Starten av laget
Krigen var slutt. Men dermed var ikkje alt vel her i landet. Det var langt opp og fram før det vart normale tilhøve. Særleg var mangelen på forfruksvarer stor.
Ikkje alle var like nøgde med den måten dei sjeldne varene var delt på under krigen. Det var heller ikkje greitt å skifte sol og vind likt, og det var heller ikkje alle som brydde seg om å gjere alt så rett. Arbeidet med å skipe samvirkelag i Emblemsbygdavart oppteke. Der gjekk lister rundt i bygda der det var høve til å teikne seg som medlem. Teikningane var ikkje bindande.
I november 1945 var arbeidet kome så langt at det kunne haldast møte med tanke på å skipe samvirkelag. Møtet vart halde på ungdomshuset Borgheim den 6. november 1945. Det var i alt 46 frammøtte. Ein representant frå NKL, Sverre Hugås, heldt orienterande foredrag om samvirkerørsla. Ved førehandsteikning hadde det teikna seg 63 medlemmer. Alle frammøtte gjorde si teikning bindande. Det vart vedteke å halde konstituerande møte den 20. november 1945.På dette møtet vart namnet på laget bestemt. Namnet vart Emblem Samvirkelag. Vedtekter for laget vart vedteke. stort sett vart normalvedtektene vedtekne med små endringar.
Det vart halde val på tillitsmenn:
Styret:
Bjarne Nedregotten, formann
Maurits Akslen
Hans Østrem
Kristian Leira
alfred Østrem
Karl Nedregotten
Revisjonsutval:
Karl O. Emblem og A. J. Frøland
Møteboka er underskriven av 38 frammøtte.
Med stor optimisme gjekk dei nyvalde tillitsmenn til arbeid med å førebu starten. Det vart skrive kontrakt med Antonette Akslen om leige av hus. Med Myrstad & Co vart det inngått avtale om overtaking av dette firma sitt inventar og varelager. Jon Liavåg vart tilsett som styrar og Ruth Rønnestad som butikkjente. Den 11. mars 1946 vart den nystarta forretninga opna, og interessa for laget var stor og aukande.
Forretningslokale/investeringar
Det var tidleg klart at skulle samvirkelaget overleve, måtte det ha nye og meir tidhøvelege lokale. Arbeidet med dette vart oppteke og løyst på den måten at eit eige selskap vart skipa for å ta seg av dette spørsmålet. Byggelaget heitte det, og den 8. juni 1955 vart det halde konstituerande møte.Byggelaget var eit aksjeselskap med formål "å innkjøpe - eventuelt bygge forretningsgård på Emblem for å skaffe Emblem Samvirkelag tilstrekkelig forretningslokale". Karl S. Nedregotten var formann for byggekomiteen.Sommaren 1957 vart tomta ordna, og i styremøte 7. november i 1957 vart tilbodet på kr 29,500 frå Gunnvald og Arthur Myren, Spjelkavik, om å sette opp 1. etasje, godteke.
Huset vart bygt ferdig til innflytting i 1959, i 1962 vart det kjøpt kjøledisk, innreiing til bestyrar og det vart bygt vareskur.I 1964 vart forretningseigedomen "Samhald" overdregen frå Byggelaget til Emblem Samvirkelag for bokført verdi. I 1968 vart det bygt einmannsbustad og hybel i 2. høgda på Emblem Samvirkelag. I 1978 vart bygninga utvida for 3. gong - nå med 150 kvm. ei større ombygging av butikken vart gjordt i 1982. I 1985 vart det bygt posthus på austre del av parkeringsplassen. Diverre er postkontoret på Emblem nedlagt, og nærmaste postkontor er på Blindheim. Nokre tenester for posten kan ein enno få utført på butikken.
Butikklokala har nå kapasitet til betydeleg omsetningsauke. I tillegg vil Sunnmøre Samvirkelag foreta ei endring av lokala og omlegging til ein Prix-butikk.
Økonomien
Laget har hatt både gode og dårlege år. Konkurransen var beinhard. det har vore alvorlege kriser i laget. Omsetninga auka jamnt og trutt sjøl om det ikkje alltid gav overskot. Frå starten og ut året 1946, var omsteninga på kr 97,515,-. Brutto overskot var kr 8,411,67. Etter at løner og omkostningar var betalte, var det att eit netto overskot på kr 1,414,36 som vart disponert slik:
Avskriving på innbu kr 383,85
Rente på ansvarsinnskot kr 182,20
Avsett reservefond kr 548,31
Avsett Opplysningsfond kr 150,00
Avsett skattefond kr 150,00
Alt i 1959 kom første underskot på kr 8,353,35, og i 1960 var det på kr 2,287,60. I 1961 vart overskotet på kr 13,523,- som var nok til å dekke tidlegare underskot og enda kr 1,629,36 til reservefondet.første krisa var dermed over, og nå såg det ut for å gå berre oppover med omsetjinga som i 1970 var på kr 1,007,691,- og overskotet på kr 21,946,45 netto."I 1976 var omsetjinga på kr 2,391,198,- med nettooverskot på kr 83,618,-. Men ein merka auka interesse frå andre butikkar Postkassene på Emblem var fulle av tilbodsreklame, og mange køyrde forbi nærbutikken. Ikkje berre sløste dei med bensin og frisk luft, men og med godt granneskap", (Frå årsmeldinga) Bruttoomsetjing av varer var på kr 4,195,710,- i 1982. Med overskot på kr 107,874,19 skulle ein meine å vere på trygg grunn, men dei naudsynte ombyggingane merkast. i 1985 vart det eit underskot på kr 95,000,- sjølv om omsetjinga var på kr 4,207,821,46. Årsakene var tidlegare investeringar og stadig sterkare priskonkurranse frå lågprisbutikkar. Avansen var for liten.
