nilsgarden, bruksnr. 2 på Glomset. Ingeborg vart berre omlag 30 år og døydde i 1729. Då hadde dei 2 born. Det var Didrik (1723-1788) som var oppatkalla etter farfaren og flytte ut på Hanken. Annike (1725-1785) var den yngste i borneflokken. Det var ho som tok over i Negarden. Det er mogeleg at dei hadde ei syster som heitte Birte som vart fødd på nyttårsaftan, det same året som Annike, men det er enno ikkje bekrefta. Peder gifte seg om att med Synnøve Larsdotter (ca. 1705-1777). Med henne fekk han borna Ingeborg (1733), Ole (f. 1736), Sissel (f. 1742) og Lars (f. 1746-1778). Sistnevnte gifte seg med Janiche Jonsdotter Aarsnes (1743-1823) frå Indre Aarsnes i Hjørundfjorden. Storesøstera, Ingeborg, gifte seg til bruk nummer to på Rødset.

Annike Pedersdotter Emblem vart dermed den tredje generasjonen frå samme familie på garden. Ho gifte seg med Lars Olsen Vatne (1725-1765) Dei var like gamle og tok over bruket i 1753 Eg har funne tre born etter Lars, men ingen av desse tok over garden. Ole (f. 4.1.1756) var truleg eldst. Deretter kom Ingeborg (f. 1759) og Ingeborg (f. 1760). Lars og Annike fekk berre 12 år ilag, men dei dreiv garden godt. I skiftebuet frå 1765 var det 152 Riksdalar og berre 17 i gjeld. Dei hadde hest, 6 kyr og ein del småfé attåt. Dei åtte også part i ein seksring og nytt naust hadde kome til. Annike gifte seg om att med Ingebrigt Knutsen Nedregotten (1742-1816) i 1766. Han var då berre 24 år, medan ho var 41 år og nesten dobbelt så gamal. Men skulle gardsdrifta gå rundt så trongdest sterke arbeidshender. Kanskje var Ingebrigt tidlegare dreng på garden? Annike var i alle fall eit godt gifteemne med pengar og ein stor gard. Dei fekk eit born saman. Det var Lisbeth Ingebrigstsdotter Emblem (f. 1773) som busette seg i Ratvika. Då Annike døydde i 1785 gjekk garden ut av familien. Det var no Ingebrigt som vart den rettmessige eigaren etter giftermålet. Han var ikkje ringare enn Annike og gifte seg også med ei som var over 20 år yngre enn seg. Dette var Ellen Nilsdotter Gryta (1760-1809). Han sat framleis godt i det. Sparepengane hadde auka til 175 Riksdaler, men gjelda hadde auka med omlag det samme. I tillegg til hest så hadde dei no 7 kyr, 3 kviger, 7 sauer og 6 geiter. Ny kvern var på plass og no åtte dei heile seksringen samt part i ein åttring attåt. Dei fekk i allefall 9 born, så det var nok meir enn eit fornuftsekteskap dette. Den første dottera heitte Annike (f.1787) og vart truleg ikkje særleg gamal. Den neste heitte nemleg også Annike (f. 1789) På den tida var det vanleg at den neste som vart fødd arva namnet dersom den førre døydde før dåpen. Ho gifte seg med Jens Ols. Tafjord i 1815. Deretter kom Nille Katrine (f. 1790) som tok over garden og gifte seg det same året som søstera, Annike. Brødrene Knut (f. 1792) og Ingebrigt A. (f. 1804) livnærte seg i fleire år som sjøfolk før dei busette seg etterkvart som plassemenn på Bjørset ved Molde kring 1820. Knut gifte seg i 1820 med Giertrud Anne Jonsdotter Kipperstue (f. 1793) Han snakka halvemål og vart difor ført inn som Knut Hemblem i kirkeboka. Ingebrigt vart kaptein og kalla «Sunnmørs-Ingebrigt» i daglegtalen. Han gifte seg med Karen Olsdotter (f. 1805) og dei vart foreldre til Knut Ingebrigtson Bjørset (f. 1821) som skal ha vore den første frå Romsdal Amt som emigrerte til Amerika. (Du kan lesa meir om han her på www.emblemsbygda.com Mellom brørne Knut og Ingebrigt var det enno fleire søsken. Dette var Iver (f. 1794), Ingeborg Catrine (f. 1796), ein med fornamn som eg enno ikkje har klart å tyde enno (gravlagd 11.12.1800), Henninga (1802-1802) som berre vart 11 veker og kanskje ein Knut til i 1893, men den sistnemnde er eg lite sikker på. Det er truleg berre feil registert årstal og den same Knut som tidlegare er nemnd. I 1815-tellinga finn eg også ein Nils Ingebrigtsen som var 7 år. Han vart difor fødd anten i 1807 eller 1808. Faren, Ingebrigt i Negarden rakk å gifte seg ein tredje gong i 1811. Han var då 68 år gamal. Ektemaken, Marie Knusdotter Mork har eg ikkje sikre årstal på enno, men bygdboka oppgjev at ho truleg vart fødd i 1760.

