Det heile starta ein 17. mai der Oddvar Ramsvik og Ivar Flydal gjekk ved sidan av kvarandre. Begge sakna gleda av å høyra eit korps i toget på nasjonaldagen. Truleg fortalde Ivar óg litt om erfaringa som korpsmusikant i Hornmusikken dei åra han budde på Stranda. Det heile endte i alle fall med at Oddvar leigde inn korps for eiga rekning den påfølgande grunnlovsdagen i 1953. Dette gav meirsmak for langt fleire enn dei to, og ein kan ikkje påstå anna enn at emblemsbygdarane var kjappe i vendinga. På seinsomaren vart interessa lodda hjå sambygdingane. Superveteranen i korpset, Per Kåre Østrem, minnest at Harald Reiten kom innom Østremsgardane for å høyra om kven som kunne ha interessa av å byrje i korps.
Onsdagskvelden den 11. november 1953 vart det kalla inn til skipingsmøte på Borgheim, Ungdomshuset i Emblemsbygda. Målet var å diskutere idéen og tanken om eit korps i bygda. Oppmøtet seiest å ha vore godt og det heile enda med eit vedtak om å starte musikkkorps. Dei valde óg eit styre beståande av Trygve Emblem som formann, Oddvar Ramsvik som kasserar og Ivar Flydal som styremedlem.
Instrument vart bestillt, og tirsdagskvelden den 5. januar 1954 kunne forhåpningsfulle musikantar møte opp og hente instrumenta sine. Kvelden etter hadde korpset sin aller første øving med Ivar Flydal som dirrigent. Dei første øvingane vart haldne i kjellaren på ungdomshuset, og i skulehuset som låg vegg i vegg. Korpset si første besetning bestod av følgande medlemar:
Dirigent: Ivar Flydal
B kornett: Jostein Flydal, Sigbjørn Olsen og broren Jostein Olsen
Althorn: Leon Emblem, Harald Reiten, Trygve Emblem
Tenor: Odd Larsen
Basun: Johan E. Emblem
Baryton: Fredrik Emblem
Bass: Oddvar Ramsvik
Esshorn: Magne Emblem
Småtromme: Per Kristoffersen
Stortromme: Erling Emblem
Korpsnamnet kom til etter ein utlyst namnekonkurranse i bygda. Resultatet vart som kjent Gjallarhorn, etter forslag frå Eli Marie Emblem (seinare gift Reiten) og Harry Akslen.
17. mai 1954 kunne Gjallarhorn endeleg ta plass i toget og syna fram det dei hadde lært seg for første gong. Nasjonaldagen vart korpset sin aller første opptreden og dei vart godt tatt imot av sambygdingane i toget som den gongen endte på festplassen mellom den gamle skulen på Skaret og Ungdomshuset. Året ette byrja Per Kåre Østrem i korpset og han er den einaste som enno er medlem i 2011, 56 år etter! Dei første åra budde han fortsatt på guterommet med instrumentet liggande under senga. Mora, Aslaug Østrem sukka visst tungt når 17. mai nærma seg og ho skulle ta fatt på pussinga av det store instrumentet.
I 1971 søkte korpset medlemskap i Sunnmøre Kristelege Songarlag og var medlem der i 9 år, før dei vart medlemmar av Sunnmøre Hornmusikklag i 1980.
Uniformer fekk Gjallarhorn for fyrste gong 17. mai i 1972, men det var ikkje før 17. mai 1980 at alle hadde lik farge på skjorta. Den var då knall gul og med slips som hadde same purpurfarge som resten av uniforma. Tidlegare var det kun den kvite musikanthua som vart brukt dei 18 første åra.
Ivar Flydal vart avløyst som dirrigent av Harry Bjørkavåg etter 7 år i 1961. Ivar hadde lagt ned eit banebrytande og trufast arbeid i og for korpset. Harry var ikkje ringare, og heldt taktstokken heilt til 1981 med tålmodigheit, pågangsmot og ei interesse som gav medlemane inspirasjon til å yte sitt beste. Lars Arve Emblem tok på seg å leiie korpset ei kort periode før Harald Førde tok over i 1981. I likheit med dei før han, så har Harald lagt ned eit imponerande stykke arbeid og han er kunnskapsrik, energisk og musikalsk. Harald vart óg dirrigent for Emblem Skulekorps. Det var med andre ord ein temmeleg lang tirsdagsskveld for han med begge korpsa etter kvarandre, utan det la nokon dempar på engsjementet og humøret. For den oppmerksomme musikant kunne mangt et verbalt krumspring som "her var det en ørliten feil som ikkje e heilt riktig", gi både godt humør og vidare pågangsmot for den som streva med vanskelege tonekombinasjonar. Dette var heller ikkje dei to einaste korpsa han hadde ansvar for. Ein dag kunne han vere i Langevågen, på Vestnes, Molde eller Sandsøya på dirrigentoppdrag. Øvingstaden vart etterkvart flytta til der dei øver den dag i dag, på scena i gymsalen på Emblem skule.
