Dette
bruket er eit av dei opphavelege 6 gardane på Matrikkelgarden
Emblem. Emblem er truleg den første garden som vart rydda i bygda og
«heim»-namnet i seg sjølv vitnar om høg alder. Oppdelinga i seks
partar kom ein gong seint på 1500-talet, og det er soleis mogeleg å
finna spor etter brukarar i Sjursgarden i 1603. Bruket var truleg del
av den parten som har vore kyrkjegods.
I
Aslak Bolt si jordebok frå 1440 kan ein finna at den katolske
Erkebispestolen åtte delar av Emblem. På 1600-talet vart dette
erkebispegodset lagt inn under kongen som krongods.
Om
garden har hatt noko anna namn på folkemunne før «Sjursgarden» er
det ikkje så lett å seie. Truleg har ein nytta noko anna enn gards
og bruksnummer, og det er trass alt snakk om 6 ulike bruk med namnet
Emlem frå slutten av 1500-talet . Problemet er at det i offentlege
dokument er nytta bruksnummer og namnet på matrikkelgarden framfor
slike meir folkelege kallenamn. Det interessante er at det kun finst
ein brukar med namnet Sjur, så me veit i alle fall kvar namnet kjem
frå.
Garden
Emblem var lenge eit samla bruk. Frå denne garden trur ein at dei
andre gardane i bygda stammar frå opphaveleg. Østrem var truleg ein
av dei første frådelte gardane. Det som var igjen av den gamle
storgarden på 1500-talet vart så delt i seks like store bruk med
namnet Emblem. Den første brukaren, i det som vart Sjursgarden etter
delinga, var Knut Jonsen som i alle fall dreiv bruket i tida 1603-17.
Det er først og fremst mangel på skriftlege kjelder som gjer at ein
ikkje kan seie med sikkerheit kor lenge han dreiv garden. Ein finn
han fordi han betalte også landskyld til Kongen, og soleis var
registrert av futen under krongodset.
Ein
veit heller ikkje noko særleg om den neste brukaren som heitte
Ingvald Eriksen. Truleg var han bygselsmann på bruket frå 1617 til
ein gong omlag 1745, men det finst truleg ikkje nokon tinglysningar
lenger som kan hjelpa oss med å fastslå kor lenge han dreiv garden.
Det ein derimot kan finne om Ingvald, er at han skulle sette spor
etter seg ved at slektsbanda etter han skulle vare i mange
generasjonar framover. Han vart på mange måtar ein slags stamfar
til dei som kom etter. Tek ein litt hensyn til at enkelte av
brukarane i nokre slektsledd ikkje har direkte slektsband, ved at
dei inngifte konene vert enker og omgifte før dei får born som kan
overta, så kan dagens sjurs-ætt føre slektsbanda på garden
attende til omlag 1617. Dette er imponerande med tanke på at det i
mange år var eit bygsla, eller leigd gardsbruk.
Sonen
Sjur Ingvaldsen Emlem (f. ca 1620) var den som Sjursgard-namnet
stamma frå. Om det var i 1645 han tok over er det ikkje mogeleg å
vite, men det er sikrare at han tok kår i 1690, og det er ikkje det
einaste ein kan finna. I 1658 hadde han både hest, ukse, 6 kyr, 3
geiter og ein sau. Han dreiv garden saman med sonen sin ei tid før
han gav seg i 1690.
Ingvald
Sjursen Emlem (f. ca 1645) vart bygselsmann og drivar i 1690. Han
vart temmeleg gamal, omlag 75 år, og han overlet drifta til sonen
sin i 1705. Han hadde då drive garden i kun 15 år, men han var også
temmeleg gamal då han overtok. Stemmer fødselsåret så var han 45
år når han fekk overta. Dette er ikkje så mykje å skryte av i
våre dagar kanskje, men levealderen den gong var ikkje slik som no.
Mange sleit hardt for levebrødet og døydde tidlegare, som ei
direkte følge av livsførsla i kombinasjon med matstell og hygiene,
eller kanskje ein heller kan seie mangel på den slags? Sjølv om
gardane låg like ved matfatet, Storfjorden, og kornåkeren, så vart
det meste av fisken tørka og grovsalta før den vart nytta til mat,
i staden for å etast nykokt. Kjøt var det heller lite av i det
daglege kosthaldet, og maten skulle vare. Resultatet av sjølvberging
var tidvis svelteforing av både folk og dyr.
Jon
Ingvaldsen Emlem (ca. 1687-1729) levde ei ei tid der det er lettare å
finne skriftlege kjelder.
Han
dreiv Sjursgarden frå 1705-1729. Jon vart ikkje like gamal som
faren. I følge Kirkeboka for Borgund så var han berre 42 når han
døydde. Enka Anne Størkesdotter Blindheim (1686-1746) var truleg ei
driftig dame, for ho dreiv Sjursgarden åleine heilt til 1731 før ho
i ein alder på 45 gifta seg opp att med
«ung karl Axel Axelsön
Emlem.» som var 15 år yngre.