Med seigt arbeid greidde ein å snu resultatet til overskot på kr 26,131,50 alt året etter. Men i 1988 vart det eit negativt resultat på kr 81,797,- sjølv om bruttoomsetjinga var på heile 6,344,918,- I 1990 er det underskot på 85,000,-.
I 1991 kom det store sjokket på alle trufaste medlemmer i Emblem Samvirkelag: Bestyraren hadde gjordt underslag som påførte laget store tap. Dette saman med den stadig aukande konkurransen innanfor omsetjinga av forbruksvarer vart dette til slutt det som skulle sette "kroken på døra" for Emblem Samvirkelag som sjølvstendig butikk. NKL berga Emblem Samvirkelag frå nedlegging i denne kritiske situasjonen.
Rekneskapsmessig var samvirkelaget nesten i balanse i 1995. Men bruttoomsetjinga har gått nedover.
Samanslåing med Sunnmøre Samvirkelag
Tanken om samanslåing eller tettare samarbeid mellom Emblem Samvirkelag og Samyrkjelaget Spjelkavik var samtaleemne også på styremøta først på 80-talet. Konkurransen var hard, og det gjaldt å ruste seg for å stå mot presset som berre auka.Frå 1. mars 1992 har Emblem Samvirkelag vore ein del av Sunnmøre Samvirkelag. Ved eit 50-års juileum er det kjekt å sjå attende på det som har vore. I 50 år har Emblem Samvirkelag skaffa varer til emblemsbygdarane. Bua har vore møtestad, sosialt knutepunkt og spreidd viten om det som har skjedd i nærmiljøet.
Det er mange fleir som skulle vore nemde i dette vesle jubileumskriftet. Alle som har vore med i styret desse åra. Dei tilsette. Alle trufaste kundar. Dei som siste åra berga laget frå nedlegging. Alle tillitsvalde har gjeve av si fritid for å ta i eit tak til beste for bygda. Eg trur at alle som kjenner godt til saka, er samde i at vi tryt kan nemne Karl S. Nedregotten sin innsats for Emblem Samvirkelag. Som formann og ildskjel i Byggelaget og 9 år som formann i styret, utan noko vederlag, har hans innsats vore eineståande.Samvirkelaget vil takke alle, både tidlegare og nåverande tilsette og tillitsvalgte, for det gode arbeidet for laget i 50 år!
Bestyrarar ved Emblem Samvirkelag
1946-1951 John Liabø
1951-1953 Håkon Skarbø
1953-1960 Helge Relling
1960-1987 Arne Liaklev
1987-1991 (Navnet er fjernet av Svein Ove
pga. det som står tidl. i teksten )
Arne Liaklev er den tilsette som har gjordt mest for Emblem Samvirkelag. I 27 år prega han med sitt gode humør og sin kvikke replikk miljøet på butikken. ein fekk alltid litt godt humør på handelen. Men først og fremst var han ein dugande fagmann.
Styreformenn i Emblem Samvirkelag
1945-1947 Bjarne Nedregotten
1947-1948 Kristian Leira
1948-1949 Ingvald Flø
1950-1952 Karl S. Nedregotten
1952-1953 Bjarne Nedregotten
1953-1955 Karl S. Nedregotten
1955-1957 Gunnar Aasen
1957-1958 Maurits Akslen
1958-1959 Hans Austrem
1959-1960 Karl K. Emblem
1960-1964 Olav F. Emblem
1964-1969 Karl S. Nedregotten
1969-1975 Sigurd Langleite
1975-1976 Leif Emblem
1976-1983 Knut Johan Møgster
1983-1987 Sigurd Langleite
1987-1988 Inge Akslen
1988-1989 Randi Helland
1989-1991 Helge Ramsvik
1919-1993 Gjert K. Gjertsen
Nyeste kommentarer
09.11 | 16:49
Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, ut...
24.10 | 16:33
Hei alle sammen! Dette var en svært interresant oppdagelse all den...
13.08 | 10:14
Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr...
23.04 | 08:09
Emblemsbygda.com er eit idealistisk prosjekt skapt på dugnad. Tid avsett til
å oppdatere tekstar vil derfor variere ein del. Førebels har bokprosjekta våre
fått høgare prioritet på grunn av tidsnaud når det gjeld innsamlingsarbeid av
viktig kjeldemateriale. Har du tilbakemeldingar, tips, korrigeringar eller lyst til
å delta med eigne historiske tekstar?
Ta gjerne kontakt med oss på følgande måte:
E-post sendast til: sveostrem@hotmail.com