FRAMHUSSLEKTENE

Framhusreiten på Stranda med gamlestova i behald. Den liknar mykje på stova som Carl Elias Framhus tok med seg innai fjordane til Elvemyr 4 på Emblem. Kan det ha vore stova frå Heimste Framhusreiten? Problemet er at ved var så mange av desse på Indre Sunnmøre den gongen. Bildet er henta frå Det første bandet av Gardsoga for Stranda i 1954. Fotografen er enno ukjend, men forfattar/redaktør for boka var Gerhard Kjølås og utgjevaren var Stranda Kommune med støtte frå Stranda Sparebank.
Framhusreiten på Stranda med gamlestova i behald. Den liknar mykje på stova som Carl Elias Framhus tok med seg innai fjordane til Elvemyr 4 på Emblem. Kan det ha vore stova frå Heimste Framhusreiten? Problemet er at ved var så mange av desse på Indre Sunnmøre den gongen. Bildet er henta frå Det første bandet av Gardsoga for Stranda i 1954. Fotografen er enno ukjend, men forfattar/redaktør for boka var Gerhard Kjølås og utgjevaren var Stranda Kommune med støtte frå Stranda Sparebank.
Oj! Det var tett

FRÅ JEKTESKIPPER CARL ENGEZET PÅ FREMSTE FRAMHUS TIL PLASSEMENN I NORDDALEN OG EMBLEMSBYGDA

-av Svein Ove Østrem-

I Emblemsbygda finn ein under matrikkelgarden Nedregotten to tidlegare plassebruk med omlag samme namn. Det er Elvemyr 4 (Myrane) og Elvemyr 8 (Syvergarden). Plassenamnet er ikkje det einaste dei har felles. Den andre brukaren i Syvergarden og den første plassemannen på Myrane heitte begge Carl, kom frå Framhus på Stranda, og det stoggar ikkje der. Til trass for at det er omlag ti år mellom dei, at dei er døypt på ulik stad på Framhus, og har ulike fedre, så er dei faktisk søsken, eller rettare sagt halvsøsken. Slekta deira busette etter kvart 4 husmannsplassar og småbruk under garden Nedregotten. I tillegg har ein no funne slektskap mellom Syvergarden og dagens eigarar i Larsgarden på Østrem. Ved inngifte kan nemleg desse gardane også knytast saman av ei ulukke på Sløgstad i 1854. No skal du få vite litt meir.

Det var også mogeleg å leige båtbyggara frå Volda heim til seg, om ein allereie hadde materialen liggande. Den siste store Strandajekta vart bygd på den måten. Ho vart kalla «Flora» og vart bygd i Kjølåsvika ca.1848. På Øyra var jektestøa til Flora med eit eige stornaust, så den kunne ligge tørt når den var i opplag. Den vart då løfta på land med skruar og handemakt på flo sjø, og der vart så mura oppunder kjølen. Mastra vart lagt ned. Når dei skulle ut på fart igjen, vat Flora lagt inn til Os-hammaren, slik at dei kunne røyse masta ved å skuve den oppetter det bratte berget. Jekta hadde råsegl, flakar midtskips for å halde lasten tørr, skuta va brei og flatvoren i botnen. I framskuten var der bysse og eldstad, medan der bak var «bestrommet» for skipperen og reisefølget. Der var det store vindauge i bakveggen. Varene kunne ofte stablast ei heil mannshøgd opp langs masta. Jekta var tung å få i fart, og behøvde ein del vind i segla, men den var stødig og god å segle. Det vert også fortalt at Flora var den beste av sitt slag inne i fjordane kring 1850. Skipperen der var Karl Engeset, som bygsla garden Fremste Framhus attåt.

Flora var eigd av Nils og Ola Kjølvaas, Kristian Hagen og Ola Hansen Opsvik. I akterspeilet stod følgande. «FLORA er mit navn. Gud være min følger, som dæmpe kan bølge og lede paa havn». Det var Johannes Kjølvaas som hadde både måla og dikta dette verset. Det var som oftast gutar i 20-30-åra som bemanna desse skutene. Det var nemleg eit greit alternativ framfor å gå for klokkaren for å verte skulelærar, eller tenar på ein gard, om ein ikkje var soldat eller odelsgut. Handel kunne ogå gje litt meir avkastning, og det var vel gjerne den som var god til å snakke for seg som slo inn på slik handel. Dei leigde seg tur med jekta utpå sommaren og tinga varer frå bøndene. Trandemsfart (Trondheim) var gjerne etter Kyndelsmesse, medan tur til Bergen var etter våronna i mai. Og så trong dei godt med varer begge vegane. Dei førde gjerne smør, skinn, never og trevirke frå Stranda, og kom heimatt med tobakk, kaffi, sukker, korn, salt og hamp. I tillegg kunne dei hente apotekervarer, brennevin, slipesteinar med meir, dersom dette vart bestilt i god tid på førehand.