Eigentleg
kom Aksel frå Nedregotten og var son av Aksel Larsen (ca. 1660-1733)
og Johanne Olsdotter Solavågseide. Foreldra dreiv den delen av
Nedregotten som like etterpå vart delt i bruka Steffagarden og
Sirigarden. Brødrene til Aksel i Sjursgarden, Ole og Sjur fekk
soleis kvar sin gardpart frå farsgarden.
Aksel
og Anne sat rimeleg godt i det og skiftepapira syner det same. I 1746
hadde dei soleis 128 riksdalar i verdiar og berre 56 riksdalar i
gjeld. Dei hadde både hest og 7-8 kyr samt kvenn og naust. Aksel
gifte seg om att i 1747 med Malene Gregoriusdotter Røssevoll
(1710-1797), dotter av Gregorius Andersen (ca 1669-1749) og Brit
Olsdotter, som vart utrulege 97 år gamal før ho døydde som
legdslem i 1767. Malene sine foreldre var truleg ikkje fødde i
bygda. Broren Lars tok over Hansgarden på Røssevollen etter faren
deira det same året som Malene gifte seg på nabogarden Sjursgarden
nedanfor Røssevollbakkane. Rekka med oppatt gifte tok ingen ende med
Aksel, for Malene vart nøydd til å gjere det same. På denne tida
var det nær sagt umogeleg å greie seg om ein ikkje var minst to
vaksne i tillegg til kårfolket. Nye giftemål var med andre ord
heilt nødvendig, og den nye ektefella behøvde å vere yngre og
helst enno meir arbeidsfør. Difor kunne aldersskilnaden vere stor.
Aksel var 9 år eldre enn Malene og Malene var 15 år eldre enn sin
andre ektemann, Ole Ingebrigtsen Emlem(1725-1785). Ho gjekk heller
ikkje så langt av garde for å finne seg ektemake for Ole kom frå
Auregarden, på andre sida av Steingarden bak sjursgardshusa. Ole er
nemnd som brukar i 1755, året etter Aksel døydde, og fram til 1779.
Han overlet bruket i ein alder av 54 år. Og døydde den 13. mars
1785 i en alder av 59 1/2 år uten at dødsårsaka vart registrert.
Det var heller ikkje vanleg praksis å skrive slikt i Minsterialboka
på denne tida. Presten skriv derimot i sjeleregisteret i 1769 at
Malene og Ole lever skikkeleg og kjærleg, men at dei har få bøker.
Den neste brukaren var Nils Olsen Akslen (ca.
1750-1781), som var svigersonen til Malene og gift med stedottera til
Ole, Anne Akselsdotter Emlem (1749-1812). Dei fekk ikkje mange åra
saman, for Nils døydde allereie i 1781 etter berre tre år som
gardbrukar i Sjursgarden. Anne gifte seg ein gong til. Den 16. juli
1782 var det Peder Olsen Rødsethatlen (1749-87), men dette
giftermålet varte ikkje særleg lengre, for Peder døydde den 2.
desember 5 år ette, berre 36 år gamal. Peder dreiv for det meste
med fiske og hadde truleg ikkje den same interessa for gardsdrifta,
men dei hadde eit par kyr og 4 geiter i alle fall. Eg finn ikkje
dødsårsaka, men det er ikkje heilt usannsynleg at han kan ha drukna
i forbindelse med fiske, sjølv om dette førebels er kun
spekulasjonar.
Anne gifte seg ein tredje gong med Kolbein Larsen (ca.
1750-1824) den 25. november 1789. Borgundboka fortel at han heitte
Gamlem og at han var fødd Lyshol opphaveleg. Problemet er at han i
Minesterialboka for Borgund vart skriven med Emblem som etternamn.
Det er dermed ei mogelegheit at han eigentleg kom frå Negarden og
var son av Lars Olsen frå Vatne.(1725-1765). Lars kom til Emblem
først i 1753 og difor kan Kolbein ha vore døypt Gamlem. Det var
vanleg å skifte namn når ein flytte til ein ny gard. Problemet er
at ein ikkje veit kva år Kolbein vart fødd og heller ikkje om det
var Vatne, Gamlem eller Lyshol ein skal leite etter. Han døydde i
1824 i følge bygdeboka, men det finst ingen scanna kyrkjebok for
dette årstalet som kan nyttast til å sjekke påstanden.
