Rekrutteringa til skiidretten i Emblemsbygda var god på slutten av 1970-talet. 1979 hadde nok vore det beste året i så måte. Samtlege kretsmeistrar i stafett for gutar og jenter var frå Emblem Idrettslag. EIL arrangerte dette året KM for gutar og jenter (ikkje KM-stafetten) og fekk også halvparten av meistrane. Med gode resultat vert som regel rekrutteringa enklare, og for Emblemsbygda sin del så vart det framgong i både topp- og breiddeidretten.
I 1980 ynskte laget å gje eit tilbod til fleire enn konkurranseløparane. Eit av resultata av denne satsinga var "Kubberennet" som var eit renn for alle klassar, frå småbornfamiliar til topputøverar. Det første rennet gjekk av stabelen i dårleg vér den 3. februar 1980. 380 stilte til start. 130 var konkurranseløparar, medan resten var påmeldte i trimklassa. Året etter håpte ein på å doble talet på deltakera. Eit slikt renn trong store ressursar og hjelparar. I 1981 var det heile 50 funksjonærar, fordelt på rennkontor, kioskdrift, matstasjonar ute i løypa, starterar og løypevakter.
Det var lagt ned eit enormt forarbeid, og her bør særleg løypeleggjarane nemnast. Laget hadde kun to skuterar til å hjelpe seg. Starten for konkurranseløparane, eller "turklassa" som den vart kalla, var ein fellesstart med mange parallelle spor og den lengste løypa var på heile 30 km. Denne løypa gjekk frå Emblem Skule, opp gamle-Grønevollen, på sørsida av Melsvatnet, over Akslamyrane, Østremsetra, Langevatnet, Emblemsdalen til Eikenossætra, attende nedanfor Røssevolldemma,like ovanfor Auresetra på skrå nedover innanfor Tryssethytta og tidvis med målgong på Grønevollen dersom det var for dårleg med snø i bygda. Minst eitt av åra gjekk løypa også opp på nakkane, om Grøndalen, forbi Svartevatnet og over Setrevatnet, men då var det særleg gode løypeforhold. Løypeleggjarane skulle i tillegg lage ei 15 km løype og ei eiga borneløype nede i bygda. Samtlege løyper skulle haldast i god stand til ein kvar tid uansett vér. Det var ikkje slik at ein kun behøvde å køyra ein gong. Her måtte ein både flattrakke eller rive opp snøen før ein kunne køyre opp sjølve skisporet og ein måtte unngå at sporet vart isa. Dette betydde at ein måtte kjøre fleire gongar før løypa var klar. I dag gjer ei trakkemaskin alt dette på ein gong. Nokre av dei trufaste slitarane var Ivar Reiten, Harald Reiten og Arild Østrem, men ein skal ikkje gløyma at dei ved fleire høve trong hjelp for å få nok vekt på sporleggjaren som skuteren slepte etter seg. Å sitte i timesvis på kne på kaldt metall i fart er noko det står respekt av. Så vidt som ek kan hugse så var Jarle Reiten den mest trufaste av desse.
Det var to matstasjonar i løypa. Den eine var plassert i den vesle bakken mellom Skareselet og Larsgardselet på Østremsetra. Løypa kom opp frå setrevatnet like aust for Larsgardselet til Olav Østrem og det vart bygd bord av finérplater og "golv" for funksjonærane av isolasjon, Isolasjonen skulle seinare brukast til å isolere golvet i Larsgardselet. Den mats andre matasjonen var på Eikenossetra. Tidvis var det ein på Grønevollen også når målgongen var der oppe. Samtlege stasjonar serverte god raud og varm Brænne-saft, med hjelp frå Heimevernet som lånte ut drikkekonteinarar. Vi ungane var ivrige på å springje etter og tilby saftglas slik at alle skulle få mogligheita til å få i seg ein sup, same kor dårleg tid dei hadde. Etterpå vart det arbeid med å samle inn alle eingongskoppane i plast som fekk god fart i undabakkane når det bles. Eg trur at det var enten i 1981 eller 1982 at koppane hadde fått blomstermotiv og det vart spøka med at at Arild Østrem hadde gjort seg så mykje flid at han hadde rosemåla alle samman.
I 1981 laga truleg Sunnmørsposten avisartikkelen som du finn eit bilete av ovanfor. Dei hadde møtt opp på eit av planleggjingsmøta i kjellaren på Ungdomshuset Borgheim som idrettslaget hadde overteke frå det nedlagde ungdomslaget i 1977.
Truleg var dette mellom ei og to veker før rennet skulle gå av stabelen, den 22. februar for dei hadde enno ikkje fått tilsynelatande panikk til tross for at markane i bygda enno var utan snø. Det var då tenkt at trimklassa skulle få eiga løype nede i bygda på 15 km. om det vart snø og småbornsfamiliane likeeins. Den minste løypa skulle vera på 4-5 km. Den minste løypa var åpen heile dagen og antalll rundar var frivillig for den enkelte. Tilsaman kunne det bli kring 4 mil med løyper om ein reknar med 10-12 spor til fellesspor ved starten og litt overlapping mellom trim-og turløypene. Sunnmørsposten var med på å sponse gavepremiar saman med ein rekke andre lokale bedrifter. Det første året var det 66 slike premiar som var fordelt på dei ulike klassane og trekt ut omlag som på ein tombola, med startnummera so.m "lodd-nummer".
Utover 1980-talet vart snøforholda dårlegare og dårlegare og eg minnest eit klubbrenn der ein måtte flytte starten heilt frå Grønevollen til Melsvatnet og kjøre på ei stor mengd med snø for å få til ei brukbar løype. treningane som tidlegare vart haldne i løysløypa nede i bygda, måtte no flyttast både til Strandafjellet og tidvis også endå lengre. Skirenna måtte også flyttast tidvis ut av bygda og i 1989 var det slutt på Kubberennet.
Kjelder:
Olav Østrem
Jubileumshefta til EIL i 1982 og 2007 (red. Olaf Hesseberg og Per-Aslak Emblem)
Avisartikkel som truleg er frå Kubberennsponsoren Sunnmørsposten i 1981
Nokre eigne minne.
Nyeste kommentarer
09.11 | 16:49
Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, ut...
24.10 | 16:33
Hei alle sammen! Dette var en svært interresant oppdagelse all den...
13.08 | 10:14
Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr...
23.04 | 08:09
Emblemsbygda.com er eit idealistisk prosjekt skapt på dugnad. Tid avsett til
å oppdatere tekstar vil derfor variere ein del. Førebels har bokprosjekta våre
fått høgare prioritet på grunn av tidsnaud når det gjeld innsamlingsarbeid av
viktig kjeldemateriale. Har du tilbakemeldingar, tips, korrigeringar eller lyst til
å delta med eigne historiske tekstar?
Ta gjerne kontakt med oss på følgande måte:
E-post sendast til: sveostrem@hotmail.com