Styret vert vald kvart år på årsmøtet og tek seg av drifta, der formannen får det største ansvaret og ledelsen. Det er derfor på sin plass å nemna dei som i åras løp har tatt på seg dette utfordrande vervet:
1953-1957: Trygve Emblem
1957-1960: Harry Bjørkavåg
1960-1964: Oddvar Ramsvik
1964-1965: Terje Krogsæter
1965-1966: Helge Larsen
1966-1967: Tor Nedregotten
1967-1971: Per Kåre Østrem
1971-1972: Lars Arve Emblem
1972-1975: Kåre Kvangarsnes
1975-1977: Bjørn Larsen
1978-1979: Ingen formann
1979-1981: Terje Krogsæter
1981-1985: Ingrid Aasen
1985-1987: Torill Berge
1987-1991: Sigfred Sætre
1991-1993: Lars Arve Emblem
1993: Kjell Storeide
Musikklaget har vært en kjent og kjær deltaker på en rekke fester og tilstelninger av ulike slag arrangert av foreiningar og lag frå bygda. Korpset har óg stått for eigne faste tilstelningar med basar og den tradisjonsrike 1. mai konserten. Bygdefolket og støttemedlemar har møtt trufast opp og bidratt til å gje Gjallarhorn den finansielle ryggraden den har i dag. Likevel har det ikkje alltid vore like lett når korpset har stått framom store økonomiske løft med behov for nye og dyre instrument slik som då korpset gjekk over frå janitsjarkorps til å verte brassband i 1992. Ei auka satsing på nasjonale og internasjonale konkurransar krevde og sitt, men takka vere generøse gåver frå både bedrifter og sambygdingar så takla gjallarhorn utfordringa med glans, takka vere eit dyktig styre. Her var Kjell Storeide ein som særleg bør nemnast. Fleire lokale bedrifter lot seg overtale til å bidra med pengar til både S-tuba, pauker og slikt som kosta fleire titals tusen kroner stykket. Veteranar og støttemedlemmar, for ikkje å snakke om bygdefolket, deltok alle med sine bidrag år for år. Mange stillte trufast opp til musikklagets faste fonsertar og utlodningar i Emblemsbygda.
Ei auka satsing på konkurransar tok til i 1988 med Korpscup i Volda den 12. mars og deretter NM i janitsjar den 30. juni. Korpset deltok i 3. divisjon. Andre konkurransar som bør nemnast er:
27. januar 1990: Korpscup på Sjøholt
23. november 1991: Korpscup på Sjøholt saman med Vestnes Musikklag som eit prøveprosjekt
27. juni 1992: Gøteborg Music Festival saman med Vestnes Musikklag der korpset vann marsj-konkurranse og fekk pris i konsertnummer-konkurransen.
24. februar 1993: Brassfestival på Sjøholt
Vidare fortsette korpset med fleire turar til NM i brass i Bergen frå 1995. ei slik satsing krevde mykje tid og øving, men samstundes gav turane auka samhald i gjengen.
Harald Førde var dirrigent i både Gjallarhorn og Vestnes Musikklag på byrjinga av1990-talet og begge korpsa sleit med rekrutteringa. For Gjallarhorn sin del var vi på slutten stortsett ei rein brassbesetning med unntak av Berit Helen Brevik på tverrfløyte. Samarbeidet mellom korpsa var både triveleg og gav gode resultat i konkurransesamanhengar, men det vart slitsamt med den lange vegen til fellesøvingar på enten Vestnes eller Emblem, og det enda difor med at Gjallarhorn beslutta å endre seg til å verte brassband i 1992. I jubileumsåret i 1993 då korpset feira 40 års jubileum kunne ein tella 27 medlemmar i korpset.
__________________________________________________________________________
Teksten er basert på
jubileumsheftet ved 40 års jubileet i 1993, avisutklipp frå
Sunnmørsposten, samt tillegsinformasjon frå Per Kåre Østrem.
Har du bilete av korpset eller tillegsinformasjon som kan bidra til å fylle ut meir av historia til korpset så håpar eg at du tek kontakt med meg på sveostrem@hotmail.com
Nyeste kommentarer
09.11 | 16:49
Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, ut...
24.10 | 16:33
Hei alle sammen! Dette var en svært interresant oppdagelse all den...
13.08 | 10:14
Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr...
23.04 | 08:09
Emblemsbygda.com er eit idealistisk prosjekt skapt på dugnad. Tid avsett til
å oppdatere tekstar vil derfor variere ein del. Førebels har bokprosjekta våre
fått høgare prioritet på grunn av tidsnaud når det gjeld innsamlingsarbeid av
viktig kjeldemateriale. Har du tilbakemeldingar, tips, korrigeringar eller lyst til
å delta med eigne historiske tekstar?
Ta gjerne kontakt med oss på følgande måte:
E-post sendast til: sveostrem@hotmail.com