Den neste brukaren i Sjursgarden er Nils Nilsen Emlem
(f. 1781). han var sonen til Anne Akselsdotter og hennar første
ektemann, Nils Olsen Akslen. Nils d.y. Dreiv bruket frå 1798 til
1825 og hadde funne seg ei kone frå den same bygda. Inger Larsdotter
Nedregota (1771-1850) frå Nedregotten. Ho vart døpt 19.12.1771 og
var dottera til Lars Knudsen Nedregotten (1745-1785) i Guttormgarden.
og niesa til Peder Knutsen Nedregotten (1739-1794) på Skaret. Faren
og onkelen hadde fått frådelt kvar sin halvpart av farsbruket, som
i si tid var et av kun to gardsbruk på Nedregotten. Mor til Inger
kom frå Ebbegarden og heitte Anne Ebbesdotter Emlem (f. 1745)
Ein veit litt om Sjursgarden frå Nils og Inger si tid.
I 1801 var Nils inne i sitt tredje år som husbonde på garden, sjølv
om han berre var 21 år. Inger var 8 år eldre og begge var
førstegongsgifte. Dei Hadde på denne tida eit born, Ole Nilsen, på
1 år og dessutan ei tjenestejente.
Det er Laurentze Larsdotter frå Guttormgarden som er
oppgjeven som «Tiener». Ho var på denne tida 22 år og eitt år
eldre enn Nils. Stefaren, Kolbein, og mora, Anne, budde fortsatt på
bruket som «Inderster og vilkaarsfolk» på tredje året, sjølv om
dei no kun var 48 år. I 1807 var det hest, 5 kyr, 5 ungfe, 5 sauer
og 8 geiter på bruket. Dette var minst like bra som storbruka
Negarden, Ystebøen, men Ystebø-Klaus var likevel i ei klasse for
seg sjølv med eigne pengegåver til skuledrifta i Borgund og heile 2
hestar på sitt eige bruk. Slikt gav staus. Nils og Inger tok kår
den 1.11. 1825 hos sonen Ole Nilsen Emblem (1800-1831).
Ole hadde sjølv nyleg fått bygsel hos kjøpmann Knud
Danholm den 14. oktober same året. Sjursgarden hadde skifta eigar i
løpet av den tida då faren Nils dreiv garden. I 1790 hadde
handelsmannen J. A. Heide fått eigedomsretten til alle bruka under
matrikkelgarden Emblem. Då han døydde vart alle bruka seld på
auksjon, og det var ikkje så rett få bruk han åtte, berre i vår
eiga bygd. Sonen og svigersonen,kjøpmann Knud Danholm, kjøpte kvar sin del av
Emblem, og Knut fekk soleis eigedomsretten til Sjursgarden i 1809.
Ole gifta seg med Andrine Christiane Arnesdotter Nedregotten
(1799-1862), året etter at han hadde tatt over Sjursgarden. Eg kan
ikkje finne at dei fekk nokon born eller at dei miste nokon born dei
5 åra Ole levde. Han døde 1.7.1831 og vart gravlagd den 11.7. 1831
utan at det vert skrive dødsårsaka i verken Ministerialboka eller
Klokkarboka. Det einaste eg kan finne er at Andrine var framsynt og
kjøpte Sjursgarden. Garden var det året til salgs, som del av
skiftet etter avdøde Knud Danholm. Andrine vart dessutan den første
sjølveigaren på garden den 9. januar 1832. Skøytet vart tinglyst
den 2. september det same året.
Det var altså ho som vart eigaren av garden for ein sum
på 200 Speciedalar. Det interssante i den forbindelsen er at ho i
1832 kjøper Indre Åkernes for 300 Speciedaler av Svigerfaren.
Bruket var truleg fødestaden til faren til Andrine. Av skjøytet går
det fram at salget har forbindelse med arv etter Andrine sin avdøde
mann, Ole, og salget er ført til pennen av K.C. Krogh. Det er
vanskeleg no i ettertid å få heilt klarheit i alle omstende, men eg
trur at dødsfallet til Ole kom uventa. Andrine har truleg fått med
seg farsarva inn i eit felles bu med Ole, eller så har dei kjøpt
Indre Åkernes saman. I dei dagar var det husbonden som hadde dei
fleste juridiske rettar i slike saker. Andrine var likevel alt anna
enn ei passiv hustru i økonomiske saker. Seinare finn me ho også på
«oppkjøpsturne» med sin neste mann, og sonen fortalde kring 1920
at ho i sin ungdom tjente hos Skrivaren Krogh. Stemmer denne
opplysninga så kan ho sjølvsagt ha fått kunnskapar om pengesaker.
Ei anna opplysning om at Krogh budde i Sjursgarden under utskiftinga
av emblemsgardane er også særs interessant i denne anleiinga.
Utskiftinga tok omlag 4 år frå 1830-34 og har Andrine og Krogh hatt
såpass god kontakt så har ho nok også fått gode økonomiske råd
på vegen. Det er i denne perioden at ho tinglyser eigne kjøp av
minst to gardar, der Sjursgarden er den eine. Spørsmålet det er
verdt å stille seg er kvar ho fekk alle pengane frå. Eg har ikkje
klart å spore nokon lån og Ole var tross alt bygselsmann, så han
kan ikkje ha hatt så mykje pengar mellom hendene. Kanskje Krogh er
svaret her også? Det verkar i alle fall som om Åkerneset var ei
form for investering. Det er mogeleg at foreldra på Skaret kunne
hjelpe litt, men kvar 500 spesiedalar kom frå og vart brukt på
berre eit halvt år, ja det er det ikkje sikkert at ein klarar å
finne fullgodt svar på.
