Karl O. Emblem: Butikkane på Emblem frå gammalt til i dag.
Foredrag heldt på Emblems Samvirkelags jubileum - 35 år i 1982
35 år er ikkje noken alder, men når eg tenkjer på at eg var med og bar denne buda til dåpen, då føler eg at eg blir gammal.
Eg har funnet ut at me godt kunne hatt eit forretningsjubileum til i bygda i år, for fyrste forretninga som vart starta her, starta for 80 år sia. Det var han Negards-Lars. Han slutta som gardbrukar på Emblem i slutten av 1880-åra og reiste til sjøss. Han var der i 12 år. For i år 1900 tok han over posten etter Magnus Lars, som hadde den til han døde i 1900. Så i 1898 fikk han fråskifta garden sin og i 1901 starta han den første forretningen. Det var i det huset som står i dag - Navelsaker eig det idag. Det var ikkje noken stor forretning, den var i kjelleren, den var delt og der skulle vere både butikk og posthus. Men folk var ikkje så godt vande - dei trengte å handle før 1901 også, og det var ikkje så enkelt. Næraste handel bygda hadde då var Vegsundet. Der var handel i Flisholmea, men det var også eit godt stykkje. Det høyrest merkeleg ut for oss i dag, men i den tida var det båten og sjøen som var vegen. Og då var det lett nok for oss innanesingane som dei kalla oss her inne frå bygdene, til å legge opp i støa der i Vegsund og i Flisholmen og handle. Handelen på Flisholmen varde i 70 år, frå 1770 til 1840. Det var ikkje noken liten handel, dei hadde oppi ein 7-8 drenge og dei fødde 8 kyr på Flisholma den gangen. Dei høyrde med i dette bygdelaget her, dei hadde utmark ilag med oss, som dei fekk sin del av fråskylddelt i 1892 - det var Havnevikja, der dei hadde havnen sin og der dei førde dyra.
Vegsundet handel var mykje mykje eldre. Dei påstår at det var handel i slutten av 1500, og den handelen gjekk kontinuerleg like til 1938, då slutta han som hadde den då. Det stende i gamle skrifter at den handelen på Flisholmen var sjenerleg for han Mecklenburg som handla i Vegsundet, så det var ønskeleg at den konkurransen kom vekk, og det gjorde den da. Men då dei skulle handle då, så måtte dei anten gå eller ri, kjøyreveg var ikkje før i 1835. då gjekk råsa frå Østrem - Markavegen forbi Flydalgarden, forbi Alfred, Jakobgarden Ut til meg, så sette den nedover igjen, sjøvegen over Leite og så utover nordai Langhaugen, langs den gamle riksvegen som kom der. På Hatlehol på skrå rett ut til husa til Åsen, over Haugane nokonlunde der Borg Folkehøgskule ligg, ut gjennom Vegsundstranda til Vegsund. Det var lang veg og lang veg å bere varene heim igjen. Ein gammal mann frå inste del av bygda fortalde til meg at då han var ung då var det ikkje alltid dei hadde mat om morgonen når dei vakna og han vart sende heimafrå og ut i Vegsundet og kjøpe ein våg med mjøl, måtte heim og vente på at grauten vart kokte, då fyrst fekk han mat.
Folket på Magerholm og Hesseberg, dei hadde også ein annan utveg om dei skulle handle, der var handel i Tusvika og så borti Buktene, som dei sa. Men det var kanskje meir sjeldan. Men så kom vegen i 1835, då vart det betre forbindelse med Ålesund, nå kunne dei køyre, før var det bare båt. Og køyre gjorde dei, eg veit me hadde ei gammal skyssvogn, ho var ikkje værst, med nokke ospareimer oppunder i staden for fjører. Med den køyrde me til byen. Dei skulle selge varer også, for å få pengar å kjøpe for og det var byen som var markedet. mjelka fekk dei riktignok levere her frå 1890-åra - men før den tid var det å selge ost og smør. Dei måtte tenkje seg vel føre når dei først var ute og for, kva dei trengte.