Nille Katrine Ingebrigtsdotter Emblem (f. 1790) vart den andre kvinnlege brukaren som tok over bruket på rad. Ho var gift i 1815 med Ole Olsen Kaldhusdal (ca. 1790-1866). Dei dreiv garden frå 1815-1841. Ole vart den første sjølveigaren og kjøpte bruket 19. juni 1834 for 215 Speciedalar frå enkefru Bruun i Kristiansund. Han hadde tidlegare vore bygselsmann under eigaren Knut Danholm frå 1815. Det er mogeleg at dei fekk 9 born. Ole Elias (1814-1815) kom til verda i ei vanskeleg tid. Han vart berre 5 månadar. Ingebrigt Elias (f. 1815) gifte seg i 1844 med Henriette Marie Fjelde på Hareid. Ole Elias (1818-1896) var den tredje i flokken og den som tok over garden. Den neste Ingebrigt Elias i søskenflokken (f. ca. 1818) gifta seg i 1839 med Anne Henriksdottter Morkve frå Kjerringøy. Eg vil tru at han var anten sjømann eller fiskar ei tid før dette. Klaus Ingebrigt (1820-1907) skulle gifte seg til god stand på Magerholm med enka Olave Marie Jetmundsdotter Hjorthol (1816-1870). Svigerfaren hennar hadde vore en særs velhalden mann med fleire store eigedomar. Garden var åleine taksert til 328 Speciedalar og etter giftermålet i 1845 forsette Klaus å kjøpe opp nabogardane i bygda. Agnete (1824-1824) vart berre 21 veker, medan den neste, Johanne, (f. 1825) gjekk det betre med. Ho gifte seg i 1848 med Peder J. Sandvik i Volda. Den nest yngste heitte Nille Katrine (f. 1827) og gifte seg i 1855 med Arne Nilsen Monge Grytten i Haram. Oline vart yngst, men ho vart desverre aldri meir enn 3 dagar gamal.

Sonen Ole Elias (1818-1896) tok over Negarden etter far sin i 1841 for 50 Speciedalar. Han vart fødd det same året som USA tok i bruk flagget Stars and Stripes og Storbritania sikra seg makta i India. Ein anna stor hending var då dampskipet Savannah som kryssa Atlanteren på kun 26 dagar og bidrog til å korte ned både reisetid og kostnader for seinare generasjonar. Han fekk 5 born med Agnete Ebbesdatter frå Hatlehol (1823-53). Dette var Fredrik Elias (f. 1842), Lars Carolus (f. 1844) som truleg døydde i sitt første leveår, Lars Carolus (1845-1925) som tok over garden, Ole Martinus (f. ca. 1847) som reiste til Durban, og til slutt Ingeborg (1849-1891) som gifte seg i Hansgarden på Flisnes. To av dei seks borna hennar - gutane, Ole og Hans drog til Amerika og busette seg der. Søstra deira, Lena, var og ei tid i USA, men kom attende til Ålesund der søstrene Agnette, Hansine og broren Ingvald budde. Agnete døydde i 1853 etter berre 11 års ekteskap. Ole gifte seg så opptatt med med ei ny Agnete, men denne gongen med etternamnet Kristoffersdatter Sperre (f. 1828). Giftermålet fann stad i 1854, eitt år etter den første kona døydde. Han fekk fekk visst 7 born med si andre kone. Av desse har eg førebels funne bere tre. Det er Andreas Olaus Christopher (f. 1854), Kristie Oline Catharine (f. 1857) og Caroline Nicoline Helene (f. 1859).