Carl Martinus Knudsen Engzet (1815-1854) var eldstemann og skipperen ombord våren 1854. Han fekk bygsle klokkergarden «Fremste Framhus» på Stranda, sidan ingen av sønene til den forrige brukaren der ville overta. Det skuldast kanskje at den som vart klokkar kunne kome å kreve å få overta plassen. Soleis var det nok vanskeleg å investere i ein gard som ein kunne miste. Carl hadde derimot fleire bein å stå på, reint økonomisk, og å leige var truleg meir sikker enn å eige, i alle fall om ein ikkje hadde klokkerambisjonar. Han var allereie bygslar og gardbrukar der då han gifte seg for første gong i 1850 med Marie Dorothea Sofie Andersdotter Slyngstad (1829-1927). Det vert fortalt at han var ein driftig kar.

Etter Kyndelsmesse arbeidde han saman med eit mannskap på seks med å klargjere jekta for trondheimsfarten. Det meste var ombord og stuvinga i lasterommet stod att. Jekta låg rett nedanfor Litleelva, tjora til ein påle i fjøra. Det hadde vore ruskevér ei tid, og kvelden den 25 februar bles det ytterlegare opp. Til slutt turde dei ikkje vere ombord lenger. Sleit ho seg, så kunne Flore verte knust mot Oshammaren. Det nytta ikkje lenger å ro i land, så dei forsøkte å dra seg langs fortøyningane i småbåten mot land, men ein brottsjø velta båten før alle var ombord. Øy-Ole Andreas var att på jekta og fekk berga den yngste av dei som hamna i vatnet, men når dei skulle forsøke å få Karl inn gjennom den knuste ruta i akterenden, så nytta det ikkje. Han var for stor og dei våte kleda vóg alt for mykje. Til slutt skal han ha sagt: «So fær du då i Guds namn sleppe meg», før han sokk i fjorden. Der var tre til av mannskapet som drukna attmed han. Om dette tapet av liv gjekk hardt inn på bygdefolket på Stranda, så vart truleg tanken på enka Maria på 25 år, som no sat att, det vondaste å tenke på. Carl etterlot seg også tre små born. Eldsteguten, Andreas, var berre tre, den neste var eit år og ho var gravid i andre månad med deira tredje born. I tillegg hadde gravide Maria ein gard å drive, der våronna snart stod for tur. Historia fortel ikkje korleis dei klarte seg fram til ho gifte seg på nytt først i 1857. Vi skal fortsette å følge spora etter Maria.

I 1865-tellinga finn ein enka Maria med ektemann nummer to, Knud Martinussen Gjerde (1826-1868) frå Stranda. Han var då 39 år, fødd på Stranda og forpakter på «Fremmerhus». Maria var no 36 år gamal og dei hadde følgande born registrerte som heimebuande dette året:

På Stranda har der vore jekter og jektefart i lang tid. Takka vere Jørgen Gjerding sin grundige beskrivelse i boka «Folkeminne frå Sunnmøre» frå 1921, kan ein fortelle meir om dette temaet. Ei slik jekt kunne koste frå 500 riksdalar til over 1000. For den summen kunne ein få både to-tre ja kanskje fire småbruk med hus attpå. Mange gardsbruk gjekk nemleg på auksjon for omlag 200 riksdalar kring 1850. Likevel kunne der tidvis vere fleire jekter i same bygda, og der er ikkje så reint få stadnamn med «jekt» i seg utover Storfjorden. I 1731 vart to store forankra jekter kasta opp på kyrkjegården på Stranda av ei flodbølge då Skafjellet gav etter. Det var stort sett voldingar og bjørkedalinga som bygde desse sunnmørsjektene. Dei var forløparen til dagens godstog på landjorda, men hadde sterkare band til den bygda dei tilhøyrde, og vart nok meir for ein slag dugnad å rekne, når lokale produkt skulle fraktast til Trondheim eller Bergen for å omsettast i varer ein ikkje makta å produsere i heimbygda.