Eit
anna trekk ved Andrine, kan ein finne i kyrkjepapira. Ho gifte seg
ikkje opp att før den 30. juni 1833. Det betyr at ho var enke i
nesten to år, der ho dreiv Sjursgarden og fullførte framsynte
økonomiske investeringar attåt. Eg har ikkje funne at ho fekk nokon
born med sin første ektemake, men ho hadde trass alt kårfolk å
syte for. Nils og Inger klarte nok å hjelpa til en del med
gardsdrifta, men på den tida måtte ein for det meste vere to vaksne
i sine beste år for å klare å drive eit garsdbruk. Eg trur ikkje
at dette skuldast at Andrine ikkje var attraktiv gifteemne. Rett nok
var ho enke, men ho hadde berre så vidt passert 30 og ho var
sjølveigar attåt. Eg vil tru at folk merka seg denne gardenka på
Emblem. Ei forklaring kan og vere at ho ikkje godtok kva som helst av
den som måtte vera på friarføter. I alle fall så fekk ho seg eit
godt giftaremne i Lassegarden på Sula. Knut Olsen Kyrkjebø
(1795-1840) var ein rik mann. Kor mykje han fekk med seg seg som
medgift er uklart, men det var i so fall ikkje første gongen nokon
frå Lassegarden fekk med seg eit skrin med sølv på sin veg ut i
verda. Saman med Andrine så investerte dei stort i gardar som var
til sal i distriktet. Breivik, Vedde, Eikrem og Nordre Åkernes var
nokre av gardane som dei kjøpte. Sjølve kruna på eigedomsida var
då dei kjøpte Giske Kapell for 100 speciedaler i juni 1834. Kyrkja
vart så delt med broren til Knut, Johannes Olson Kyrkjebø som dreiv
garden Teigene på Hareid.
Eg
har førebels ikkje heile oversikta over kor mange gardar som Andrine
og Knut åtte, men skiftepapira etter Knut er omfattande og desverre
særs vanskeleg å lese. Ved gjennomgang av buet vart det eit
overskot på 1400 speciedalar. Det vart også halde takst på bruket
og ein kan der merke seg at det var snakk om to stover under eit tak.
Det er mogeleg at dette er den same som stod heilt til den fall
samman kring 1950, og er avbilda på denne sida. Elles var det både
naust, sommarfjøs, stabbur og løe med fjøs, som alle var i særs
god forfatning. Gardshusa åleine var takserte til 86 speciedalar, og
det seier også noko om kor mykje dei overskytande 1314 speciedalane
var verdt på den tida. Sjølv om det framleis var sjølbergingsdrifta
som rådde på gardane i vår bygd, så var buskapen i Sjursgarden
meir lik den drifta ein hadde med kun kjøtproduksjon over hundre år
seinare. Knut og Andrine hadde 10 kyr, 15 småfe attåt hesten. Potet
hadde dei enno ikkje tatt til med, og satsa på havre for det meste.
Årsresultatet var på 6 tønner bygg og 22 tønner med havre.
I
ein alder av 41 år vart altså Andrine enke for andre gong i 1840.
No hadde ho også to born å ta vare på. Andreas Ole Johan var 6 år,
Lars Karolus var 3 år. Lars døydde kun 9 år gamal den 11. mai i
1846. Ministrialboka fotel ingen ting om årsaka. Denne gongen gjekk
det ikkje så lenge før Andrine var gift for tredje gongen. I
arveskiftet etter Knut var det Andrine som fekk det meste. Gutane var
ikkje så store på denne tida, men eg meiner å tyde at Ole og Lars
fekk ein litan skjerv dei óg. Skiftepapira etter Lars den 22.
september i 1846 dokumenterer dette. I dette skiftebrevet er Ole,
Andrine og stebroren Knut Larssøn dei tre arvingane. Totalt var det
snakk om 335 Speciedaler
som
omfatta ein gardpart verd 250 Speciedalar og ein part i Giske Kapell
verdt 50 Speciedalar. Truleg fekk brødrene Lars og Ole Knutsen like
mykje i arv etter faren.