Ein skulle tru at Ole Elias hadde nok å gjere som forsørger for til sammen 11 born, men han skøytte derimot frå seg garden i 1862 til sonen, Lars Olsen Emblem for 500 Speciedalar og kårrettar til ein verdi av 148 Speciedalar for 5 år. Det vart også påkrevd at plassemannen Magnus Iversen på Magnusplassen skulle få fortsette å drive humannsplassen sin. På denne tida var Lars ikkje eingong 18 år. Frå kårkontrakta kan ein mellom anna lesa om følgande krav frå Ole Elias og Agnete: 14 kg. Bygg, 10 1/2 kg havre, tre tønner poteter i tillegg til den vanlege retten på stell, brennfamn, husrom, mjølk og moglegheit til å dyrke litt på eiga hand. Ein kan dessutan merka seg at kårbrevet ikkje var av den særleg kravstore eller detaljstyrte sorten.

Bygdeboka fortel at den eine sonen hans, Fredrik, hadde reist over til Amerika i 1860. Lars fortel sjølv at broren reiste til St. Paul og lot seg verve i Nordstatshæren. Dette kan tyde på at Fredrik allereie hadde ein plan om å busette seg der borte. Fleire av dei norske imigrantane deltok nemleg i krigen på begge sider, avhengig av kvar dei hadde busett seg. Fleire nordmenn deltok derfor på sørstatssida, uavhengig av eiga personleg overbevising om at slaveriet burde vore avskaffa. Årsaka til dette kan ha vore at dei følte at dei burde støtte lojalt opp om sin nye heimstad. Den amerikanske borgerkrigen var over i 1865 og Fredrik døde like etter krigen. Eg veit enno ikkje kva Ole tok seg til etter at han overlot Nergarden til sonen. Det einaste eg veit er at han drog til Amerika for "å få rede på hvordan det var gåt til med sønnen og hans efterladenskaber". Det kan verke litt rart at Ole selde Nergarden som var eit temmeleg stort gardsbruk med nærmare 200 mål innmark, og då er ikkje dei vel så viktige utmarksbeitene tatt med. Dette var i ei tid før bøndene gjekk over fråsjølvbergings-jorbruk der markane var små og steinfyllde og store utflata marker berekna på einsidig kjøt- og mjølkeproduksjon for sal var eit ukjend kapittel. Det var berre garden Nørve og Magerholm som var større enn Negarden. 11 born er temmeleg mykje sjølv om dei eldste borna frå første ekteskap var gamle nok til å klare seg på eigenhand. Han var framleis far til sju born som vart fødde etter giftermålet i 1854, noko som tyder at den eldste i denne ungeflokken ikkje kunne vere meir enn 7 år i 1862.

Frå skriftleg materiale etter Hans Larsson Flisnes får eg opplyst at Ole drog til Philadelphia, der han kjøpte jordeigedom og eigde ein skofabrikk. Kona, Agnete, nekta å reise til Amerika. Den same kjelda opplyser at "den eine sonen kom over". Det kan oppfattast som om sonen Fredrik kom etter faren. Borgundboka gjev motsatt opplysning. Det kan bety at ikkje alle opplysningane i kjeldetekstane stemmer heilt. Det er lite truleg at Ole var "over there" dei næraste åra før sonen kom i 1860. Ei slik reise tok tid og minst 30 dagar eller meir kvar veg. Han fekk dessutan eit born per år frå 1854. Lars Olsen Emblem nemner dessuten berre farens eine reise etter sonens død og fortel vidare at Ole blei verande der i 4 år. Det er vanskeleg å forestille seg korleis kona Agnete opplevde å vere åleinemor den gongen. Det var ikkje uvanleg at mannfolka var borte frå Emblemsbygda i fleire år for å tene pengar til å kjøpe seg gard, spe på inntekta eller realisere nye gardshus. Eg kjenner til seinare eksempel ifrå både Steffågarden på Emblem og Mattisgarden på Østrem. Fredrik gifta seg i Philadelphia og døde der, utan at eg veit om han fekk nokon born. det kan også vere årsaka til at faren tok turen heilt frå Norge for å ettersjå korleis det gjekk med eigdomen som sonen åtte. Då Ole kom attende, bodde han ei tid i Ålesund før han busette seg på Magerholmen hos broren Klaus. Ole døde der "noget over 70 år av et slagtilfelde". Sjølv om Fredrik var den einaste sonen som drog til Amerika, så var han ikkje den eineste som forlot Emblemsbygda og fedrelandet. Ole Olsen Emblem slo seg ned i Durban i Sør-Afrika og døydde der. Han fekk tre born.:Lauritz , som døde under segling, Trine som gifta seg med ein engelskmann i Johannesburg og Sara som var sekretær og døydde i 1918.