Andreas Karlsen (f.1851) på 15 år, Karl Olaus Karlsen (f.1853) på 13 år, Karen Karlsdotter (f.1854) på 12 år, og 7 år gamle Karen Marta (f.1859). Ho var Maria og Knud si felles dotter, etter at dei hadde gifta seg i 1857. I tillegg budde tenestejenta Marte O. Ebbedotter på 14 år der, og den innlosjerte målaren Peter Martinussen på 22 år. Dei hadde hest, 8 kyr, 17 får og 7 geiter, dyrka 2 1/2 tønne bygg, 3 2/3 tønne havre og 2 1/4 tønne med potet. Familien var registrerte på garden Fremste Framhus framleis. Av ein eller annan grunn er ikkje sonen Jens Knudson (f.1861) nemnd i folketellinga. Knud sin yngste son, Iver Knudson (1863-1865), døde nok før tellinga. Borna Karl Olaus og Karen vaks derimot opp og begge emigrerte seinare til California.

Tvangsflytting frå Fremste Framhus?

Det vert fortalt at sonen til Lars Jetmundson, Rasmus Larsen, vart lite glad for farens valg. Om opplysningane stemmer, så vart han ikkje spurt ein gong før det heile vart avgjort. Presten hadde stor respekt i sitt lokalmiljø på den tida, og når bispen kom også, så opplevde han vel kanskje at han ikkje hadde noko val. Ein veit derimot ingenting om kva tankar Lars Jetmundsen hadde hatt om si framtid som husmann på Fremste Reiten på den tida. Han var tross alt registrert som 81 år gamal i 1865-telllinga. Ein kan kanskje tolke sonen Rasmus sin reaksjon slik at han hadde hatt håp om å ta over, og det gjorde han faktisk også, om enn litt seinare. Sjukelege Knud Framhus døydde nemleg etter få år på Fremste Reiten.

Forbindelsen mellom Syverplassen og Larsgarden på Østrem

Husmannen Lars Jetmundson Framhus på «Reiteplassen» under Framhusgarden stod det ikkje like bra til med. Han klarte seg no på eit vis, var enkemann med 2 kyr, 6 får, 4 geiter og dyrka 1/2 tønne bygg, 2/3 tønne havre og ei tønne med potet. Sonen Rasmus Larsen på 33 og dottera Syverine Larsen på 36 budde heime for å hjelpe far sin. Der var med andre ord ikkje like mykje å leve av fram på Reitane, som på klokkargarden, naturleg nok. Ofte kan ein finne at den eine husmannsonen fekk overta plassen mot kår til foreldra sine, men slik vart det ikkje her. I følge den bygdebøkene for Stranda, så var tidlegare nemnde Maria på Fremste Framhus sin andre ektemann, Knut, sjukeleg av seg. Gardeigaren hadde ikkje tolmod nok til å vente på at han gjekk bort og ønska truleg å leige ut Fremste Framhus til nokon som kunne ivareta garden bedre i staden. Kanskje var det slik at dei ikkje makta å forpakte garden godt nok etter at Knud vart sjuk? Husmannen og Enkemannen Lars Jetmundsen på Fremste Reiten fekk i alle fall besøk ein dag av både prest, klokkaren og ein bisp attpå. Dei ba han om å ta kår, og overlate husmannsplassen sin til Knud og Maria på Fremste Framhus i staden. Han retta seg etter øvrigheita, og godtok dette. Slik vart dei kanskje tvangsflytta ifrå garden, som skipper Carl Engeset hadde bygsla før han døydde.

Soleis kryssar no spora til ætta etter husmann Andreas Karlson Framhus og dei to Framhus-Carl`ane på Myrane og Syverplassen på Emblem seg. Dei var nemleg brørne til Maria sin tredje og siste ektemann, Rasmus Larsen Framhus. Andreas og etterslekta hans busette seg i Dalsbygda i Norddalen, og han er også oldefar til Marit Dale som gifta seg til Larsgarden på Østrem med dagens grunneigar Olav Østrem.