Lars
Kristiansen Viddal (1813-1876) var 14 år yngre enn Andrine, men han
delte hennar interesse for kjøp og sal. Dei gifta seg 4. juli 1841,
eit år etter Knut var død. Dette var det ein kan kalle «normalen»
i dei tilfelle der den eine fall frå medan den andre framleis var i
aktiv alder for gardsdrift. I Lars si tid som brukar i Sjursgarden
frå 1841-1865 kjøpte han mellom anna Hatlebakken, eit plassebruk
som var utskild frå Negarden og han har også lånt ut pengar mot
obligasjonar. I 1862 drukna Andrine inne i Tafjorden. I følge
Gardsoga for Borgund band II så skal ulukka ha skjedd då ho og 6
andre skulle ro i land frå Dampbåten. Den lette robåten vart teke
av eit stormkast og kvelva rundt. Lars var med i den same båten, men
vart redda. Kirkeboka støttar opp om påstanden om drukninga, men
elles er det lite som ein kan lesa i andre kilder om denne ulukka.
Det
finst derimot kjeldemateriale om eit forlis utanfor Syltefjellet i
juli 1862. Foreldra til Gunhild Eliasdotter Muldal drukna i den
ulukka. Gunhild var då berre 2 år og vaks opp i Tafjorden. Det er
mogeleg at det er snakk om det same forliset. Det er i alle fall godt
mogeleg at det er snakk om det samme stormkastet for datoane stemmer.
Ei Anne Pernille Olsdotter Tafjord døydde ved Syltefjellet av
drukning 15. juli 1862. Dette er den eksakt same dagen som Andrine
drukna. I følge Kyrkjeboka så var Andrine den einaste frå Borgund
sokn som drukna. Leitar ein nærare etter i kyrkjeboka for Norddal,
så finn ein at den tidlegare nemnde Anne og fem andre drukna 15.
juli 1862 ved Syltefjellet. Dette stemmer særs godt med Borgundboka,
med unntak av staden. Tenkjer ein seg at bygdebokforfattaren har
skrive feil, eller har rekna heile fjordstykket frå Syltefjellet og
innover som del av Tafjord i meininga namnet på fjordarma, så
stemmer det. At akkurat 7 skulle drukne den 15. juli både ved
Syltefjellet og i Tafjorden er det vanskeleg å ha tiltru til.
Sonen
til Andrine, Andreas Ole Knutsen (1834-1922) var 28 år når mora
drukna. Han var nær ved å miste stefaren også. Han hugsa truleg at
faren døydde då han var 6, og at han miste bror sin , Lars Carolus
Knutson, når han var 12. Det var med andre ord mykje sorg han hadde
fått erfare på få år. Knut hadde ein bror til. Det var Knut
Sevrin som var sonen til stefaren, Lars. Knut Sevrin Larsson
(1842-1916) heitte «Store-Knut» på folkemunne og fekk mellom anna
to gardpartar på matrikkelgarden Eikrem, en gardpart på Hanken, del
av garden Vedde og 1/4 av Giske Kapell i morsarv etter Andrine.
Overtakinga vart tinglest 1. juni 1864. Store-Knut vart også
gardbrukar på Eikrem i 1866, det same året som faren skøytte frå
seg Sjursgarden til broren Andreas Ole Knutsen. Lars vart truleg
prega av både tapet av kona si i tillegg til at han var nær ved å
drukne sjølv. I 1865 overlet han Sjursgarden til stesonen. Dette var
kanskje del av ektepakta mellom Lars og Andrine.
Andreas
Ole, eller «Sjurs-Ole» som han seinare vart kalla, var den eldste
sonen til Andrine og dermed også odelsgut i Sjursgarden. Det var no
på tide at han fekk ta over bruket. Sjølv løyste Lars kårbrev og
vart verande på garden som kårkall og enkemann. Men Lars var berre
52 år då han løyste kårbrevet. Året før, den 17, juli 1864
hadde han gifta seg om att med den unge enka Johanne Jensdotter
Emblem (1824-1878) på 40 år. Ho var truleg dottera til Jens Olsen
Emlem (1790-1825) i Ebbegarden som døydde året etter at Johanne
vart fødd. Kårbrevet rakk berre så vidt å verte tinglyst 28.
oktober 1865, før Lars og Johanne fekk nye planar. På det same
tinget vart skiftepapira etter Andrine lest opp. Det var først ved
dette høvet at arva etter Knut Olsen Emblem vart fordelt. No var
borna til Andrine vaksne, men det vart litt annleis enn det som Knut
kan ha sett føre seg, for sonen Lars vaks aldri opp. Ved dette
skiftet fekk Sjurs-Ole Sjursgarden, ein fjerde part i bruka Eikrem,
Vedde, Reitebø, Hanken, Kipperberg og Viddal. 1/8 del av Brevik, 1/5
del av Indre-Åkernes. Det er interessant å merke seg at Andrine
hadde tenkt seg at Sjurs-Ole og stebroren, Store-Knut skulle ha del i
fleire av dei samme gardpartane i staden for å få ein større del
av kvar sine gardar.