Lars Olsen Emblem (1845-1925) tok over Negarden etter faren. Han var brukar frå 1862-1889, men for ettertida mest kjend som handelsmann og postopnar på Elverum, ein parsell utskild frå Negarden. Dette skal eg kome attende til. Lars gifte seg med Severine Knutsdotter Roald (1836-1916), og dei fekk i alle fall tre born. Dette var Fredrik (1864-1938), Ole, Lars, Lina, Andreas Carolus (1873-1957) som først utdanna seg til smed, før han vart kaptein og busette seg på Sjøholt. Olaf Severin (1880-1938) var den yngste i flokken. Han var også utdanna smed og livnærte seg ei tid som både sjømann og dampbåtmaskinist. Han emigrerte til USA og vart verande der resten av livet i mellom anna Arizona, på vestkysten og Santa Fe. Olaf er også omtala særskild her på www.emblemsbygda.com Han var ein flypionér av dei verkeleg store, med ei rekke viktige oppfinningar på samvittigheita som også er i bruk i fly i den dag i dag.

I 1864 selde Lars halve Negarden til Ågne Sjurson Roald, før Knut Olsen Magerholm kjøpte denne parten to år seinare. I 1868 kan ein finne at Lars hadde 10 kyr, 18 sauer og hest på sin del av garden. Han avla 12 tønner bygg, 30 tønner havre, 24 tønner potet og 66 skippund høy. Han var ikkje sjølveigar, berre bygselsmann, og gråsteinshuset som faren hadde sett opp vart rive igjen og erstatta då Lars syntest at det vart for fuktig. I 1877 vart han vald inn i Borgund Heradstyre og aktivt med i politikken. Han vart sittande i fleire periodar der saker som byutviding og opprettelse av Borgund Sparebank vart drøfta. Som ein følge av dette fekk han fleire tidkrevande kommunale verv. Men så fekk også han utferdstrong, som så mange frå Negarden føre han, overlet garden til sonen ikring 1889. Lars var etter eige utsagn i utanriksfart i 12 år før han vende heimover og kjøpte tilbake eit udyrka utmarkstykke som han kalla Elvarum. Det var her han starta filial for Handelsmannen B. Berli i Ålesund, og dreiv snart eigen Landhandel med postopneri frå 1900 til 1921 i huset sitt. I tillegg var han pådrivar for å bygge dampskipskaia, bestyrte smørmeieriet ca.1890-1906 og var aktiv del av styre og stell i Emblemsbygda.

Slektsforankring i Amerika har nok hatt noko å seie når så mange i samme familie drog over for å skape seg ei betre framtid. Samstundes skal ein hugse at det var i denne tidsbolken at mange forlet heimbygda si for å reise til nettopp Amerika, landet med alle draumane. Om utferdstrong kan gå i arv kan eg ikkje påstå, men det er nok avgjerande at ein allereie i oppveksten har lært og høyrt om andre som og har gjordt det same og at det er slektningar som kan ta imot og hjelpe ein i eit nytt og framandt land. I 1900 er det berre nemd ei pleiedatter som tjener for føa hos Lars Olsen Emblem og kona Severine Knudsdatter på Elvarum. Sonen Olaf var då ugift sjømann og på "Paa Reise fra Amerika til Australien". Dette var altså før han valde å gå i land på vestkysten av USA. Broren, Lars, studerte ei tid i Chicago, i den same byen der søstra Lina bodde. Begge døde i Norge. Olaf busette seg i Santa Fe i New Mexico, medan sønene Fredrik, Ole og Andreas busette seg heime i fedrelandet.

