Sin høge alder til trass, bygda vår har ei relativ kort lagslivshistorie. Ei foreining av Det Norske Misjonselskap, vart danna i Mattisløa på 1890-talet. Det hadde kome ei vekkjelsesbølge på slutten av 1880-åra til Sunnmøre, som fekk namnet «Sandstormen» etter predikant Paul Gerard Sand. Vekkelsen i bygda hadde vorte så stor at forsamlinga kun fekk plass samstundes i løa.
Før 1880-åra var det lite lagsliv å spore. Folk rodde sjølvsagt til kyrkje, som dei hadde gjort i lang tid føre 1800-talet, men noko meir var der ikkje. Etter Sandstormen vart fleire misjonsforeiningar etablert og like før 1900 vart det også etablert eit ungdomslag i bygda vår. I 1932 vart Emblemsbygda Sportsklubb danna og etter andre verdskrigen fekk vi etter kvart 2 korps også. Det er meininga at du skal få vita meir om alle dei ulike laga, store som små, her på emblemsbygda.com
Det har diverre vore skrive svært lite om denne viktige delen av bygdehistoria vår, og det vil nok ta tid å få på plass alle tekstane, samt historiske bilete til. Eg har vald å lage ei eiga underside for idrettslaget, sjølv om det også er lagsliv, så du finn dermed ikkje noko om idrettslaget under overskrifta «lagsliv». God lesnad.
Emblemsbygda.com er eit idealistisk prosjekt skapt på dugnad. Tid avsett til
å oppdatere tekstar vil derfor variere ein del. Førebels har bokprosjekta våre
fått høgare prioritet på grunn av tidsnaud når det gjeld innsamlingsarbeid av
viktig kjeldemateriale. Har du tilbakemeldingar, tips, korrigeringar eller lyst til
å delta med eigne historiske tekstar?
Ta gjerne kontakt med oss på følgande måte:
E-post sendast til: sveostrem@hotmail.com