Kvifor
Lars Kristiansen valde å gjere det på den måten er eg ikkje sikker
på. Kanskje fanst det eit testamente etter Andrine, som var tufta på
den tidlegare ektemannen Knut Olsen sine idear? Knut hadde
foreksempel ikkje kjøpt Giske Kapell saman med broren sin, for i dei
tinglyste kjøps-dokumenta er det berre Knut og Andrine som står
oppført. Det må ha vore ein tanke kring dette, og ein kan også sjå
at foreksempel Nordre Åkerneset vart delt opp i fleire partar med
kvar sine eigarar ei tid etter kjøpet. Det verkar som om Sjurs-Ole
og Store-Knut har fortsett å dele på eigedomane ei god stund. Det
store pengebeløpet etter Knut, på 1400 Speciedalar vart truleg også
fordelt på Kirkebø-slekta til Knut. Andre delar vart nok nytta til
vidare investeringar i gardar som vart kjøpte på tvangsauksjon i
distriktet.
Kvifor
Lars Kristian valde å flytte frå Sjursgarden og ta fatt som
gardbrukar igjen, veit eg ikkje. Det er mogeleg at livet som kårfolk
ikkje frista dei likevel. Det endte med at Lars og Johanne fekk
bygsla den vesle naboplassen «Skørene» som grensa til Sjursgarden
i vest. Sjølv om det aller meste av eigedommar no var overdrege til
sonen og stesonen, så hadde dei hadde truleg god økonomi og pengar
til å kjøpe den vesle husmannsplassen under Auregarden, men slik
vart det ikkje. Enka i Auregarden, (Henninga) Thomassine Olsdotter
Emblem (1815-1900) ville nok heller ha arbeidskraft og slik vart det.
Bygselet var eit eingongsbeløp på 70 Speciedalar, årleg
festeavgift på 1 1/2 Speciedalar og 8 dagars arbeid på Auregarden
i dei viktigaste onnene. Lars kunne nok vald seg ein av dei fleste
gardane bygda og hatt råd til å kjøpe den óg sjølv om det meste
av pengane og eigedomane no var overlate til stesonen. Likevel valde
dei å verte bygselsfolk i staden. Det er ikkje mogeleg å spore noko
anna skifte etter Lars Kristian, så arva etter han var dermed delt
ut på førehand i 1865, når han tok kår hos Sjurs-Ole. Det same
året vart det halde folketelling i Borgund.
Dette
året vart det registrert 8 personar på garden. Lars og kona Johanne
var framleis kårfolk, medan Knut Larsen (Store-Knut) var ugift og
registrert på garden sjølv om han på den tida «farer tilsøs».
Ole og kona Anne budde sjølvsagt på bruket med dottera, som hadde
fått namnet feilskreve til Andrine. Dei to siste var tjenestguten
Johan A. Nilsen på 21 år frå Skodje Prestegjeld og Berte L.
Pettersdotter på 20 år, frå Ørskog Prestegjeld. Kanskje hadde
desse to ein form for forbindelse eller kjentskap med kona til
Sjurs-Ole som også kom frå Skodje Prestegjeld.
Andreas
Ole Knudsen Emlem, eller Sjurs-Ole, var altså ein velhalden mann og
rekna som ein av dei rikaste i området. Arva etter faren og mora
hadde vore god. Han fortsette dessutan å kjøpa fleire gardsbruk på
auksjon. Ein av desse var Larsgarden på Østrem, som hadde tilhøyrt
dødsbuet etter Postmeister Tonning i ålesund, og vart seld av
sonen Niels Albert Vogt Tonning i 1855, etter at han hadde flytta frå
byen for godt. Sjurs-Ole hadde difor nok å ta seg til attåt
gardsdrifta. Han hadde gifta seg med Anne Petrine Pedersdotter
Glomset (1840-1881) i Ørskog kyrkje den 24. juni 1860. Den 19. april
1862 hadde eldstedottera Andrea Marie Lovise Olsdotter (1862-1937)
vorte fødd i Sjursgarden. Ved dåpen 29. mai var onkelen Store-Knut,
Johan Larsen Glomset, ste-bestefaren Lars , Johanne Larsdatter
(truleg Glomset) og farmora Andrine fadderar. Andrea skulle desverre
ikkje få verte kjend med farmora si, for dette var det fatale
ulukkesåret der ho drukna eit par månader etterpå. Andrea vart
seinare gift med Ole Kristian Ellingsen Humlen. Det same året som
Ole hadde fått tinglest skøyte på Sjursgarden, kom sonen Knut
Laurits Olsen (1866-1917) til verda den første januar. Det var han
som fekk odel på farsgarden, sidan det på den tida var den eldste
sonen som fekk odelsrettar, om ikkje foreldra valde det annleis.
Tredjemann i søskenflokken var Lars Karl Joakim Olsen Emblem
(1870-1952), som seinare vart kjend som lekmannspredikanten
«Austrems-Lars» i Larsgarden på Østrem. Den siste i søskenflokken
var Johanne Elisa Olsdotter Emblem (1874-1904), gift Sjong på
Valderøya.
