Du finn meir informasjon om Emblemsruta i tekstsamlinga på denne websida.
Intervju med Peder Magerholm
av Sigurd Langleite i 1987
Peder Magerholm - fødd 1903. Kasserer i Emblemsbygda Billag. Korleis begynte det?
Biltrafikken her i bygda var såvidt begynt då. Ingen her i bygda hadde bil då. Den trafikken som var
var det Spjelkavikruta som dreiv, i sommersesongen Det var vel det som gav dei ideen. Før var det sjøveis trafikken gjekk, over Emblemskaia. Det var ikkje eg som fann på å begynne med rute, det var vel nokre yngre karer. Det vart først forsøkt å få istand et selskap, men det gjekk ikkje. Men så kom Emblemsbygda Billag, det var blant anna Oskar Emblem, han hadde allereie utdanna seg til sjåfør. Og bror hans var med og så Hans K. Akslen og Eljas J. Emblem, Ebbeeljas. Han var då ein eldre mann. Og fleire. dei gjekk rundt i bygda og snakka med folk og fekk fleire interessert. Og tegna andeler. Planen var å få til ein kombinert rute. Det måtte nå søkjast myndigheiter, og det tok ei tid. Og bussen vart kjøpt. Andelen lydde på 100 kroner, og i første starten trur eg der blei selt 22 andeler.
S.L.: Fekk dere bil for det då?
Nei, dei måtte sette seg i skuld. Men chassiset koste såvidt eg hugsar for 4.6.. og påbygginga vart gjordt i Spjelkavik av Sivert Garset for kr. 5.725,- på anbud.
S.L.: Kva ein betalte for ein tur til byen då?
Det var ei krone det og dent aksten vart ståande ganske lenge.
S.L.: Er der noen oversikt over kor mange som reiste?
Den første kombinertbussen var registrert for 18 personer, og det var ikkje kvar dag den var overfylt! Eg kom først inn i bildet då selskapet vart skipa, det vart sammenkalla til møte som Eljas styrde, det møtte opp ein del og då vart det at andelene vart teikna bindande. Der var skipa et tilsvarande selskap på Ørskog som var komen i gang og dei hadde fått lånt statuttane deira. Og utifrå blei møtet vedtekje. Dei første lovene. Etter det skulle dei ha eit styre på 5 og så skulle det velgast varamenn. Det var Eljas som vart første formann. så skulle styret ansette kaserer og det vart eg.
S.L.: Og du var ein trufast tener alle desse åra! Kan du hugse kor store intekter dere hadde første året?
Det var ca kr. 5000 første regnskapet, men det var ikkje eit heilt år, det første, det var midt på sommeren når dei endeleg kom igang. Ja me fekk med feriesesongen o då var det mest trafikk.
S.L.: Kor store inntekter var det i 1986?
Det var begynt å kome opp i millionbeløp.
S.L.: Kva var dagløna til ein arbeidar då?
Det var kr. 5 pr dag og den tariffen sto i mange mange år. Det var ein stor del av dagløna som gjekk
til bussbiletten til ein bytur. JA nå var kr. 5 i daglø rekna for god betaling då, det var det sjåføren hadde.
S.L.: Det var sommeren som var best trafikkmessig?
Ja, det var noen feriefolk, myke byfolk som leigde seg inn på gardane i ferietida.
S.L.: det var vel bensinmotorer, kva var literprisen?
Det var omkring 25 øre for literen. men han brukte mykje bensin på mila.
S.L.: Ditt arbeide var å betale løn og bensin?
alle rekninger ja, første jobben var å plassere andellskapitalen. Det gjekk greit.
S.L.: Kor mange ruter gjekk for dag?
I ferietida var det betydelig mange flere turer enn året ellest, om vinteren var det faktisk berre ei rute, til byen om morgonen og innatt om kvelden.
S.L.: Kor lang tid brukte dei på turen?
det var vel minst ein time, men det kune bli høgst forskjellig, kva han hadde å gjere på vegen. det var ein kombinert bil, så alle mulige varer å levere her og der.
S.L.: Var det jordbruksprodukter herfra til byen?
Det var først og fremst mjølka, det var det som gav støtet til å starte. Men dei hadde andre ting og, slakt og slikt.
S.L.: Frakta dei nokon gong lavande dyr?
Nei. men poteter og grønsaker - det kunne bli ganske fullt. Det var bare første året den første bilen gjekk åleine, det var ikkje mykje anna han kunne ta med seg. Det var 1,5 tons kapasitet chassiset var for. Mjølka måtte jo alltid få plass.
S.L.: Og under krigen, med generator?
JA, det var jo streng bensinrasjonering.
S.L.: Kan du hugse prisen på første bilen?
såvidt eg hugsar var det alt i alt kr. 5.725.
S.L.: Det var omtrent same som intekta første året?
Ja noke liknande.
S.L.: Kordan greide dere å betale utgiftene?
differansen mellom kr. 5.725 og dei teikna andelene blei skaffa ved private lån. Det var betydeleg billegare enn å låne i bank, og det var viktig. Og så når vi kjøpte fleire biler blei det åpna anledning til å teikne fleire andeler.
S.L.: Og det var ein annan veg enn i dag?
Ja, ikkje bygd for biltrafikk. Billaget måtte halde den i stand. Før det var vegen delt i roder mellom
grunneigarane, men når bussane køyrde, ville ikje gruneigarane ha arbeidet, så billaget måtte ta over. Og her var heller ikkje noken offentleg ordning på brøyting. Det vart brøyta med hestar foran treplog, og for å kome opp kneikane var det med ein gjeng som måka bakkane. Og vegen låg ikkje der han ligg idag, frå Magerholm gjekk han heilt nede ved sjøen frå trelastlageret og opp Kristenbrauta.
S.L.: Og Akslabrauta var vel den tyngste av alle?
Ja, den var tyngst. Og ute i Langhaugdalen var det eine bakken etter den andre og dårleg veg. Og der var to bakker opp til der vegen nå kjem ned frå Eikenosa. Og der var to bakker opp til der vegen
nå kjem ned frå Eikenosa. Og så i Pjuskhola var det to bakker. Men i Spjelkavika var det i orden med brøytinga.
S.L.: Korleis gjekk mjølketransporten når dere måtte instille køyringa i vårløysinga?
det vart ordna med ein privat dekksbåt fra kaien.
S.L.: Og om sommaren var der mange grindar?
Arne Ivar Solbak 21.11.2014 22:04
Jeg savner et bilde av bussene fra krigsdagene. Vinterdager med mye sne, var det alltid spennende om bussen greidde Pjuskehola? uten hjelp fra passasjerene.
Svein Ove 05.12.2014 13:37
Er usikker på om det eksisterer noe slikt. Historier, derimot, de er det nok flere av.
Nyeste kommentarer
09.11 | 16:49
Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, ut...
24.10 | 16:33
Hei alle sammen! Dette var en svært interresant oppdagelse all den...
13.08 | 10:14
Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr...
23.04 | 08:09
Emblemsbygda.com er eit idealistisk prosjekt skapt på dugnad. Tid avsett til
å oppdatere tekstar vil derfor variere ein del. Førebels har bokprosjekta våre
fått høgare prioritet på grunn av tidsnaud når det gjeld innsamlingsarbeid av
viktig kjeldemateriale. Har du tilbakemeldingar, tips, korrigeringar eller lyst til
å delta med eigne historiske tekstar?
Ta gjerne kontakt med oss på følgande måte:
E-post sendast til: sveostrem@hotmail.com