Så det var stor forandring den dagen dei kunne gå ned til han Negards-Lars og kjøpe seg ei kaffemork og noke parafin. Eg hugsar godt den gamle handelen der. Der var ein veggfaste benk og der satt gamlekarane. Der var ei svær åtting midt på golva - ja avsaga då - med eine og aviser - og så satt dei og sputta, dei var flinke til å treffe. Men ikkje alle tider. To store svære fustasjer med sirap stod oppslege bort med borterste veggja, ikkje lok på og det var me ungane glade for at der var mørkt. Det var om å gjøre å lure fingeren over logja og ha på litt sirap på fingeren. Så butikktjueriet var allereie i gang.Der foregikk mykje diskusjonar. Dei var veldig interesserte i politikk, våre forfedre.
Når det gjaldt Skorene, handelen der, det er det lille gråe huset som ligg bortpå marka sør for Røssevollveien. Der var handel i vestre enden. Der var eit vindu norover og eit vindu sørover. Og inngangsdøra - og den lille gangen og så butikken som var delt med ein liten faste benk mellom døra og disken. Der sat alltid ein to tre gamlekarar på den benken. Eg likte veldig godt å gå på buda. Det var ikkje noke som var ferdigpakka. Smør kom i butter, måtte vegast opp, mjølet måtte dei vege opp, sirap og også ein veldig svær artikkel den tida det var parafin og lampeglas. Og me var veldig glade for å gå på buda, det kunne kanskje vanke litt godt og. Så var det sirupspanna i ei hand og kanskje oljespanna i den andre, eller du hadde mindre søsken i eine handa. Og så var det vanleg med formaninga: Vær nå forsiktige og la ikkje smøret kome i lag med parafinen, det var ikkje bra. Og så ver forsiktig og ikkje knuse lampeglasa. Og det var oss.
Alt skulle vegast, dei hadde desse balansevektene, skålvektene me kalla, og det likte dei godt gamlekarane, då såg dei om det blei gitt god eller dårleg vekt. Det var voldsomt ka dei grein på nasa då dei kom desse nye vektene, med dene lange visaren og ei masse tal. Dei var skeptiske og der var dei som var snare og heiv opp loddern når dei kom heim for å ta stikkprøver på om det var rett vekt. Og så var der ei gammal kone der i nærheiten som var nokså jamne med det der, og når ho fekk det til å stemme då, sa ho: Å jammen vog ho Sanna rett! Dei hadde ikkje så mange kroner å leggje frå seg i forretningane.
vi hadde ein slags handel før første vedenskrig som eg hugsar godt. Kjøpelag som slo seg sammen og fekk innover varer til kaia - det blei gjort i andre bygdelag også. Dei sto då ansvarleg alle for en og en for alle - og delte desse varene der. Det kunne vere store ting, mjølsekker på 100 kg og sukkersekker - men ingen detaljhandel. Dette var ein forløper for det som så nære på hadde blitt eit handelslag, for det blei diskutert hardt om dei skulle starte eit handelslag i bygda. Endå me hadde to forretningar frå før.Dei hadde møte på møte og det dei ikkje vart forlikte om det var kor dei skulle sette dette handelslaget. Somme ville ha det på kaia, og det syntest mange var nå sanselaust. Somme ville ha det på Magnusbakkå, og somme ville ha det på Ebbebakkå. Og det blei dei ikkje enige om og så blei det heller ikkje noke handelslag.Men så blei det nå forretning både på Magnusbakkå og på Ebbebakkå seinare. Men det var kanskje bra, for med dei vankelege tidene som kom då, var det kanskje ikkje liv laga.
Ein annan slags handel hadde me også som eg kan hugse, og det var kramkarane. Dei for rundt med ein kuffert, innretta med masse små bur, og dei kom på gardane, slo opp kufferten og sa: Versågod. Kvinnfolkja vart glade når dei kom desse karane, der var hekter og trykknappar og knappar og vinsler og band. Det var ein ting dei ikkje hadde, det var glidelåser - den var ikkje oppfunnen - og bra var det! Eg trur glidelåsane har ansvaret for at folk he så høgt blodtrykk i våre dager. Han som fann opp det, han burde sittet i fengsel på livstid. Ja, kramkarane var nokså visse, og selde slike ting. Ja, eg må ikkje gløyme kambane, i alle kulører og alle sorter. men der var spesielt ein sort, som gjekk godt, det var den med dobbel tanngard, og eine tanngarden var veldig fine, såvidt håret gjekk gjennom. Det var "lusegufse". Det var der behov for, for var dei først kome i eit hus, så blei det reine invasjonen. - Kom der ein unge på skulen ein da med vannkjemd hår, så var det alle som tenkte seg kva som ha foregått. Så slike kamb var i alle hus.