Sjølv
om Sjurs-Ole var av dei rikaste i distriktet, handla med eigedomar,
dreiv ei form for bankvirksomheit der han lånte ut pengar mot
pantobligasjonar, så var det likevel ein ting han truleg ikkje
kunne, for fleire av dokumenta etter han er underskrive med «påhalden
penn». Det kan tyde at han ikkje kunne å skrive. Det finst fleire
interessante arvestykke etter han. Mellom anna ei ølkrus i sølv,
med inskripsjonar og ein sølvmynt festa i loket. I følge sonen,
Lars, skulle kruset ha vorte til då ein gjekk frå speciedalar til
krone som mynteining. Då fekk han smelta om nokre av «sølvdalarane»
sine til ølkrus. Om han hadde fleire slike kruser, eller andre
omsmelta sølvgjenstandar, veit eg ikkje. Sjurs-Ole gav seg som
gardbrukar i 1891, men forsette enno nokre tiår med kjøp og sal av
eigedomar.
Det
var eldstesonen Knut Laurits Olsen Embem (1866-1917) som fekk ta
over. Den nest eldste sonen, Lars, fekk Larsgarden i gåve frå
faren. Skøyte og kårbrevet vart underskrive 16. juli 1891 og
tinglest 23. april 1892. Her kjem det fram at Knut ikkje fekk overta
heile Sjursgarden. Rett nok fekk han både løa, stabburet og
reiskapen, men halve huset og halve kjøkkenet tilhøyrde enno faren.
Det verkar også som om Knut skulle drive faren sin halvdel også,
uten at han åtte denne. Knut skulle betale faren 1600 kroner for
skøytet Det kjem også fram i det samme dokumentet at Knut har
odelsrett på resten av garden også, og kunne difor kjøpe den andre
halvdelen for same beløp, etter at faren er død.
Dei
neste åra sel Ole fleire av gardpartane sine.Det aller første salet
vart tinglest på ekstratinget 7.1.1893. Her selde han parten sin i
Giskekyrkja saman med broren Knut Larsen Eikrem og søskenbarnet Ole
J. Teigene, på mora Thea Tygesdotter Røssevoll Teigene sine vegne.
Salsummen var på 16.000 kroner. Kjøparane var grunneigerane på
Giske. Den 18. juli 1904 tingles han også skøytet på 1/4 del av
garden Eikrem Gardsnr. 69 bruksnr. 2 til Johan Knudsen Eikrem for
1000 kroner. Ved arveskiftet etter Sjurs-Ole finn eg berre halvparten
av Sjursgarden, Raudeberget Gårdnr. 54 bruksnummer 10 og 1/4 del av
garden Brevik attende. Det vart beslutta å selge parten i Brevik til
Petter J. Brevik ved arveskiftet. Salet vart beslutta i
skiftesamlinga til dødsbuet 14.5. 1923 og tinglyst 5.11.1923.
Samstundes vart Raudeberget seld til Oline Raudeberg for 1500 kroner.
Knut
Laurits Olsen Emblem (1866-1917) gifta seg med Lovise Rasmusdotter
Blindheim (1862-1915) Saman fekk dei 7 born. Dei to eldste var Lovise
Anna Knutsdotter Emblem. (1889-1894) og Olaf Knutsen Emblem
(1891-1894) Begge døde som barn. Anna vart 5 år, medan Olaf berre
vart 3 år gamal. Olaf døydde først, den 16. januar, medan Lovise
døydde berre 9 dagar seinare. Begge vart ramma av Difteri som truleg
vart overført mellom søskena ved dråpesmitte. Ein kan vanskeleg
tenkje seg korleis det måtte vere å miste begge borna sine med
berre nokre få dagars mellomrom. Dei andre borna klarte seg. Anna
Olivie Mathea Knutsdotter (1894-1989), g. Sunde, vart dermed den
eldste i borneflokken som vaks opp. Ho vart fødd i desember og slapp
derfor unna difterisjukdommen. Den eldste guten var nummer to i
ungeflokken og fekk same namn som sin avdøde bror. Olaf fekk i
tillegg namna Ragnvald Peder og var odelsguten i Sjursgarden. Dei
andre borna til Knut og Lovise var Magda Leonora Mathilde
(1900-1985), g. Solevåg, Ragna (1902-1986), g. Søvik, og Agnes
Caspara Petra (1907-2004) g. Flø.
Hverken
Knut Laurits eller kona Lovise vart særleg gamle. Lovise døydde 4.
juni i 1915 av hjertefeil. Yngstejenta, Agnes var då berre 8 år
gamal. Knut døydde to år seinare, den 20. april i 1917 av bronkitt.
Det var mykje på ein gong for sjursfolket. Då arveskiftet vart
avslutta 4. desember 1917 vart det beslutta at Agnes skulle få bu på
garden til ho vart 15 år. Eldstesonen Olaf Knudsen Emlem hadde odel
på den halvdelen av Sjursgarden som faren hadde hatt. Søstrene fekk
sin del i arv frå verdiane av lausgodset etter foreldra. Anna, var
23 år i 1917, og måtte ta på seg morsrolla for søstrene sine.