Meir om Framhusslektene på Emblem

Rasmus gifte seg då med enka etter Knud i 1869, og vart dermed plassemann på Fremste Reiten likevel. Ein veit lite om det var av kjærleik eller «meir praktiske årsaker». I 1870 fekk dei dottera Karen, som drog til Amerika, og i 1871 fekk dei dottera Julianna. Ho vart yngst i borneflokken etter i alt tre ekteskap. Karen hjalp foreldra sine med å få kjøpt ut plassen til sjølveige, medan Julianna tok over ei tid. Ho var brukar her til ho vart sjuk og måtte leggast inn på Oppdøl i Romsdalen. Rasmus vart heile 90 år gamal, men Maria overlevde også han. Ho flytte då til sonesonen Karl Olaus Dale i Dalsbygda i Norddalen etter 1922, og levde der livet ut. Han arva Framstereiten etter henne, slo markane der, og frakta høyet heim att til Dalsbygda, fram til han selde eigedommen midt på 1930-talet. Karl Olaus var sonen til Andreas Karlsen på 15 år frå folketellinga frå Fremste Framhus i 1865. Det vil seie at han var eldste sonen til den avlidne jekteskipper Carl Engeset på Fremste Framhus som døydde så tragisk i 1854.

Vi skal no sjå litt nærmere på slektsforholda mellom skipper Carl Elias Sivertson Framhus (1823-1884) på Myrane (Elvemyr 4) og Carl Sevrin Larsson Framhus (1835-1905) på Syverplassen, (Elvemyr 8). Dei vart som tidlegare nemnd fødde på ulike husmannsplassar på Framhus og alderspennet er på 12 år. Korleis heng eigentleg det saman?

I kyrkjeboka på Stranda kan ein sjå at ungkar Carl Elias Sivertson Fremhus på 30 år melde flytting til Sjøholt i 1853. Ungkar Carl Sevrin Larsen Fremhus på 28 år melde først flytting frå Fremsæther til Nedregotten og Borgund i oktober 1863. Dette var første gongen dei melde flytting ut av kyrkesognet, noko som kan bety at dei tidlegare kun hadde tent på gardar i Stranda kyrkjesogn tidlegare. I kyrkjeboka finn ein også utflyttingsattesten til Carl Elias frå Ørskog Prestegjeld til Nedrgotten, datert 14. juni 1862. Der står dat også at dei flytta året i forvegen. Det er omlag tre år før halvbroren gifta seg på naboplassen på Nedregotten. Carl Elias hadde med seg kona Ane Caroline Larsdotter og borna Anne Severine (f.1857) og Elen Christine (f.1860) på flyttelasset.

Fleire plassar og småbruk på Nedregotten kjem til

Chirsti Oline Knudsdotter Framhus (1793-1861) frå Nedre Furseth på Stranda, var mor deira. Ho var først husmannskone på «Heimste Framhusreiten» og hadde gifta seg i 1821 med ungkar og soldat Syver Ellingson Framhus (1795-1827). Christi vart enke allereie i 1827. Som tidlegare nemnde Maria, så hadde også Chirsti små barn og gardsdrifta å ta seg av. Yngsteguten var berre eit år gamal. Ein veit lite om korleis ho klarte seg i tidsrommet mellom dødsfallet og nytt giftermål, men som Maria, så hadde også Chirsti slekt like ved. Ho gifte seg opp att i 1829 med husmann Lars Jetmundsen Framhus (1785-1869), opphaveleg frå Hove i Stordalen. Etter kort tid flytte dei frå Heimste Framhusreiten til Fremste Framhusreiten og busette seg der. Dei fekk tre born, og Carl Elias og Carl Sevrin vart soleis halvsøsken. Carl Sevrin kom til verda i andre ekteskap. Det forklarar også den store aldersforskjellen. Inntektene på ein husmannsplassen var sjeldan den beste, og ungeflokken stor i forhold til det dei hadde å livberge seg på. Det var dermed påkrevd att borna fann seg ein stad å tene i tidleg alder. Ein måtte også finne seg noko eige å leve av når ein hadde samla seg opp nokre kroner på eiga hand. På denne tida vert fleire husmannsplassar frådelte i Emblemsbygda, i takt med at stadig fleire brukarar fekk kjøpe garden som dei dreiv. Carl Sevrin og Carl Elias hadde med andre ord fleire søsken. Det er Ane Pernille (1821-1882) som gifte seg med Gregorius Pederson Jelle. Lars Kristian Framhus (f.1826) vart yngste sonen til Syver Ellingson Framhus. Han finn ein seinare att på Helsem. I neste ekteskap fekk Chirsti også tre born. Sevrine Larsdotter (1830-1830) var eldst, men levde ikkje lenge. Rasmus Larson (1832-1922) vart den som skulle gifte seg attende til Fremste Reiten med enka Maria, og så vart Carl Sevrin Framhus yngst. Han flytta som kjent til Syverplassen på Emblem og gifta seg der.