Fredrik Larsen Emblem (1864-1938) hadde overtatt Negarden i 1889, etter ei tids samdrift med faren. Årsaka til overtakinga var nok at Lars drog til sjøs og valde seg ei anna inntektsform i staden for gardsdrifta. Han fekk kjøpe at eit lite stykke frå Negarden då han kom heim att i 1900. Det vil seie at han truleg kan ha frådelt seg eit stykke allereie før han drog, og Borgundboka nemner at han starta opparbeiding av garden i 1890-åra. Det kan tyde på at han var heime i periodar dei åra han var på sjøen og at han var forbereidd på å skape seg ei brukbar inntekt, sjølv på sine gamle dager. Det var ingen pensjonsordning den gongen og han var ikkje den som sette s9eg ned med sikkert kår. Fredrik var gift første gong med Anne Jørgensdatter Eikroll (1857-1897 som vart berre 41 år og døydde i 1897. Han vart deretter gift ein gong til med den einslege mora Lovise Jensdatter Hovden frå Sykkylven. (1869-1940) Fredrik må ha vore ein barnekjær mann for han fekk 17 born, 6 i det første ekteskapet og utrulege 11 i det andre ekteskapet. Dei seks eldste borna var Lars Ingvald (1885-), Severine Andrine (1887-), Inga (1889-) som utvandra til Amerika i 1910 saman med broren Jørgen (1892-), Dei tre yngste borna deira var Fredrik Anton (1894-), Olivia (1895-) og Klara (1896-). Då Anne døydde gifte, og Fredrik seg om att med Lovise, hadde ho ei uekte dotter frå forlovelsen med Lars Olsen Emblem i nabogarden, Sjursgarden. Han gifte seg aldri med henne og då han fekk Larsgarden i gåve frå far sin, var eit av krava frå faren «Sjurs-Ole» at Lovise eller dottera aldri skulle få arverett på bruket. Enkemannen Fredrik tok derimot Lovise under sine beskyttande vengar og gifte seg med henne. Saman fekk dei borna Anton Lorentz (1898-1939) som gifte seg to gongar og flytte etterkvart til Harøya. Deretter kom Olga (1899-), Laura (1903-), Lars Bernhard (1905-1990) med tilnamnet «Hatlebakk-Lars», Severine (1906-) som gifte seg på Nygjerdet, Jensine (1908-), Klara Elise som gifte seg til Rødsethatlen, Olav (1910-1987) som busette seg i Emblemsvågen, Lorentz (1912-1993) som gifte seg med Anna Hundeide (tidl. bestyrar på Myrstad Kolonial på Magnusbakken i Emblemsbygda) bygde eige hus inne på Aksla, og Fritjof (1913-1988) , som fekk overta resten av farsgarden. Fredrik hadde arbeidd i periodar i Amerika og tok seg også ein kortare tur over dammen for å besøke borna sine på sine eldre dagar. Mykje tyder på at han likevel ikkje lærte engelsk. Norske ungdommar var attraktive tømmerhoggarar på vestkysten, og nokre av desse felta var dessutan eigd av sunnmøringar. Frå Sykkylven kom ein av dei mest kjende. Det var tilstrekkeleg å seie namnet hans i San Fransisco, så vart ein skyssa vidae dit. I tekstsamlinga på denne nettsida kan du jamvel lesa eit av breva som Fredrik skreiv til sonen Jørgen og kona Carmen i Amerika i 1936.

Den 1924 selde Fredrik Negarden til Johan Hovrud og Fritjof Aspesæter. Samstundes frekk ha frådelt ein eigen parsell som han kalla «Lunberg» bruksnr. 21. Dette vart skylddelt den 28. august. Tomta fekk ei skyld på 9 øre og vart tinglest den 3. september. Dei to kjøparane hadde, etter det eg har hørt, plan om å drive frilandsgartneri i Negarden. Det gjekk ikkje så bra for den 7. juni 1926 vart det halde eksekusjonsforretning på garden. Kravet kom frå konkursbuet etter ein annan sambygding, Handelsmannen Hans Furset, som dreiv kolonial under namnet Hans Iversen i Spjelkavika. Han var igjen avhengig av at dei handlande kunne betale for seg. Gjelda til dei to gartnarane var då på nærmare 290 kroner. Det var ikkje store beløpet, men dei makta ikkje å betale bostyraren innan fristen. Det endte med at banken overtok garden med eit bod på 8000 kroner. Tvangsauksjonen endte etter fleire rundar i retten i juni 1928 med at banken fekk kjøpe garden frå Aspesæter og Hovseter.