Olaf var berre 19 år og fekk ei tung bør som husfader og
gardbrukar. Han fekk ansvar for kårfolket og søstrene sine attpå.
Riktig nok fekk dei tre yngste jentene oppnemnd kvar si verge.
Onkelen Lars Olsen Austrem tok verge-ansvaret for Agnes. Ved
tinglysinga 12. desember 1917. Kanskje var det ansvaret som bidrog
til at den unge gardbrukaren Olaf Ragnvald Peder Knutsen Emblem
(f.1898) etterkvart fekk utferdstrong. Bestefaren, Sjurs-Ole, døydde
i 1922 og allereie før skiftet var avslutta, så reiste han til
USA. I fleire år hadde mange av ungdommane på nabobruka tatt turen
over for å jobbe der eit kortare tidsrom, medan andre hadde reist på
sjøen. Olaf må ha vorte påverka av historiene, som mellom anna
naboane i Steffågarden og Negarden kunne fortelle. Dei hadde vore
over dammen fleire gongar allereie. I 1923 var Agnes 15 år og
forpliktelsane vart mindre. Kanskje følte han på seg at det var no
eller aldri? Harry Akslen budde på Myrane frå 1923 og i Auregarden
frå 1927. Han minnest at det vart diskutert i nabolaget når Olaf
kom heim att. Fleire gongar minnest Harry at sjursgardsjentene snakka
frampå om at Olaf nok kom heim snart og truleg kom han heimatt til
sommaren, men slik vart det ikkje.
Ved
skiftesamlinga 14. mai 1923 vart det beslutta at Sjurs-Ole sin
halvdel av garden skulle selgast, men at borna til Knut Laurits Olsen
Emblem skulle ha utløysingsrett. Det var likevel ikkje slik at Olaf
fekk nokon førsterett. Derimot skulle søstrene gå framom han og
den eldste systera først. Det vart også avklart at delar av bruket
kunne selgast ut i bitar. Den 8. oktober 1923 vart arveskiftet
avslutta og tinglest 5. november same året. Anne vart buande i
Sjursgarden i kårdelen av huset. Dei gjenlevande borna etter
Sjurs-Ole skøytte frå seg sine partar av garden til borna til Knut
Laurits. Olaf gifte seg med Wernie Judge den 4. november 1935 i San
Pedro California, men fortsatte å eige halvparten av bruket. Harry
Akslen kan hugse at Anna vart buande i sjursgardshuset til 1940. Han
var også med besteforeldra på juledrikke i Sjursgarden hos Anna,
den tida han budde i Auregarden.
Eg
er enno ikkje heilt sikker på resten av historia, men det var truleg
slik at Anna flytta til Solevåg etter at ho gifta seg med Karl K.
Sunde 21. desember 1940. Ho fekk skøyte på ein halvdel av gardshusa
og parsellane «Myrvang» og «Tunheim» den 3. oktober 1933, men
etter 1940 vart gardsdrifta truleg leigd ut til andre. Harry meiner
å hugse at det var nokon som leigde huset og at dei dreiv med eit
slag telefonarbeid. Leon Emblem fortalde dessutan at Anna hadde dreng
og gardshjelp i sjursgarden før ho flytta. Ein av dei som budde
lengst hjå Anna var nevøen Kåre Arnold Søvik, sonen til
Ragna. Han meinte at det truleg var slik at Kåre fekk ein del av
gardsbruket, inkludert husa, som takk for denne hjelpa. Det var den
vestre tredjeparten. Agnes fekk sin part av bruket frådelt då ho
gifte seg med Ingvald Olai Ivarsen Flø frå Syvde den 13.oktober
1934. Han var notbas og den frådelte parsellen fekk namnet
«Lunheim». Sjursgarden vart med andre ord delt opp og fordelt på
søstrene til Olaf.
Like
etter krigen skal der ha budd ein forpaktar, med etternamnet Eidem,
på garden som tok seg av enten Anna eller Olaf sin del.
Sjursgardhuset datt saman tidleg på 1950-talet og har sidan vore
utleigd som anten slåttemark eller beite. Ingvald og Agnes Flø slo
i si tid delar av markene, medan andre stykke vaks igjen med
krattskog. I dag ligg gardstunet nesten heilt gøymd i skogen.
Stabburet og løa stend enno, men dei har fått hol i tak og veggar.
Av hovudhuset er det stort sett berre grunnmuren, sikringsboksa og
restar av støypejernsovnane att. Det er dermed viktig å få samla
historia og bileta av det som ein gong var, før resten av garden
også er borte. Har du ytterlegare opplysningar å bidra med, så vil
eg sette pris på at du tek kontakt med meg på adressa:
sveostrem@hotmail.com
eller telefon: 95801801.