Frå Myrane. eller Elvemyr 4, har borna etter Carl Elias Framhus busett enno fleire småbruk og plassebruk på Nedregotten. Simon Elias Nedregotten (1876-1954) var først fyrbøtar i mellom anna Ålesund, før han kom attende til Emblemsbygda og vart brukar i Løvika, som grensar til Myrane. Broren Johan Lauritz Marthinus Nedregotten (1865-1953) fekk frådelt eit stykke av Myrane med broren Ole Martinus Nedregotten (1868-1939). Det var han som tok over plassen etter faren. Broren Karl Andreas Nedregotten (1878-1970) budde lenge heime på Myrane, og starta opp som telefonstyrar der. Han flytta seinere verksemda til eit kammers i Guttormgarden, før han i 1910 fekk råd til å kjøpe seg eit stykke på Hjellhaugreset, nær tunet i Syvergarden og bygde seg hus og løe der. Han dreiv nok helst som skomakar, medan familien dreiv det meste av telefonsentralen. Begge verksemdene dreiv han deretter frå heimen sin på Hjellhaugreset, også kalla «Myrvang 10» i offentlege dokument.

Slik har sjukdom og ulukke også endra gardsoga i Emblemsbygda, og knytt nye slektsband, som ikkje er like lette åå finne att i våre dagar. Det var det som inspirerte meg til å sette saman denne vesle teksten om Framhusslektene på Emblem.

Kjelder:

Eg er dermed usikker på om Carl Sevrin kom til Emblem for å hjelpe bror sin med å rydde Myrane frå utmarka, eller om han kom i forbindelse med forlovelse og nært foreståande bryllup på Syverplassen. Flytteregistreringa fortel berre at dei skulle til Nedregotten, men ikkje meir om formålet. Frå «Fursetgarden» kjenner ein også til at Iver Karlson «Kjøt-Iver» Furseth først kom til Emblem for å hjelpe storebroren, Knut, med å bryte jord og plukke stein på dei nykjøpte stykka som skulle verte småbruket Nybø, helst kalla Fursetgarden. Der finn ein heller ikkje registrert denne flyttinga i kyrkjeboka. Det var kanskje fordi han ikkje var der som tenar. Slik kan det godt vere med Carl Sevrin også, men det kan også ha vore i forbindelse med familievitjing på Myrane at han vart forelska i Karen Guttormsdotter Nedregotten (1838-1910), som kjøpte ut faren sin frå dette nye kårbruket som seinare skulle få namnet Syvergarden. Bygdeboka for Borgund lemna ikkje tvil om kvifor han vart verande. Karen vart nemleg rekna som den finaste jenta innanfor Flisneset. Ho fekk dessverre ei trist skjebne og døydde som spedalsk, men overlevde likevel Carl Sevrin. Dei fekk også fem born, så dei fekk truleg minst 10 gode år saman, før ho vart sjuk. Etterslekta har også eigd ein god del av dette gamle gardsbruket nesten samanhengande, med unntak av tida frå 1973 til 1994, då Jan Asle nedregotten kjøpte attende garden. Han selde igjen i 2013.

1865-tellinga for Stranda via www.digitalarkivet.no

Dale, Bjørn Johnson: Informasjon om Carl Engeset via Messenger 27.5.2019

Digitalarkivet: Diverse kirkebøker og folketellingar frå Stranda

Gjerding, Jørgen: «Folkeminne frå Sunnmøre». I kommisjon hos Olaf Norli, Kristiania 1921

Kjølås, Gerhard: Stranda Bygdebok, første del, Gard og Grend», Stranda kommune med stønad frå Stranda Sparebank 1954

Langlo, Olav: «Stranda Bygdebok III, Ættebok for Stranda» 1964, Stranda Kommune med stønad frå Stranda Sparebank

Rabbevåg, Egil og Østrem, Svein Ove: «Utkast til oppdatert bygdebok for Emblemsbygda»