Ja, her er nå nevnt alle kategorier av handel. Men handelen i byen har eg fere nok så laust over, det var klart at der foregikk ein heil del handel, til byen måtte dei, når dei skulle på sjøen for eksempel og når dei skulle avhende varer. Byen var ikkje lenger vekke enn det var overkomeleg både å ro og å køyre, - og gå med. - Det var ikkje alle steder så lett. Dei fortalde om ei kone frå ei fjordbygd, ho var gift - og ha aldri vært i byen. Så var ho endeleg teke laust og reiste til byen, der var mykje å sjå og når ho kom heimatt var det mykje å fortelle. Ja, men spurte folket heime, kva dei leve da i byen, ikkje er der løe og dyr og ikkje attlege? Jay, det skal eg seie, sa kona, dei lyge og stele, det er det dei leve ta der. men ho var gammal før ho kom seg til byen det vil eg nok tru, for eg var på eksis i 1928 i lag med gutar som var i byen for første gong den dagen dei reiste på eksis. Og i 1930 veit eg om vaksne gutar ikkje lenger unda enn Velledalen, som ikkje endå hadde vært i byen.
Når det gjaldt desse forretningane så døde Negards-Lars i 1925 og det vart slutt då vel i 1920 eller noke etterpå. Og den på Skorene nokonlunde same tida. Det var Hans Fursth som, starta handelen der ute, han var son hass Iver Furseth på Eikenosa. Han bygde seg hus - han kjøpte seg tomt av far og bygde seg forretning på Magnusbakken. Den dreiv han nokre år. Men så blei det dårlege tider, og han ha ei forretning i Spjelkavik han ville ofre seg meir for sannsynlegvis, så han selde til ein som heitte Maude. Han var her ganske kort og han selde igjen til L.K. Akslen, ein kar frå Aksla som var hjemvendt amerikaner og dei dreiv nokre år. Og med dei eigde den så brende forretninga ei klar og still natt i januar. Då vart det huset som nå stende der bygt. L.K. Akslen handla der noke etterpå, sia slutta dei og det blei Myrstad & Co som tok over handelen der. Dei handla før krigen og under krigen og da var det at det melde seg spørsmålet om det skulle startes handelslag her. Eller Samvirkelag som det heiter. Me blei einige då om å prøve. Og overtok då forretninga etter Myrstad & Co
I mellomtida var der komen ein ny handelsmann i bygda, Sevrin J. Emblem. Han var ein dyktig kar og handelsmann. Han bygde først dette der skjorareiret på nedsida av vegen i 1930 eller 31. Og handla der, utvida både ein og to gangar. Intl han bygde det huset på andre sida av vegen då tett før siste verdenskrig - i 38 eller 39. Det gjekk bra til han gjekk bort nokså fort, og Samvirkelaget overtok innventar og varebeholdning når den forretninga slutta.
Sia har Samvirkelaget vore einerådande her når det gjeld handel i denne delen av Borgund og seinare Ålesund kommune. Og det er gått framover og framover. Og vi har nå fått ein svært god forretning. Om ein samanlikner det tilbudet me hadde i bygda for 30-40 år sida, så er det ikkje samanlkning i det heile tatt.
Goggen Hansen 28.10.2019 09:57
Hei
Jeg leter etter bilde av en Ole Andreas Nilsen i Skodje født 1868 død 1935
Hans barnebarn som bor i Hammerfest ønsker og finne bilde av bestefaren
Nyeste kommentarer
09.11 | 16:49
Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, ut...
24.10 | 16:33
Hei alle sammen! Dette var en svært interresant oppdagelse all den...
13.08 | 10:14
Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr...
23.04 | 08:09
Emblemsbygda.com er eit idealistisk prosjekt skapt på dugnad. Tid avsett til
å oppdatere tekstar vil derfor variere ein del. Førebels har bokprosjekta våre
fått høgare prioritet på grunn av tidsnaud når det gjeld innsamlingsarbeid av
viktig kjeldemateriale. Har du tilbakemeldingar, tips, korrigeringar eller lyst til
å delta med eigne historiske tekstar?
Ta gjerne kontakt med oss på følgande måte:
E-post sendast til: sveostrem@hotmail.com