Det verkar anten som om Fredrik Emblem ikkje ynska å kjøpe attende farsgarden, eller var det slik at han ikkje hadde råd? I 1924 skreiv han i alle fall eit garantibevis til broren Andreas på 700 kroner med pant i Lunberg fordi han hadde fått tilsvarande beløp for lite i arveoppgjeret etter faren deira. Andreas hadde gitt eit lån i 1925 som ikkje hadde vore med i rekneskapen. Fredrik kunne ikkje betale attende dette beløpet med det samme. På denne tida var han fleire turar til Amerika for å arbeide der, ved sida av tørking og sal av tørrfisk nede på berga i stort monn. Problemet var berre at han først måtte kjøpa ein god del av fisken. Deretter måtte den tørkast og selgast før det vart avkastning. I mellomtida var mykje av midlane bunde opp. På den andre sida så hadde Fredrik 4000,- til å kjøpe nok ein part av Negarden frå Borgund Sparebank den 6. juni i 1928 Denne parten fekk namnet «Lundberg» med ein «d» i namnet og fekk ei skyld på 22 øre. Eigedomane til Fredrik på garden var no oppe i 29 øre. Det vart dermed Lars Olsen Emblem frå Auregarden som kjøpte Negarden frå Borgund Sparebank for kr. 9000,- 28. juni 1928. Ifølge opplysningar frå mellom anna Erling Emblem så flytte truleg dottera til Lars, Thea Olsdotter Emblem (1886-1979) og ektemannen Martinus Knutsen Emblem (1881-1949) frå Steffågarden inn på eit tidspunkt mellom 1927 og 1929. Eg vil tru at dei ikkje flytte inn før rettstvisten var over. Sønene deira Martin, Inge og Trygve vart fødd i Auregarden. Trygve vart yngst av desse og fødd sommaren 1927. Broren Erling var derimot fødd i mars 1929 i Negarden. Det er dermed godt mogeleg at dei flytte inn hausten 1928 ein gong. Auregards-Lars kjøpte bruket på deira vegne. Før dette budde dei i Auregarden, men det vart både trongt og mange ungar der på den tida. Også borneborna Harry og Mary Akslen budde der då mor deira frå Auregarden døydde.

Etter Fredrik var det altså Martinus Knutsen Emblem (1881-1949) frå Sjursgarden og Thea Olsd. Emblem (1886-1979) frå Auregarden som tok over. Auregards-Lars overlet ifølge pantergisteret skøytet på Negarden til Martinus i 1958. I følge opplysningar frå næraste slekta så kan dette ikkje stemme. Sonen Erling fortel at Martinus døydde då han var i Tysklandsbrigaden i 1949. Han hadde akkurat kome ned att etter eit besøk heime då beskjeden kom. Eg vil tru at dei som registerte opplysningane skreiv feil, for Borgundboka fortel at det var sonen Trygve som overtok i 1958. Han hadde mellomnamnet Trygve Martinus. Faren er registrert med ein obligasjon på Negarden i 1937, så då må han ha overtatt skøytet etter svigerfar sin i Auregarden.

Martinus og Thea fekk 6 born. Dette var Inge (f. 1919) som gifte seg på Skaret med Johanne Akslen (1923-2008), Karsten Ola (1921-1997) som busette seg i eige hus på garden og gifte seg med Jofrid Klara Mary Akslen (1921-2002), Martin (1923-2012) gift med Ruth (1924-2004), Trygve Martinus (f. 1927) som tok over garden, Erling Olav (f.1929) som er gift med Kjellaug (f. 1933) og busett i eige hus på garden, Gunvor (1931-1993)

Sonen Trygve Emblem tok over bruket etter foreldra. Han er fødd i Auregarden i 1927 og ungkar. Garden tok han over i 1958. Ved sida av gardsdrifta var han aktiv ungdomsleiar i mellom anna speidaren. Truleg var det også han som stifta lokallaget på Emblem på 1950-talet. Han sette opp ny løe på bruket og dreiv for det meste med sauehald før han på sine eldre dager leigde ut driftsbygg og marker til hestehald. Eg vil komme attende til den nyare Negardshistoria etter 1939 ved eit seinare høve.